mandag, mai 29, 2006

29. mai. Kom på ein ting..

Tenk og vore flink til å skrive kriterieplan og logg!!! Sukk...
Intensjonane på kvelden er gode, men det hjelper så lite når eg ikkje hugsar det dagen etter.

29.mai 2006

Fredag blei det ikkje så mykje trening. Me var framleis slitne etter dagen i forvegen.

Begynte å bytte leker inne, og dette såg ut til å verkeleg gå kjapt inn hos Ayla... heilt til me skulle prøve ute. Bye bye Ayla og pipeleken...
På kvelden drog eg til Olaug og var der til klokka elleve.

Lørdag skulle me vært på utstilling i Haugesund, men reiste ikkje opp. Vetle skulle på kurs heile dagen, og var også på kurs heile fredagskvelden.
Det blei litt sitte-trening her heime i stadenfor. Trente også litt byttetrening, og kunne gå fra to leker til ei som ho henta, og så drog me litt, og så haldt eg den i ro og kasta den igjen når ho slapp, og så kom ho springande tilbake med den for å dra litt meir... Heilt til me prøvde ute igjen.. Bye bye Ayla og pipeleken.. Argh!!

(Argh til meg sjølv at eg ikkje kan lære å IKKJE gå så fort fram!!!)

Søndag drog eg til Olaug og hadde med meg Ayla. Me tok med oss jentene og Swejsan og Ayla og gjekk ein tur rundt i byggefeltet der. Ayla og Swejsan går veldig godt i lag på tur og sånt.
Trente båndtrening og kontakt.

I dag er det mandag, og litt under tre veker til neste kurshelg.
Dette må eg trene meir på:

* Holde fast (må opp i ti sekunder + komme mot meg med apporten)
* Sitt (i ro etter klikket og ikkje hoppe fram etter godbiten)
* Stå (tilbyr ikkje stå per i dag, bare sitt og dekk)
* Utgangsstilling (marerittet mitt!!! Blæh!!)
* Hoppe over hinder (har prøvd litt mellom meg og Vetle og det har gått greit)
* Sitt Opp (koss skal eg hindre at ho spretter rett opp igjen når eg skal trene dekk?)
* Bli (skal følge Lydighetstrening i Teori og Praksis si oppskrift på dette.)
* Komme inn med pipedingsen og ikkje ligge og tygge på den utenfor rekkevidde.

Dette skal nok gå som ein drøm.. eller mareritt.. alt etter som...

torsdag, mai 25, 2006

25. mai Trening på Vistnes.

Våkna til ein strålande Kristi Himmelfartsdag, sjølv om værmeldinga hadde spådd det motsatte!

Anne Karin og Shaylee var her rett over elleve, og rundt halv tolv rusla me oss bort mot lyktestolpen (40-50 meter bortanfor huset her). Det var tomt for folk på Vistnestunet, bortsett frå Elna og ei av jentene som hjelper til der. Me byrja med innkalling på Shaylee, og greide med eit nødskrik å gi oss før farten blei altfor låg.

Då det var Ayla sin tur, kom Elna og jenta bort og ville så gjerne helse på den skjønne litle hunden.
Eg trur kanskje Ayla ikkje var heilt fornøyd med det, for ho byrja å bjeffe litt då Elna sette seg ned og klappa Shaylee. Men berre enkelt bjeff. Eg trekte meg lenger vekk frå dei andre, og bjeffinga stilna. Så nærma me oss igjen, langsomt, og denne gongen bjeffa ho ikkje. Eg lurte på om det kanskje var jenta ho bjeffa på, og var litt sånn påpasselig og på vakt og sikkert også nervøs då Ayla litt seinare fekk anledning til å ha Elna for seg sjølv. Ayla gjekk også bort til denne jenta som var kjempeflink og snudde seg vekk då Ayla forsøkte å hoppe opp på henne. Eg hadde nemlig nett forklart Elna korleis ho skulle gjer om Ayla hoppa. Helsinga gjekk kjempefint, og eg lata som om eg slappa heeeeilt av. Det gjorde eg altså ikkje.. Eg veit endå ikkje heilt kva som triggar utfalla hennar.. Og eg har også innsett at eg ikkje greier å høyre kva bjeffinga hennar betyr, slik eg gjer med Joey. Med han er eg aldri i tvil, men Ayla si bjeffing er så lite nyansert for meg endå..

