tirsdag, august 28, 2007

Endelig mandagstrening igjen! Juhu!!

Stressa avgårde og rakk akkurat å feie inn på parkeringsplassen klokka seks. Bare for å sjå at eg var den einaste der. Ja, bortsett fra ein haug med ungar og ungdommar som holdt på med eit eller anna ved fotballplassen.
Veslemøy hadde sagt at den og den og kanskje den kom, så eg rekna jo halvveis med at eg ikkje skulle bli HEILT åleine, dah...

Klokka blei kvart over seks, og ti på halv sju, og motet sank for kvart minutt. Til slutt tenkte eg at eg fekk rusle heim, for eg gadd ikkje sitte der i bilen og vente heile kvelden, liksom...
Så fekk eg ein ide om at eg skulle sette grima på Ayla og rusle bortover mot ungdommane. Eg skulle halde meg på god avstand, og så skulle eg berre trene med grima på og bandet festa i halsbåndet.

Putta vestlomma full av pølser og henta mot der motet held til, og så tutla me oss bortover. Akkurat då skulle ein gjeng med seks-sju gutar herje seg mot oss, og panikken steig i meg. Eg stoppa opp, Ayla sette seg, og eg klikka jevnt. Ikkje maskingevær, men... Når gutane stoppa opp, stansa eg klikkinga. Ayla sat som ei gudinne og hadde blikket låst i augene mine. Eit par gonger kikka ho på gutane, men det varte ikkje lenge før eg hadde kontakten igjen. Dei nærmaste passerte bare 2 meter frå oss, og nervene mine låg nesten utpå meg akkurat då. Ho var litt hard i munnen, men ellers ok.

Så kom me endelig bort til fotballbanen. Der kom det ein ball trillande, og der det er ein ball, er der også ein unge som høyrer til. Guten kom springande frå banen, og Ayla tok umiddelbart kontakt med meg!

Deretter trente me litt target på ein stein som låg på bakken, og så kom det to jenter gåande forbi. Ho kom bort til meg og sette seg ved sida av meg til jentene hadde passert.

På vei tilbake til bilen, såg eg plutselig ein skikkelse eg kjende igjen: Solfrid! Ho tok ut hunden sin, ein liten schnauzer (?), og me sa ingenting til kvarandre. Dermed fekk eg passeringstrening på kjøpet! :-) Ayla var interessert i den litle, men ingen lyd og ingen bust. Laust band og fem-seks meters avstand. Deilig!

Etterkvart kom også Balder (7 mnd svart labrador) med folka sine, og Bente med Birk. Ayla fekk trent litt på å omgås ein framand mann og dame, kontakt midt blant folk, avstandsbelønning, skilje på min værsågod og andre sin værsågod, folk som passerte bak henne og som ikkje høyrte til oss, og sjå andre hundar uten å helse. Ho oppførte seg som ein heilt normal og vanlig hund, og det til tross for at ho er midt på det heitaste i løpetida. For ein deilig kveld! Og Bergansbuksa holdt meg varm og god med ullstillongs under!

Nå må eg bare skjerpe meg og begynne å trene konsentrert og konsekvent igjen. Kriterieplan, kanskje? Ugh, det røser i meg berre ved tanken! Loggføring? Usj... Men kanskje eg må ty til det..

Etter sånne kveldar er håpet stort om ein tilnærma normal hund.

søndag, august 26, 2007

Sporlogg for ferien






Spor 01

Hadde berre GPSen med meg då eg gjekk sporet. Ikkje då eg la det.

Lagt halv elleve på kvelden.
300 meter langt, hadde ikkje gps’en med pga fant han ikkje.
La ut ball med snor i, og ein isboks med pølse oppi, og frosken i slutten.
Terreng: Lyng, fjell, myr, ein bekk.

Vær: Opphold, tørt, lite fukt.

Halv elleve dagen etterpå skulle me gå det.
Ho var på med ein gong, og var ikkje i tvil om kor ho skulle gå. Då ho kom til bekken, svingte ho av, men fant ut kor ho skulle gå rett etterpå.

