tirsdag, mai 25, 2010

Stiv og støl i kroppen, og lite hundetrening.

Det er dag, eller kveld tre i nytt hus, og alt står fortsatt i øskjer rundt i heile huset. Me har fått det viktigaste opp og gå, og forsøker å kose oss innimellom all utpakking og plassering og luking i bed og oppsetting av hyller og så vidare.

Me er seriøst stive og støle i kroppen, og knapt utsovne etter å ha pakka eit halvt liv ned i øskjer, løfta og bert og luka i bed og flytta på møbler opp trapper både ute og inne. Me merker at me er 36 og ikkje 26, og sjølv om det er ein aldri så fascinerande observasjon, er det litt irriterande også.

CIMG4865 Hundane har hatt rolege dagar, og Emil er nå inne i si andre veke med spøkelsesatferd, og det meste har vore skummelt til nå: ein stein i bekken, skvettlappen på bilen min, flaget på syttende mai, speilbildet av Vetle i Planter plommetre stovevinduet, plasten rundt plommetreet eg fekk i avskjedsgave av verdens beste kollegaer, eg, Vetle, ein halvmeter stor nisse, og så vidare i det uendelige. Han avreagerer veldig kjapt, og går for å undersøke det som nettopp skremte livskiten av han.

På lørdag var me nede i Vennesla sentrum ein tur, og det var strålande sol og VELDIG varmt. Det var vår aller første rusletur i sentrum, og me blei stoppa av fem stykker som ville helse på Emil. Han viste seg frå si aller beste side og var sjarmerande og skjønn og rolig og avslappa. Ingen hopping på meg, og då me sette oss på ein benk, kom han og sette seg inntil meg og kikka rundt seg. Han helste på ein forbipasserandre Grand Danois og ei ung Berner Sennen tispe. Folka me passerte brydde han seg ikkje om, han var opptatt med sitt. Kan tru eg var stolt! :-)

Ellers har dei siste dagane blitt brukt til utpakking, og planlegging av kor me skal ha ting, kva rekkefølge alt skal gjerast i, og ikkje minst: hagearbeid. Hagen her ser ikkje ut til å ha vore stelt med på mange år. Fullt av skvalderkål og nesler og løvetann og mose. I dag har eg brukt tre timar på luke i eit tre meter langt bed. Omtrent halvveis, kom denne karen springande oppover murveggen.

DSC06767
Firfisla Bøgvald og Bøgvaldine (det viste seg at det var to av dei, nemlig)

Me har forresten funne ut at Emil likar vatn. Han spring nedi bekken og er på pletten om me setter på hageslangen. Det er nesten umulig å jobbe i hagen så lenge han er der. Han spring avgårde med hagesaksa  og spaden og hanskar og planter og ja.. det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne teikninga her.. :-)
CIMG4861 
Han har fått nye tenner både oppe og nede, så nå ser me VELDIG
fram til at hjørnetennene også skal skiftas ut. Han er ikkje ille til
å bite, men når han blir litt ivrig, gløymer han seg ut, og då gjer
det VONDT! Berre spør Ayla.

lørdag, mai 22, 2010

Oss i et nøtteskal.

Eg og Emil har funne rollene våre.. Eg i horisontalen på solseng, og han som apportør av ølflaske. :-)

fredag, mai 21, 2010

Flytta inn.

Ja, nå har me altså kome oss inn i huset. Eg kan nesten ikkje få sagt kor deilig det var! Dei siste vekene har vore heilt ekstremt travle, med kurs, pakking, avslutte jobben, kvalpekurs, osv osv.

Alt har tatt veldig på, og nå er me skikkelig slitne, alle mann. Kroppen kjennes som den har sprunge maraton to gonger baklengs, og hjernen går på halv motor. Idag greidde eg å spørje Vetle om me kunne få inn Viasat med et Canal Digital hovud. Jaja.. Sånn kan det gå :-)

Idag har det vore ufattelig varmt, og etter at me hadde vore nede på Sørlandssenteret ein tur på ettermiddagen, skjønte me kvifor det er markiser her. Me kom jo heim til DEN steikeovnen!

tirsdag, mai 11, 2010

Ti dagars oppsummering.

