lørdag, juni 23, 2007

Ayla, den rare hunden.

Av og til kan Ayla ligge på golvet og sove. Puste skikkelig tungt. Me sit i sofaen og ser tv eller noko, og så brått vakner ho og kikker bort på oss.



Og då er det at ho blir så inderleg glad for at me er der, og berre MÅ komme bort og logrer og slikker oss litt på armen eller handa eller buksebeinet før ho legg seg til å sove igjen. Joey har aldri gjort slikt, og ikkje Tinka heller.



Men om eg sovner på sofaen, kan dette skje heilt utan at eg merker noko:





Eg trur han syns at når eg sover har han lov til å gå opp i sofaen uinvitert. I dag låg tilfeldigvis mobilen like ved meg då eg vakna, så eg fekk festa rampestrekene hans til film. :-)

torsdag, juni 21, 2007

Pengetjuven og ballguri.



Då me var i Grimstad siste dagen, skulle svigermor spandere middag på oss. Vetle og eg skulle opp og hente den, så ho hadde funne fram ein femhundrelapp som me skulle ha med oss. Plutselig kunne ho ikkje finne den, og gjekk heile leiligheten rundt for å leite. Ho blei meir og meir fortvila, og til slutt spurde eg kva ho leita etter. Då fortelde ho jo at ho hadde lagt ein seddel på stolen, og at ho nå ikkje kunne finne den. Ho gjekk og spurde Vetle om han hadde tatt seddelen, men han hadde jo ikkje det.








Då kobla eg... Ayla hadde vore så veldig stille dei siste minuttene under bordet... Eg bøyde meg ned, og kva fekk eg sjå?
























Slik ser Ayla ut når ho verkeleg koser seg:

mandag, juni 18, 2007

Mandagstrening

Med den nye Bende-vesten min og dei nye tauballane, var det omsider tid for mandagstrening igjen. Det blei litt travelt etter jobb med middagslaging/eting og slikt, og me var bare bittelitt for seine. Eg starta med å trene lineføring med tauball som avstandsbelønning, for det funka heilt vanvittig bra i dag tidlig.

Før eg fortsetter, må eg skrive litt om kva me trente på før jobb i dag. Eg måtte jo prøve vesten min, og rusla bort til lyktestolpen. Der begynte eg å belønne innkomstar ved å stille meg opp foran henne etter godbitservering. Eg gjekk lenger og lenger frå henne, og til slutt endte eg opp ca 8-10 meter frå henne, ho sat ei stund før ho i eksplosiv fart gallopperte mot meg og smalt inn i perfekt utgangsstilling. Då fekk ho den nye elsklingballen og ga meg det to gonger til etterpå.
Den nye vesten er knallgod å belønne med ball fra, og eg har nå offisielt forelska meg i den. :-)

Så var det tilbake til kveldens trening.

Eg har trent på lineføring og fri ved foten med ball som avstandsbelønning. Så har me trent på innkomstar og innkalling der fart var kriteriet. Me har også fått trent på passering av dvergschnauzer uten å bjeffe og med trang passasje, og det gjekk heilt strålande! Så trente me også litt ro saman med Buffy og schnauzeren, og det gjekk fint heilt til Buffy skulle prate litt med den andre hunden. :-)

Me fekk også trent på tannvisning med både Solfrid (som Ayla nesten ikkje har helst på før), og med Ellen Beate. Eg er fornøyd med begge to. Alle tre. :-)

Ayla er lettkjøpt. Uten tvil. EB ga henne eit par godbitar i forbindelse med håndtarget og hodetarget (me trente på det også, ja), og plutselig sette Ayla seg i utgangsstilling for henne. Mens eg haldt i bandet! :-)

Neste mandag er det sommaravslutning med grilling og kos.

lørdag, juni 16, 2007

Lørdagstrening i Arendal

Etter ei natt med minimalt med søvn pga at me er i Grimstad og Ayla måtte sove på rommet i lag med oss, var det klart for trening på Hove i Arendal klokka ti. Fem stykker inkludert meg møtte opp på Schæferhundklubben der oppe. Me tok ut ein og ein hund, og då det var min tur, ba eg Elin ta ein tannvisning på Ayla uten å snakke først, sånn i tilfelle Ayla skulle kjenne igjen stemmen. Det gjekk faktisk heilt vanvittig bra!! Ho reiste seg ein gong, og då begynte me bare om igjen. Ingen teikn til bjeffing når Elin kom gåande mot oss for å ta denne tannvisninga.

Så skulle me kommanderes rundt i ringen. Det gjekk også bra. Eg syns eg hadde skikkelig god kontakt med henne, og kunne belønne med både godbitar og ball som ho kom tilbake med. Eit par gonger slapp ho ballen og snuste i stadenfor, men då eg gjekk bort og tok ballen, var ho med umiddelbart. :-)

Ellers tok me litt hindertrening, stå under baklengs marsj, dekk fra holdt med å gå fra, fellesdekk, fri ved foten med avstandsbelønning (20 skritt med stålkontakt).