Første gjenstanden gjekk ho rett over, før ho stansa og gjekk tilbake igjen og plukka den opp og kom tilbake til meg med den.

Ho gjekk på sporet igjen skikkelig godt, og fant isboksen. Ho gafla i seg pølsebitane, og fant sporet flott igjen etterpå. Frosken i slutten gjekk ho IKKJE forbi, og fekk leike lenge med den.
Neste spor skal vera seks timar gammalt, og Vetle skal legge det. Eg skal ikkje vite kor det går, men gjenstandane skal ligge slik at eg ser dei hvis me går rett. Eg kan IKKJE miste frosken, altså!!








Spor 02 – 8. august 2007
Eg og Ayla er det gule sporet. Vetle er grønt.

Vetle la sporet halv tolv på føremiddagen.
400 meter langt.
Det tok 17 minutter å legge det.
La ut ball med snor i, isboks med pølse og leverpostei oppi, og frosken til slutt.Terreng: Lyng, fjell, to bevertråkk, våt skogbunn. Bratt og jævlig.

Me starta å gå sporet 6,5 timar etter det blei lagt. Eg visste berre sporstarten, og Ayla fant den sjølv. Eg var heilt sikker på at Vetle hadde gått til høgre, for det hadde eg sett på gps dataene. Ayla ville til venstre, og eg kom heldigvis på at eg jo ikkje visste heilt sikkert kor han hadde gått. Fulgte etter, og eg kunne sjå at ho var på, sjølv om nasen var høg.
Ei stund trudde eg ho kanskje berre var på tur, og då dukka ho ned i lyngen og kom opp med ballen. Vill jubel i skogen!

Vidare gjekk sporet nedover eit fjell med lite vegetasjon, men ho var dønn sikker på at det var her me skulle gå. Eg hadde ikkje anna val enn å følge etter. Me kom til det første bevertråkket, og då virka ho litt av, liksom. Ho følgde det ned til vannkanten, og var veldig interessert i noko der. Då tok eg henne av sporet og la henne i lyngen. Ho peste godt, og så fekk ho nokre blåbær. Så sette eg henne på igjen der eg sist var sikker på at ho visste kva ho gjorde. Då fant me boksen med pølsa, og vill jubel i skogen igjen. Vidare derifrå gjekk sporet over nok eit bevertråkk, men dette gjekk ho tvers over. Me kom så til ein sti, og der hadde Vetle tatt skarpt til høgre. Ayla gjekk rett fram, og etter 30-40 meter skjønte eg at ho var av. Måtte ringe Vetle, og gjekk tilbake til trappestien. Opp nokre jækla bratte steinar, og så var ho veldig snusete i lyngen. Eg trudde ho ikkje visste kor ho var, men det viste seg at Vetle hadde lagt ut frosken der, men hadde angra seg og lagt den ein annan plass som sporslutt. Ringte han og fekk bekrefta kor slutten låg.



Ho fant den også, sjølvsagt, og vill jubel igjen.
Eg seier berre; for ein fantastisk hund!
Resten av dagen tilbrakte ho som Hundegudinne i skyggen.




Spor 03 - 12. august 2007
Vetle hadde GPSen med seg då han la sporet. Då eg skulle gå det, dreiv den og kutta ut, så det blei oppstykke og uforståelig.

Vetle la sporet klokka to på ettermiddagen.
374 meter langt, og 2,5 timar gammalt
Det tok 20 minutter å legge det.
La ut boks med skinke og leverpostei i, XL ballen, og frosken til slutt.
Terreng: Tørr myr, skog.
Vind: Motvind

Eg hadde bestilt krapp vinkel med boksen midt i vinkelen pga motvind.
Fekk eg det? Nope.

Eg tok på meg gamasjene og beverstokken eg og jentene hadde funne på kanoturen, og tok ut nedover lia. Selen var på, men eg hadde bandet festa i halsbåndet.

Ho har begynt å gå bak meg i bratte nedoverbakkar. Heilt av seg sjølv. Deilig!

