Viser innlegg med etiketten Innbilt drektighet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Innbilt drektighet. Vis alle innlegg

lørdag, april 11, 2009

Nok ein vellykka tur

Det var så fint vær i går, at eg tenkte me ville få mange treningsmuligheter hvis me tok oss ein tur ut. Det er veldig lett å finne på unnskyldningar for å utsette turen til eg veit der er mindre eller aller helst ingen folk ute og går, men i går gjorde eg altså motsatt.

Vetle og Joey blei med det første stykket, og rett etter at me hadde skilt lag, kom det to jenter gåande og ei tredje på hest. Veien var smal akkurat der, og eg sette Ayla i sitt og bli ved veikanten. Den jenta som gjekk nærmast oss, passerte vel på ein meters avstand, for akkurat i det jentene hadde passert, kom ein joggar på motsatt side av oss. Ayla såg ikkje ut til å merke at det var folk rundt oss i heile tatt.

Neste passering var eit par som kom gåande, dei passerte uten problem på andre sida av veien. Så fekk eg ein glimrande sladresituasjon der det brått (for Ayla) dukka opp fire personar 5-6 meter framforbi oss. Ho registrerte dei, og snudde seg rett rundt og sladra. :-)

Ei lita stund seinare, kom det ein eldre mann med stavar. Han gjekk ujevnt og på ein slik måte som Ayla kunne reagert på. Derfor gjekk me midt på jordet slik at ho såg han lenge og kunne få stadig forsterkning på å takle at han kom nærmare og nærmare. Det gjekk sjølvsagt greit. :-D

Dei neste passeringane kom på rekke og rad: To personar mot oss, tre personar mot oss, to personar mot oss, to personar bak oss, og så til slutt ein person mot oss. Resten av turen fekk må gå åleine, og ho kunne få gå laus litt. 
Det eg går og kjenner litt på for tida, er om roen ho viser på tur nå har noko med overstått falsk drektighet å gjer, og om det kanskje ville vore ei løysing å sterilisere henne. Ho hadde denne roen i fjor haust også, rett etter at løpetida var over, og så kom ein periode med reaksjonar, før det ga seg igjen då den innbilte drektigheten var over.

Men så blir det sagt at tisper kan få auka atferdsproblemer etter sterilisering dersom ho har det frå før, og eg ønsker jo ikkje at det skal bli verre, naturleg nok. Slikt kan ein aldri vite hundre prosent, så det er vel uansett eit sjansespel.

På onsdag, etter jobb, hadde eg bestemt meg for at Ayla skulle få gå tur ein plass ho ikkje har vore før. Eg har høyrt og lest masse om Hellestøstranda, og kikka litt på kartet for å finne ut kor det er. Ein liten halvtimes kjøring heimefra, og det var lett å finne fram.

Me starta turen med å akkurat ikkje treffe to menn med ein golden. I staden for å passere dei, tok me heller av stien og tok sikte på sanddynene. Stiane gjekk i kryss og tvers, og Ayla sprang overalt! Ho var så opptatt med snusing at eg faktisk rakk å gøyme meg for henne fleire gonger! Etter ca femte gongen var det ikkje snakk om å miste meg av syne i meir enn eit par sekunder, så då var leiken over for min del. Det er alltid spennande å planlegge kor eg skal gøyme meg, vente til ho snur ryggen til, og så skynde meg å hive meg bak ein busk før ho tar meg på fersken. Hvis vinden er slik at ho kanskje springer forbi der eg ligg og ikkje finner meg med ein gong, då har eg vunne. :-) Men det skjer svært sjeldent.

Eg lærte forresten at når Ayla får noko råttent i nasen og springer avgårde for å enten ete eller rulle seg i det, kan eg stå og rope til eg blir blå. Då betyr innkallingssignala mine null og niks. Til slutt var det superinnkallinga som hjalp, men den avhenger av at ho ser meg. Det er faktisk ikkje heilt sikkert at ho høyrde meg, når eg tenker meg om, for eg hadde svært kraftig motvind, og ho var 100-150 meter vekke fra meg. Då ho såg eg bøyde meg ned for å "undersøke noko spennande på bakken", kom ho som ei kule.  

Då stranda var slutt, gjekk me ned fra sanddynene og ned til stranda. Me hadde heile området for oss sjølv, for det var truande skyer i horisonten ;-)
Det blåste ganske godt nede på stranda også, og plutselig stod me midt oppi ein sandstorm. Ayla sleit litt med sanden, så eg fekk henne til å targete handa mi vekk fra vinden. Me stod slik ei stund til det verste hadde gitt seg.