Anyway, me fortsette å trena, og eg fant ut at eg måtte trene meir på rein dekk. Etter at eg har trent avstandsdekk, så spretter ho no opp frå dekken med ein gong.

Anne Karin og eg blei ogs enige om at me måtte bli flinkare til å auke kriteriene i riktig tempo. Til nå har me nok vore litt treige med akkurat det.

Kva anna trente me på? Litt ro-trening, faktisk... Eg stod berre rett opp og ned og Ayla la seg ned og slappa av litt i blant.

Jo!! Me trente jo på target!! Det var jo då me fant ut dette med kriteriene!

Ellers fekk Shaylee borti mykje nytt i dag. På Vistnestunet var der nemlig: ender, høns, gjess, sauen Ane som i stadenfor å springe vekk frå Shaylee kom ruslande mot henne og snuste og stanga henne venleg i rompa, gris, hestar, esel, geit, og ikkje minst Legolas - katten min (eller vår, sidan Vetle også gir han mat av og til )
Legolas er nemlig ganske roleg av seg, og angrip ikkje med mindre han må. Han skaut litt rygg og freste litt, men det var vel helst pga at Ayla støkkte han litt. Shaylee stod eit par meter frå i langline som eg holdt, og Anne Karin stod ved sida av og klikke for kontakt.

Til slutt gjekk me ned på Vistnestunet og kikka på sauen, grisen, endene, gjessa, høns, geita (lurer på kvifor gjess og geit uttales med j men skriver forskjellig? Kvifor heiter det ikkje gjeit? Eller gess?) Shaylee klarte seg kjempefint, og var nok ganske sliten på slutten av dagen.
Ho fekk helse på Joey som var heilt i hundre over denne vakre skapningen som rakk han til knea.. Shaylee på si side var nok ikkje fullt så sjarmert av Joey.. Men dei helste då på kvarandre og alt gjekk heilt greit.

Joey fekk forresten vera med ut og ønske Anne Karin velkomen då ho kom, og han gjekk rett bort og logra og syns det var kjekt med besøk.

Klokka er nå halv elleve, og det har knapt nok vore liv i Ayla sidan firetida. Ho har stort sett sove under bordet eller inni buret sidan då.
Og i dag var me lure nok til å hugse solkrem!! Juhuu!! Framgong!!

tirsdag, mai 23, 2006

23. mai På kvelden

Gjekk ein liten runde med begge hundane, og syns det går greiare og greiare å ha med begge to. Joey går i sin egen lille hannhund-verden, og Ayla kikker etter meg heile tida. I dag gjekk me i bånd heile turen, og nesten på slutten stod der ein flat i laaaangt bånd ved eit hus. Denne kom springande mot oss mens han bjeffa, og då svarte jo sjølvsagt Joey.

Det er aller første gongen at begge har vore med og me har truffe hund. Eg var redd for at Ayla skulle stemme i, men det gjorde ho ikkje. Ho berre stod og var særdeles interessert i det som gjekk føre seg.

Vel heime hadde eg masse godbitar igjen fra turen, og trente hold fast i stova. Ho holdt eit svært plastikklokk, ein tusj, blyant, penn og ein støvkost! Ja, ikkje samtidig, altså...
Eg ga meg når ho hadde holdt mellom 3-5 sekunder.