Sporoppsøk gjekk greit, og sporet gjekk sånn passe vimsete 20-30 meter. Så blei det rot. Eg måtte opp med GPSen for å sjå kor Vetle hadde gått, så eg fekk satt henne på sporet.
Vetle hadde lagt sporet i medvind, men då eg gjekk det, hadde vinden snudd og ho hadde nok tinga i nasen heile tida. Ho fant boksen, ballen og frosken, så slik sett er eg fornøyd, men sjølve spornøyaktigheten var ikkje bra. Kan det vera pga begynnande løpetid? Varmen? Sliten?
Neste spor skal eg ikkje fortelje Vetle koss han skal legge det. Bare sånn cirka kor gjenstandane skal ligge.




Spor 04 18 aug 2007
Her er Vetle det gule, og Ayal og eg det grøne.

Sporet var 523 meter langt. Eg bestilte et på 2-300 meter. MÅ huske at Vetle sine 100 = mine 300 meter.
Lagt kvart på ett på ettermiddagen.Det tok 15 minutter å legge det.
La ut ball, trepinne, boksen, frosken.
Terreng: Myr, lyng, fjell. Tørt. Varmt.

Eg har både video og bilder av når me går dette sporet, men pga manglande ledning, får eg ikkje lagt ut video. Endå.

Starte å gå halv fire.Sporoppsøket var perfekt. Ho skeina ut på myra, og eg måtte bare følge etter. Vetle stod ved veien med Joey og filma, men det brydde ikkje Ayla seg om. Ho langa ut, og eg måtte jogge (EG! Jogge!) eit par plasser for å holde følge med henne. Mulig sporet skulle vore litt eldre enn 2,5 timar?

Cirka halvveis var ho litt på villspor, så eg gjekk tilbake til der eg sist var sikker på at ho visste kva ho gjorde, og så gjekk ho flott igjen. Over myra ser det ut som om me gjekk ved sida av sporet til Vetle, men eg kunne sjå fotefara hans rett der eg gjekk, så det er GPSen som viser feil. Vedpinnen ho har gnagd på i heile ferien låg rett før sporet krysser grusveien, og ho fant han, men var bare måtelig interessert. Veikryssing fra fjell, over grus og til fjell igjen gjekk dønn perfekt. Eg kunne ikkje vore meir fornøyd! J

Boksen låg ca 70 meter fra grusveien, og då ho fant den, var eg nesten heile lina frå henne. Humpar og hol i myrterrenget gjorde at eg ikkje kom meg bort dit umiddelbart, og då skrapa ho lett på boksen. Så la ho seg ned og venta på meg. Skjønnasjentå mi. :-)

Frosken låg like ved eit tre, og då ho fant den, var ho kjempefornøyd! Me gjekk tilsaman 611 meter, og ho har ikkje gått så langt spor før. Det var varmt den dagen, og ho er i løpetid, men det merka ikkje eg noko til. Eg blir heilt forbausa over kor flink ho er, og lurer på kor eg skal gå herfrå. Eldre, lenger spor? Dette sporet tok det bare 25 minutter å gå.

Felles for alle spora er NULL GODBITAR! Ingen whatsoever! OMG!! Koss kom eg meg plutselig der?

lørdag, august 25, 2007

Tur, løpetid, veterinærbesøk og snart fellestrening igjen!

Joey hyler så snart Ayla beveger på seg. Jippi, liksom... Eg skulle liksom spørje veterinæren om kjemisk kastrering då Joey hadde time for vaksinasjon, men gløymte det heilt ut. Han vog 35 kg (og kan nok slanke seg 2-3 kg). Hjertelyden var der sjølvsagt endå, men han virka sprek og fin for alderen, sa ho. Tennene var kjempefine, og fullstendig uten tannstein. Ikkje verst for ein på snart tolv år. :-)
Katten, derimot, trengte litt skraping av jekslene, så det ser eg veldig fram til. Ikkje!

Løpetida er på 14. dagen, og ho blør endå. Dei har sove separat sidan me kom heim frå ferie på søndag.

I kveldinga tok eg på meg vesten og putta lommane fulle av frolic og leverbitar pluss ein boks med Sheba kattemat, og så gjekk eg og Ayla ein lang tur.

