onsdag, januar 31, 2007

Langtur

Vel, langtur og langtur... Me gjekk rett ut etter jobb, Ayla og eg, og Vetle fekk beskjed om å ha klart nachos og salat når me kom heim.
Eg trudde det ville ta nesten to timar, men så var Ayla så gullflink til å gå med laust band at me stoppa nesten ikkje anna enn når ho skulle få snuse!

Me gjekk 3,7 km og brukte ein time og 16-17 minutter. Me traff ikkje ein einaste person, sjølv om det var ganske bra vær i dag.

Eg skulle liksom trene på at Ayla skal ta fint, men ho var ganske så avslappa i munnen under heile turen, difor trengte eg ikkje.

Ved sjøen fann ho ein tung stokk som ho sprang med, att og fram, og var så opptatt av den at eg rakk å gøyme meg! Endelig! Ho kom pilande tilbake med ein gong ho ikkje såg meg lenger, og ho gjekk på det tre gonger før ho haldt seg så nære at eg ikkje rakk det fleire gonger.

Store deler av turen i går gjekk ho med laust band, ved sida av meg, og snuste på det ho ville. Det er ikkje så mange dagane sidan eg lurte på korleis eg skulle gjer for å få henne til å gå ved sida av meg... :-)

Retrospektivt...

Eller tilbakeblikk, om du vil...

Ayla er 18 mnd nå. Bare dei siste mnd har ho blitt roligare og samtidig meir krevande. Me får sove til me vakner av oss sjølv i helgene, og det er ein luksus me ikkje har opplevd på ei god stund. Ho har færre og færre utfall, og om det skjer noko som gjer at ho blir skremt, går ho rett tilbake og skal utforske kva det var. F.eks låg ho og koste med meg like ved vedkorga her ein kveld, og då ho skulle reise seg, hadde foten hennar vikla seg inn i korga. Dermed bråkte det VELDIG når ho skulle få den laus, og ho spratt opp fortare enn svint. Likevel gjekk ho rett bort og snuste på vedkorga og halen kom opp igjen med ein gong. Det er jo ein god ting.

Ellers begynner båndtreninga å ta form nå.
Ho er litt ivrig etter godbitane når me klikkertrener, og fingrane mine lever farlig av og til. Det håper eg me kan få luke av henne.
Ho syns små ungar er kjempekjekt, og er forsiktig så sant det er fysisk mulig for henne.
Ho mobber ikkje Joey så mykje lenger, men litt blir det.
Me har begynt såvidt med å trene på å ligge i stolen sjølv om me beveger oss rundtomkring, men det er heilt i startgropa.
Dersom eg strukturerer treninga mi litt, vil framgongen komme ganske så kjapt! Problemet er at tida ikkje strekker til eit så grundig opplegg som eg gjerne skulle hatt.

Kanskje om eg deler opp struktureringa i så små bitar som eg greier, og ta for meg ein og ein? F.eks føre logg over fri ved foten m/kontakt. Eller dekk fra holdt. Eller utgangsstilling og kor beint ho setter seg.
Nei, det blir altfor mange ting på ein gong. Må tenke litt på kva eg skal begynne med... om det blir
Fri ved fot (kor lenge ho kan gå med kontakt)
Vinklar
Holdtar
Fart ved start
Dekk fra holdt
Utgangsstilling
Sitt og bli
Dekk og bli
Stå (kvifor har eg ikkje trent på denne endå?????)

mandag, januar 29, 2007

Fellestrening på Autstrått.

Var der klokka seks, og sidan det var så få i dag, gjekk me saman to og to. Eg blei med Hilde og Buffy.

Det var vanskelig å få kontakt i dag, for på den eine sida hadde dei pipeleker, og på den andre sida ropte dei BRAAAAAA! Ayla var meir interessert i alt anna enn meg, og ho har lov til å ha slike dagar. :-)

Då alle dei andre var dratt, sette eg på langlina og trente litt kjappe neddekkar med ball som belønning. Då var fokuset og konsentrasjonen der, ja!

Ho var elles gullgod, og då me kom heim, fekk ho og Joey herje litt inne. Det var litt for å sjå kor langt Joey fekk gå i å ri på henne, og litt for at dei skulle få kose seg ei stund. Me treng ikkje bekymre oss endå for at han skal få til noko, for ho stod ikkje i ro lenge nok.

