tirsdag, januar 29, 2008

Innholdsrik tur.




Tok med meg Ayla, XL ball, snadderbitar, mp3 spelar og mobilen ( i tilfelle emergency) og rusla meg ein nesten to timar lang tur. Eg hadde kledd på meg litt for godt for vindstille og 6 grader, men det er deilig å vera ute utan å fryse! :-) Sjølv om eg egentlig helst ville krype oppi sofaen med boka med "Jenta som lekte med ilden" som eg fekk av Vetle i adventsgave.



Me traff ein mann med ei flat tispe og unngjekk såvidt reaksjon, så ein mann åleine - ingen reaksjon, så traff me ei jente med ein tiårig blandingshund som Ayla fekk helse på og leike med - gjekk heilt fint, så passerte me tre menn som dreiv og heiste ein båt på land - gjekk heilt fint. Så fekk eg klikka henne ut på ein tynn molo.



Ved båthuset heiv eg XL ballen bortover jordet, sånn at Ayla fekk søke etter den. Tre gonger. Så leikte me bølgeleiken ved stranda vår. Bølgene var veldig spennande i dag, for dei gjekk langt ut før dei skylte langt innover stranda igjen. Ayla var modig og vågde å gå ganske langt ut før bølgene snudde.



Så tutla me oss heim der Vetle hadde starta på middagen.

Eg sjekka tilfeldigvis mail og endte opp med å melde meg på nytt seminar... Det var altså Vetle som lokka meg til det.. *blush*

Det blir ein travel vår og forsommar! Phew! :-)

Nye ting å trene på.

Av ein eller annan grunn har eg ikkje like lyst til å blogge når Ayla har blitt utsatt for meir enn me har trent på. I dag er ein slik dag.

I går, før trening, skulle eg treffe ei ekskollega på ein bensinstasjon for å få overlevert ein del ting som ho hadde gløymt å levere frå seg då ho slutta. I fullstendig overmot spurte eg om dei ville helse på Ayla. Nye hundeeigarar som dei er, ville dei det. Ayla pilte rett bort til begge to, og eg svulma av stolthet. Ei lita stund, i alle fall. Sambuaren sette seg på huk, nemlig, og innan eg rakk å sei frå om at han ikkje måtte reise seg for raskt, hadde han gjort nettopp det. Dermed bjeffa Ayla. :-(
Dumme dumme dumme ku! Tenkte eg om meg sjølv...
Eg ba han berre stå i ro, noko han gjorde, og fjerna henne roleg vekk. Ho slutta med ein gong.
Eg fekk forklart kvifor ho bjeffa, og han sette seg på huk ein gong til, og rekte fram ei hand med godbitar i. KUDOS til han for å tenke så rasjonelt etter å ha hatt ein bjeffande rottweiler 10 cm frå diverse edle deler! Eg hadde nok ikkje vore så roleg og beherske, tvertimot hadde eg nok blitt pisseredd!

Då han reiste seg igjen reagerte ho heldigvis ikkje, og eg tenkte at dette MÅ me venne henne til. Nokre mennesker set seg automatisk ned til hundar for å helse, men eg har rett og slett ikkje kome på å trene på det.


På treninga fekk eg prøvd litt sitt og bli, og det gjekk greit. Me tok også litt FVF men med band, og eg prøvde på snurring, men har ikkje sjans til å få henne til å tilby noko som kan likne på ein frishapet snurr.
Problemet mitt er nemlig at ho ikkje tilbyr snurr mot høgre, som er den einaste vegen det går an å få henne til å følge target heilt rundt. Ho tilbyr kun ein liten vinkel på halsen mot venstre, og that's it. Lenger kjem me ikkje. Dersom eg venter henne ut for å sjå om den vinkelen kan bli til noko meir, gir ho seg heilt med å vri på hovudet. Phanken at dette skal bli så vanskelig, då!

I dag morges fekk eg til fire passeringar mellom beina mine i framover slalåm, og fire slalåm mens eg stod i ro. Den trur eg ikkje vil bli noko problem.

I ettermiddag blir det enten gåtur til sentrum og rusling rundt der, eller så blir det tur langs sjøen der ho får springe laus. Kanskje me då får sjå morild igjen? :-)


Det er det enklaste i verda å vera etterpåklok, men tankane melder seg i dag, merker eg. Eg veit jo at tilbakefall er noko me må rekne med, men det er ikkje kjekkare å oppleve dei av den grunn.

