lørdag, september 30, 2006

Lørdag. Trening ved Sørbøhallen

Å så kjekt det er med tispe i løpetid, og ein hannhund som piper og klynker og ikkje eter!! Jippi, altså!

Me kom oss avgårde i rett tid og var ved Sørbøhallen bittelitt over tolv.

Ayla trente i dag på innkomst, dekk under baklengs marsj, desensitivering der Ayla sjølv oppsøker posisjon under framoverbøyd kropp, hovudet under ei hand og så trente me på å komme tilbake med ballen så me kan leke vidare.

Eg syns Ayla var "med" og dekk under baklengs marsj gjekk i grunnen greit. Ho ville heile tida tilby innkomst og utgangsstilling, så eg måtte stille meg inntil bilen. Det tok ikkje lange tida før ho skjøna at det var dekk eg ville ha, og deretter dekk under baklengs marsj.

I to-tida kom først Vetle med lunsj og Lett-Solo til meg. *smelt* Han hadde vore på XXL og kjøpt noko greier, og hadde også kjøpt ein stallboks der eg kunne ha leiker og godbitar til Ayla. *smelt igjen*
Han tok litt desensitivering med Shaylee og Aro også.

Rett etter at han ankom, kom Olaug, mor, Silje og Elisabeth. Alle helste på Shaylee og ga henne godbitar. :-)

Etter at dei reiste, la Vetle eit 50 meter langt spor for Ayla, med dummy som gjenstand midtveis, og den gule pipeleken som slutt.
Mens han la sporet, begynte det å hølje ned! Bokstavelig talt!

Han sprang til bilen, gjennomvåt, og då regnet ga seg, la me eit 5 meter langt spor til Shaylee som ho fekk gå rett etterpå. Shaylee gjekk dette sporet som om ho aldri hadde gjort anna, så me la eit på ca 40 meter rett etterpå. Etter at ho hadde gått det, med like stort hell, gjekk eg Ayla sitt. Då hadde det lagt i ca ein time.
Ho fant sporstarten sjølv, og halvveis kom ho til dummyen SOM HO PLUKKA OPP!!! Juhuu!!!
Me leikte litt med den bakover i sporet, og så fant ho fint sporet vidare igjen. Den gule dingsen i slutten var ikkje fullt så interessant før eg kom bort til han og fekk han til å pipe..

Deretter la Anne Karin eit spor for Aro, og han også gjekk det kjempegodt!

Me var heime litt over halv seks, og då hadde Vetle laga klart rundstykker og te til oss.

Ayla sov resten av kvelden, så Joey var også rimeleg roleg.

torsdag, september 28, 2006

Torsdag. Kosetur med litt runderingstrening

Joey må overvåkas i lag med Ayla nå. Til middagen var eg og Vetle vekke frå stova samtidig i ca fire sekunder, og på den tida hadde han hoppa opp på henne og stod og jukka for harde livet. Heldigvis i feil ende! Phew!! På tur, derimot, er han ikkje særleg interessert, heldigvis.
Denne gongen har me jo latt dei vera i same romet, men med den eine i bur gjennom heile løpetida mens me er vekke. Det vil seie at på dagtid medan me er på jobb, sit Joey i buret, og på nettene er Ayla i buret. Den andre går laus i romet. Eg trur det er difor me til nå har klart å unngå særleg med piping og mista matlyst frå han, utan at eg skal gleda meg for tidleg..
_________________________

Eg skulle ut på tupperwareselskap i kveld, så det blei bare ein liten kosetur med Ayla og Joey. Vetle var også med, og då me var komne halvveis, ba eg han jogge ned til skogen og gøyme seg der.

"Jogge??"

Jepp, sa eg. Jogge. Og så jogga han nedover. Hehe....


Eg og hundane gjekk deretter nedover og då me var komne ned til krattet og skogen, slapp eg Ayla. Ho fant han med ein gong, og så ropte eg på henne. Ba Vetle gå litt ut, som det heiter og nedover, for så å komme inn igjen på omtrent 50 meter så eg kunne sende Ayla ut på nytt.
Denne gongen leita ho ganske intenst, og kom vekk frå der som ho kunne fått direkte på overvær. Ho leiter godt og lenge og gir ikkje opp, det skal ho ha! Til slutt ga han lyd frå seg, og då fann ho han sjølvsagt med ein gong, SÅ fornøyd!!




Litt dårleg bilete, men det skal forestille midtlinja, og at vekk frå midtlinja heiter "Ut", motsett veg heiter "Inn", vekk frå starten av midtlinja heiter "Nedover", og motsatt veg heiter "Oppover"

Eg kjenner at eg får meir og meir lyst til å prøve meg i NRH igjen. Hmm...





onsdag, september 27, 2006

Og så var mørkret skummelt igjen...


Ja, for meg, altså.

Tok med meg Ayla og gjekk ut med sele, langline, band, klikker og ein haug med Frolic. Eg visste ikkje kor me skulle eller kva me skulle gjera.

Me rusla ned til Vistnestunet, og skulle eigentleg rett ned til sjøen, men då eg kom til ridebanen, stod eit av hindera i lagleg høgde til å trene hinder.

Først gjekk eg over og stilte meg på andre sida i forhold til henne. Ho hoppa etter = klikk
Dette repeterte eg tre-fire gonger, så stod eg i ro på same sida som henne. Ho hoppa over = klikk og fire frolicbitar (= ein heil Frolicring)
Gjekk over på same sida som henne og sto der, og ho hoppa over til andre sida. Dette gjentok eg til eg kunne stå 30 cm frå hinderet.
Herifrå vil ha ein annan person på den andre sida før eg går vidare.

Eg syns ho gjorde det såpass bra at eg bestemte meg for at ho skulle få kose seg med å springe laus litt, og gjekk nedover mot sjøen. Då me hadde kome halvveis, kjente eg at eg hadde lyst til å jogge , og måtte derfor gå eit lite stykke langs sjøen for å komme dit det er greit å jogge i mørkret.

MEN!!!! Då me kunne sjå strandkanten, gjekk Ayla nedover mot den. Så stoppa ho brått opp og stirra på noko. Eg kikka nedover i same retning, og i mørkret såg det vitterleg ut som om det sat ein person på ein stein!
Eg sa "Sjå!" og bøyde meg ned mot bakken som om eg hadde funne noko særs interessant, og Ayla kom som ei kule!
Eg kobla bandet på henne, og gjekk veldig fort derifrå. Etter 20 meter høyrde eg det rasle bak meg, og då eg snudde meg, kunne eg skimte ein skugge som kom mot meg i mørkret. Det rasla i regnklær også no.

Eg gjekk ved første anledning ned mot sjøkanten, så personen bak meg kunne passere. Eg var skikkelig redd! Sjølv om eg veit at Ayla hadde bjeffa på dei om dei hadde kome nærmare, så var eg redd.
Eg hadde lyst til å spørja den som gjekk forbi om det var dei eg hadde sett borte på steinen, men vågde ikkje. Redsla endra seg ikkje då eg kom fram til at det heilt sikkert hadde vore dei som sat på steinen, for den personen såg også ut til å ha regnklær på seg, eller i alle fall hette av eitt eller anna slag.

For kvart steg blei eg reddare og reddare, for eg såg ingenting framføre meg. Klokka var kvart på ni, og det var veldig veldig mørkt.
Då me kom bort der me hadde sett personen på steinen for første gong, stoppa eg opp for å sjekke om det framleis sat folk der. Og det gjorde det! Eg stod lenge for å forsøke å skilne om det kunne vera augene som lurte meg, eller om det faktisk sat nokon der.
Så bevegde dei på ein arm!! Då sprang eg!!! Det vil seie ME sprang!!