Neste mandag skal me ikkje på trening, for då skal me til HD-røntgen med Ayla. Neste mandag etter det igjen, DÅ må me ha litt struktur på treninga, trur eg. Eg må bestemme meg på førehand kva eg skal trene på, kva kriteriene skal vera, og korleis me skal nå målet for kvelden.

F.eks hvis eg skal trene på dekk, så skal ho ikkje ha klikk hvis ho ikkje er heilt nedi bakken med mage, albuar og rumpe. Eller hvis rumpa går først nedi bakken og så legg ho seg. Då får ho heller ikkje.

Dersom eg skal trene på fri ved foten og holdtar, MÅ ho sette seg rett, og ikkje på skrå eller bak eller foran meg.

Eg MÅ sette slike krav til meg sjølv om struktur, ellers blir det bare rot. Og det kan me jo ikkje ha! :-)

søndag, januar 28, 2007

Brukssøndag.

Stod opp klokka ni i dag, og begynte å gjer meg og Ayla klar for ein dag ute i vinterværet.
Det såg ut til å bli ganske fint, men eg tok på meg dobbelt sett superundertøy likevel.

Me var framme ti på tolv, og då var akkurat Lene, Audhild og Jan Ivar komne. Etterkvart kom også Ellen Beate med to jenter, Hilde, og til slutt Veslemøy.

Me begynte dagen med å legge spor. Jepp. Planen var at det skulle ligge ein halvtime, men den halvtimen blei til to og ein halv.

I mellomtida forsøkte me litt rundering og overvær.

Ellen Beate blei lagt ut som skjult figurant, og utstyrt med pølser og formaningar om kva ho skulle gjera om Ayla syns ho var skummel. Mine formaningar blei fullstendig gjort til skamme, for Ayla var over seg av glede av å finne ein pølseperson i skogen! Neste gong sender eg med både godbitar og draleke!

Så trente dei andre på rundering med synlig førar, på Canis-måten, og så var det tid for ein lynrask matbit før me måtte gå sporet.
Eg rota det fullstendig til, og Ayla var ikkje svært konsentrert i sporet. Me hadde nok for det første lagt spora for tett, men eg trur også det var ein tabbe å trene både rundering OG spor same dagen. Det er jo to vidt forskjellige øvelsar, så det skal eg ikkje gjer igjen. Eg skal trene enten rundering ELLER spor. Så kan eg heller ta litt apport-trening mellom øktene eller noko.
I tillegg hadde det regna ein del og vore sterk vind fra me la sporet og til me gjekk det.

Litt oppfrisking i sporlegging ville nok ikkje vore dumt, så me får prøve å legge litt spor framover. I alle fall eit par i veka, eller noko.

Me avslutta like før halv fem, og då var det endå lyst! Deilig!

På eit tidspunkt tok eg forresten Ayla ut av bilen og lot henne gå litt laus i lag med Kari-Kari og ein boxer hann. Ayla var mest interessert i å trykke Kari-Kari (cairn terrier) og tøffe seg på henne. Lurer på om det kan vera eit eller anna "stor hund - liten hund"-syndrom?

Både Ayla og eg var ganske slitne og trøytte etter endt dag, og Vetle hadde fyrt godt i ovnen då me kom heim. Ayla kollapsa under bordet, og eg i hundestolen, i allefall til eg fekk somla meg til å lage middag.

Ein bra dag, med andre ord!

Og i morgon er det fellestrening igjen!

torsdag, januar 25, 2007

Stemningsbilder fra Vistnes.



















Nydelig tur, men med et lite skår i gleden.

Kom heim fra jobb og heiv på meg vinterklær og tok med meg Ayla ut på tur.
Ho storkoste seg, og var kjempesnill!

Då me var komne nesten til Vistnestunet, kom ei dame på stien ned mot sjøen. Eg kikka på henne, og tok Ayla med meg ut på sida. Ho kikka tilbake på Ayla og så byrja Ayla å bjeffe etter at ho hadde gått forbi. Eit eller to bjeff, men likevel.. :-(

Ved Vistnestunet hadde det kommt ein skokk med jenter som skulle vera med å ri. Elna kom bort i dag også, men då hoppa ikkje Ayla opp. Bra, Ayla! :-)

Bortsett fra bjeffinga på dama i dag, så kom det ikkje ein lyd frå Ayla.

onsdag, januar 24, 2007

Deilig tur i snøen!