Konklusjon om treningsmomenter me MÅ ta tak i:

Folk som sit på huk reiser seg (å reise seg frå huk bli til signal for Ayla å legge seg?)
Når ein hund hopper opp på eigaren sin, skal Ayla likevel klare å konsentrere seg om meg.
Passere hundar uten å henge i enden av bandet for å kome seg bort og helse.
Snurre rundt
Alle føtene i ein isboks
Kjappe sittar

søndag, januar 27, 2008

Hundeeierskolen Modul 1

Det er søndag, og me er heime igjen etter første helga på Hundeeierskolen i Bergen.

Møtet med vertskapet mitt gjekk nesten heilt smertefritt, men langt betre enn frykta. I løpet av helga fann eg ut at eg MÅ friske opp igjen antihoppeferdighetene hennar.
Elles har ho vore engel ute på turar, og også på kurs. Heilt til i dag.

Då stod eg på treningsplassen og prata med ein av deltakarane. Brått kom den eine instruktøren opp frå ein bakke, og dermed var Ayla i gong. Eg trakk meg vekk, og ho kom med eit par bjeff. Eg trakk meg endå lenger vekk, og då hjalp det seg. Eg fekk gått bort igjen til dei to andre, sakte og forsiktig, og det kom ikkje fleire reaksjonar.
Me har jo ikkje trent så veldig masse på at folk dukker opp frå intet mens me står og prater sånn, det er jo helst passeringar på tur me har jobba med. Ho blir ikkje hinsides, og det går jo an å få kontakt med henne etter ein slik reaksjon, så det er jo alltids ein god ting.

Folk har kome bort til oss i løpet av helga uten at ho har vist teikn til å reagere, og det er forbetring i forhold til tidlegare. Me er ikkje i mål endå, men vegen har blitt kortare dei siste månadane.

Og me har fått heimelekse, må vite... :-) På ein månad skal eg lære Ayla å gå slalåm mellom beina, snurre rundt, gå med laust band, stå med alle fire beina oppi ein isboks, sette seg 40 gonger på eitt minutt, og ein ting til som eg ikkje husker.

I morgon er det trening igjen.

tirsdag, januar 22, 2008

Endelig mandagstrening igjen!

Det blei travelt for meg i går, av ulike årsaker, og eg vurderte NESTEN å droppe mandagstreninga som endelig starta opp igjen.

Det er eg glad eg ikkje gjorde!

Me blei fire i dag. Og eg trente saman med Boxer-Bente (der er nemlig to som heiter Bente på trening). Me trente først med Dina og antihopping, og kom eit godt stykke med det. Så var det Ayla sin tur. Eg tok henne ut av bilen mens Bente satte Dina inn i buret sitt. Ayla var heilt gira, og eg hadde knallkontakt med henne. Bente kom ruslande mot oss, og eg ba henne stoppe opp ca ter meter frå oss. Ayla skulle sitte og bli ved sida av meg. Så skulle eg liksom spørje om Ayla ville hilse. Dette fortalte eg til Bente, og idet eg sa ordet "hilse", pilte Ayla bort til Bente og snuste etter godbitar med ivrig og logrande hale. Eg må med andre ord passe meg for å sei det ordet før eg faktisk vil at ho skal bort og hilse. :-)

Vidare trente me i den økta på håndtarget, dekk og bli med forstyrrelsar og avstandsbelønning (som fungerer sjukt bra for Ayla), stimuluskontroll på STÅ under baklengs marsj - også her med avstandsbelønning bak, og litt FVF. Ingenting planlagt, med andre ord.


Neste økt Ayla var ute, var også Dina ute. Me har nesten ikkje truffe på andre hundar etter knuffinga i desember, men Ayla virka ikkje å ha latt episoden gå inn på seg, for ho var bare måtelig interessert i Dina. Me tok nokre passeringar ganske nærme før Veslemøy kom gåande med KariKari, og då var både Ayla og Dina lost. :-) Kva er det med store hundar og fascinasjon for små hundar, tru?

Eg må begynne å trene Ayla på at andre kan leike med hundane sine UTEN at Ayla skal bjeffe og mase...

Til slutt blei det trent på å ligge i ro mens eg tatler med dei andre.

Alt i alt var kvelden vellykka. Me trente rett utforbi eit kontorbygg der det kom og gjekk folk jevnt gjennom heile treninga, men INGEN reaksjon å spore hos den superflinke hunden Ayla. :-)

mandag, januar 14, 2008

Playing with fire?

Oppmuntra av lørdagens suksess bestemte eg meg for å dra opp til sentrum igjen i dag.

