Søndagskvelden kjende eg at det begynte å gjer vondt i halsen. Mandag var eg heilt elendig, og var heime frå jobb. Same med tirsdagen, bare at då var eg endå verre. I dag måtte eg bite i det sure eplet og dra til Forusakutten for ein liten checkup. Diagnose: Halsbetennelse med streptokokker og ti dagars penicillinkur. Ikkje rart eg har vore sjuk, med andre ord...
Vetle har stort sett vore den som har gått ut med hundane, og det har jo begynt å smelle litt rundt omkring. I fjor skreiv eg dette i bloggen:
"Jule- og nyttårshelga er over, og det er både Ayla og eg takknemlige for. Eg har mine grunnar, og Ayla er glad for å sleppe alle smella. Det var rett og slett vondt å sjå henne på nyttårsaften, der ho stod midt på golvet, vill i augene, halen klistra til magen, og heilt hinsides av frykt. Det var ikkje så ille som dette i fjor, så til sommaren skal eg kjøpe ein sånn cd med fyrverkerilydar i håp om å gjer neste nyttårsaften enklare og kjekkare for henne."
I år viser ho INGEN teikn til å vera det minste affisert, det til tross for at eg aldri fekk somla meg til å skaffe den CDen.
Nå kom me nettopp inn fra ein kjapp luftetur med søk etter nyinnkjøpt ball, og sjølv om det smeller godt allereie, jobba ho som berre det, og mista ikkje halen ein einaste gong! :-)
Og tidlegare i dag (medisinene hadde begynt å virke), laga eg godbitar. Hadde noko frostskada kjøt i frysaren som eg kokte. Lot det avkjøle, hadde det i foodprofessoren (Etter The Julekalender) saman med to egg, to kinesiske kvitløk, 1,5 ss tørka ingefær, litt olje, kokekraft og speltmjøl. Kjevla det ut og delte det opp i små bitar med pizzahjul. I ovnen på 180 grader ein times tid og så eit par timar på 130 grader.
Hundane ELSKER det! :-)
Ja, og så har eg meldt meg på Brukshunddagar på Troll Hundeskole i august neste år!
Og så lurer eg på om Ayla begynner å komme i løpetid, for Joey er VELDIG interessert.