Me begynte ringeklokke-trening i kveld for fullt! Joey var også inne denne gong, og han boffa jo til den store gullmedaljen, men for kvar gong ringelyden kom, fekk dei kvar sin pølsebit. Joey tok det faktisk fortare enn Ayla. Når ho slappa av med ringelyden, begynte eg å hive godbiten hennes inn i buret når kvart ring kom. Me hadde ein sesjon på ca. fem minutter.
Skal gjenta det idag igjen.

Når arbeidsdagen er slutt onsdag, har eg fri heilt til mandag! Det betyr fire dagar der klokka ikkje ringer 06:20!! Juhuu!!!! Og det betyr også at det blir masse masse tid til trening! Dobbelt-juhuu!!!

23. mai. På morgonen

Hadde god tid i dag morges på lufteturen, og av ein eller annan grunn var Ayla veldig veldig gira på Frolic-bitane! Ho smalt ned i dekk gong på gong, og eg belønna sittopp. Det var akkurat som om ho skjøna det med ein gong, at for å få klikket, måtte ho ned i dekk først for så å setje seg opp. Eg holdt nesten på å gjera ein stoooor blunder, for eg klikka ukritisk for einkvar sittopp. Så la eg merke til at ho slengde seg opp skeivt gong etter gong, som om ho skulle til å springa bakover frå dekken. Greide heldigvis å klikka for fire rette og raske sittopp før me ga oss.










Dagens erkjenning 1:
Når andre ting i livet ikkje går som det skal, er det lett å tru at motgangen i hundetreninga er skuld i det dårlege humøret.. Men så er det ikkje det.

Dagens erkjenning 2:
Har kome fram til at årsaken til at eg drøymer så mykje om røyking om nettene i det siste, er at eg har byrja å ete snop ein og annan gongen igjen, etter månadar utan. Skal no slutte heilt å kjøpe Sjokoladefamilien og Mars (skal bare ete den siste halvdelen på neste søndagstrening, kanskje).

Is er jo ikkje snop. (nehei, det er ikkje det!) Ikkje på somaren, i alle fall...

Så vil det visa seg om eg slutter å drøyme om at eg røyker og trur eg har kontroll fordi det berre er litt av og til... Kan eg FÅ tydeligare hint, liksom? Litt plar liksom bli meir og meir, og når det er Sjokoladefamilien og Mars.. Mmm.. Som smeltar i munnen... Og smaker så godt.. Mjuk deilig sjokolade... Nei, cold turkey bli sjokoladeavholds er nok det beste. (etter at den siste halve Marsen er fortært neste søndagstrening, vel å merke).

mandag, mai 22, 2006

22. mai. Stille dag.

Dette blei ein stille dag. Etter fem timar på lørdagen og fire timar på søndagen, var både Ayla og eg klar for ein roleg dag. Det einaste me trente på var avstandsdekk.

Eg hadde med meg Joey som eg la i Dekk og Bli nokre meter lenger vekk, og når Ayla var ufokusert, gjekk eg bort og belønna Joey med Ishavskaviar for at han låg i ro. Når eg då kom tilbake til Ayla og venta på at ho skulle tilby kjapp dekk frå tre meters avstand, trengte eg ikkje vente mange sekunda!

Joey er god å ha.

søndag, mai 21, 2006

21. mai. Trening på Klepp

Henta Olaug halv elleve, og var på Klepp elleve.

Då var Anne Karin allereie komen, mens Brita hadde forsove seg og ville bli ein halvtime forseinka.
Swejsan og Aro trente møtesituasjon, og Swejsan likte VELDIG godt leverpostei på tube! Alle møtetreningane til Olaug og Swejsan gjekk etter boka i dag! Juhuu!!

Sjølv trente eg på innkalling, sitt under baklengs marsj, dekk, og så prøvde eg meg på dekk på avstand, men det var totalt fullstendig mislykka.
Sitt-treninga gjorde eg noko eg ikkje har prøvd før, nemleg å belønne kvar femte eller sjette sitt med leik. Det gjorde at ho sette seg særs raskt, og eg hadde god kontakt heile tida.