Eg og Ayla gjekk tur rett etter jobb i dag. Det har kommt snø her, og ho syns det er sååå kjekt!

Me tok ein middels lang rundtur i dag, og eg hadde ikkje sele på i det heile tatt. Då me var på Sand i forbindelse med mor sin begravelse, hadde eg med meg Swejsan på ein tur, og Olaug har vore kjempeflink på bandtrening. Eg bestemte meg derfor for å innføre nulltoleranse på trekking i bandet, og det har gitt resultater. Eg går berre med halsband på henne nå, og går ikkje ein cm framover dersom ho ikkje går med slakt band.

Kan hende eg må bli endå strengare og forlange at ho skal gå ved sida mi, for ho har ein tendens til å gå veldig langt framme.

Korleis kan eg få til å trene slik at ho går i laust band, snuser og koser seg, men ikkje går altfor langt framme? Og at OM noko spanande skjer, så spring ho ikkje til endes av bandet og nesten dreg meg overende?

Vel, turen inneholdt ikkje veldig mange stans pga trekking i bandet, og eg er fornøyd med meg sjølv at eg klarer å vera så konsekvent.

Då me kom ned til sjøen, slapp eg henne laus, og ho sprang att og fram og forbi og kom til meg for godbit og så sprang ho vekk igjen. Ho merka i alle fall ingenting til den kalde vinden som klaup meg i kinna.

Ved Vistnestunet stoppa me opp for å sjå på jentene som reid på hestar. Ho begynte å tilby dekk og sitt og allslags då eg stod i ro. Teite meg ga henne godbit... Det var jo det eg IKKJE skulle gjera!!!!!!!!!!!!!

Elna kom bort og måtte helse litt, og det var jo stoooor stas. :-) Igjen, teite meg, lot Ayla hoppe opp på gjerdet Elna stod bak sånn at Ayla fekk full uttelling for å hoppe opp... Eg MÅ begynne å følge litt med, altså! Dette går ikkje!

Me var ute halvannan time, og då me kom inn dørene heime, hadde Vetle fyrt i ovnen og laga kyllingnachos. Mmmm...

Resten av kvelden sov Ayla, og me nøyt det i fulle drag! :-)


___________________________________________


Ellers ser det ut til at Ayla holder på å få løpetid. Eg syns jo det er i tidligaste laget, sidan ho starta blødningar 14. september sist. Kjekt med blogg, så eg kan slå opp eit stikkord og finne f.eks siste løpetid. :-)

___________________________________________


Det ser også ut til at Joey sin forkjølelse er på vei til å forsvinne, og Ayla nyser ikkje så mykje lenger. Ikkje dei innovernysa heller. Om halvannan veke skal ho røntgas for HD. Me krysser fingrane...

___________________________________________

Og så skal eg snart sende søknad til Fjellanger... Hundeeierskolen med forhåpentligvis instruktørutdannelse etterpå.
Eg har venner i Bergen som tilfeldigvis bur berre 4 km frå lokalene, og der er eg blitt lova ledig gjestesofa til meg og Ayla! :-) Juhu!!
Skal sjå det blir instruktør av meg!

tirsdag, januar 23, 2007

Om å oppnå gleder og unngå ubehag.

Ja, det er slik me trener hundane våre. Mange av oss, i alle fall.

Kvifor er det så vanskeleg å overføre det til eins eige liv?

Hjernen vår fungerer på same måten som hundane; at me ønsker umiddelbart behag, og ikkje noko som blir lova oss langt fram i tid. Min fungerer i alle fall slik.

For å greie å f.eks gå ned i vekt, kan ikkje "gulrota" ligge og vente om eit år. Eg må få noko for strevet no med ein gong, ellers har det ikkje noko for seg.
Då målet er vektnedgong, kan eg jo ikkje belønne meg med sjokolade eller andre godbitar. Det vil berre virke mot si hensikt.

Ros er ikkje nok.

Ubehaget når ein ikkje er flink er ikkje ubehagelig nok. Ein blir van til angeren, dei 200 ekstra gramma på vekta (for dei som er like teite som meg som har vekt som viser gram), skuldkjensla, kjeften ein gir seg sjølv.

Dette burde jo gjer meg ein betre hundetrenar, når eg får merke på kroppen kor viktig det er med rett belønning til rett tid.

Fråvær av ubehaget er heller ikkje motivator nok.

Må kriteriene ned?

Må frekvensen opp?

Må belønnina bli betre?

