onsdag, mars 30, 2011

Stavangerhelg, dommarelev, halting, og litt til.

Det er vel berre å setja i gong å skrive, for me har hatt litt av ei helg!

SAM_0336b
Turen oppover var unnagjort på 3 timar og 20 minutter uten stopp. Til Ålgård, altså. Måtte jo innom og sei hei, sjølv om eg ikkje kunne overnatte der denne gong (Høgløpsk Tanja og hormonell pubertetsEmil er ein dårleg kombinasjon, trur eg). Og med heimebakt snadder godt varma på vifta i bilen, kjendes turen faktisk kortare ;-)
Me tok oss forresten ein kjapp tur i nabolaget med Emil og Thassie, og det gjekk fint, det. Ingen Operatendenser på den turen.

Emil og trapper
Heilt sidan Emil var liten, har han ikkje likt alle typer trapper. Dersom han kan sjå gjennom dei på ein eller annan måte, og dei i tillegg er glatte, nekter han å gå i dei. Her heime går han trappene greit nå, men det er teppe i trinna, så han sklir ikkje. Då snøen gjekk på verandaen, ville han ikkje gå utpå der han kunne sjå ned til bakken ved inngangsdøra. Nå går det litt betre. Difor var eg særs spent på om han ville klare å gå opp trappene til Carita. Det er nordsjøtrapper i stål, og halve "bakveggen" av trappa er åpen. Første gongen gjekk han opp og ned greit, men blei forferdelig stressa av det, og hoppa og hylte og beit i bandet etterpå. Det gjekk seg til i løpet av kvelden, og på lørdagen sprang han opp og ned som han aldri hadde gjort anna. Ellers måtte me jo bært han opp og ned eit visst antal gonger til dagen, og det hadde ikkje han blitt med på frivillig etterkvart, det er sikkert.

Fredagen, då me kom, tok me oss ein tur på ei strond eg ikkje hugsar navnet på, men her leika og sprang og koste dei seg godt, desse to:
SAM_0340b
Emil syns det var dårlig gjort av meg å legge ut akkurat dette biletet, men det var det einaste eg fekk tatt med begge hundane på. Oliver kontrollerer at det som kjem ut er av bra kvalitet.
SAM_0339b
Det var visst ikkje lov å ri på denne stronda, men det var båndtvang også, så me blei enige i taushet, ryttarane og me, at alt skulle bli mellom oss.

Emil måtte ut i sjøen ein tur, for det kunne jo hende at det var varmt og godt.. Men heldigvis var det ein ferskvannspytt lenger oppe som han også måtte uti og springe i, så då fekk han vaska av seg saltvatnet. Veldig praktisk med ein så klok hund, altså. På kvelden kom Olaug og Renate, og me hadde ein fantastisk koseleg kveld med fantastisk mat og gode samtalar om det meste. Balsam for sjela, trur eg slikt heiter :-)

Lørdagstrening med gjengen

Lørdag var det tid for trening med gjengen, og me reiste avgårde rett over ti. Dei som hadde sagt dei ville bli med og trene i dag, var: Monica og Gibson, Carita og Oliver, Renate og Tinka, Olaug og Thassie, Gunn og Embla, og sjølvsagt eg og Emil.

Det var litt ymse folk hadde ønske om å trene på, og det blei blant anna innkallingstrening, rallybanetrening, skumle-folk-som-nærmer-seg trening, nærme-seg-skumle-folk trening, konsentrasjon-mens-andre-hundar-hopper-hinder trening, pirking på diverse momenter i rallyøvelsane, og for min del hadde eg ikkje planlagt så veldig nøye, og dermed blei det ikkje særlig konstruktiv trening heller. Eg fekk somla meg til å gå ein bane og to, men ellers ikkje så veldig mykje. Brukte han som demonstrasjonshund i innkallingstreninga...
SAM_0344b
Olaug og Embla i innkallingstrening

SAM_0348b
Monica og Carita og meg
SAM_0350b


SAM_0366b
Det SER i allefall bra ut her :-D
SAM_0365b
Dekk, bli, Gå rundt

SAM_0359b
Carita og Oliver i kjent stil
 
SAM_0343b
Same med Gunn og Embla


SAM_0356b
Olaug og Thassie trener på at det skal komme "skumle" framande bort til dei og at Thassie skal syns at det er greit.