Me gjorde oss ferdige cirka klokka halv fire, og då me kom heim, trente me litt på "sjå på kyrne uten å støkke dei". Eg prøvde også avstandsdekk ved flagstanga, og det funka!! Eg kunne gå ein meter fra, og ho dekka!!

På kveldsluften trente eg litt avstandsdekk igjen, og kunne gå tre meter fra på slutten! Ho var fokusert på meg, og visste godt kva ho skulle gjera!

______________________________

Elles har Ayla byrja å vokte veldig nå. Ho reagerer på alt av lydar utføre døra, OG på ringeklokka. Og i går sette me Joey i bilen, og så stod Vetle og ringte på i eit kvarter. Me får gjenta det idag igjen, og sjå korleis det går. Ho roa seg delvis til slutt, men i kveld skal me gi oss med ein gong ho IKKJE bjeffer når klokka ringer.

______________________________

Og så har eg glømt å trene på sitt opp fra dekk! Ellers har eg vore innom alle grunnferdigheten og kome eit godt stykke på dei aller fleste.
Kunne eg berre klare å få vekk dette voktargreiene hennar... Det må jo gå an?

lørdag, mai 20, 2006

20. mai. Tur rundt Mosvatnet.

Lørdag skulle eg treffe Olaug og Swejsan for å gå rundt Mosvatnet, så me fekk trene Swejsan i passere folk og hundar. Folk gjekk greit, men han bjeffa mot eit par hundar. Me klarte ikkje å sjå kva tid han bjeffa, og kva tid han ikkje gjorde det, så me bestemte oss for å trene på det på søndagen når me skulle trene samen med Anne Karin og Brita.

Ayla er komen så langt nå at eg ikkje treng å klikke så ofte for at ho går fint i bandet. Brukte mest ikkje selen i det heile, og ho helste på ein 3 mnd gamal storpuddelkvalp og en 4 mnd gamal grand danois kvalp. Då sistnevnte skulle gå, begynte ho å bjeffe infernalsk. Eg klarte ikkje å registrere om det var hunden eller mannen ho reagerte på, men av ein eller annan grunn klarte den episoden å øydelegge heile turen for meg. Det kjennes så motlaust ut i slike augneblink.

Me brukte over to timar på 3 km, men slik går det når me skal trene på ting.

Då me kom tilbake til bilen, la Ayla seg ned!! Det har ho aldri gjort før, og eg noia og tenkte HD med ein gong! Men så la Swejsan seg ned også, så då tenkte eg "Phew! Bare sliten og fornøyd, ja... " og senkte skuldrene att.

Så kjøpte me trøste- soft-is på Madla, og drog til Hålandsvatnet for å hente Anders som var der for å fiske litt. Der sette me oss ned med hundane og hadde ei lita kosestund med brus og kransekakestenger (som forøvrig var heilt utruleg ufattelig gode og seige og deilige!!!)
Swejsan bada og koste seg, mens Ayla ville ikkje dyppe klørne, eingong. Pysa..

torsdag, mai 18, 2006

18. mai Framandtrening på Varhaug




Drog heimefrå like over fem, og hadde pakka med meg pølsebitar, karbonadebitar, filmapparat, sekken med frosken og sitteunderlag og tennisballapporten og termos, bånd, Ayla, veska mi, og ein god porsjon optimisme.

Først trente me litt med Shaylee og passering av folk på veien, og det gjekk utrulig bra! Ho kom med eitt lite bjeff (eller kanskje var det to), og så var det full konsentrasjon på Anne Karin igjen.

Så kom Arnfinn, og det var Ayla sin tur. Me gjekk mot han og klikka, og han stod med godbitar i hendene og kikka til sida. Ayla skjønte teikninga rimeleg kjapt, og droooog meg bort. Ho gjekk rett i handa og åt pølsene. Me ga oss då.