Timinga skjønar eg ikkje koss eg skal endre på. :-)

Hmm... må tenke litt på denne her...

Ny mandagstrening. Det er ikkje alltid hjernen fungerer i stressa situasjonar.

Oi, det er ei heil veke sidan sist eg oppdaterte.. Det er for dårlig...

Me har ikkje trent så mykje sidan sist, for det blei travelt med førebuingar til begravelsen på sørlandet og reise og styr og kav.
I Grimstad møtte Ayla for første gong bror til Vetle, og det gjekk i grunnen heilt fint. Ingen bjeffing eller busting eller sånne ting, og sjølv ikkje då naboen under brått kom inn døra då me var på veg ut kom det lyd frå henne.

Då me kom heim att, viste det seg at Joey er forkjølt og renner frå nasen. Han ville berre sove, og kun ete eitt måltid om dagen.
Ayla nøys i eitt, og hadde ein del innovernys. Eg frykta enten nasemidd, influensa, kennelhoste eller vanlig forkjølelse. Har ikkje vore til veterinær med det endå, og nå ser dei ut til å vera på god veg til å bli heilt friske igjen.

Sidan fredag har me pga sjukdom holdt oss i ro, så då Ayla fekk vera med på trening i går, var ho kjempegira! Stålblikk og kanonkontakt, kjappe rørsler då eg trente dekk frå holdt og dekk under marsj!

Dei andre på gruppa fekk det også godt til, til tross for snøvær og ganske så kaldt!

Då me skulle gå, lot eg Ayla komme ut og leike i snøen. Eg var heilt sikker på at eg hadde sett at Veslemøy lukka Buddy inn i bilen, og lot Ayla springe bort i skråningen med bandet hengande etter seg.
Det eg ikkje hadde sett, var at Isak (c?) hadde kommt ut, og han kom jo springande bort for å helse.

Ayla blei nok litt forelska, og saman sprang dei bort på stien som går forbi skulen der me var. Der kom der ei dame med ein mellomschnauzer, og då eg skulle bort for å hente Ayla, kjefta ho på schnauzeren. #¤¤&##¤#¤&% altså!!! Det høyres så mykje verre ut enn det er, men eg trur eg skal trene veldig mykje på å passere og forholde seg til andre hundar i band. Noko må eg gjera med den bøllinga, i alle fall.

Og så til beviset for at hjernen min ikkje fungerer i stressa og nye situasjonar.
Eg hadde tatt Ayla i band då Isak kom bort og hoppa opp på henne for å ri. Panikken greip meg, og eg drog i bandet for å dra Ayla vekk frå han. Lurt? Kjempe... NOT! Eg drog fleire gonger, så opplevinga blei betraktelig verre enn nødvendig for henne. Ho vart ikkje tydeleg skremt av Isak av den grunn, og seinare då eg skulle ha henne i band igjen, viste ho heller ikkje teikn til at ho hadde fått varige men av det. Ho gjekk like fint og oppmerksomt som før.

Men, at det går an å vera så idiot i hovudet!! Eg fatter det ikkje!

Eg skriv det på kontoen for tilgivelige tabbar, og håper at ho ikkje har mista tilliten til meg.

tirsdag, januar 16, 2007

Endeleg i gong igjen!

I går starta fellestrening med andre som har gått på Fokus Hundeskole. Me var 16 stk der i går, og fleire hadde to hundar med seg.
Ayla var i fantehumør då me drog heimefrå, så eg var veldig spent på koss dette skulle gå.

Eg reiste heimefrå klokka fem, for eg måtte innom Kvadrat og kjøpe takkekort for far. Og klokka seks gjekk eg ut av bilen ved Austrått barneskule. Dei andre hadde tatt hundane ut, og der var bjeffing og knuffing og ganske høgt volum.

Sjølv tok eg ikkje Ayla ut før eg hadde helst på dei eg kjente att, og ho var veldig interessert i alt som føregjekk rundt henne. Trur nok eg gjer lurt i å ikkje la henne helse på alt og alle når me skal trene, og heller vera konsekvent med at helsing ikkje skal forekomme med mindre det er for treninga si skuld.

Me var tre på gruppa, men ho eine hadde ikkje hund med seg. Ho andre hadde Cindy som me også var på gjensynskurs med.