Vel heime på lørdagen, var det to slitne karar som måtte passast på littegranne meir enn på fredagen. Både Oliver og Emil hadde fått for lite ro og svevn denne dagen, men søndagen var alt rosenrødt mellom dei igjen.

Då tok Emil og eg oss ein tur til Ålgård for å helse på, og på veg derifrå, stansa me på Bråstein for å få ut litt damp. Det stod ikkje så skrekkelig mange bilar der denne dagen, men totalt traff me vel på mellom 20 til 25 hundar på den korte turen vår. Her er nokre av dei:
SAM_0475

Det neste klippet får eg ikkje redigert, så her må ein vente litt uti filmen før hundemøtet kjem.


 På veg til bilen hende det noko eg blei nesten litt rørt av.
Emil hadde festa oppmerksomheten på ein setter som kom gåande mot oss, og ensa ikkje den svære, lodne schæferen som kom bak han. Schæferen snuste litt i bakken med blikket festa mot Emil, og gjekk i bue det beste den kunne. Men ingen reaksjon frå Emil som jo ikkje såg han.
Då avstanden mellom dei var korta ned til tre-fire meter utan at Emil hadde oppdaga den andre, tenkte eg at "Når Emil oppdager den andre, smeller det!"
Men då snudde jammen schæferen! Eg blei så perpleks av denne  høfligheten, og IMPONERT!! Måtte jo fortelje eigaren av schæferen kor flink hund ho hadde, og ho blei tydeleg stolt :-)
Då Emil endeleg såg schæferen, blei møtet roleg og fredeleg, og katastrofen var dermed unngått.

Etter Bråstein køyrde eg direkte til Sola for å treffe Gerd Marit og Cora og Gunn og Embla for meir trening. Gerd Marit skulle delta på konkurransen dagen etterpå, og hadde ikkje anledning til å bli med på treninga på lørdagen, så difor trente me litt på søndagen i stadenfor. Me var litt meir uheldig med være denne kvelden, men både Cora og Embla jobba godt likevel.
Rett før me skulle avslutte, tok eg Emil ut or bilen for at dei skulle få helse på han, og då såg eg det: Han halta. Først trudde eg det var på bakfoten, men det var dessverre venstre framfoten igjen. Same foten som han halta på i nesten to mnd i fjor haust etter denne turen.
Det kom nokre gloser eg ikkje skal gjenta her, for eg visste at eg måtte avlyse turen med Renate på mandagen.

Mandag og dommarelev
Mandagen kom, og nervene med den. Kvifor eg brått fekk så nerver, det veit eg ikkje, for eg gleda meg verkeleg til å kome i gong med dommargjerninga mi. Likevel gjekk eg med sommarfuglar i magen heile dagen!

Då kvelden kom, var eg framme ved Sola VGS halv sju. Ghita var allereie på plass, og hadde byrja å setja opp banen. Ho lot meg teikna banane, og sjølv om eg har teikna mange banar, er jo dette første gongen eg har teikna konkurransebanar.
Dei måtte ha litt justeringar, men så var det klart for briefing for klasse 1. Åtte deltakarar, dei fleste debuterte i Klasse 1 denne kvelden, og berre tre diska! For meg var det greit å sjå at det ikkje var pga at banen var vanskelig at ekvipasjane diska. Og det dei diska på, diska dei på fordi dei var nervøse og spente og då er det mykje som ikkje blir like enkelt som på trening. Alt er erfaring, og dei "feila" ein gjer på konkurranse, er det lite sannsynleg å gjenta ein annan gong. Tru meg! :-) 

Eg og Ghita blei enige om at me skulle samanlikne resultater etter kvar ekvipasje, for ellers ville eg aldri ha hugsa korleis ekvipasjen hadde gått.  Dette syns eg var særdeles nyttig, og resultatene varierte ein del. Eg diska fleire enn Ghita, men det var Ghita sine resultater som telde denne kvelden, heldigvis :-) Eg gjekk heilhjerta inn i rolla som dommar, men må innrømme at eg nok haldt litt pusten då dei eg kjenner best skulle starte :-) Ein er då menneske også ;-)

Eg trur kan hende fleire av dei som deltok på konkurransen med fordel kan trene meir på forstyrrelsar, og det er det jo god tid til å gjera nå når det er over to mnd til neste stevne.
Eg gløymde fleire ting, som f.eks å fortelje kor lang tid dei hadde på banen, minne ei av klasse to deltakarane om å ta av halsbandet, stoppe klokka då ekvipasjen gjekk over mål (ei av dei som diska, men likevel).
Det var ekstra kjekt at det var så mange tilskurarar denne kvelden, for det betyr jo at interessen for Rally auker! :-D

SAM_0393b 
Eg og Ghita konfererer etter ein ekvipasje


SAM_0470 
I full sving som dommarelev, og eg er på veg til å plassere meg slik i banen at eg får med meg mest mogleg.