Me passerte ein hundegarde med to bjeffande hundar i, og dei passerte ho uten ein lyd. Så kom to damer gåande. Eg valgte å ikkje gi henne kattematen, for dei kom så langt vekke frå. I staden ga eg leverbitar med jevne mellomrom, til dei var rundt 20 meter frå oss. Då ba eg henne sitte, og stilte meg foran henne. Ho såg damene heile tida, og hadde forresten grima på, men ikkje ein lyd, og ingen bust og ho var rimelig mjuk i munnen då ho tok godbitane.

Etter ein km og to traff me dei same damene igjen, og då gjentok eg suksessen. Men denne gongen var vegen litt smalare, og ho var dermed litt meir hard i munnen. Ingen bust eller reaksjon anna enn hard munn.

Ikkje før dei hadde passert og eg pusta letta ut, kom eit eldre ektepar. Ba henne sitte, stilte meg foran og ga godbitar mens dei passerte med ca 3,5 meters avstand. Mjuk munn og ikkje interessert i anna enn meg. Akkurat idet dei hadde passert og me skulle gå vidare, kom to jenter med kvar sin diiiigre hest ruslande. Ayla har ved eit par anledningar gjort rare krumspring når hestar passerer (dei me må gå forbi når me går gjennom Vistnestunet er til tider særdeles innpåslitne). Derfor satte eg henne i sitt, og så fekk ho godbitar mens dei gjekk forbi.

Eg ringte Vetle og ba han komme oss i møte fordi Ayla og eg hadde vinden i ryggen. Dermed kunne me få litt trening der også.
Ayla gjekk laus då han kom gåande med Joey, og ho såg han langt vekke. Eg stoppa opp, og ho gjekk nokre få steg vidare etter at ho hadde sett han. Eg smatta, og ho pilte tilbake til meg. I mens gjekk Vetle tilbake igjen ute av syne.

Dette gjentok me til Vetle og Joey var så nære at ho garantert kunne sjå kven det var. Då ga eg teikn til at Vetle skulle rope på henne med andre ord enn innkallingsorda våre. Ho sat som limt ved sida av meg heilt til eg sa "Må du gå!" som er fri-signalet hennar. Då gallopperte ho bort til Vetle som heldigvis hadde godbitar med seg.

Eg turte ikkje fortelje Vetle om kor bra turen hadde vore før me kom heilt heim, i tilfelle eg skulle "jinxe" turen. Overtruisk? Eg? Næsjda... :-)

onsdag, august 22, 2007

Oppdatering fra ferien. Veke to.

Me har gått mykje tur i ganske så ulendt terreng denne ferien, det blei til slutt fire spor, og dei kjem som nevnt i eit anna innlegg. Ayla har vore ein draum med jentene, og eg trur ho har hatt godt av klikkertreningspause i to veker.



Jepp, eg har faktisk ikkje så mykje som TATT i klikkeren på to veker. Det er rekord for meg, det.



Ho har likevel lært noko nytt, nemlig å gå bak meg i nedoverbakkar og på stader der stien er smal. Eg har faktisk ikkje gjort anna enn å gi henne frolic bak ryggen på dei plassene, og dei siste turane plasserte ho seg bak meg heilt av seg sjølv.

Ho har også vist at ho kan gå fint ved sida av barnevogn.

Og at ho vokter. Då Olaug og Lea kom på fredagen eskalerte voktinga til noko eg IKKJE ville orke å halde ut i lengda. Då bjeffa ho til og med på Olaug og Vetle dersom dei hadde f.eks vore på do, eller oppe på loftet, og sjølv om det bare var for ei kort stund dei var vekke. Eg holdt på å bli gal, og på kvelden måtte me til slutt sette henne inn på rommet deira. Då roa ho seg. Ho fekk dessuten LØPETID på fredagskvelden.



Etter at Olaug reiste, varte det ein dag til, og så var det tilbake slik det var til å begynne med.