I dag hølja det ned, og det var jæ... veldig kaldt pga vind. Parkerte ved gamle biblioteket og gjekk på utsida av sentrum. Til tross for været var det ein og annan fotgjengar som var ute i gatene, men Ayla oppførte seg som ein drømmehund. Ved eit tilfelle gjekk ho langt ute i bandet (les: utenfor min kontroll, for bandet er jo to meter langt), då det kom ein mann ut frå ein butikk. Ho var bare sånn halvveis opptatt med å snuse, og eg var overhodet ikkje forberedt på situasjonen. Pulsen raste, og instinktene mine sa at eg skulle hanke henne inn, men eg lot henne bare gå. På svært svært kort tid skjønte eg at ting holdt på å gå galt. Veldig galt. Eg var så hinsides min egen panikkfrykt at eg ikkje kan fortelje i ettertid kva signaler Ayla sendte ut som kan fortelje meg nå kva stemning ho var i. I laaaaangsom film såg eg at Ayla fjerna snuten fra bakken og kikka opp mot mannen. Dette var ein klassisk "Ayla-ser-ein-person-ein-skummel-person-og-bjeffer-styggingen-vekk" situasjon. Eg kunne formelig høyre korleis lyden av bjeffinga hennar kom til å synge mellom husveggene i Randaberg sentrum.

Før eg fekk tenkt ferdig, var mannen forbi, og Ayla hadde forlengst plassert snuten på bakken igjen. Eg var så letta og stolt at eg nesten begynte å grine midt i sentrum der! :-)
Ti minutter seinare stilte me oss utføre bakveien til Mega og trente FVF med band. Folk kom og gjekk forbi oss, men ho var superkonsentrert heile tida. Eg veksla mellom leverpostei, snadderbitar og pølser.

I løpet av økta fekk eg henne til å leke midt på torget. Det er eg veldig fornøyd med.

Eg har observert at når eg trener på desse greiene våre, så er ho roligare om eg IKKJE bruker klikkeren. Med ein gong eg begynner å blande inn klikkeren, blir ho hardare i munnen, raskare i ALLE bevegelsar, og girer seg generelt meir opp. Og det VIL eg jo ha når eg trener andre ting, men ikkje akkurat i desse settingane.

Ein annan observasjon... eller tanke eg har gjort meg, er at eg trur me har kome så langt nå at me kan gå vidare fra å bare belønne for all annan adferd en bjeffing (i umiddelbar nærhet av andre folk) til å få fram litt lydighetsting. Eg trur ikkje me har vore heilt der tidlegare, men nå er me det.

Eg kjenner at det ga meg ny giv å få så mange fine kommentarer på Diverse oppdateringar. Og eg ser verkelig fram til Hundeeierskolen som begynner om bare 11,5 dagar.

Ja, og så er eg snart ferdig med gaven til Siv... ;-) Høhøhøhø

lørdag, januar 12, 2008

Den nestenstore testen.

Klokka er nå 12:30
I dag har eg bestemt meg for å teste Ayla. Eg skal ta henne med meg opp til sentrum uten å slite henne ut først, og rusle rundt litt der oppe. SÅ skal eg finne ein plass å trene kontakt og stå under baklengs marsj. Målet for i dag er altså å ta henne ut midt blant folk uten å gjer henne sliten først, og så trene litt lydighet med forstyrrelsar.



Slik gjekk det: Det tok litt tid å kle på meg, ordne med kosebein til Joey, kutte pølser, o.s.v., så me parkerte ved skulen fem på ett. Grusbanen var ledig, så eg gjekk der og kosetrente litt med stå under baklengs marsj med avstandsbelønning bak og kontakt før eg mota meg opp til å gå bort mot sentrum. Det har blitt veldig vanskelig å gå med laust band på ukjente plasser, så det tok tid å forflytte oss i dag. Den første utfordringa fekk me rimeleg kjapt. Ei eldre dame og ein unge kom ut frå kyrkjegarden og tok oss igjen bakfra. Eg var ikkje sikker på koss det skulle gå, så eg gjekk litt til sides. Det funka heilt fint. Tilbake på fortauet igjen dreiv ho og snuste langs ein stolpe då eg høyrde kvinet frå ein rakett. :-( Akkurat i det smellet kom, dryssa eg masse pølse på bakken. Ayla reagerte på smellet med halen ned, og øyrene bak, og kikka opp i lufta før ho åt pølsene. Ho fekk det jaga uttrykket då me skulle gå vidare, og eg snudde for å returnere til bilen igjen. Eit par meter seinare kom halen opp igjen, og eg vågde meg på å gå mot sentrum igjen.