SAM_0473 
Gerd Marit og Cora i banen

SAM_0471
Carita og Oliver i banen


SAM_0465
På kvelden, då eg fortelde Emil at me skulle heim dagen etter, var dette reaksjonen hans :-)

Haltinga til Emil var nesten heilt vekke på mandagen, men på tirsdagen då me stoppa på Moi for tissepause, var den der igjen. Nå har eg endeleg fått somla meg til å norskifisere han, så nå kan eg snart røntge og få svar på om han er frisk i alle ledd eller ikkje. Det skal bli greit å vite, sjølv om pessimisten i meg seier at det er noko der...

Som eit apropos, så var stresset hans generelt høgt denne helga. Kvar gong me skulle ut og lufte oss, busta og småbjeffa han. Og eg blei såpass mismodig at eg sende mail til Siv om at eg ikkje trudde me hadde så mykje på Elitesatsinga å gjera, så om dei hadde nokon som hadde lyst på plasse min, så kunne heller DEI få sjansen til å gå på det kurset. Det ville ikkje Siv høyre noko av, ho meinte det berre var sunt for dei andre hundane om Emil var der, og ho tilbaud også å hjelpe meg med det me slit med. Kurset byrjar om to og ei halv veke, og... vel... Eg gledar meg til innhaldet og å sjå Ember i levande live, men utover det har eg ingen forventningar.

torsdag, mars 24, 2011

Nytt prosjekt på gong; Prosjekt Operasongar. Hjelp!

   Prosjekt Avlevering er ikkje ferdig, men det er heller ikkje langt igjen til mål. Nå har derimot eit nytt prosjekt dukka opp, og eg ser det er fleire som jobber med det same rundtomkring. Det går i lyd, nemlig.

SAM_0331I dag skulle eg levere bilen min for ein liten reparasjon før EU godkjenning, og verkstaden me har funne, ligg slik at det er flotte vegar å gå tur på. Difor tok eg med meg Emil og tenkte han ville ha godt av å få gå ein times tid på ukjente vegar til bilen var ferdig og me kunne køyre heim att.

Då eg opna burdøra, sat han fint, og eg tenkte at "Dette går jo så det suser!". Då han hoppa ut or bilen, derimot, var han heilt hinsides! Han ulte nesten, og stresset hans var til å ta og føle på! Det var berre såvidt han ville ha godbit, og hadde ikkje begrep om kva det innebar å gi meg laust band. Han klynkebjeffeulte dei første fem til ti minutta av turen, og så roa han seg litt. Etter ca ein km fekk han springe laus eit godt stykke, og det gjorde han verkeleg! Han sprang og sprang til og frå meg, oppi grøftekanten og ned igjen, og langsmed kanten og snuste og blei gravskiten frå skuldrene og ned.

SAM_0330Turen varte i godt over ein time, og då me kom attende til verkstaden var ikkje bilen min heilt ferdig, men kona til mekanikaren hadde vore og  sett til hesten sin, så då stod eg og prata med henne i mens. Etter eit par minutter starta Emil å ULE slik han gjer dersom han blir satt igjen inne medan me er ute. Då eg ignorerte det, starta hoppinga. Nevnte eg kor skitten han var?

Så, mykje lyd, endå meir enn før, noko eg er litt fortvila over. Det eg gjer med han, er tydeligvis feil, sidan det berre blir verre og verre.

Dette med å lage lyd når han kjem frå bilen har han gjort to gonger før, men då har det berre vore i maks fem til ti sekunder før han roa seg. Dette har blitt verre på berre tre gonger, så noko MÅ gjerast, men kva????  

SAM_0334
Innkjørsla er nå nesten heilt fri for snø!! Jippi!!!

søndag, mars 20, 2011

Prosjekt avlevering nærmer seg MÅL!