Tok litt video med mobilen, så kvaliteten er ikkje den beste.





onsdag, april 01, 2009

Lang tur, mange passeringar, ingen utfall!

Me droppa rallytrening på mandag, for Ayla var ikkje i form. Ho ville ikkje ha mat eller godbitar, og var veldig opptatt med å slikke seg på magen. Det såg nesten ut som ho hadde melkespreng, for ho har altså fått innbilt svangerskap denne gongen også. Ho låg og klynka litt i blant, sånn heilt ut av det blå, og klarte ikkje roe seg heilt. Stakkars...

Eg har gått og lurt litt på koss hundane opplever denne innbilte drektigheten.. Dei trur jo dei er drektige, og at dei skal ha kvalpar. Nokre har det såpass ille at magen blir større, og at dei til og med har innbilte fødslar utan at noko kjem ut.
Koss har dei det etterpå då? Går dei rundt og trur at dei har mista kvalpane sine? :-(

I går var ho derimot meir seg sjølv igjen, og me vågde oss ut på "ein liten" tur. Me traff ikkje ein einaste hund dei timane me var ute, men me fekk nokre passeringar som gjekk kjempeflott! Den siste var eg heilt sikker på skulle gå gale, for då kom ein kraftig mann med skjegg gåande på andre sida av vegen, og ho smaug litt på han og kikka intenst. Eg ba henne sette seg med ryggen til og sa "vær der" mens mannen passerte bak henne. Ho fekk tubeleverpostei for bragden :-)

Då me omsider kom oss heim, hadde me vore ute og gått i over to og ein halv time, og både eg og Ayla var trøytte og kalde.

JA! Eg tenkte eg skulle teste ut kor god TÅ-kommandoen er, og mens ho rusla framforbi meg, sa eg brått TÅ! til henne. Ho stansa umiddelbart og rikka seg ikkje av flekken før eg skrøyta og ga henne godbit! Flinke tøttå mi!! :-)
Og kan tru ho var fornøyd då ho fant ferske grasspirer langs veien!

Eg har sikkert notert meg det før, men eg syns jo det er veldig rart at gåande er skumlare enn joggerar. I går kom det ein joggar ganske brått på oss, og då brydde ho seg knapt. Men han mannen.. han siste... han var veldig interessant.

Og så har me fått inngjerda sauer ved besøksgården nedanfor oss... Det kan og bli interessant. Får vel ta oss ein båndtur ned dit og sjå kva som skjer. :-)

mandag, august 25, 2008

Hundeeierskolen Modul 7

Det er framleis ferie for meg, i alle fall fram til onsdag. Då er det tilbake i vante rutiner.
Men nå er det mandag, og eg har nettopp kome heim frå kurshelg i Bergen. Og eg må først av alt få dette ut:

Siste kursdagsforbannelsen er brutt!!!

Denne helga har INGENTING kjipt skjedd! Ayla har vore heilt topp, og me har fått starta på siste fase av tannvisningstreninga vår!

Denne helga skulle dreie seg om hundeverdenens jungel.
Laurdagen gjekk  me gjennom dei ulike hundesportane, og diskuterte diverse saker som har med hund å gjera.

Før me gjekk ut og skulle ha praksis, tok eg mot til meg og spurte om folk kunne hjelpe meg med tannvisning. Dei har høyrt meg kalle Ayla problemhund sidan helg 1, og eg fortelte at målet mitt for helga var tannvisning av fem ulike personar. Eg fortelte også korleis det skulle føregå, og at dei aldri ville vera i nokon som helst fare. Ayla har vore klar lenge, men det er eg som ikkje har vore klar. Slik skulle det føregå:

Eg skulle ha Ayla i utgongsstilling, og heile tida halde eit auge med henne. Dersom eg såg minste teikn til stress hos Ayla skulle eg avbryte. Dersom eg klikka, skulle dei avbryte og gå tilbake til der dei starta. Eg skalv som eit aspeløv mens eg snakka, og hadde lyst til å ombestemme meg mange gonger. Jorulf meldte seg frivillig umiddelbart, men eg kjente der og då at det måtte vera damer som hjalp oss.  Eg sa også at eg overhodet ikkje ville bli fornærma om eg spurte og dei sa nei, for ho er jo stor og rottweiler :-)

Dei to første var damer. Dette var på lørdagen. Så, etter sporet på søndagen, var Ayla så sliten at eg vågde meg på å spørje DEN eine karen som var på mi gruppe. Han nølte ikkje med å seie ja, og eg innrømmer gjerne at eg skalv godt i knea. Ayla sat og logra! Juhu!!