Då me skulle passere nokre butikkar, kom ein mann ut frå ei dør, og Ayla slengde hovudet opp mot meg for å sladre. Han passerte bare ein meter frå oss, og det gjekk heilt fint. Eg har funne ut at det hjelper MEG å tenke at personane som kommer i mot har fått instruksjonar frå meg, og at det er eg som skal trene meg i å takle kva enn dei finn på å gi meg av utfordringar. :-) At Ayla liksom bare er ein rekvisitt i MI trening... Då roer eg meg meir ned, og det trur eg Ayla merker.

Neste utfordring kom i form av ein mann og unge på syklar, med ein bokser springande ved sida av. Ayla fekk bittelitt bust, som for å vise at "noko skjer", før ho sladra. Ingen bjeffing, men dei var på andre sida av vegen, så der syns eg me fekk ein GOD passering. Den andre hunden sprang jo, og det ville nok ha trigga reaksjon hos Ayla tidlegare.

Damer, ungar, menn, barnevogner, syklar, bilar, bussar, ALT gjekk greit. Heilt til ein bil køyrde over eit kummelokk. I Ayla sine øyrer lager det den same lyden som rakettar gjer, og det demra for meg at eg nok har gjort meg sjølv ein bjørneteneste med å la vera å trene i slike miljø for å legge mest mogleg til rette for det å kunne få vellukka passeringar av folk. Eg må dermed starte å oppsøke slike bymiljø å rusle rundt i, sånn at ho ikkje gløymer ut korleis ho skal takle alt som skjer.

For kvar gong ein bil køyrde over eit lokk, ga eg leverpostei etter klikket. Eg sette meg på huk inntil ein vegg langs fortauet, og Ayla la seg ned. Bilane passerte og nokre laga kummelokklydar, andre ikkje. Til å begynne med var ho veldig hard i munnen, og stressa litt. Eg var litt i tvil om eg kanskje gjorde vondt verre, men valde å bli sitjande. Etterkvart slappa ho litt meir av og begynte plutselig å tilby hake på handa mi. Då bestemte eg meg for å rusle vidare, og då me reiste oss, var halen oppe igjen, og ho ville snusa på stolpar og husvegger igjen. Eg trur eg valde rett...

Då me kom bort til skulen igjen, trente eg litt innkalling med ball som belønning. Eg la ballen nokre meter ved sida av henne, og ville at ho skulle komme til meg før ho fekk ballen. Det gjorde ho! :-) Neste gong gjorde eg det same, men midtveis sa eg værsågod og så fekk ho bråsnu og springe etter ballen. Tredje gong hadde farten daaaalt, sikkert i påvente av å få værsågod, så den "suksessen" skal eg ikkje gjenta... :-/
Me tok også litt kreativ tenking ved ein levegg før me ga oss.
Då hadde me vore der i ein time! :-)

søndag, januar 06, 2008

Diverse oppdatering

Jule- og nyttårshelga er over, og det er både Ayla og eg takknemlige for. Eg har mine grunnar, og Ayla er glad for å sleppe alle smella. Det var rett og slett vondt å sjå henne på nyttårsaften, der ho stod midt på golvet, vill i augene, halen klistra til magen, og heilt hinsides av frykt. Det var ikkje så ille som dette i fjor, så til sommaren skal eg kjøpe ein sånn cd med fyrverkerilydar i håp om å gjer neste nyttårsaften enklare og kjekkare for henne.

Ellers har det blitt særdeles lite trening. Null overskudd, null motivasjon, og sliten kropp og sjel er nok årsaken til det. Ayla er nok veldig klar for trening igjen, men det har blitt mest turar og bittesmå økter i forbindelse med lufting. Stå under marsj har begynt å ta form nå, bl. a.
På turane våre har det vore null bjeffing når me har treft folk, og det er eg veldig glad for!

Eg har også fått tilsendt informasjon om Hundeeierskolen som begynner om tre veker. Det ser ut til at det er 21 påmeldte, noko eg syns var veldig mange. Men det blir sikkert bra. Håper eg.
For å gå vidare frå Hundeeierskolen til instruktørutdanning må eg gjennom praktisk og teoretisk opptaksprøve. Den praktiske delen går ut på at hunden kan øvelsane til Klasse 1 i lydighet, så då MÅ eg fortsetje å jobbe med det. Eg føler eg står heilt fast, og at Ayla skulle hatt ein eigar som kan meir enn meg. Eg føler liksom ikkje eg kan nok til å ha den framgongen me burde hatt, for det er verkeleg ikkje Ayla det står på.

Dette blir depressivt og kjedelig lesestoff, men viktig for meg å få med i bloggen. Det å ha hund er ein berg- og dalbane. I alle fall for meg. Og akkurat nå er det dal.

Joey er forøvrig i kjempeform, heldigvis.