Ikkje før eg kom til grinda ved Vistnestunet sakka eg på farten! Snakk om å skremme livet av seg sjølv!! Det leie er at eg hadde blitt kvitt mørkeredsla mi, og seinast forrige veke sa eg til Vetle at eg var så glad at eg kunne gå der nede i mørkret no.
Eg trur ikkje det blir så mange turane ned dit etter at det har blitt mørkt framover. Dessverre.

Tirsdag. 2,5 timar gammalt spor.



Kom heim fra jobb, åt litt, og så bar det rett til OBS! for å handle. Vetle hadde gått tur med hundane, så det var unnagjort.

Oppe ved postkassane stansa eg bilen, og la eit 90-100 meter langt spor på jordet over vegen. To spisse vinklar, ein 90 graders vinkel, og ein sving. Masse godbitar, sidan eg visste at det kom til å ligge ei stund.
Lite og ingen vind, det hadde regna tidlegare på dagen.

Då me kom heim, åt me middag, og så tok eg med meg Ayla opp. Ho gjekk fint det første strekket, tok vinkelen knallbra, men midt på andre strekket rota ho litt. Spissvinkel nummer to var altfor nært vegen og allslags andre interessante dufter, så det må eg hugse til seinare.

Då ho fann sporet igjen, gjekk det kjempefint! Ved 90 graders vinkelen søkte ho først til høgre, og så rette vegen; til venstre.

Då ho kom til slutten, fann ho pipedingsen, snuste under den, og tok den så i munnen (etter at eg hadde sagt "BRA! Ka du faaant?" og kom rett til meg med det. Eg tok i mot dingsen og heiv den bakover i sporet, slik me har lært.

Til å vera eit 2,5 time gamalt spor, syns eg det gjekk særs bra! Ho gjekk det på elleve minutter, og tok maaange av godbitane, men ikkje alle.

På veg ned igjen ringte eg til Vetle og ba han komme bort til lyktestolpen for å sjå skummel ut. Dessverre fekk ho vinden mot seg og skjøna kven det var på laaaang avstand. EG fekk då i det minste øvd meg på kva EG skal gjer. :-)

Vetle tok også litt desensitivering med henne. Han stod på alle fire og fekk henne til å gå under kroppen hans, og så stod han framoverbøyd så ho måtte gå under han for å få tak i godbiten.

Dette går vegen, altså! :-)




Bilder av Ayla og meg frå sporkurset.

Her kjem Ayla og meg og skal ta eit feltsøk.
Feltet er, som tidlegare nevnt, ca 35x15 meter.



Sjekk, ho går i laust band!!!
















Nokon står ute i feltet og har frosken til Ayla. Ho følgjer nøye med...













Ho sprang rett ut, fann frosken, og sprang NESTEN rett inn til meg med den. Det stod litt folk bak og rundt oss, og ho syns nok det var littegranne ekkelt. Men ho kom då til slutt inn med han! Juhu!!













Og når ho er såååå flink, så må me sjølvsagt leike litt! Det elsker Ayla!!














Så byter med frosken mot godbit, noko Ayla syns er ein heilt grei deal.
















Så tek me på bandet når leiken er over. Det har ho heldigvis aldri reagert særleg på, for leiken fortset ofte etter at bandet har kome på.

Ei vellukka økt!










Tusen takk til Veslemøy Strandabø Hansen for kjempefine bilder!

mandag, september 25, 2006

Mandag. Sladretrening og to små feltsøk


Det virka som om Ayla fortsatt var sliten etter helga, for ho la seg rett til å sove etter lufting då me kom heim frå arbeid. Ho viste inga interesse for å bevege seg med det første, heller.

I halv åtte tida blei eg rastlaus og tvingte Vetle til å gå ut og vera treningsobjekt på sladretreninga vår.

Han skulle gå bort til lyktestolpen, og når han såg at me kom og eg hadde fått tatt på langlina til Ayla, så skulle han stille seg midt i vegen.

Eg hadde ikkje før kome ut dørene før eg såg først ein liten kvit prikk som fauk bortover jordet, og så ein mykje større svart prikk som fauk etter. Åh, den helsikens kanina!!!!

Ayla kom susande tilbake etter får sekunder, og eg fekk på langlina. Vetle stilte seg i midten av vegen, eg trakka på langlina, Ayla snudde seg, og ho fekk klikk og godbit.

Medan eg ga henne godbit, gøymde Vetle seg igjen, og me fekk unna ei trening til.

Så gjekk eg og Ayla avgårde etter å ha avtalt med Vetle at han og Joey skulle komme gåande nede ved sjøen og så skulle me få til nokon sladringar der også.

Ayla gjekk laus med langline på langs vegen i går, og når det kom bil, gjekk ho sjølv bak meg, og fekk klikk og godbit for det.

Då me traff Vetle og Joey, fekk me til to repetisjonar der også, og det var blitt mørkt. Han hadde med seg frosken, og eg ba han hive den så langt han kunne ut på jordet med det høge graset. Han så gjorde, og så slapp eg Ayla for at ho skulle ta eit lite feltsøk. Ho søkte kjempegodt, og fant sjølvsagt frosken så lett som ingenting.
Eg hadde også med meg den gule pipedingsen ho blei så glad i i helga, og heiv den også uti graset. Den havna ganske mykje lenger vekke enn frosken.

Ayla leita kanonbra, og kom inn til oss tre gonger før ho sprang rett ut igjen og leita.
Ho fekk til slutt hjelp av litt overvær, og fant pipedingsen som ho kom RETT INN TIL MEG MED!!!! Jippiii!!!!! Ho blei ikkje forstyrra av at Joey sprang rundt der eingong!

For ein fantastisk hund ho er!! Smelt, altså :-)


-----------------------------------

Sendte mail til Trond i går om at eg har lyst til å høyre med dei andre om å treffast for å gå spor, og han formidla det vidare. Eg fekk kjapt svar frå Audhild om at ho hadde lyst til det. Ho hadde også lyst til å bli med på søndagstreningane som SNART må komme skikkeleg i gong.
i gong.

Gløymte jo heilt å fortelje...

Lørdag blei eg advart mot å gå for nært vegen, for der var der myr.
Eg gjekk der eg meinte det var tørt nok, og kjende jo at der var vått, men at det gjekk bra. Brått forsvinn foten nedover med ein ekkel slurpelyd, og så står eg til kne i myra og lurer på om eg skal døy no. I eit brøkdels sekund ser eg føre meg at eg forsvinn ned i det svarte holet, og at ingen høyrer frå meg igjen.. Så tenkjer eg at eg må jo ikkje berre stå her og synke endå djupare! Då stod eg nedi til over knea.

Eg la meg framover og fekk karra meg opp. Det var berre flaks at eg ikkje mista skoa nedi der!

Heldigvis hadde eg både sokke-, kles- og skobyte med meg!


Andre dagen hadde eg lagt spor for Ellen Beate og hadde lagt slutten. På veg tilbake forsvinn foten under meg igjen, men denne gongen nedi eit 60-70 cm hol i bakken. Ikkje der NOKAS pengene var gøymt, altså, men det kunne vore det...

I botnen av holet var der bittelitt vatn, så eg blei ikkje blaut denne gongen, heldigvis! Det gjorde berre vondt i rompa og stoltheten min... Og det overlever eg alltids... Trur eg... :-)

søndag, september 24, 2006

Brukshundkurs. Søndag.

Starta dagen like tidleg, men ingen promillekontroll denne morgonen, heldigvis.

Køyrde heimanfrå klokka kvart over åtte, og var framme ti på ni. Då hadde eg ete frukost i bilen.