I lunsjen var eg framleis modig nok til å spørje endå ein av dei mannlige deltakarane. Eg fant ikkje Jorulf, ellers hadde eg spurt han. Men denne tannvisninga gjekk også heilt perfekt!
Heilt på slutten av dagen kom den femte tannvisninga, og då tok eg ei fulle tannvisning, uten avbrytelsar og uten godbitar.

Eg svevde nesten! Og svever framleis!! 

Praksisen på lørdagen gjekk ut på diskriminering. Me skulle lære hunden å diskriminere mellom stor og liten, men Ayla var slapp og ganske uinteressert i å jobbe. Det er veldig uvanlig til henne å vera, så eg ville ikkje presse henne med veldig mykje trening. Me får heller trene på det her heime.

Søndagen var utedag med sportrening første halvdel, og feltsøk andre halvdel av dagen.

Sporet mitt låg i nesten tre timar, og første halvdel av det gjekk dårleg. Ho fann tinga, men ho gjekk ikkje nøye. Espen råda meg til å trene mykje vinklar og gi henne kort line. Og ta med stoppeklokke for å ta tida på kor lenge ho går med nasen i bakken, og prøve å legge godbitar med litt kortare mellomrom enn at ho tar nasen opp. Litt rotete forklart, men EG veit kva eg meiner. ;-)
Eg rakk dessverre berre det eine sporet før det var lunsj.

Etter lunsj var det feltsøk. Her rakk eg også berre å ha henne ute ein gong. Det var litt trongt, og litt mange småhundar på mi gruppe, og eg ville ikkje ta sjansar på at ho braut jobben for å springe til ein av dei. Men den eine gongen eg hadde henne ute, fekk ho vist meg at ho ikkje har gløymt kunnskapene sine. :-) Ho reagerer flott når eg seier SØK. Me treng å trene på avstand, altså at ho skal søke langt ut, i medvind. I motvind går det jo så det suser, men altså ikkje i medvind.

Eg blei igjen i Bergen til i dag, og i morgon skal eg vera observatør/assistent på den første av totalt sju kvalpekurskveldar! Eg gleder meg heilt vilt!! Då er den delen også i boks med tanke på krava til opptaket på instruktørdelen til Fjellanger!! Juhu!!!!

Ellers har eg vore ganske bekymra for Ayla dei siste dagane av ferien og nå kursdagane oppe i Bergen. Det har vore små endringar i adferden hennar, men det har vore nok til at eg altså var bekymra. Dei små tinga var bl. a at ho var rolegare. Ingenting mas inne. Ute drog ho ikkje i bandet, berre trava roleg ved sida av meg med passe høg hale og lite interesse for å snuse og "lese avisa". Inne hang halen ned, øyrene bakover, låg i ro dersom eg bevega meg. Ute, dersom me traff folk, INGEN teikn til stress eller tendens til reaksjon, sjølv om me passerte trangt på fortauet. Mjuke auger, øyrene hverken framover eller bakover, blikket festa framover. 

Der er ingenting anna som har gjort meg bekymra, enn desse små endringane i adferda, for ho et og drikk som normalt, har gått på do som vanleg, og har vore heilt med under trening. Bortsett frå på lørdagen, då det var veldig varmt.

Etter diverse diskusjonar med kompetente hundefolk har eg desse forslaga til årsaker:
  • Alder. Ho er nett fylt tre år, og skal etter teorien vera voksen nå.
  • Sliten etter mange timar i bilen.
  • Varmen.
  • Innbilt drektighet.
  • Stille livmorbetennelse.
  • Treninga har begynt å falle på plass
Her heime virker ho å komme inn i gamle vanar med å kreve oss meir. Eg har bestemt meg for å sjå det an nokre dagar til, og så vil eg ha henne undersøkt av veterinær.