Andre økt gjekk med mot igjen, men då me var tre-fire meter unna, slapp eg henne bort. Etterpå angra eg litt på det, men då eg såg filmopptaket av det i dag morges, såg eg at det gjekk mykje betre enn eg i det heile kunne forvente. Eg kunne sjå på kroppspråket til Ayla at ho var kjempeglad og syns det var veldig stas med Arnfinn der og då, så dette går vegen!

Tredje økt stod me fem-seks meter frå bilen, og Arnfinn kom mot oss. Ayla drooog mot han og visste godt at ho skulle få pølser av han. Ho hadde eit par forsøk på å hoppe opp på han, så det skal me også trene på etterkvart, men nå først får me konsentrera oss om at ho syns det er kult med framande.

Me stod og prata ei stund, og då fann eg ut at eg skulle ta henne ut igjen. Men nå skulle ho berre rusle rundt oss mens me stod og var kjedelige. Korkje Anne Karin eller Arnfinn hadde fleire godbitar etter at første helserunda var unnagjort. Eg syns ho roa seg rimelig kjapt og avfann seg med at me berre stod der. Det blei litt klapping etterkvart når ho hadde roa seg.

Etter det var det Aro sin tur med passeringstrening, men han gadd knapt nok bry seg om meg og Ayla som gjekk forbi på vegen. Sånn skal det vera!

Så slapp me dei store laus på plenen, og dei koste seg og syns det var kjekt. Shaylee kom ut og fekk helse på Ayla, og etter at Ayla hadde vore uheldig og tråkka eller falt på henne, så syns eg veldig synd på Shaylee. Dei fekk litt godbitar på plenen og søkte i lag etter dei før eg sette Ayla i bilen.

Me trente litt på Shaylee og bordet før det var tid for SOS Hundehjelpen. Shaylee og Aro får vera i sofaen, og det syns jo eg er såååå kjekt så lenge det ikkje er min sofa og mine hundar. Koste litt med Shaylee mens me såg programmet, og etterpå viste Aro kor rask han var blitt til å dekke! Skal sei der har vore framgong! Skikkelig bra, altså!

Rett før ni køyrde eg heim med eit stort smil om munnen og ei utslitt Ayla bak i buret. Eg må jo seia at eg blir ganske trøytt i toppen etter slike økter, eg også. Men det er herleg å vera hundeeigar når eg kan skimta lys i andre enden av tunnelen (ja, det staves faktisk sånn, eg sjekka).

I dag morges på morgenturen blei me overraska av ei saftig og blaut regnbyge som gjorde så stor "skade" i løpet av eitt minutt at eg måtte byta klær før eg gjekk på jobb!
Vel likar eg sommarregn, men temperaturen er ikkje der HEILT endå.

18. mai Oppdatering egenprodusert i-klikker

Den flotte ideen er fortsatt flott, men limet var dårleg. Kartnåla gjekk av mens eg testa på veg heim same dagen som eg hadda laga den.

Må finne lim som kan halde mellom plast og metall. DÅ skal det fungere! Kanskje lage nokre skraper i metallet så limet får betre feste.

Jøsses jo, dette skal det nok bli saker av!



I kveld skal me til Varhaug igjen og prøve framandtrening. Det kan bli kjekt i regnet... Kva ofrar me ikkje for eit perfekt hundeliv?

onsdag, mai 17, 2006

17. mai 2006. Apport og avstandsdekk

Planen var å begynne med avstandsdekk i dag, men det var så pissevær ute at eg holdt meg inne og fortsatte arbeidet med apport i stadenfor.

We have lift off!! Ayla plukker nemlig opp tennisballapporten fra golvet, og held den i ti sekunder! Kvalitetssikring og gå med den i munnen står igjen før eg kan krysse av det punktet til kurset om ein mnd.