Ved eit par anledningar var ho på veg bort til andre hundar med belønninga si, men kom på innkalling.

Ho bjeffa på ein schæfer og ei dame (den siste der var min feil, eg gjekk nok for nært), men eg var flink og trente passeringar på to stykker etter bjeffinga.

Heilt på slutten då dei andre hadde reist, foreslo Siv å sleppe Nemo og Ayla laus saman. Eg må sei eg var litt nervøs, og håpte at det skulle gå bra. Det trur eg Siv gjorde også. :-) Og det gjekk heilt strålande! Ayla hverken busta eller bølla eller terroriserte, dei berre koste seg og sprang masse! Det var deilig å sjå!! :-)

Ein alle tiders dag!! Til og med været var på vår side, for i det same eg køyrde nedover mot Arendal etter at Siv hadde reist, kom dei første dråpane. Til då hadde me stort sett hatt sol.

Takk og pris hadde eg med meg GPS'en, for det var litt krinkelkrokete å finne vegen ned igjen.

Ja... då eg kom ned mot brua over fra Tromøy til Arendal, stod det ei dame midt i rundkjøringa med eit skilt der det stod: "Bert, så tar jeg en knert". Eg prøvde det eg kunne å finne hornet til Vetle, og blei aldeles distrahert og køyrde feil. Med GPS! På veg tilbake greide eg å finne hornet, og dama måtte drikke. :-)

Tusen hjertelig takk til Evy for bildene!!

onsdag, juni 13, 2007

Og endå fleire bilder.

Ayla sprang villmann på den nærmaste åkeren ein morgon det var dogg i graset. Då ho hadde vore på do, såg ho slik ut over heile pelsen.



Joey ligg på badet og sover. Kulen på halen hans har vokst i tre år, men dyrlegen seier det ikkje er farlig. Han brys seg ikkje om den sjølv, og ser ikkje ut til å ha vodt der. Pga bilyden på hjertet har me ikkje gjort noko med den.

Sånn ser det ut ovanfrå når eg har med meg begge på tur. Legg merke til slakke bånd :-)

torsdag, juni 07, 2007

Fleire bilder

Her står eg på kjøkkenet og skjærer opp ting og tang til tacos. Og Joey har lagt seg på golvet like bak meg og kviler hovudet på ankelen min.



Tacos. Favoritten over alle favorittar!! Nam!!!



Legolas i kosehumør (les: sette baken oppi trynet på meg, og trø meg på magen)



Her ligger faktisk Joey på golvet med kroppen og så har han lagt haka på sofasetet for å tigge kos. Eg var meir uthalden enn han denne gong, så han sovna slik, stakkaren. :-)




Ayla i favoritthjørnet sitt.


onsdag, juni 06, 2007

Hmm..

Dersom ein hadde tatt vekk det faktumet at Ayla bjeffer på folk, så er hu faktisk den perfekte hund. For meg, altså... Hmm...

mandag, juni 04, 2007

Mandagstrening igjen, endelig!

Nydeleg vær på trening i kveld! Sukk!!

Me var seks stykker som trente i kveld, og eg trente stort sett for meg sjølv. Ayla blei nokså distrahert av to stk små hundar, og ein ny som ikkje har vore der og trent før. Eg brukte derfor to-tre timeout på henne, der eg sette henne i bilen når ho ikkje ga meg kontakt. Det funka i grunnen fint, for når eg tok henne ut av bilen igjen, MED distraksjonane fremdeles i nærheten, ga ho meg kontakt og me kunne trene halvveis effektivt.

Eg trente på: Stå og bli mens eg hiver ballen forsiktig framover. Sitt og bli mens eg hiver ballen framover. Fri ved foten MED kontakt (15 skritt!!!) med ball som belønning. Innkomstar.
Og på slutten trente me ro mens eg stod og prata. Eg lot henne gå og snuse på folka, og dei lot henne snuse seg ferdig før ho snudde seg mot meg og fekk godbit. Deretter la Ayla seg flatt ned på bakken og låg tilsynelatande heilt avslappa og sliten. Heilt til Kari-Kari (cairn) kom ut av bilen... Spjong, sa det, så var Ayla ready to go igjen.

Ho maser altså INGENTING når eg står i ro slik. :-)

Alt i alt var Ayla Gull med nokre biiiiittesmå unntak.

lørdag, juni 02, 2007

Forskjellige bilder tatt med mobilen




Joey veit at maser han lenge nok, prøver hardt nok,

tigger nok

Så gir eg til slutt etter og koser med han. :-)