Til slutt vil eg publisere ein kommentar frå Jorulf her, som han har lagt under innlegget Hundeeierskolen Modul 2   Eg syns det var ein god kommentar å få, og satte stor pris på orda! :-)




Hei Kari Anne



Så flink du er og skrive om dine erfaringer. Jeg har ikke helt sett hunden din som noen problemhund, annet en at hun "kvapp" når jeg reiste meg. Så flink du er og setter deg inn i lese hunden, belønne på rett tidspunkt.. Ja, jeg er overbevist at du får dette til.

Hun er heldig som har deg, og de metodene som du sverger til!

Jeg har selv overtatt omplasserings rottis med adferdsproblemer og vært igjenom de berg og dalbanene følelsemessig..Det er tungt når det står på og man må tilpasse livet for holde hunden unna situasjoner

Men når man ser fremgangen og kommer i mål er det en fantastisk følelse mye bedre enn vinne en lp konkurranse.

Synes du er utrolig flink med ayla og jeg var imponert når så din fri ved fot. Det var bydelig og se på henne, liker se hunder som viser arbeidsglede!!

Du lærer ufattelig mye med hunder som man må jobbe med utenfor lp ringen, tispen jeg har nå er jo bare enkel hun er stødig og ingen problemer og masse gratis... Skal ikke klage på det, jeg tror jeg lærte mere av eddy en 10 enkle hunder..

siden hans er www.freewebs.com/rottweileren

www.freewebs.com/hotrott er akita sin side.

Savner han voldsomt... så ligger det noen videoer av mental tester av han på google video, og youtube



lagt ut en ny spor video.. (ipo spor)

  

søndag, oktober 28, 2007

Oppdatering innbilt svangerskap.

På tidleg ettermiddag i dag, då eg hadde vore ute og handla, såg et tre dråpar blod på golvet her. Holdt litt papir inntil vulva på Ayla, men det blei ikkje farge.

Så ringte eg til dyrlegen for å høyre kor hysterisk eg skulle bli, men av det eg forklarte til henne om den generelle allmenntilstanden til Ayla, kunne eg fint sjå det an.
Ho sa at bloddråpane burde stoppe like kjap som dei kom, og dersom Ayla blei slakk utover ettermiddagen og kvelden, eller ho drakk mykje, eller ikkje hadde apetitt, eller blei generelt dårleg, måtte eg kome med ein gong.

Eg kunne fortelje at ho ikkje drikk meir enn vanlig, at ute er ho den same som ho alltid er - men at inne er ho kanskje bittelitt roligare (as in: følger ikkje etter meg KOR EG GÅR), at ho har god matlyst, og litt meir kosete enn vanlig. Eg fortelde også om episoden i går, og at ho har melk i jura. (eg sliter litt med å kalle puppene til Ayla for jur.. Kyr har jur..)

Ho er dessuten meir vokten av seg. Bjeffer for lydar ho TRUR ho høyrer, og eg syns det er veldig slitsom, for eg støkker sånn! Men eg veit ikkje om det er fordi eg er åleine og ho skal passe på meg, eller fordi ho er full i hormoner akkurat no.

Eg snakka med Vetle tidlegare i dag, og høyrte med han om han kunne huske at Ayla er verre til å stjele i forbindelse med at ho har hatt løpetid. Og han syns det høyrdes truleg ut. Derfor vil eg sjå an neste løpetid, og dersom ho får endå verre symptomer i forbindelse med den, vil eg vurdere sterilisering. Ho skal jo likevel ikkje brukast i avl.

Håper bare ho ikkje går og savner kvalpar ho trur ho har fått.. :-(

lørdag, oktober 27, 2007

Sjuk? Lengtar ho? Innbilt drektighet?

I går drog Vetle nedover til Risør, så eg er åleine med hundane denne helga.
Då eg kom heim frå jobb på fredag, kledde eg meg om med ein gong, og tok dei med meg ut på tur. Då me hadde kome eit par hundre meter, måtte eg stoppe opp pga noko, og då la Ayla seg ned etter at ho hadde oppført seg litt rart. Eg heiv ein godbit bortover langs grusvegen, og ho pilte etter den med høg hale og var brått seg sjølv igjen.

På resten av turen som varte nesten halvannan time, haldt ho seg i umiddelbar nærhet av meg, og eg syns eg kunne merke at ho faktisk var litt sliten... eller ikkje sliten, men fornøydd.

Då me kom inn, skulle eg berre sjekke litt mail og sånt på laptopen før eg skulle lage meg middag, og då gjekk Ayla rundt i leiligheten og peip og klynka. Eg syns det var rart, for ho hadde vore godt på do på turen. Eg skreiv det på konto for Vetle-lengt, og syns det var veldig søtt.