Og nå får eg til alt eg vil med det digitale videokameraet og overføring til pc, så nå misunner eg ikkje lenger dei som kjenner nokon som kan det.

tirsdag, mai 16, 2006

16. mai. Planlegging planlegging planlegging.

I dag gjekk det opp for meg at det bare er ein månad igjen før neste kurshelg!! Lettare panikkanfall ankom umiddelbart.
Må setja meg ned i dag og gå gjennom grunnferdighetene for å sjekka kva for nokre me må trena på og kva for nokre ho har inne allereie.

Ein månad er jammen ikkje mykje tid.. Gulp...

Apport er i allefall noko me må øve meir på. Og dekk. Få det meir i system. Rygging. Doggie zen.

Gledar meg til den helga, men gruer meg til turen. Det er så laaaaangt...

Har byrja med langline på Ayla nå, for å kontrollere katte- og kaninjaging. Dei siste lufteturane har me sjølvsagt ikkje sett ein einaste katt eller kanin, og i dag morges gløymte eg å setje på lina. Kven andre enn Legolas kjem slentrande forbi Ayla og vifter halen i andletet hennar før han piler avgarde?
Langlina er særs praktisk på kvelden, for å få inn Legolas, for då jaktar han på enden av lina når me ruslar heimover. Då får eg spart plystre-innkallinga mi til når eg verkeleg treng det. Gode greier.

Elles blir Ayla flinkare og flinkare å gå i band. Eg kan snart byrje å trene å trekke med selen, og gå fint med bandet heile turen, for så fint går ho i vanleg halsband nå. Løøøvli!

Eg er litt bekymra for hoftene hennar, for eg syns framleis at ho er veldig laus å sjå til bak. Nokre månadar til no, så kan me røntge henne.


Eg kan då ikkje ha fått meg ein tredje HD-hund? Næsjda...

Dei er heldige som har nokon som kan om overføring frå digitalt videokamera til pc... Sukk..

mandag, mai 15, 2006


Når ein jobbar med rekneskap, blir det tid til litt andre ting mellom to månadsavslutningar.



F.eks å lage ein eigen i-click med HØG lyd



Du treng:
Ein vanleg klikker
Kartnål uten nål
Lynlim



Kari Anne, the inventor!

søndag, mai 14, 2006

Søndag 14. mai. Klepp


Var framme klokka fem over elleve, og då var Anne Karin allereie komen. Stian lot vente på seg, så me stod og prata litt før han kom. Då trente me først Doggie-Zen med Aro, og så var det Ayla sin tur med Fremmed-trening.

Eg ba Stian stå eit godt stykke vekke, med godbitar i kvar hand, og så skulle han ikkje sjå på oss. Anne Karin filma.
Tok ut Ayla og klikka henne bort til me stod fire-fem meter frå Stian, som forøvrig fungerte perfekt som hjelpar. Då la eg vekk klikkeren og berre leverte pølsebitar. Me gjekk laaangsomt nærmare, og då me var eit par meter ifrå, ba eg Stian miste litt godbitar fra handa. Då Ayla såg dette, sprang ho bort og åt godbitane frå bakken, og så var ho oppe i handa til Stian og snuste der. Då fekk ho alt som var i den handa.

Så gjekk me i bilen med henne.

Dette gjentok me til saman tre gonger. Dei to siste gongene klappa han henne mens ho åt godbitar av hånda hans.

Dette vil eg prøve på med Arnfinn også til veka.

Me var også inne på kvalpeskue ein tur og kikka, og såg mens Brita gjekk i ringen med Sessa.

For Ayla sin del bestod treninga i dag av:
Fremmed-trening
Innkalling
Miljøtrening
Være samen med andre og slappe av uten å bølle med Shaylee (noko som ikkje var så vellukka, men med trening så kjem det seg nok)
Fri ved foten

Belønna Fremmed-trening med godbitar, og miljøtreninga, men resten belønte eg med frosken. Skal ta bilde av den.. Shayle likte den også, og ho fekk også nokre skikkelig gode innkallingar med den som belønning

Trente bordet med Shaylee i dag, og eg syns det går utrulig godt der nå!