Me starta med feltsøk i dag, og målte opp eit felt på ca 35x15 meter som me alle gjekk og trakka i etterpå.
Ein og ein hund skulle finne igjen si eiga leike som me hadde lagt ut heilt i andre enden av feltet.
Då det var Ayla sin tur, var eg uviss på om ho kom til å ville springe så langt vekk frå meg, men det gjorde ho altså. Ho sprang rett ut der ho trudde ho hadde sett at frosken landa.
Eg må jo også legge til at då me kom bort til feltet, viste ho stooor helseinteresse mot dei som stod som tilskodarar. Dette la også Maj-Brit merke til.

Etter feltsøket delte me oss opp igjen, og eg jobba i lag med Astrid idag også.
Me skulle forsøke sikksakkspor igjen, og denne gongen gjekk det glimrande! Instruktøren var med, og ho roste Ayla for å vera tydeleg og flink og konsentrert, og meg for å føre henne bra, og lese henne godt, og la henne søke i vinklane.

Astrid sitt spor gjekk dårleg, for Dixie er skotredd, og dei hadde funksjonsanalyse lenger borte. Det var ganske svake lydar, men ho datt heilt ut likevel.

Så gjekk eg eit veldig enkelt og ferskt spor med Ayla åleine, utan Astrid med, for Maj-Brit meinte me var klar for det. Me måtte ikkje bruke for mykje hjelp for lenge, meinte ho på, for Ayla var så flink til dette at eg måtte lære meg å stole 100% på henne.

Så la eg nokre spor for andre, og så skulle Maj-Brit legge Ayla sitt siste spor for dagen. Ho skulle gjera det vanskeleg, med krysningar og gjenstandar i sporet og ulikt underlag og gjennom buskar, og mykje lenger enn tidlegare. Eg skulle dessutan ikkje få særleg hjelp frå merkebanda i vinklar og slikt.

Sporet låg vel ein times tid, og Ayla var i kjempehumør, sjølv om det nærma seg slutten av dagen.

Joda, sporet var VANSKELEG!

Det starta på toppen av eit grustak! Eg holdt på å gå på trynet to gonger, fordi det var så bratt, og Ayla fekk grusras i baken. Ho leita litt i ein sving, men fekk oss ned på rett plass. Grus hadde me ikkje gått på før denne helga, men det gjekk, det også.

Dei to første gjenstandane gjekk ho rett forbi. Sporkrysset sleit ho med, for det var Astrid som hadde gått krysninga, og Ayla hadde jo fått godbitar for å gå hennar spor FIRE gonger den helga.
Me kom oss vidare, og så hadde ho ein ørliten stans på gjenstand nr. 3, men eg såg han ikkje på førehand og rakk ikkje å rose eller klikke.
Gjenstand nummer fire stansa ho endå lenger opp på, og då rakk heller ikkje å rose. Men den gongen mangla det berre eit brøkdels sekund.

Sporet bestod av svingar og vinklar og gjenstandar og terrengskifte og buskar og diker og gudane veit, før frosken endeleg låg foran henne i skogen! Ho fann den jo!! Eg trur nok sporet har vore over 150 meter, for me gjekk ganske lenge.

Eg må hugse:
* Koble av langlina når ho finn sporslutten.
* Leike bakover i sporet
* Jobbe mykje med apport og klikke når ho stanser ved gjenstandar
* Trene på sporoppsøk utan merkeband.
* Hugse på å seie "Legge spor" om å lage eit spor som eg seinare skal ha med hunden på, og
"Gå sporet" om når eg faktisk har med hunden.

Til slutt tok me eit feltsøk igjen, og denne gongen gjorde ho alt perfekt!
Eg må begynne å auke kriteriene der rimeleg kjapt!

-----------------------


Konklusjon:
Ei fantastisk helg! Ayla har jobba som ei heltinne, sjølv med løpetid, og eg har kost vettet av meg! Skulle ynskje helga bestod av fire dagar etter kvarandre, og at me skulle halde på dobbelt så lenge!

Instruktøren var kjempegod, og eg lurer faktisk på å melde meg på det neste kurset ho skal ha her også. Det var så utruleg kjekt!

Eg har skikkelig lyst til å skrive til Trond og spørje etter mailadressene til dei som gjekk kurset, så kan hende me kan treffast ein gong i månaden for å gå spor i lag? Det treng jo ikkje vera på Sviland kvar gong...

Åh, det hadde vore kjekt, altså!

Kva er det Siv og Elin plar seia? "Det er jo berre å gjer det!" :-)

Vel heime sovna Ayla momentant, og sov til kveldsturen halv ti. Ho gjekk og la seg igjen då me kom inn att.





Bilete kjem seinare...

lørdag, september 23, 2006

Konsultasjon om Ayla sine problemer.

Me starta med å prate. Eg fortelde om oppveksten til Ayla, og pynta ikkje på noko, og ho spurde ein haug med spørsmål.

Så skulle me ha ut Ayla, og ho var jo så sliten, stakkars... Ho viste ikkje særlig interesse for å helse, korkje på meg eller Maj-Brit. Og me prøvde å setja opp dummy-figurant langs vegen for å sjå korleis ho reagerte på den, men den gjekk ho berre utanom. Så simulerte me "møte med einslig menneske langs vegen" utan å få noko særs reaksjon, og ho var i det heile lite interessert i det meste.

Råda eg fekk var:
Lær inn Sitt og Bli med betrakteleg høgare kriterier enn til f.eks lydighet, slik at om me står ein plass og det kjem folk bort til oss, så kan eg setja henne og sei Bli, og så kan eg gå bort og helse, og så rope henne bort etterpå. Då unngår me at personen kjem bort til oss, og oppnår at Ayla er den som kjem "inn i gruppa".

Eller me kan gå unna litt, i alle fall til personen kjem inn i gruppa me står i, og så gå tilbake.

Eg skal desensitivere henne for hender ved å la Ayla bruke ei utstrakt hand med innsida ned som target med hovudet. Altså at ho sjølv skal komme med hovudet og plassere det under handa.
Me skal også trene på at Ayla sjølv kjem og stiller seg under framoverbøyde menneske.

Når me er ute på tur, skal eg lære henne å sladre. Det får eg til ved å ha langline på henne, følge med henne, og når ho oppdager noko, skal eg trø på langlina så ho ikkje går lenger fram, ho snur seg mot meg og lurer på kva som skjer, DÅ klikker eg. Ho kjem tilbake til meg, og me går fot til me har passert.
På denne måten skal ho, i ein perfekt verden, kunne gå f.eks femti meter foran meg (uten langline), sjå ein mann på stien, stoppe opp, og springe tilbake til meg for å få godbit, gå fot til mannen har passert (gjerne med ei leike i munnen), og så kan ho springe laus igjen.

Dersom det ser ut til at mannen skal snakke til oss, eller noko slikt, skal eg då setje henne og Bli, og så gå bort til han. Dersom han vil helse på Ayla, roper eg henne bort til meg, han bøyer seg over henne og klapper, og ho har lært at dette er heilt greit. Det kan til og med hende at ho stiller seg slik sjølv. Så er me ferdig og kan gå vidare.

I ein perfekt verden. :-)



Maj-Brit sa også at problemene til Ayla ikkje var min feil, og at om eg ikkje hadde jobba slik med henne, og skånt henne då ho var kvalp for uvørne folk, at ho kunne vore betrakteleg verre i dag. Det var gode ord som gjekk rett der dei skulle.
Ho sa eg var ein flink hundeførar som kjente hunden godt, og at Ayla hadde stor tillit til meg. Ho sa også at eg las henne godt, og at eg allereie var på god veg med den treninga me hadde holdt på med.