Først ein liten videosnutt av kva som kan hende ein flink labrador når ei frekk rottweilertispe er i nærleiken av avleveringstrening.

Eg ventar på at han skal gi meg kontakt før han skal få beskjed om å hente ballen, men så hender altså dette:

 

Etter at eg satte Ayla på altanen, skjedde dette:

Meir perfekt kan det vel ikkje bli? Det er faktisk ein BALL, dette her! Og eg hiv den langt, han får sitje og sjå på at den trillar fristande nedover bakken, og ordet han ventar på er "Ta'an".
Legg merke til korleis han tar seg i det når eg seier "Klar".

Ingen seiersrunde!! Juhuuu!!!

lørdag, mars 19, 2011

Kurs i hundemassasje!

SAM_0170I dag har Emil og eg vore på kurs i hundemassasje i regi av Boxerklubben i Kristiansand. Kurset varte i tre timar og kosta 350 kroner. Ingenting, altså. :-)

Det var Maylin Gabrielsen frå Skauen Hundemassasje som holdt kurset.

På førehand fekk me skriv om at det var påmeldt åtte hundar, og at me skulle halde til på Sørlandets Dyreklinikk sitt møterom. Der har eg vore før, då me var til Gry Løberg for konsultasjon. Difor visste eg kor stort (eller lite) rommet var, og grua meg veldig til korleis Emil ville takle sju andre hundar så tett på.

Rett før me skulle starte, spurte eg om det var mogleg å ta inn Emil frå starten av, sånn at han fekk tid til å akklimatisere seg før dei andre skulle hente sine hundar inn, og det fekk eg takk og pris lov til! Han busta og boffa allereie på veg inn, UTAN å sjå ein einaste annan hund, så eg kjende at hjarta sank litt i brystet på meg, må eg innrømme.

Eg hadde satt opp  buret på førehand, og han gjekk inn og roa seg kjempefint der medan me hadde den innleiande teorien.
Då dei andre henta inn sine hundar, sat altså Emil i buret og følgde med. Til tross for mykje lyd, fekk han godbit på godbit på godbit, og til slutt hadde alle funne seg ein plass.
Det var to bulldoggar, tre labradorar inkludert Emil, ein Berner Sennen, ein dvergpuddel, og ein blandingshund. Og så ein boxer som demohund. Det var dermed ganske fullt opp med hundar i det vesle rommet.
SAM_0167 
Me sette opp eit bord for å stenge nokre av hundane ute av syne for Emil. Det blei for mykje for han å sjå alle dei andre på ein gong.

SAM_0181
Massasje var deilig, syns Emil, og kvilte haka på kneet mitt før han nesten sovna.

SAM_0182
Det var litt trangt med så mange hundar på ein gong. 

I starten belønna eg han ganske så ofte bare for at han såg på dei andre hundane utan å lage lyd, etterkvart trappa eg ned på belønninga då eg såg at han blei meir og meir avslappa og ikkje brydde seg så fælt. Ved eit par anledningar var eigarane til eit par av hundane litt away og fekk ikkje med seg at hundane rusla bort til oss, og dermed var balubaen i gong.
Slik var me plasserte:


Av ein eller annan årsak har lyden forsvunne på opptaka eg gjorde i dag...



Î pausen gjekk eg ut med han for å lufte han, og han var knallhøg umiddelbart! Bjeffa og nauta seg frå han kom ut og til han hadde helst på eit par av dei andre hundane. Han likte faktisk best dvergpuddelen, sjølv om det var ein hannhund :-)

Opplegget på kurset var veldig bra, og eg syns eg fekk mykje for pengene! Me lærte nokre teknikkar og rekkefølger på muskelgrupper, og korleis ein kan tøye ut hunden etter ein massasje eller etter mosjon. Ein skal ikkje tøye kalde musklar, nemlig.
Vidare er det smart å gå til hundemassør FØR hunden får plager, for også her gjeld regelen om at forebygging er langt meir effektiv enn reparasjon.

Massasje kan lindre mange ulike plager, og det kan også hjelpe mot stress, og som nevnt; forebygge skader.