Det blir meir og meir travelt om dagane, og overtaking nærmar seg time for time.
I kveld fekk eg bilete frå den tidlegare eigaren, for Vetle og eg har ikkje sett huset utan snø rundt. Spennande!!


Mondag i forrige veke hadde me besøk av Cora og Gerd Marit og Embla og Gunn. Dei har begge deltatt på kvalpekurs som eg har hatt, og det var utruleg kjekt å sjå kor flinke dei har vore med hundane sine! :-)

Emil og Embla

Emil, Embla og Cora
Me gjekk ein liten runde nedom skogen saman, og så kom Vetle og henta Emil slik at me kunne gå utom fyret og rundt langs sjøen heim igjen. Ein særdeles vindfull tur, men utruleg koseleg! Og SÅ kjekt for Emil å omgås vettuge og sosialt kloke hundar! :-)
Tysdagen blei Vetle sein heim frå jobb, så då blei det jo litt vanskeleg for meg å pakke når eg skulle passe på begge hundane, og då var det like greit at Emil og eg køyrde til stronda på Sande ;-) Der var me nesten åleine, og Emil storkoste seg i sanddynene.



Denne her sprang att og fram langsmed stronda, og då ho såg at eg hadde teke eit bilete av henne, kom ho bort og spurde om ho kunne få det tilsendt på mail. Emil syns hestar er i overkant svære. Derfor benytta eg sjansen og sa at dersom ho ville ri nokre gonger att og fram og eg fekk trent med Emil, så kunne eg ta litt fleire bilete eg kunne sende til henne.
Her er eit av bileta.

---------------------
Onsdag var det kvalpekurs igjen, og Emil var flink som vanlig. Denne kvelden hadde me kvalpeslepp, trente kontakt, båndtrening, innkalling og ro. Under sleppa buster Emil fra topp til botn, men halen varier fra heilt opp til heilt under magen. Han er veldig tydeleg i språket sitt, og eg merker at eg er usikker på kva eg skal gjera for å få han trygg i dei situasjonane. Nokre gonger tenker eg at eg ikkje vil vera med på sleppa fleire gonger, mens andre gonger tenker eg at det nok er best å vera med likevel. Dei varer jo så kort, at kvalpane ikkje rekk å bli varme i trøya...
Uansett, her kjem eit knippe bilete frå kvelden:
 DSC06329  DSC06340 DSC06341 DSC06343 DSC06344 DSC06345 DSC06348 DSC06349 DSC06350 DSC06351 DSC06355 DSC06359 DSC06399 DSC06412 DSC06439 DSC06478 DSC06547 DSC06555 DSC06579
Emil og eg har kvalitetspause.
--------------------------------
Torsdag blei det ein liten kjapp tur opp i sentrum, og me gjekk litt rundt der oppe. Fredag reiste eg åleine til Bømlo for å halde kurs i rallylydighet. Seks flinke ekvipasjar fekk eg gleda av å bli kjend med der oppe:
 DSC06738
Her blir dei intervjua av lokalavisa. Frå venstre : Journalisten, Atle, Bente, Cathrin, Magni, Vidar og Sona 