---------


Konsultasjonen varte i to timar, og eg kjende at på slutten var jammen eg også sliten!
Eg var heime litt over halv sju, lagde tacos, åt tacos, drakk te, og så blei eg så trøytt at eg gjekk og la meg før halv elleve. Ayla la seg under bordet med ein gong me kom heim, og blei vekt for mat, og la seg under bordet igjen. Ho måtte også vekkast for å lufta seg siste turen før natta.

Ni timar ute i skogen kan gjer einkvar stuptrøtt, og godt er det!

Brukshundkurs. Lørdag.

Lørdag skulle me møtast klokka ni på Sviland, så eg måtte opp kvart på sju. Jippi med helg, altså!
Kom meg då opp, og fekk pikkpakk ut i bilen innan det klokkeslettet eg hadde bestemt meg for. Ikkje verst berre det!

Gleda varte ikkje lenge, for eg blei stoppa i promillekontroll. Eg har ikkje smakt alkohol på halvanna år, og likevel var eg skikkeleg nervøs!

Han skulle ha førarkort og vognkort, og førarkortet låg i veska i baksetet. Eg måtte ut av bilen for å hente det, og i mellomtida gjekk han bak bilen og kikka veldig. Eg lurte på om det var noko smuglarsjekking på gong, sidan han såg så nøye baki, og Ayla (under over alle under) ga ikkje frå seg ein lyd. Eg skjøna kva han skulle sjå etter, og sa det stod ein rottweiler baki der og at eg var på veg til brukshundkurs. Han blei heilt med og begynte å prate om at han også dreiv med hund og bla bla bla medan eg sat med kulekinn og blåste i den promilledingsen. Jaja...

Eg kom meg då omsider til Sviland, og me tok først ein og ein hund og la eit veldig enkelt spor på 50 beine meter MED bekk, og la masse godbitar i sporet og leike i slutten av det.
Då det var Ayla sin tur, ga eg bandet til instruktøren, leikte med frosken med Ayla, og så gjekk eg innover og mista godbitar mellom føtene mine.

Etter at eg hadde lagt slutten, fortsette eg nokre meter vidare, gjekk MED vinden nedover, og så gjekk eg opp igjen til der Ayla stod. Ho sat og nistirra innover skogen etter meg, men ho stod i alle fall ikkje og nappa i bandet! Flinke jenta til mor!

Så festa eg på sporlina i selen og ho tok ut som eit TOG innover! Plukka ingen godbitar, følgde sporet perfekt, til og med over bekken, sjølv om ho stansa der littegranne, og fann frosken i enden. Me hadde lært å leike hunden bakover i sporet, slik at OM me skulle gått vidare, så hadde me ikkje trakka i sporet.

Så blei me tildelt partnerar, og eg skulle vera i lag med Astrid (17 år) og Dixie (16 mnd).
Eg la spor for Astrid og Astrid la spor for meg. Me gjekk dei i lag alle gongene.
Instruktøren var med på to spor til saman den dagen, og eg fekk skryt for føringa mi, og kor god Ayla var å lese, og at eg var flink til å la Ayla jobbe og leite om ho datt av sporet eller støtte på vinklar.

Det var jo kjekt å høyre!

Siste sporet var i sikksakk på anna underlag enn tidlegare, og ho rota litt då. Men så hadde eg lagt spor for Astrid nokre meter lenger oppe, og det er særs mogleg at det slo inn på det som me gjekk. Ho fann i alle fall pipedingsen som markerte slutten, og me leika og hadde det kjekt!

Ayla var dønn gåen etter endt kursdag! Lovely!!!





















Janco med mamma Lene til venstre, og Maj-Brit instruktør til høgre. Janco er ein 5 mnd gamal Toller.























Dixie skal gå sitt første sikk-sakk spor. Maj-Brit i bakgrunnen, og Astrid fester sporlina i selen til Dixie.

fredag, september 22, 2006

Brukshundkurs. Fredagen.

Fredag hadde me teori om vind, terreng, ting å hugse på, gjenstandar i sporet, kryssande spor, kva gjer me når sporet går over ein sti o.s.v.

Me var sju stykker; To goldenar, ein cairn terrier, ein toller, ein mix, ein boxer og så Ayla.
To hannar og resten tisper.

Etter teorien var over, huka eg tak i Maj-Brit og avtalte at me skulle ta ein sesjon etter endt dag lordag. Ho skulle eigentleg fly frå Bergen, men måtte ta med hundane hennar pga hundeomgangssjuke, så me måtte endra dei opprinnelege planane.

Var heime litt over halv ti, og gleda meg vilt til dagen etter!

torsdag, september 21, 2006

Åomæigaad, åomæigaad, åomæigaad!

Ayla tilbydde svenskeinnkomsten i dag morges!!!!!! Heilt av seg sjølv!!! Fleire gonger!!!


Første gongen begynte eg å hyle og hoppe opp og ned og klappe i hendene etter avlevering av godbit, og Ayla, skjønnashunden min, blei heilt med!! Ho hoppa og klappa i hendene, ho også! :-)



Ellers så er det ei veke sidan eg oppdaga at løpetida er i gong.

Det vil seia, det eg TRUR er løpetida. Ho blødde berre frå torsdag til mondag, og så var det stopp. Joey har ikkje slutta å ete endå, og han pip ikkje heller. Dei søv på same romet endå, og når me er ute og dei spring lause i lag, så er han ikkje nevneverdig interessert.

Kan hende han berre later som han ikkje bryr seg, og så med ein gong eg lukker døra til romet deira, så er han på henne som ein annan stut??

Eller så er det ikkje løpetid, men eit eller anna gale inni Ayla. Men då ville vel kanskje ikkje Joey lepje i seg tisset hennar når ho er på do?

Eller kanskje ho berre ikkje blør så det ser ut som eit slakteri denne gongen.. Alt er mogleg...
Skulle ikkje tru at eg hadde hatt tispe før, for no trur eg alt er gale med ein gong.

Eg meiner å hugse at løpetida gjer hunden litt sånn aloof, som det så fint heiter på engelsk. Litt vekke, liksom. Men Ayla er så konsentrert om meg når me er ute, at ho gløymer å tisse dersom ikkje eg hugser det for henne.

Ein ettermiddag i forrige veke, då eg kom heim frå jobb, tok eg hundane ut for å tisse. Me gjekk den vanlege tisseturen vår, som nesten ikkje kan kallas tur eingong, for det er 500 meter bortover, og 500 meter tilbake.
Ayla gjekk på mi venstre side heile tida, og tilbaud kontakt. Eg klikka sjølvsagt for det, og stoppa av og til, og då sette ho seg beint og kjapt og holdt kontakten. Eg var jo så strålande nøgd med dette her, og trente også litt stimuluskontroll borte på parkeringsplassen til Vistnestunet. Eg hadde superkontakt heile tida.

Då eg kom inn att, laga eg middag, og me åt den. Ayla låg i buret sitt med open dør og sov.
Så, i sju-tida, var det tid for langturen. DÅ kom eg på at Ayla hadde jo ikkje tissa i halv fem tida! Og heller ikkje mast om å komme ut!

Det første ho gjorde då me kom ut på plenen, var å tisse leeeeenge. Eg fekk SÅÅÅÅ dårleg samvittighet!!

Men ho tilbaud altså svenskeinnkomsten!!!

onsdag, september 20, 2006

Oy oy oy!!!

Fekk telefon i går frå ein kollega av Tante Anne på Nesflaten. Han skal få seg ny hund på fredag etter å ha miste den forrige for fire veker sidan i påkjørsel.
Tante Anne hadde prata til han om at eg driv med klikkertrening, og dette syns han høyrde interessant ut.
Me snakka i ein time, og praten gjekk lett mellom oss.