Når det gjeld Mister Brumlebasse, så dukka han opp til stadighet i dag. Ein av bulldoggane laga VELDIG mykje lyd, mens ein av dei andre hundane bjeffa med jevne mellomrom. Ingenting av dette reagerte han på. Berre om dei kom for nære. Eg er likeveld særs fornøyd, for eg hadde frykta at eg ikkje kunne ha han der inne i det heile! At det kom til å bli nødvendig å setja han i bilen og berre kunne vera der inne utan hund fordi han berre stod og brølte. Men det gjorde han altså ikkje. Fleire gonger tok eg av både sele og halsband så han låg framføre meg utan noko på seg. Dei gongene han reagerte, var det stort sett murring og og brumling, men utan å gjere noko forsøk på å komme bort til den andre hunden.
Instruktøren kunne komme bort og vise meg PÅ HAN korleis eg skulle gjera, og han syns det var heilt greit. Første gong ho kom bort, murra han, men eg er ikkje sikker på om det var på henne eller hunden bak henne. Han har jo aldri murra på noko menneske før, så eg blei litt overraska, for å seie det mildt. Dei neste gongene ho kom bort var det jo ingen lyd..

Måten han var på ute i dag, fekk meg verkeleg til å grue meg til Elitesatsing i Arendal som startar om ein mnd... Så DET var litt kjipt.

torsdag, mars 17, 2011

Video av effektiv førebuing for resirkulering, og Calcinosis Cutis.

Ja, å resirkulere er viktig, og når det gjeld yoghurtbeger må dei skyljas før dei går oppi plastsøppelet. Men vatn er jo kostbart og dyrebart og sånt (eigentleg ikkje for oss, sidan me har eiga brønn, men likevel), så korleis får ein begeret reint då? Tørke ut av det? Med papir? Med kjøkkenhandkle? Ikkje særleg miljømessig nokon av dei.

Men om ein har ein eller fleire hundar går det ikkje an å bli meir miljøvennlig enn dette:

 

Og så ein liten videosnutt av korleis Ayla ser ut på ein god dag. I dag er ein god og tørr dag for Ayla, nemlig.

I går, etter shamponering, såg det slik ut:

SAM_0040 SAM_0032
Ayla med hovudet i fanget mitt så eg får plukke blaute skorper med pinsett.
SAM_0032

mandag, mars 14, 2011

Bloggen min er 5 år i dag!

I dag har eg blogga i fem år. Og når eg tenkjer tilbake på dei fem åra, har det vore oppturar som har tatt pusten frå meg, og nedturar som har tatt motet frå meg. Veldig mykje har skjedd på det private plan som eg sjeldan skriv noko om i bloggen, og eg har også utvikla meg veldig som hundeperson.

Her er mitt aller første blogginnlegg

Eg har vore dønn ærlig i alt eg har publisert, sjølv om eg ikkje har publisert alt som har hendt. Eg har skrive frå hjarta og sjela, og fått mange og gode tankar tilbake gjennom folk som har kommentert innlegga mine. Alle kommentarer set eg uendelig pris på, og forsøker å kommentere tilbake i andre sine bloggar når eg føler eg har noko å bidra med.

Bloggen er først og fremst for min eigen del, som ei slags dagbok, noko eg kan sjå attende på og minnast. Dersom andre kan ha nytte av erfaringar eg gjer meg, og bloggar om, så er det ein stor bonus. Sjølv set eg stor pris på alt eg kan ta til meg av lærdom frå andre sine bloggar, og sjølv om ein ikkje tykkjer sjølv at ein har den mest interessante bloggen, så kan det faktisk hende at nokon der ute likar den likevel. 

Av og til, når eg tar eit tilbakeblikk i bloggen min, og leser eit gammalt innlegg, kan eg oppleve å få kjensla av at eg les noko heilt nytt, noko eg aldri har opplevd fordi eg har fortrengt eller gløymt det. Då tenker eg at bloggen min er utruleg verdifull FOR MEG, og er glad eg har brukt så mykje tid på å forfatte innlegg etter innlegg. 657 innlegg har det blitt.

Her er nokre av mine favorittar:

Dette innlegget er vondt og sårt for meg, men godt likevel.

Eg og Emil la ut på langtur, og eg spekulerte ut nokre turtips eg ville dele med meg.

Tips til korleis ein kan få mest moglet ut av ein kurskveld.

Eit innlegg som kan hjelpe om ein har ein hund som ikkje er like glad i kos som eigaren - spesielt på kurs og treningar.

Eit litt komisk innlegg om kor flink vakthund Ayla eigentleg er.