Mandagen tok me oss ein tur ned til Arendal for å kjøpe tispetruse. Varm dag (det skulle vise seg å bli den siste den veka), så me var der ikkje lenge. Me stoppa innom ein fritidsbutikk og der klarte Vetle å overtale meg til å bare PRØVE ei Bergansbukse. Eg kjem vanligvis ikkje inn i slike bukser, men denne sat som om den var sydd til meg! Damestr!! Eg kjem oppi Bergansklær!! Juhu!!! Kjøpte den, eg, og Vetle spanderte Bergans fleecejakke for damer, så nå har eg jysla kjekke klær, altså! :-)





Ellers husker eg ikkje lenger kva me gjorde når, bortsett frå den fantastiske tretimarsturen me hadde på torsdagen. Joey var også med, og me SÅG knapt ein einaste sti på heile turen! 4,4 km med ørti meter stigning og nedstigning, bittelitt dråpar heilt på slutten, ellers sol.

Og sjølvsagt kanoturen. Den tradisjonsrike kanoturen på vatnet. I år høyrde me beverplask også, men me droppa badinga. Grilla på den vanlige plassen vår, og snakka om minner frå tidlegare kanoturar. For dei som ikkje allerede veit det, så var det på kanotur Vetle og eg møttes første gong etter å ha prata på nett i fleire mnd. Etter det har me tatt kanoturen om igjen kvart år, med nokre variantar. Fin tradisjon, syns eg. :-)



Elles fekk eg ikkje trent på det eg skulle med Ayla. Eg skulle jo liksom ta henne med meg ned til sentrum for å trene på å sjå folk utan å bjeffe, men dagane gjekk så fort, og me hadde så mykje anna å gjere!

Full oppdatering frå ferien. Med bilder. Første veka.

Turen opp starta med perfekt kjørevær. Overskya og opphold. Jentene var i storhumør, og me stoppa langs veien for å lage tomatsuppe på primusen.





Ayla var litt stressa av at jentene sprang og hylte og lekte på altanen, men med godbitar for å ligge i ro, gjekk det fort over.
______________________________

Første dagen på hytta blei det bading, blåbærtur, og pakke ut.


_______________________________________
Andre dagen blei det meir bading, tur til butikken, og jentene fekk seg ei ny venninne som mista mobilen sin ein plass rundt hytta. Ayla to the rescue! Men ho fant den ikkje... Viljen var der, men me leita ikkje der den viste seg å ligge. På kvelden fyrte Vetle opp i stampen, og så fekk me oss ein dukkert der også. Eg bada ikkje i vatnet i det heile tatt på ferien, for det var berre 16 grader! Brrrr..

______________________________________

Tredje dagen var det endelig tid for den lenge oppskrytte teltturen tante hadde lovt jentene. Me hadde egentlig tenkt å sette opp teltet lenger innover grusveien i forhold til hytta, men fant ut at me skulle slå det opp midt i tjukkaste skogen heller. Det innebar at Vetle måtte gå halve myra nedanfor hytta for å finne ein lagleg plass til oss. Tidlegare på dagen hadde han lagt det eg nå bare refererer til som "helvetessporet". Stikkord: bratt skråning, fjell, ingen aning om kor gjenstandane låg, varmt, nevnte eg himla bratt? og ca 400 meter langt. Meir om spora kjem i eit seinare innlegg.

Ayla var med oss ned i teltet i kveldinga, og teltet kom omsider opp. Myggen var der umiddelbart, men me hadde heldigvis kjøpt myggspray. Kremt... Eg ga beskjed til jentene at dei skulle lukke igjen munnen og augene, spraya dei i ansiktet, og trudde eg var sååå lur. Jadda... Myggspray svir altså i augene, bare så eg veit det.. Dei begynte å hylgrine, stakkars, og nå veit eg at myggspray skal tas på hendene først, og så gnis i ansiktet. Huff... Jaja.. det gjekk fort over, og dei tilga meg fordi eg ikkje visste betre.


Kvelden blei snart til natt, og med nyinnkjøpte liggeunderlag kunne me krype under dynene og spele Svarteper. Ayla fant seg fort til rette og la seg til å bursove. Ho var nok supersliten etter det forferdelige sporet tidlegare på kvelden.