Eg trur ikkje eg skremde han heilt av, for eg greide å beherske meg litt.
Men det ER jo så kjekt å prate hund!!!

_____________


Rett før eg skulle legge meg, måtte eg bare sjekke mail. Klokka var ti på halv tolv, og der tikka det jammen inn ei melding frå Fokus Hundeskole om at det nettopp var blitt ein ledig plass ved brukshundkurset som skal vera no til helga. Det er Maj-Brit Iden som skal halde kurset, og ho er også adferdsspesialist!

I dag har eg difor sendt mail om problemene til Ayla, og ordna meg konsultasjonstime på søndagen der me skal gå gjennom treningsopplegg for Ayla og meg. Ho får først observere Ayla gjennom helga, så dette lovar jo veldig bra!!

Endå ei helg fullstappa med hundeting!!! Jippiiii!!!!!

mandag, september 18, 2006

I dag har Ayla vore hjå oss i eitt år!

I dag for eitt år sidan var det også bursdagen min. Og eg vakna med somarfuglar i magen. Ikkje fordi det var bursdagen min, men fordi me skulle reise til Karmøy for å hente heim Ayla!

Kjenslene var blanda også, for mor låg på sjukehuset og hadde nesten døydd eit par dagar tidlegare. Morfar sovna inn dagen før.

Me skulle besøke mor først, før me henta Ayla, og hadde med oss ostekake som me åt på sjukehusromet. Mormor og Tante Bjørg var der også, i forbindelse med at morfar hadde døydd på same sjukehuset dagen før, og dei ville innom mor før dei drog heim.

Så drog me for å hente heim nurket.
Fram til den dagen visste me ikkje kven av kvalpane som skulle bli vår, men det viste seg å vera den som hadde vore mest borte hjå oss då me var på besøk to veker tidlegare.

Ho vog vel seks - åtte kilo på veg heim, og kunne strekke seg så lang ho var på golvet mellom beina mine på førarsida.

No er ho 41 kg og tek opp heile baksetet dersom ho er laus i bilen.

Ho har nett byrja si andre løpetid (torsdag kom første blodflekken), og er elles ein glad og lukkeleg rottweiler. Ho er røntga fri for AA, og skal øyenlysast på torsdag.

Dette siste året har gått veldig fort. Mykje har skjedd, og me har gått ikkje mindre enn fire kurs på det året! Fire!! Me har lært mykje, og opplevd endå meir.
Me har blitt kjent med ein haug med kjekke hundar og eigerar, og håper på å halda kontakten med ein del av dei framover også.

For eit år! :-)

tirsdag, september 12, 2006

Ingen spesiell trening..

Ikkje noko spesielt å rapportere i dag. På torsdag kjem fire av kollegaene mine for å sjå Brokeback Mountain her, og kvelden har gått med til å fjerne svarte, brune og kvite hybelkaniner, spindelvev i taket og edderkoppar på badet. Kjekt å bu i kjellar, jadda...

Etter jobb tok eg forresten med meg hundane opp til ein potetåker her, og trente sitt og dekk med Ayla mens Joey låg i dekk og bli. Eg brukte først flygande gras som belønning, men så såg eg ei gjengløymt potet som låg der. Etter ein lynkjapp sitt heiv eg denne poteta nedover åkeren, og Ayla fauk etter den og fanga den i lufta! Den var skikkelig stas, og eg fekk både raske dekkar og raske sittar for den! Hesten som stod eit par meter vekke og såg forundra på denne teite hunden som sprang etter poteta vrinska godt kvar gong eg heiv poteta avgårde.

Me var ute i tre kvarter, og så gjekk me heim og Ayla sovna momentant. Det har vore harde dagar for henne i det siste...

Eg har bestilt time til henne hos Tu Dyreklinikk neste torsdag for øyelysning. Det blir spennande...

mandag, september 11, 2006

Tur til Kiwi

Var eigentleg stuptrøytt i går etter å ha fjolla til nesten ett på søndagskvelden, men tok med meg Ayla og gjekk opp til Kiwi i den milde høstkvelden. Eg handla der før eg kom heim frå jobb, men hadde gløymt handsåpe og skinke, og derfor gjekk me altså opp sånn at Vetle kunne hente oss...

Ho drog ein del i bandet, og virka litt nervøs, men det kom seg etter ein kilometer. Då me var komne nesten opp til sentrum (2 km) herja me litt på eit nedklippa jorde, og trente kjapp neddekk og belønte med gras i lufta (!).

Ayla gjekk bort til ein mann som kom bakfrå, og eg høyrde ikkje at han kom. Ho snuste berre på han, og følgde etter han litt, og så kikka ho på meg. Eg var så forfjamsa at eg fekk ikkje klikka, men eg fekk då skrøyta og gitt henne godbit likevel.

Me traff ein spaniel, ein setter, og ein svær diger hannrottweiler som gjekk i strupeband og fekk nesten ikkje puste. Ayla stod der og helste med laust band og i sele, og den andre hang i bandet og augene stod nesten ut av hovudet på han. Eg tar meg lov til å sei at eg er glad eg har terpa såpass som eg har på nettopp bandtrening! Eg hadde ikkje hatt armar til slikt, eg!

Me brukte ein time og tjue minutter på nesten fire km, men me hadde nokre stoppar på vegen.
Vetle kom og henta oss og me handla samtidig.

Været var deilig og mildt, Ayla var snill og god, og med mp3 på øyra, var turen aldeles nydeleg!

søndag, september 10, 2006

Orre NKK utstilling

Oy, for ein tidleg start på dagen! Opp klokka halv ti over sju, travel morgonfiks, kjapt stell, lynkjapp tissing med Joey, og så i bilen for å møte Olaug ved Åsedalen klokka ti på halv ni.

Anne Karin skulle nemleg i ringen klokka ni (!), så me måtte vera der tidleg.

Olaug hadde forsove seg, så ho køyrde ein annan veg og me var på Orre samtidig. Hundane oppførte seg som prakteksemplarer heilt til me kom inn i utstillingshallen. Då bjeffa Ayla på Aro, og hadde vondt for å roe seg igjen etterpå.
Så kom det ei dame og spurte meg om Ayla, så blei det bjeffing på dama også.

Me må trene på at folk kjem bort til oss, og ikkje berre at me går bort til folk!

Ute gjekk det betre. Bror hennar, Odin, kom med Livar. Odin hadde fått blodlus i Oltedal i juni, og hadde gått ned fem kilo. Pelsen var også matt og han var i det heile eit trist syn. Altså, han er ein flott hannhund, og han hadde vokst ganske mykje, men han var verkeleg matt i pelsen og tynn.

Ayla havna i bilen då det blei overskya, og eg fekk gått på litt bod-shopping. Kjøpte Olivers til Joey og skal prøve ein sekk av det. Kjøpte også eit digert bein til Ayla og to laaaaange oksemusklar (eg nekter å kalle det det eigentleg er, for eg noier skikkelig av at hundane ligg og tygg på akkurat DEN delen av oksen sin anatomi)...

Då me hadde sett og handla nok, drog me for å gå rundt Mosvatnet. Det endte opp med at me ikkje gjekk rundt det likevel. I staden tok me intens og konsekvent bandtrening. Me sette oss ned på nokre benker og trente ro-trening også. Ayla begynner å bli skikkelig flink til det nå, faktisk. Ho driv ikkje og tilbyr ting i hytt og pine, og klarer å roe seg greit.

Resten av dagen låg ho og sov, bortsett fra då me var ute på plenen og leika med ein øydelagd håndball. Trente litt fri-ved-foten då. Ho går jo som ei gudinne ved sida av meg så lenge ho veit ho kan få ballen! MAKS motivator, altså!