Dette skreiv eg etter at me tok farvel med Joey 17. juli 2009. Eg saknar han framleis...

Dette innlegget blir eg både vemodig og vanvittig stolt av å lese!

Dette innlegget kan gjelde så mangt.. Og handlar om kommunikasjon.

Vendepunktet for meg og Ayla.

Herleg snutt om då Ayla skjøna poenget med "Fire føter i boksen", som var heimelekse på Hundeeierskolen.

Fantastisk tur med Olaug og jentene og Joey!

Filosofisk innlegg om livet generelt, men også om hundetrening.

Sjølvsagt har eg fleire innlegg eg likar godt, men eg kan jo ikkje ramse opp alle saman her :-) Eg kjenner eg faktisk er stolt over å ha blogga på same staden i fem år. I skrivande stund har eg hatt 33 667 sidevisningar i løpet av fem år. Det er eit snitt på 18 om dagen, og eg syns ikkje det er reint lite, eg. Det er mange som leser bloggen og som aldri kommenterer, og det har vore folk frå heile verda innom berre sidan juli i fjor:

Dei grøne landa har det vore besøk frå. Jo mørkare, desto fleire besøkande.
ScreenHunter_01 Mar. 13 23.14

 

Eg har ikkje berre blogga om når det går godt, for det fins så mange godværsbloggar rundt om på nett. Det er tross alt flest kvardagar her i livet, og det er dei som ER livet. Då eg gjekk på gymnaset, hadde eg ei fantastisk lærerinne eg alltid hadde beundra. Ho var (og er framleis) vakker og strålande og hadde ein fantastisk energi rundt seg, og var alltid så smilande og blid og utadvendt. Eg hadde det ikkje slik på den tida, eg stod på terskelen til vaksenlivet, og misunte henne sjølvsikkerheten ho alltid hadde. Så var eg så heldig at eg fekk bli betre kjent med henne, og ho kunne då fortelje meg at ho aldeles ikkje alltid kjende seg så sjølvsikker og vellykka. Dette var ei slik skjellsetjande erfaring for meg, at eg sidan då har tenkt attende på dei åra som særs viktige i forhold til kven eg vaks opp til å verta. Fram til då trudde eg at slik folk såg ut til å ha det, det var slik dei hadde det. Sånn er det jo ikkje i det heile, og sidan då har det vore viktig for meg å vise til andre at ikkje alt er like perfekt som det ser ut til.. Alle har sine ting dei ikkje får til, og når ein stort sett viser fram til andre det ein FÅR til, kan biletet bli skeivt.

Ein kan raskt kjenne seg utilstrekkelig når ein går rundt og trur at alle andre får til alt ein sjølv ikkje klarer på ein god dag eingong, og difor er det eg skriv om slikt ein gjerne ikkje nødvendigvis skryter av, som her i dette innlegget om kvifor det går så seint framover for Emil og meg. Dette er nok eit ærleg innlegg, men det kosta ein del å publisere det, det skal eg innrømme. Meeeen, det gjorde godt å publisere det, og eg fekk ei anna ro i sjela etterpå. Sjølvsagt skulle eg helst sett at ting var annleis, men dei er ikkje det, så då får eg gjer det beste eg kan ut i frå korleis det ER.

Men nå babler eg :-) Og det skal eg jo ikkje.

Fem år med blogging, altså, og eg håpar det blir mange fleire! Blogging er kjekt, det er ein fin måte å halde (hunde)vener og familie oppdatert på kva som skjer,  både med ord og film og bilete :-) Og nå har eg fått meg nytt kompaktkamera, så nå kan det bli filmsnuttar igjen :-)

Tusen tusen takk til alle som leser bloggen og som kommenterer!!  Det er like kjekt kvar gong det tikkar inn ein kommentar! :-)

søndag, mars 13, 2011

The flying labrador + oppdatering Calcinosis Cutis.

Først nokre bilete av Emil, the flying Labrador, som forøvrig har vore hjå oss i EITT år i dag, søndag 13. mars :-)

Vetle har laga endå eit hinder til meg: Lengdehopp, og eg måtte berre prøve om Emil ville over. Ayla fekk også vera med ut, og då ho såg hinderet, var ho klar som eit egg til å jobbe. Ho skal jo ikkje hoppe noko meir no, men fekk lov til å stege over dei, sånn for syns skuld :-)

Emil, derimot, han stega ikkje mykje:

DSC01326
Emil er flink til å sitje og vente til han får lov til å hoppe :-)

DSC01323
Emil tar sats

DSC01324 
The flying Labrador :-)

DSC01327
God klaring.