Klokka ett blei me trøtte, og la oss til for å sove. Natta var kald, dyna var lita, og teltplassen var ikkje så perfekt som me trudde. Ikkje for meg, i allefall.

Morgonen etter fyrte eg opp primusen igjen, og så hadde me frokost med kakao til. Ayla låg rett i nærheten av oss heile tida, og då Vetle og Joey kom for å hjelpe til med teltet og tinga, fekk jentene høyre koss Ayla høyres ut når ho passer på oss. Dei er opptatt av "tyvar", spesielt den yngste av dei (6,5 år), og ho meinte at hvis det kom nåken, kunne jo Ayla bare slikke dei vekk... Hehe...



Seinare den dagen drog me til Eikhom for å bade i jettegrytene der. For å sei det slik; det var den dagen eg fant ut at mobilen min tåler å bli dukka i vatn. Eg datt så lang eg var i ein liten dam på fjellet.. superglatt og skikkelig skummel. Eg hadde kamera og mobil rundt håndleddet, og begge to blei dukka i vatnet. Vetle sa eg måtte slå av mobilen med ein gong, og det var nok det som redda den.


Her bada eg også, for det var betraktelig varmare her, ja! Masse folk, men ikkje trongt om plassen. Me grilla litt pølser (mager kjøttpølse for min del) , og det smakte kjempegodt!

___________________________________

Fjerde dagen kom Olaug og Lea oppover. Me rakk litt bading denne dagen også, og kanoblåbærtur, sånn at me kunne ha pannekaker og blåbærsyltetøy seinare på kvelden.






søndag, august 19, 2007

To som plukker blåbær.

Superinnkallingen min er kanskje ikkje så veldig praktisk på blåbærtur. Kvar gong eg bøyde meg ned for å plukke bær, kom ein stk rottweiler stupande for å sjå kva eg hadde funne. Og då ho såg alle blåbæra på busken, kunne eg bare gå vidare, for sikkel er ikkje så delikat på blåbær, faktisk. :-)

lørdag, august 18, 2007

Oppdatering fra ferie.

Ferien går greit, og det gjer også løpetida til Ayla så langt. Ho begynte å blø forrige fredag, så nå er det vel snart på tide å skilje Joey og Ayla om nettene. Han har ikkje mista apetitten endå, og lager heller ingen pipekonsert endå. Han har vore med på lange turar, og i går gjekk me i tre timar i ulendt terreng og tilbakela 4,4 km. Han var i fin form på kvelden, og ikkje noko stiv.

Eg har ikkje vore i sentrum og trent, så alle mine forsetter har blitt ganske så knust. Pytt pytt. Eg har ei veke igjen av ferien, og håper å klare å mote meg opp til å ta henne med opp i sentrum heime heller.

Eg har tenkt å skrive eit fullstendig samandrag frå ferien, og legge ut mange bilder. Ein av dei tinga eg undrar meg fælt på for tida er koss Ayla har lært å ga bak meg ned bakkar og skråningar. Eg har nemlig ikkje lært henne det.. :-)

mandag, august 13, 2007

Tilstandsrapport fra ferie.

Ei veke inn i ferien, og Ayla har vist seg fra gullsida nesten heile tida. Ho har gått tre spor, 300 meter - 12 timar gammalt, 400 meter - 6 timar gammalt, 300 meter - 2,5 timar gammalt. Fant alle gjenstandane alle gongene, og var konsentrert og fin. Meir nøyaktig om spora kjem seinare.

Ute på altanen er det lite bjeffing, og ho finn skygge å legge seg i. Me har ikkje vore i sentrum og trent, men eg SKAL gjer det til veka. Ho har vore flink med jentene, og Joey også. Eg har faktisk ikkje tatt i ein klikker sidan me kom hit, og det har vel aldri skjedd før! Det er i alle fall lenge sidan.