På kvelden sette eg meg ned med klikkertrenereksamen. Mesteparten er greit, men der er ei oppgave eg overhodet ikkje skjønar! Den irriterer meg grenselaust, altså!
Jaja... 18 dagar igjen til levering, men ein del av dei går vekk til bl.a bursdagsfeiring (min eigen), rydding til filmkveld, filmkveld, innkallingstrening på Ayla med forstyrrelsar (høns på Vistnestunet), avslapping. Då gjenstår eigentleg berre tre kveldar av dei atten, så eg har visst ikkje så god tid likevel. Ooops! :-)

lørdag, september 09, 2006

Tur på Bråstein med Olaug og Swejsan

Møtte Olaug ved Bråstein halv ett, og me byrja å gå innover. Været var skikkelig bra i dag, og til tross for NKK utstilling på Orre, møtte me haugevis med hundar i dag også. Sikkert over 30 til saman! Alle lause, og sikre på språket sitt...

Etter ei lita stund, berre, møtte me på ei klynge med folk og der sprang 10-12 hundar i salig kaos. Eg kjende eg blei litt småpanisk, og hadde mest lyst til å kalle Ayla inn til meg. Eg lot vera, og såg med stolthet at ho klarte strabasene heilt kjempefint. Ho berre sikk-sakka seg mellom og gjennom folk og hundar, og brydde seg ikkje stort i det heile! Eg gjekk tilsynelatande roleg gjennom og forbi klynga, og ho følgde meg.

Etter endå ei lita stund møtte me tre hundar til. To belgerar og ein GD. Olaug blei rimeleg kjapt omringa av alle saman!

Då me hadde kome til endes, sette me oss ned der. Ayla trengte litt kvile og nedkjøling, for det var varmt! Då me hadde kvilt oss i fem-seks minutter, kom det eit par med ein liten dachs. Ayla sette i gong å bjeffe, og haldt det gåande til dei hadde gått forbi.
Me reiste oss då ho hadde roa seg, og sleppte hundane laus. Folka ho hadde bjeffa på kom tilbake, men då ensa ho dei ikkje eingong!

Korleis skal me få trene vekk vokting?

Ho busta svært lite i dag. På eit par hundar som var litt frekke, berre. To-tre menn klappa henne på hovudet og kroppen elles, og det var heilt greit og kanskje faktisk litt deilig.. Det såg i alle fall ut til at ho likte det..


Siste del av turen hadde eg henne i band, for ho hadde sprunge så masse. Derfor ville eg rett og slett gå henne ned i håp om å minske stølhet i musklar og sånt.

Denne dagen traff me forresten fire-fem rottweilerar!

fredag, september 08, 2006

To esel og skrekkblanda fryd!

For ein morgon, seier nå eg!

Vakna av meg sjølv ti på seks, og gjekk og lukka opp til hundane. Ayla holdt på å få sjokk då ho såg kven som opna, ho er jo vant til at det er Vetle som gjer det...
Eg la meg på sofaen litt mens eg gnur-koste med Ayla, og ho la seg jammen ned på golvet og sovna igjen av det!

Det surkla godt i magen til Joey i morges, sidan han ikkje åt kvelden før. Han blir kvalm og dårleg når han ikkje et, og då orker han i allefall ikkje å ete, stakkars... Han tok ikkje i mot Frolic, skive med leverpostei, leverpostei åleine, skinke eller kattemat.
Ayla åt heller ikkje maten sin i dag.

Tok som vanleg med meg eitt band då dei skulle luftas. Eg gjekk ut eit kvarter tidlegare enn eg pleier, så eg kunne vera ute med dei lenger. Me kom bort til lyktestolpen og då såg eg at begge esla gjekk lause lenger borte. Jippi, tenkte eg, og gjekk mot jordet så Ayla skulle kunne gå på do. Ho gjekk ut til midten av jordet, og så stod ho der og kikka på det svarte eselet. Eselet stirra tilbake. Så kom eselet springande mot henne, og ho tok ut i motsatt retning med eselet hakk i hæl!
Så fant ho ut at "Nehei, dette var ikkje kjekt lenger, eg snur, eg!" og så sprang ho etter eselet.
Deretter var det eselet sin tur til å få same klarsynthet, og snudde og sprang etter Ayla. Slik holdt dei på nokre gonger, før Ayla syns at nå var det ikkje skrekkblanda fryd lenger, det var meir skrekk enn fryd og sprang bort til meg. Eg fekk kopla på henne bandet igjen.

Mens alt dette stod på, var Joey levande interessert i kva som foregjekk, og stod og pistra og peip og ville vera med, han også.

Dei teite esla sprang bortover mot huset der me bur, og eg lurte fælt på korleis eg skulle komme meg heilskinna heim.
Eg hadde berre eitt band, og hundane var kobla i kvar sin ende av det.

Med så kort band var det ikkje mogleg å komme seg framover utan at bandet var stramt, så eg tok av Ayla halsbandet og la bandet rundt brystkassen hennar for å simulere sele.
Det gjekk som det måtte gå, ho kom seg jo utav det, og sprang bort til det grå eselet som er mykje eldre og klokare enn det svarte. Dessutan stod det svarte eselet gøymd bak hekken og stod og beita på plenen.

Det grå eselet stod heilt i ro, så det var ikkje så interessant. Mens Ayla stod og kikka på det grå eselet, sprang eg inn med Joey, og skulle akkurat ut og hente Ayla inn også, då det svarte kom susande frå plenen og skulle ta opp at leiken/jakta/whatever. Ved hjelp av eit mirakel fekk eg med meg Ayla inn likevel, og kunne trekke eit lettelsens sukk på innsida av døra.

Det er jo ikkje så veldig lenge sidan to rottweilerar lemlesta nokre esel på austlandet, så eg er glad det gjekk godt. Sjølv om at i akkurat dette tilfellet som me opplevde i dag, så var det vel større sjanse for at esla hadde lemlesta rottweileren, tenkjer eg...

Joey åt opp all maten sin, og så gjekk han fornøyd inn på romet for å legge seg oppi senga si. Ayla tilbaud lynkjapp og rett SITT, og fekk godbitar i korga slik me pleier før eg går om morgonen. :-)

Jepp, denne morgonen går rett inn i rekka med rare morgonar på Vistnes. Kalkuner, minihestar, småjenter, nekrofile gjess, lause kyr, og nå lause esel.. Jadda...

torsdag, september 07, 2006

Tur og trening med Olaug og Swejsan

Olaug kom samtidig med at eg kom heim frå jobb i dag. Me hadde oss litt brødmat før me tok med oss hundane og rusla avgårde. RUSLA, eller SNEGLA oss avgårde, meiner eg.
For det gjekk jaggumeg seint! Me stoppa når dei drog i bandet, og der stod me.
Her står det om bandtrening, og den har eg tenkt å følge nå. Nesten heilt slavisk.
Ayla ER flink i band, men ho har absolutt forbedringspotensiale! For å få henne til å gå like ved sida av meg, må eg klikke og klikke og klikke og klikke, og eg føler ikkje eg kjem meg særleg vidare.

Før me gjekk, hadde me avtalt med Vetle at når me var ein time unna, skulle me ringe han på mobilen og så skulle han sette inn rotgrønnsakene i ovnen, sånn at dei skulle vera nesten ferdige til me kom tilbake. Då kunne eg berre steike kyllingen og lage sausen, så var middagen klar.
Problemet var berre at både Olaug og eg gløymde mobilen... Jadda...