DSC01329
Her er hinderet 1,40 meter langt frå fremste til bakerste pinnen.


DSC01318
Når berre Emil får ballen sin, så er han så nøgd, atte :-)

Så over til Ayla og Calcinosis Cutis.
Litt av årsaka til at eg skriv såpass ofte om dette som eg gjer, er fordi eg har funne så lite om dette på nett elles. Det fins knapt nok noko på norsk, og eg har endå til gode å finne noko om progresjonen i sjukdommen. Eg har funne at det er vanskeleg å behandle, at det er lite medisin som fungerer, og resten av opplysningane er vage, eller vanskelege å forstå.

Eg oppdaga altså i slutten av januar at pelsen til Ayla stod opp på ryggen, og dette er nå sju veker sidan. Dei siste dagane har det kome meir puss og blod frå hol i huda, og eg shamponerer henne nå annankvar dag i stadenfor kvar tredje dag. I morges då eg stod opp, var heile hennar venstre side av nakken full i blod :-(

Dette første biletet ser ille nok ut, men når eg rettar ut foldene, kjem den eigentlege sanninga fram.
DSC01306
DSC01305

Det er nå snart tre veker sidan eg fekk beskjed om at det ville bli verre før det blei betre, og det har ikkje blitt betre endå. Eg undrar meg kor dette skal ende, for eg tenkte for ei veke sidan at eg håpa det ikkje ville bli verre då. Det har det blitt, og eg ser med gru på dei neste vekene dersom dette heller ikkje er dalsøkket me må nedom før me kan klatre oppover igjen.

fredag, mars 11, 2011

Skitur. Og oppdatering av korleis tjernet ser ut.

I dag starta dagen med snøstorm og rusje vær, men etter lunsj skein sola inn vinduet. Ayla har hatt ein rolig dag, så eg tok sjansen på å rusle innover vegen på ski i lag med Emil. Me fekk ein fantastisk tur, og erfaringane stod i kø for både meg og Emil:

* Smørefri ski klabber!
resize_image_340657265

* Smørefri ski som klabber, kan faktisk klabbe sjølv om skia beveger seg framover i nedoverbakke! Tru det eller ei!
* Smørefri ski som klabber er kjekt i oppoverbakkar!
* Smørefri ski som klabber er uansett betre enn å gå på føtene i 80 cm snø når ein ikkje har truger.
* Ta alltid med ei bittelita niste og godt sitteunderlag, for sjølv om turen er meint å vera kort, kan det hende at været er så nydelig at ein har lyst til å setje seg ned i ein lun skråning og nyte naturen i lag med ein herlig Emil.
* Ta med fotoapparat sjølv om turen er meint å vera kort.
DSC01274
DSC01278
DSC01289
resize_image_341700954

For Emil sin del, blei følgande erfaringar gjort:
* Gallopp fører til at ein synker laaangt ned i snøen, mens lett trav ikkje gjer det.
* Snø smaker godt (den erfaringen gjorde forresten eg meg også)
* Bratte heng med snø i er minst dobbelt så tunge å klatre i som bratte heng uten snø.
* Det er ikkje alltid Kari Anne har med seg godbitare på tur, særleg når turen er meint å vera kort.
* Om ein ikkje rakk å gå rundt juletreet då det var i hus, går det fint an å finne eit lite tre ute og gå rundt det:
DSC01285

Så, det var erfaringsrikt for oss begge to :-)

Då me kom heim att, måtte eg bort til bedet og kikke på dei nydelege spirene som hardnakka påstår at våren er i kjømda:
DSC01297

-----------------------------------

Og slik såg tjernet ut i dag:
DSC01248

Snøen har sunket litt, men ingen teikn til åpne råk endå...

onsdag, mars 09, 2011

Katten Smiley

 

Frå før har me katten Legolas som blir åtte år i år, og som kom heim til oss fordi Joey ikkje syns det var kjekt å vera DSC01240åleine etter at Tinka døydde i mars 2003. I løpet av sommaren blei det meir og meir tydeleg at Joey sørga tungt, for han mista lysta til å vera med på tur, gjekk kraftig ned i vekt, ville berre sove, og når me var ute, sat han og kikka bortover vegen som om han venta at Tinka skulle kome fram bak hekken når som helst. I august det året kom Legolas til oss, og Joey blei nærmast født på nytt. Han åt godt, ville leike, bli med på tur, og fekk finare pels også.