Då eg hadde ute Ayla, lot eg henne gå rett bort til dei to andre og der fekk ho pølsebitar. Ho viste ingen teikn til å reagere, men dei var også veldig flinke til å berre stå heilt i ro. Så trakk me oss litt vekk og eg byrja å klikke for kontakt. Det gjekk ikkje lenge før ho sat i utgangsstilling og kikka på meg. Eg ba dei andre gå litt att og fram utan å sjå på henne, og avslutta mens ho framleis var gira og flink.

MÅ hugse å ikkje setja henne i bilen med ein gong, heller la henne prate litt med dei andre på gruppa først, og så i bilen.

Andre gongen eg hadde henne ute fortsette eg på det same, men denne gongen gjekk også me litt att og fram. Me tok også nokre holdtar. Me gjekk mellom dei to andre, og Ayla hadde stålblikk når me gjekk mellom dei. Ho hadde ein litt skeiv sitt, og når eg ikkje klikka for den, sette ho seg beint og var konsentrert og fin heile tida.
Venstrevendingane gjekk også gullgodt!

Tredje gongen tok me litt desensitivering med framoverbøyde kroppar. Ho ville heller slikka i ansiktet enn å ta godbitane, og eg vil vel tru at det er ein god ting :-)

Heilt til slutt trente me på litt tulleting mens ein eller annan hund bjeffa veldig. Ho konsentrerte seg fint då også, og var veldig med heile tida.

Hundeprat tar lang tid, og eg var heime rett over ti. Sliten, iskald og raud i kinna.


Neste gong trur eg at eg vil trene på:
Adferd: Ta på kroppen, bøye over, folk kjem mot oss
Utgangsstilling - å komme inn i utgangsstilling korrekt.
Kontakt med diverse forstyrrelsar - folk prater til henne, hopper og danser rundt oss (kanskje vente til me blir litt bedre kjent med dei andre før dei tør å gjer sånt ;-)
Sitt og bli
Ligg og bli (får sjå an været)
"Tulleting" (target på foten min, snurring, bukke o.s.v.)

lørdag, januar 13, 2007

Ei tøff tid...

Det har vore ei tøff tid, denne vinteren. Først døydde mormor til Vetle i november. Så blei mor veldig sjuk før ho døydde kvelden før nyttårsaften. I dag fekk me telefon om at bestefar til Vetle også var død, så då blir det endå ei gravferd i neste veke. Eg kjenner eg er nummen etter alt, og treng å få summe meg litt.

Det har ikkje blitt så mykje saksofonspeling, heller, og syttenvekerskurset byrjar tidleg i februar. Eg har liksom ikkje så mykje ekstra energi når eg kjem heim etter jobb og hundane har fått turen sin. Det blir mest å trene på grep, og spele etter Hans Theessink eller Van Morrison. Lite konstruktiv øving...

Ellers har det også blitt lite trening med Ayla. Ho får turane sine, og me øver på laust band. Det blir lite trening på andre ting, og samvittigheten gnager heile tida. Ho har det aldeles ikkje vondt, men eg kjenner på det likevel.

Ho har blitt bittelitt mindre intens på Legolas (katten), og det er jo ein god ting.

På mondag byrjar trening med Fokus Hundeskule sine tidlegare deltakerar, og det gler eg meg til! Det skal bli godt å koma i gong igjen, og få trena fast ein gong i veka. Dei har også starta brukshundtreningsgruppe ein gong i mnd. Det blir også kjekt! Det var snakk om eit oppfølgingskurs av brukshundkurset, og det MÅ eg også få med meg. Har allereie meldt meg på, uavhengig når det blir.

Femte februar skal me til HD røntgen, og eg fryktar at det kanskje kan bli kjipt resultat derifrå. I alle fall på venstre hofta. Me får håpe på det beste, og om mirakelet skulle skje at ho er fri, så er det jo ingenting som er betre!

Kva meir skulle eg skrive?

Hugsar ikkje.


JO! Eg har ikkje fått sett på filmane frå klikkertrenarhelgene, heller. Dataen er rar for tida, og eg tør ikkje å setje i gong noko før den er i orden igjen.


Då var det ikkje meir...

tirsdag, januar 02, 2007

Det blir ingen oppdateringar her på ei stund.

I tilfelle nokon skulle lure på kvifor eg ikkje oppdaterer bloggen min på ei stund framover nå, så er det fordi mor er død.

Ho sovna fredfullt inn seint på kvelden den 30. desember, og far og eg var der i lag med henne.

Ho blei 57 år.