Olaug kom for å hente jentene, og då fekk Ayla helse på Lea ( 1 mnd ) for første gong. Seansen var utrulig rørande! Olaug satte Lea på golvet i sånn liggestol, og Ayla fekk gå bort og snuse. Ho stod der med låg og logrande hale, og snuste på den litle saken i stolen. Heilt i sin egen verden. Så kikka ho på Olaug og smilte vilt! Så måtte ho snuse litt til. Og smile til Olaug. Og snuse. Og smile. Ho var så forsiktig og rolig og eg fekk nesten tårer i augene! Ho var rett og slett til å ete opp! Sukk... Dagen etter tok eg med meg Lea i vogna og Ayla i bånd, og jentene fekk på seg regnklær og så gjekk me ut på tur. Ayla har aldri gått ved sida av ei vogn før, men eg skulle verkelig ikkje tru, for ho gjekk som ein engel!

Me har også vore på telttur ei natt, og det gjekk også fint. Bortsett fra at Vetle hadde funne ein ganske dårlig plass til oss. Underlaget var ikkje heilt så beint som det først såg ut til, så det blei lite søvn på meg, i alle fall. Ayla fant ei god grop nede ved beina mine, og der låg ho dønn i ro heile natta. Dagen etter kom Joey og Vetle for å hjelpe oss å pakke ned og bære heim tinga, og då fekk jentene sjå koss Ayla passer på oss. Ayla hadde vinden i ryggen då Vetle kom gåande, og reagerte med bust og seriebjeffing. Ho stod ein 3-4 meter frå leiren, Vetle var vel 15-20 meter vekke. Han sa ingenting, og gjekk rart med vilje. Då eg ropte på henne, stoppa ho å bjeffe. Ropte igjen, og då kom ho til meg! Juhu! Vetle sa navnet hennar, og då forsvant busten med ein gong, og ho pilte bort. :-)

Vekas gullkorn fra niesa på 6,5 år: "Mine pupper stikke rett ut sånn, og tante sine pupper stikker rett ner sånn." Jadda...

lørdag, august 04, 2007

Klikkertrening og tannvisning.

Traff Krissi og John ved appellplassen på Sviland torsdag kveld. Eg kom litt tidlig for å lufte AYla litt, og der var Krissi allerede og hadde lufta Snuppa og Lara. Dei var i bilen, og Krissi sat og skar opp godbitar. Eg slapp Ayla ut av bilen, og ho sprang rett bort til Krissi for å sei hei. :-)

Eg visste på forhånd at det skulle komme to menn, og eg ante vel at den eine kom til å vær John. Rart kor nervøs eg skal bli bare ved tanken...

Han andre som skulle vore med, måtte i siste liten melde avbud, så det blei berre oss tre.

Dermed blei det rein rottweilertreff, med ikkje mindre enn fem deilige hundar! :-) John hadde nemlig med seg ein kvalp (sukk og dobbeltsukk) på ca fem mnd som han skulle passe mens eigarane var på ferie. Eg blir sååå kvalpesjuk av sånne små!!!

Først var det litt fellesdekk med Odin og Snuppa, og så tok eg ut Ayla etterpå. Eg hadde jo bestemt meg for å få fram frivillig dekk, og den låg jaggu langt inne!! Me hadde x antal rundar med sidelengs gange før ho endelig la seg. Ho VIL så gjerne inn i utgangsstilling!!

Det løsna endelig til slutt, og eg fekk nokre kjappe neddekkar frivillig. Så tok eg tannvisningstrening på Fanny-metoden med John. (!) Første gong me prøvde med ein mann, og det gjekk over all forventning! Ho har verkeleg forstått dette med å setje seg for å få godbiten, altså! :-) Ho er så flink! :-)

Dette var siste kvelden av dei tre vekene Krissi og eg hadde til rådighet før eg reiser på ferie. Det var nesten litt vemodig...