Nå er det Legolas som går og har det stusselig etter at me flytta frå Pusi, venninna hans på Vistnes. Han har ingen å leike med her, og bruker mesteparten av dagane sine på å sove. Difor måtte me finne på noko for han.

I forrige veke kom altså Smiley heim til oss via Vennesla Dyreklinikk. Dei annonserte han med å vera kastrert, kosete, reinslig, vant til andre kattar og hundar. Og det siste der var særs avgjerande for meg, for då visste eg at eg ikkje trong bruke tid og energi på å venne han til hundane. Emil og Ayla er nemlig berre sånn måteleg interessert i Legolas, og med Ayla sin tilstand i tankane, hadde eg ikkje energi til å ta den jobben med hundetilvenning.

Då eg var nede og såg på denne nye skjønnheten, var han så absolutt kosete! Han mol så høgt at det vibrerte i hjarta mitt :-) Dermed sa eg til dei at eg kunne ta han heim på prøve. Jepp.. på prøve...

Det viste seg at han ikkje VAR kastrert, men at han skulle bli. Han var heller ikkje vant til hundar lenger, for dei to første dagane låg han vettskremt nede i kjellaren. Eg sov der nede med han dei tre første nettene, og i motsetning til Legolas var denne krabaten AKTIV om natta.

Den tredje dagen tødde han opp og vågde seg opp trappa mens hundane var inne. Dei andre dagane hadde eg sendt hundane ut på altanen slik at katten kunne komme opp og sjå seg rundt. Det var då me bestemte oss for å behalde han og kalle han Smiley.
DSC01172 DSC01187 DSC01188

Han er åtte månadar, ikkje særleg kosete med mindre det er morgon eller han trur han kan tigge til seg boksemat. Han var altså heller ikkje kastrert, men det skal klinikken gjer på si rekning. Likevel, det er me som må ta rekonvalenstida. Han var heller ikkje vant til hundar. Kattar er ikkje vant til hundar når dei ikkje har budd i lag med hundar dei to siste månadane. Og i allefall ikkje ein så ung katt. Han tødde raskt opp til Legolas, men så har jo Smiley budd med fire andre kattar dei siste månadane. Reinsleg er han så absolutt, og har kun gått på do i kassa si. Han har ikkje fått lov til å gå ut endå, men maser ikkje heller om det.

Oppdatering etter veterinærbesøk. Calcinosis Cutis.

Mondag var det tid for nytt veterinærbesøk igjen med Ayla. Eg gleda meg nesten litt, for eg syns det hadde stagnert litt dei siste dagane. Det syns veterinæren også, og me trappa ned bittelitt på antibiotikadosen og fant ut at ho skulle slutte heilt på kortisonen.

Tirsdag datt motet igjen, for då såg ho slik ut i nakken då eg stod opp på morgonen:
DSC01231 DSC01230

Eg syns også at eg merker at ho klør meir no etter at me har trappa ned og nå slutta på kortisonen, så eg må passe på henne heile tida så ho ikkje skal falle for fristelsen å klø seg i nakken med bakbeina. Mot halen er det dessutan kome så langt no at ho når det med munnen, så eg hopper opp kvar gong eg høyrer lydar som kan minne om hund som klør seg. Oftast er det Emil, faktisk, og sjølv om eg sit og SER på at han starter å klø seg, er første tanken min at "Nei, det må han ikkje!". Han får jo sjølvsagt lov, men så innstilt er eg på å avbryte kløing, altså.

Eg må ha med begge hundane overalt kor eg ferdas, og våger ikkje setje Ayla åleine utan oppsyn. På mondag og tysdag MÅTTE eg eit par timar fordi bilane skulle på EU kontroll. Då ga eg Ayla den lilla dingsen som såvidt synes på nederste biletet, og putta makrell i tomat inni.  Den lilla dingsen der har ho forresten hatt i fem år, og den er like heil! Etter FEM år med ivrig bruk av ein ROTTWEILER!! Ingen kongar eller andre leiketøy har haldt så lenge, faktisk!

DSC01210