Etter middag tok eg for meg badet. Der har det blitt litt av ein haug denne siste veka, og det likte Ayla veldig godt. Ho kraup inni kroken sin og låg der. Sjølv om eg gjekk ut av badet også. Vanligvis pleier ho å sprette opp når eg forlater eit rom, men ikkje i går.

Litt seinare opna eg døra inn til soverommet for at det ikkje skulle vera så kaldt når eg skulle legge meg, og mens eg sat i stova, gjekk Ayla inn på soverommet og stjal ein av bamsane som står ved mi side av senga. Ho gjekk inn på datarommet og la seg i sofaen der, og det var der eg fant henne då eg lurte på kor ho hadde blitt av. Vanligvis når ho stjeler noko, legger ho det berre ved sida av seg og passer på det. Tingen er knapt nok våt eingong, men i går var bamsen kliss våt. Då eg tok den frå henne, blei ho uroleg, og etter dette begynte ho å klynke mens ho vandra rundt i leiligheten igjen.

Ho har også vore veldig veldig kosete i det siste.

Livmorbetennelse og innbilt drektighet har vore langt framme i hovudet mitt i det siste, for eg leste eit innlegg på Canis nettopp om ei som hadde falsk drektighet på hunden sin. Og Krissi hadde livmorbetennelse på Snuppa, og etter eg leste det innlegget, har eg vore litt på vakt etter sånne ting.
Sjekka kalenderen og bloggen, og den 25. august skreiv eg at Joey hyler så snart Ayla rører på seg. Det skulle dermed vera ganske nøyaktig ni veker sidan ho var høgløpsk, og ca åtte sidan løpetida slutta. Nærmare bestemt 63 dagar sidan høgløpsk, og det er jo dønn eit svangerskap, er det ikkje?

Ettersom kvelden gjekk, forsvant ho igjen. Då låg ho på senga vår med ikkje mindre enn TRE bamsar rundt seg. Dette har skjedd fleire gonger før også, så det skulle ikkje vore noko rart ved det. Dersom døra står open, går ho inn dit, stjeler ein bamse, og legger seg på senga. Når eg då kjem inn og tar det frå henne, koser me litt og så tar eg henne med ut igjen. Men i går, kikka ho veldig etter bamsane, og var ikkje så interessert i kosen. Så skulle eg kose henne på magen, og då kjente eg det... Ehm.. puppene? pattane? jura? var blitt større, og då eg klemte passe hardt, kom det væske ut.

Det kan med andre ord sjå ut som om Ayla har fått innbilt drektighet. Eg syns ho har vore litt meir på tuppa dei siste dagane, og har boffa på lydar ho vanligvis ville ignorert. Ho har også sove meir, og mast meir om kos. Matlysta har vore der, og ute på tur har ho vore sitt sedvanlige kvikke, kontaktsøkande Ayla.

http://www.charlottes.no/?page=hunden_tekst1&mode=10

http://www2.orionpharma.no/templates/Page____1904.asp

http://debatt.sol.no/show.fcgi?category=3500000000000012&conference=131&posting=20500000001630031

Her stod det veldig bra:
http://www.vetmed.lsu.edu/eiltslotus/theriogenology-5361/canine_pregnancy.htm


I dag morges høyrde det ut som om ho skrapa på døra, men etterkvart som eg høyrde etter, virka det meir som om ho gravde inni buret. Då eg slapp dei ut fra romet sitt, gjekk ho rett til døra, og eg høyrde det surkla i magen hennar. Ho sprang bort til graset langs kanten på plenen og åt.
Då eg serverte frokosten, åt ho først godt, men så stoppa det opp.

Lettare hysterisk som eg jo er, tenker eg på jurbetennelse, livmorbetennelse, og andre uhumskhet og kjenner at eg helst skulle hatt nødnummeret til dyrlegen på hurtigtast på mobilen. Usj...

Det står at ein skal aktivisere ei tispe med innbilt drektighet, så det får eg gjer. Eg trur også at eg skal la vær å trene passeringar til det har gått over. Halde ved like, ja, auke kriteriene, nei. Og så må eg følge med på om det kommer væske fra kjønnet hennar m.t.p livmorbetennelse. Og halde eit auge med om ho verkar slapp og får dårleg apetitt. Huff, stakkars Ayla...