Æææænihu, me fekk nå omsider karra oss til der me kan sleppa hundane lause, og dei koste seg skikkeleg! Ayla blei ikkje så sliten i dag, så me brøyt inn og roa det ned litt.
Swejsan fekk prøvd ut instinktene sine på nokre fuglar han jaga opp, og det var jo artig å sjå på! :-)

Resten av turen heimover gjekk Swejsan i band, og Ayla laus. Då me kom til Vistnestunet fekk ho på bandet, og ho drog VELDIG to gogner. Den eine gongen ville ho bort til Elna, og den andre gongen var då ho såg to kvite ender som låg og kvilte på bakken. Då ho hugsa kva som lønte seg, gjekk ho like ved sida av meg mens eg klikka oss forbi ender og høns og gjess.

Då me kom heim, gjekk eg rett inn og sette maten i ovnen, og så ut igjen for å trene bli sittande og bli liggande. Det gjekk veldig bra, ho låg beint og dønn i ro! Eg gjekk cirka to meter vekk, og stod i tre sekunder på både liggande og sittande.

Etter ei lita stund var det tida for å steike kylling og lage saus, så då fekk me endeleg i oss varm mat.
Ayla roa seg veldig fort, og sov til Vetle tok henne med på siste kveldsturen.
Ho åt ikkje kveldsmaten sin. Ikkje Joey heller.

ÅH!!! Me må jo sjølvsagt gå ved sida av kvarandre, eg og Olaug!! Då drog nesten ikkje nåken av dei, jo!!!

ehm...

Pubertetsopprør miksa med pre-løpetid?

Vetle tok ut Ayla med ein gong han stod opp i dag, og då tissa ho berre ein gong. Ho maste ikkje om å få ut frå eg stod opp og til eg skulle ta frokostluften.

Me har det nemleg slik at Vetle står opp klokka seks. Han åpner då døra for hundane (dei ligg på eige rom med seng og korg og radio på), og så går han og lager mat til dei.
Eg står opp fem på halv sju, et frokost, steller meg, og når det har gått ein time sidan hundane fekk mat, tar eg dei med meg ut på morgenlufting som varer frå 15-20 minutter, alt etter kor lang tid det tek før dei gjer frå seg.
Slik er det hos oss kvar einaste morgon.

Med meg tissa ho to gonger. Det er vanleg.
Og ho fann ein pinne som ho sprang avgårde med... Klokka nærma seg "nå-må-du-køyre-som-eit-olja-lyn-for-å-nå-jobben", og Joey og eg gjekk berre inn. Ho kjem etter nokre få minutter til vanleg, men ikkje i dag, nei.

Eg gjekk ut igjen, og rusla bortover mot Vistnestunet. Eg høyrde illevarslande gåseskravling, og småsprang. Akkurat då kom Elna køyrande, og då ho steig ut av bilen, spurte eg om Ayla var der borte. Det var ho ikkje, for ho kom nemleg gallopperande bak meg, sprang forbi, og rett ut på jordet etter nokre høner som stod der. Eg sa ingenting, men sprang mot henne. Elna ropte på henne TO gonger, og så slutta ho å springe etter hønene, og pilte bort til Elna for kos! :-)

Eg fekk kobla henne i bandet, og då me var på veg heimover, kom Rolf syklande. Han er far til Elna, og er litt brauten og har kvitt hår. Ayla digger fyren opp i skyene, og visste knapt nok kva fot ho skulle stå på før ho fekk gå og helse!
I ettertid skulle eg kan hende ikkje sleppt bandet for å la henne springe bort til sykkelen, sidan eg jo trener på at ho ikkje skal bry seg om syklar... Vel, eg får sjå koss det går i ettermiddag når Olaug og Swejsan kjem og skal gå tur i lag med oss. Etter turen vil eg prøve å få trent litt på BLI, enten liggande eller sittande. Får sjå...

onsdag, september 06, 2006

Deilig tur i regnet med Vetle og Joey.

Før middag forsøkte eg å trene litt med Ayla, men ho var ganske away. Det er nett som om ho ikkje greier å konsentrere seg, og berre ser på meg med eit slikt "øøøh, ka seie du, seie du?"
Kanskje me er i ferd med å få ei tenåringsrottweiler for ei lita stund?


Etter middag og te, tok Vetle seg ein liten lur på sofaen, og i mens han gjorde det, gjekk eg ut og bytta pære i venstre frontlyset mitt! Heilt på egenhånd! Uten at Vetle hadde vist meg først! Og eg har jo vippelys på bilen min!! Jeeeey!! :-)

Etter at eg hadde lekt bilmekaniker, eller i verste fall bensinstasjonspersonell, tok me med oss hundane og gjekk ein runde rundt på Vistnes. I følge www.norgeibilder.no er den sløyfa me gjekk ca 2,6 km. Av dei kan hundane springe laus i ein kilometer.

Ayla tissa sikkert 20 gonger på turen, og eg er litt bekymra for at ho har fått UVI. Eg meiner; Når eg ikkje lenger treng å bekymre meg for at ho IKKJE tisser når me er på tur, så må eg jo bekymre meg for AT ho tisser når me er på tur... Det er jo logisk, det!

Eg veit ho ventar løpetid i denne månaden, og Joey HAR blitt meir interessert i der ho har tissa. Han smeller ikkje med tennene endå, heldigvis, så det bør gå greit å ha henne med på utstillinga på søndag.

Turen ellers var ganske så fantastisk! Det var mildt, regna berre bittelitt, og skoa mine holdt meg tørr på beina. Gore-Tex er kjekke saker, altså :-)

Vel heime laga Vetle to skiver med leverpostei til meg, og kakao.

Ayla åt ingenting av kveldsmaten sin.

Og ho tissa fire gonger på siste lufting med Vetle.

tirsdag, september 05, 2006

Ingen spesiell trening i dag heller.

Rett etter jobb tok eg med meg begge hundane og begynte å gå oppover mot sentrum i møte med Vetle. Det gjekk veldig greit, me traff ingen hundar, og halvveis kom der ei dame bak oss. Me gjekk over på andre sida av vegen, og då Ayla såg henne, stod ho berre og kikka på dama, med litt bust. Ingen lyd. Veldig bra. (eg tar alt eg kan få, eg)

Kvar gong det kom bil frammefra (herregud, for eit ord!!), gjekk Ayla bak meg og fekk godbitar på mi venstre side. Det liker eg! Begge haldt seg inntil sida, og berre ein gong måtte eg minne Joey på å gå inn, og og to gonger stoppa eg fordi Ayla skulle sjå etter ein bil.

Me rakk bare knappe to km før Vetle kom, og Ayla klarte knapt nok styre seg då ho såg kven det var! Joey fekk sitje framme med meg, og eg trur han var glad for at han slapp å ligge i buret.

Då me kom heim, var heile husvertfamilien i hagen, og Ayla tok sjarmør runden. Eg ville inn og lage middag, ropte ein gong, og ho kom som ei kule! Juhuu!!

Etter middagen tok eg med meg Ayla ned til Elna på Vistnestunet for å levere frå meg noko eg hadde printa om klikkertrening og hest og å få hesten inn på vogna med hjelp av klikkeren.
Der var det rideskule, og tre jenter dreiv framleis på og hoppa hinder. Me sette oss berre ned for å sjå, og Ayla følgde interessert med. Ho trakk ikkje i bandet då, men sette seg ned foran meg, og prøvde å hypnotisere Elna bort til oss..

Omsider var jentene ferdige med å ri, og Elna kom bort. Ayla gjekk utor sitt gode skinn, og eg trakk meg lenger vekk frå Elna. Med slakt band klarte ho endeleg å få helse på Elna, og gjensynsgleden var STOR! Ayla har ikkje sett Elna sidan før Elna drog til Shetland for ein månad sidan!