DSC06708DSC06640 DSC06696 DSC06672 DSC06649 DSC06675
Medan eg var og blei solbrent på Bømlo, fekk Emil vera med Vetle på Ølbergstronda:
 CIMG4835 CIMG4836 CIMG4841 CIMG4843
---------------------------------
I kveld, mondag, var det duka for mi siste trening i lag med rallygjengen, og det var med særs blanda kjensler eg køyrde med Emil til Oljedirektoratet i går. Eg sat og tenkte på koselege kurskveldar, endå koselegare treningskveldar, mykje latter og løye, littegranne treningsfrustrasjonar, og mest av alt den varme, inkluderande, motiverande, gledesspredande gjengen eg har fått bli kjend med i haust, vinter og vår. Eg var nesten på grininga då eg kom fram til Oljedirektoratet, men det gjekk HELDIGVIS over til folka starta å ankomme treningsplassen. 
Me blei heile ti stykker denne kvelden, og halvparten av kaka eg hadde med forsvant. :-) Koseleg! :-)
Då nesten alle hadde reist, gjekk Ghita i bilen og henta gave til meg. Inni meg kjempa eg hardt for å ikkje grine, og då eg kjende at pakken var mjuk, begynte eg å ane sånn cirka kva som ville vera inni der. Og eg fekk rett:
CIMG4851
Eg fekk ein Stormbergvest med min broderte logo på!! Du er heilt utrulig, Ghita!!! :-)
CIMG4847
Eg tilbrakte resten av kvelden med å kikke på vesten og smile vemodig med tanken på alt me nå skal reise frå... Hmm, eg får klump i halsen bare ved tanken, faktisk..

lørdag, mai 01, 2010

Miljøtreninga vil ingen ende ta...

I dag var me på utstilling og miljøtrente og sosialiserte litt der. Eg hadde vore hjå Krissi og rottisfrøknene hennar frå fredag til lørdag, og då Vetle kom og henta meg i ettermiddag, køyrde me rett til Orrehallen. Med ein gong eg tok Emil ut or bilen, gjekk han og snuste og var opptatt med det. Så såg han ein annan hund, og dermed starta hoppinga. Ganske rimeleg intenst også.


DSC05881

Me fekk kome oss ned til grasbanen, og der sette eg meg på huk, og han kom inn og sette seg ned.
DSC05896 DSC05899

Etterkvart fekk me kome oss bortover mot inngongen, og han kikka oppmerksomt på alle hundane som gjekk forbi oss. Eit par stykker helste han på, deriblant eit par salukiar og to engelske bulldoggar og ein flat.

DSC05905DSC05904

Då me skulle forsøke oss på å gå inn, blei han såpass berørt at  eg ba Vetle bære han ei lita stund. Me fant oss eit stille hjørne (les: ikkje så mange andre hundar), og stilte oss opp der.
  DSC05908  DSC05911 DSC05919

Her fekk han sitja eller stå og følge med på det som skjedde rundtomkring, og han såg ut til å slappe godt av etterkvart.
Mens me stod her, kom Anja og Malin gåande, så då fekk han helst på dei også :-) Flinke Malin som stod heilt i ro med ein nysgjerrig Emil like opp i andletet! :-) Kjekt med hundevante ungar, altså!!!!

DSC05913

DSC05915
Her ligg han, avslappa og interessert, og kikker på hundar og folk som passerer.

Rett før me skulle gå, kom Eivind, mannen til Ghita og helste på. Han stod for anledningen og solgte i stand for Agilityshopen i dag.  

DSC05924

Me handla forresten ein del der i dag, og Emil fekk seg teppe, tennisball med pipelyd i, levergodbitar, ny svart sele, og eg fekk meg ein rosa gris som skal ligge i bilen min. Eg kallar jo bilen min Miss Pøggi (Peugeot Partner), og har rosa interiør pluss dei vakre rosa terningane Olaug laga til meg til bursdagen, så då må eg jo ha ein rosa gris på dashbordet, det seier seg sjølv :-)

Emil fekk prøvesmake tennisballen:

DSC05928

På veg heimover stoppa me ved Orrestranda så han fekk tisse og me fekk sett på havet.

DSC05943 DSC05935

Og så stoppa me ved Ragarvika mellom Orre- og Borestranda , sånn at Vetle fekk tatt litt bilder. Her kom også Emil ut i tilfelle han måtte tisse igjen.

DSC06204

Det var ganske sterk vind i dag, og sjøen gjekk - som me seier der eg er frå - kvit:

DSC06225