Krissi trengte hjelp til lydighetsprøven (appell) i NRH, og eg trengte hjelp sånn generelt. I tillegg har eg fått trent litt på vanlige ting, og ikkje minst fått generalisert det ho allerede kan til ulike plasser. Og øvd meg på koss eg skal belønne i sånne situasjonar der Ayla kan bjeffe.
Det eg har lært av Snuppa desse siste vekene, er at belønninga KAN vær av for stor verdi. Den kan også vær av for liten verdi. Når fri ved foten er trent inn positivt, er det ein fryd å sjå på! Og ved å tilpasse fart og skrittlengde, blir vendingar og holdtar straks meir nøyaktige!
Sjølv om ho kunne reglane, forsøkte ho seg med snarveier. Då me gjennomskua henne og ikkje ga henne forsterkning med at Krissi returnerte, gjekk det betre med ein gong. (berre synd det var siste dagen me oppdaga det).

Søndag reiser me på ferie til hytta i Treungen. Det blir bading, blåbærplukking (håper det fortsatt er bær der), båtturar, spor (fantastisk terreng), "leite-opp-småjenter-som-liksom-har-gått-seg-vill" trening, rusle rundt på hyttefeltet og trene på at folk oppholder seg utanfor hyttene sine. Og så skal me ligge i telt. Med jentene (6 og 7 år). Det blir bare oss jentene, og gjett om tante gleder seg til det!!!

Eg er ikkje sikker på at bluetoothen virker der oppe, så det er mulig det bare blir mobilblogging. Om det kjem kommentarer, vil eg svare på dei gjennom nye innlegg, for eg får hente mail på mobilen. :-)

God ferie til meg og alle som endå ikkje har tatt seg fri i regnværet!

torsdag, august 02, 2007

Back to basis.

Bilder tatt av Krissi på Austrått på tirsdag.





Fekk meg eit lite sjokk i dag morges på lufteturen.

Kvar morgon, ein time etter at Joey og Ayla har ete, rusler me bort til lyktestolpen sånn at dei kan gå på do. Bort dit går Ayla fri ved fot med litt holdtar og vendingar. Når me kjem bort dit, spør eg om ho har tisst, og så går ho og tisser. Joey sit ved sida av meg og venter til Ayla har tissa, og så går han bort og .. usj... koser seg med å snuse og smake og sikkert tenke masse grisetankar. Han er 11,5 år og kan gjer nesten alt han vil nå. :-)

Etter at Ayla har tissa, kjem ho springande bort til meg for å få godbiten sin. Ho har jo gjort jobben sin, må vite, og då skal ho også ha lønn for det.

Så pleier me å trene fri ved foten med temposkifte, heilomvendingar, holdtar, høgre- og venstrevendingar, eller me trener sitt og bli og innkalling, eller me trener på at Ayla skal sitte i ro mens eg hiver ballen laaaangt utpå jordet.

I dag tenkte eg at eg skulle få begynt på dette med dekk. Og her var det sjokket kom. Ho la seg ikkje! Ville ikkje tilby dekk! Ho gjekk sidelengs for å prøve å komme inn i utgangsstilling, men når det ikkje gjekk, satte ho seg ned. Klikk. Reiste seg igjen, ville inn i utgangsstilling, sideslengs 360 grader, satte seg, klikk. Dette gjentok seg, og ho blei frustrert fordi ho ikkje fekk komme inn ved sida av meg. På eit tidspunkt havna ho ut på jordet, og då la ho seg. Klikk og jubel. Ny runde sidelengs, havna på graset, heiv seg i dekk. Klikk og slenge godbit ut på grusen. Så pilte ho bort til graset igjen og la seg ned. Klikk og godbit utpå grusen.

Då den var oppeten, kikka ho på meg, og eg var såååå frista til å sei legg deg eller bruke handteikn, men klarte å la vera. Då sette ho seg først, før ho la seg. Klikk og ny godbit som ho måtte springe etter (det elsker ho). Heretter var det kjappe neddekk på grus, gras om kvarandre, men eg fekk meg ein liten støkk, ja.

Derfor blir det back to basis for meg i kveld. Ho skal få huske kva det er å tilby adferder, og bruke hovudet sitt betre. Eg skal klikke for at ho legg seg, for at ho setter seg opp, for at ho reiser seg opp, stort sett alt anna enn utgangsstilling og rygging. Og så skal eg vera flink til å sette korrekte kriterier.