Oppe ved der gjess, høns, ender og griser held til, drog Ayla veldig i bandet. Eg surra det rundt livet, og stod som ein påle. Eg klikka kvar gong bandet blei slakt, og det tok ikkje lange tida før bandet var slakt heile tida, og ho sette seg ned for å kikke på alle dei spanande krettura.

Og eg fekk hjarteleg klar-signal frå Elna om å byrja med klikkertrening på Sky! Juhuu! Han likar eple, gulrøter, sukkerbitar og brød!

mandag, september 04, 2006

Aleinetur med Ayla i regnvær og sterk vind.

Målet med turen var å gå ned til Sky med sukkerbitar og gulrøter. Eg kunne like gjerne ta med meg Ayla, og sidan eg hadde fått heilt flunkande nytt regnsett på fredag, brydde eg meg heller ikkje om regnværet som hang truande over Vistnes.

Det nye hesteleiebandet som me kjøpte på XXL er så utrulig perfekt langt nok! :-) Må ha meg eit til, trur eg...
Anywho, då me kom ned til Sky, stod han inne og koste seg med høy. Gadd knapt nok stikke nasen utfor døra for å sjå at me var der. Det var like greit, for for ein gongs skuld hadde eg gløymt klikkeren. Eg har nemleg tenkt å klikke han til å takle å stå ved påstigningsrampe, sånn at det er lettare for meg å ri han åleine. :-D

Me gjekk berre vidare, og over til ein sti der Ayla kan springe laus. Ho var no blitt søkk gjennomvåt, og blei spinnvill då ho slapp utor bandet! Ho sprang rundt i eit tilsynelatande ubestemt mønster, før ho smalt ned i sitt rett ved sida av meg. Ikkje i utgangsstilling, men ho smalt i alle fall ned slik berre rottweiler kan smella i sitt.. Det dirra nærmast i bakken...

Vidare derfrå gjekk det rolegare for seg. Ho haldt seg rundt meg heile tida, og var kjempeflink! Det gjorde ingenting at eg hadde gløymt klikkeren, for ho reagerer på BRA også.

Då me nærma oss Vistnestunet, låg der ørten hestemøkkhaugar der. Ho var såvidt borti ein, og så var ho ikkje interessert etter det. :-) Fantastisk!



________



Vel heime sat eg i sofaen og kjende noko som kitla under genseren mellom puppene, liksom. Eg tenkte at det sikkert berre var noko frå buskane eg hadde gøymt meg under, eller at det var rusk frå trea eg hadde gått under. Men det var det ikkje... Det var ein flått!!!!! Resten av kvelden gjekk med til å klø og sjekke for hundreogellevte gong at det som kitla på armen IKKJE var flått.

søndag, september 03, 2006

Søndag og trening på Klepp!!

Orker ikkje å skrive så mykje om dagen i dag, anna enn at Shaylee var i kjempeform!

Mi eiga trening var BLÆH!!


Eg som har gått og gleda meg til at det ikkje skal vera eit megaprosjekt å få Ayla til å tisse andre plasser enn heime, har nå fått ei som står og snuser i vêret, og er ufokusert og lite interessert i meg... Jadda... Jippi, så kjekt! NOT!

Ho får det på konto for "rett før løpetid" og satser på at det var noko forbigåande.



________________


Skulle ha is til dessert etter middag i kveld, og til mi stoooore glede, så var det ikkje godt!!! Juhuu!! Då er det brått ikkje så veldig tragisk å ikkje ete det! :-)

lørdag, september 02, 2006

Tur på Bråstein igjen

Lørdag klokka 12 drog me avgårde til Bråstein. Då me nærma oss, kjende eg at eg faktisk var littegranne nervøs. Me skulle jo berre gå tur, men eg kjende likevel at sommarfuglane fauk rundt i magen.

Då me kom fram til parkeringsplassen, tok me Ayla ut av bilen, og kopla det nye bandet me kjøpte på XXL i går ( for 59 kroner og som er kanalbånd på langt over to meter og som eg har leita meg halvt i hjel etter på dyreforretninger og som eigentleg er hesteleieband) i selen hennar.
Det gjorde eg fordi eg vil at ho ikkje skal forbinde den parkeringsplassen med det å springe laus.

Den første hunden me møtte på etter at eg hadde kobla henne laus, var ein setter. Dei helste fint, og Ayla sprang bort til eigaren etter hilsinga, sånn berre for å snuse på.

Så kom ein New Foundlender i lag med to menn med barnevogn og til saman fire ungar. Ayla var ikkje så interessert i denne hunden, og dei to eldste ungane lurte på om dei kunne få klappe henne. Det sa eg ja til. Dei bar på ein pinne, og Ayla syns det var litt ekkelt, så ho sprang berre forbi. Dei to minste ungane, derimot, var av større interesse, og ho gjekk roleg bort og snuste på den eine mens ho logra veldig. Så sprang ho vidare igjen.

Me traff vel til saman 15-20 hundar, og halvparten så mange folk. Ein mann gjekk ho bort til og snuste på, for deretter å ta fart til å bjeffe, men gjorde ikkje noko meir enn det.

Heil i enden av stien traff me eit anna par med ein rottweilerhann på nøyaktig same alder som Ayla. Balder, heitte han. Dei leika masse masse saman, før Ayla ikkje hadde meir pust igjen og måtte kvile litt. LITT er det rette ordet her... Ho hadde slappa av i knappe minuttet, så var det på igjen med Sisten og bryting og "ålling". Dei koste seg veldig, og me syns jo det var skrekkelig stas å sjå på. :-)

På vei mot bilen igjen traff me ei skjønn lita rottweilerkvalp på 17 veker, og ho lukta kvalp endå!! *smelt* Ayla oppførte seg fint mot henne, men då eg klappa kvalpen, viste ho litt sånn mobbetendenser. Vetle trekte henne berre roleg vekk så eg fekk kose ferdig med kvalpen. Kan tru eg blei kvalpesjuk igjen!!!! Sukk...

Alt i alt var turen vellukka, og me har gjort ein avtale oss i mellom at me skal ta turen til Bråstein EIN lørdag i mnd.

Resten av kvelden var ho heilt slått ut, noko eg IKKJE var lei meg for! :-)

fredag, september 01, 2006

Utgangsstilling.

Me har for alvor byrja å trene utgangsstilling. Eg har forsøkt å finne informasjon på engelsk om korleis klikke det inn, for eg syns det står lite om det i boka.

Det me har gjort til nå er:
Når me går fri ved foten og eg stopper, så set ho seg pang ned ved sida av meg. Då står eg ei stund og klikker masse. Dette gjer me fleire gonger.

Eg har brukt venstre hand som target og fått henne på plass. Ho set seg som oftast beint, men eg har belønna alle sittar ved mi venstre side som er mindre enn 45 graders vinkel.

Eg har stått med henne på mi høgre side, då går ho opp av sitten og vil stå framføre meg. Eg snur meg då rundt, og ho set seg ved mi venstre side.

Eg vil nemleg ha svenskeinnkomsten, og den tykkjer eg var lettare å lære inn på Joey, der eg kunne nytta hendene til å vise han kva eg ville... Men, me skal nok få det til med klikkeren også...



Så, i dag morges følte eg nærmast me hadde eit lite gjennombrot!!! Ayla dreiv og snuste eit stykke vekke frå meg, og så ropte eg ho inn. Ho kom som ei kule, stoppa momentant då ho kom inn til meg, og sette seg ned ved mi venstre side med cirka 30 graders vinkel!!! Kor bra er det??????? Klikk og jackpot, sjølvsagt, og så byrja eg å le!! Eg blei SÅ glad, og tenkte at der er håp for å faktisk klare alle grunnferdighetene til helga om sju veker! Juhuuu!