Var heime halv åtte, for eg måtte innom Swejsan å helse på også. Han får være med Olaug på jobb nå, så då slepp han å demontere innredningen heime. For ein snill sjef ho har!

lørdag, mai 13, 2006

Lørdag 13. mai. Eg og Ayla på tur.

Tok med meg Ayla og kjørte avgårde rett før tolv. Planen var å dra til Lager Zoo og få bytta selen, så nedom ein eks-kollega for å trene litt "fremmed-trening", og så skulle me finne ein benk å setja oss på.

Fremmed-trening gjekk sånn passe. Eg gjekk nok for fort fram, og la det på minnet at eg skulle gå seinare fram neste gong.
Etterpå drog me til Vaulen og gjekk ein liten runde. Traff mest ikkje folk, men det var greit nok. Me skulle ned til sentrum av Stavanger etterpå, så det var like greit å få bygge opp til det.

Vel nede i Stavanger parkerte med på taket på Jernbanen og gjekk ned dei bratte trappene. Eg holdt henne i selen, for ho er ikkje så vant til trapper endå.
Me gjekk i rusletempo rundt Breiavatnet, og der var masse folk der denne varme maidagen. Ho viser ingen teikn til å reagere på noko når me går slike turar.

Klokka var halv fem då me var heime att.

torsdag, mai 11, 2006

Torsdag 11 mai. Ein roleg dag.

I gårkveld begynte eg å trene på å spørja om lov før ho eter hestebæsj.

Oppe ved vegen låg der ein svær haug med heilt fersk hestebæsj. Då me gjekk kveldsturen såg ho lengselsfullt bort dit mens me gjekk forbi på trygg avstand. Vetle og Joey var med i kveld, og då me kom fram til der me plar la hundane springa lause, klarte eg å gøyma meg i dag også. Ayla leita febrilsk og jobbe utruleg godt med nasen sin! Det var mest ikkje vind i lufta, men ho fann meg til slutt. Overlukkeleg over at mor ikkje var oppslukt av jorda likevel.



Då me kom tilbake frå turen ein time seinare, gjekk me opp til haugen for å trena på å la hestebæsj vera i fred.
Eg gjekk mot haugen, og Ayla strama bandet. Eg stoppa. Ho kikka på meg, og fekk K/G. Så gjekk me nærmare, ho drog i bandet og ville bort, eg stoppa, ho kikka på meg og fekk K/G. Me gjekk endå nærmare, ho kikka på meg og fekk K/G. Endå nærmare, og nå kunne ho ha stupt fram og glefsa i seg bæsjen, men stoppa og kikka på meg. K/G. Me endte opp på kvar vår side av haugen, og då sa eg værsågod . Så gjekk me vekk eit stykke.

Då me gjekk mot haugen denne gong, kikka ho på meg heile tida dei første metrane slik ho plar gjere. Så kikka ho fram, såg haugen, og snudde seg lynkjapt mot meg. K/G. Me enda også denne gong opp på kvar vår side av haugen. Ho hadde faktisk eit par perler mellom frambeina, men kikka på meg heile tida. K/G. Så sa eg værsågod, og ho fekk ete ei perle.. Deretter gjekk me vekk eit stykke att.

Tredje repetisjonen gjekk mykje fortare enn dei andre, og denne gongen fekk ho jackpot då ho såg hestebæsjen og så kikka rett på meg med ein gong. Her skulle me ved nærmare ettertanke gitt oss, men det gjorde me ikkje. Me endte nok ein gong opp rett over bæsjen etter nokre klikk, og så fekk ho værsågod.
Fjerde gongen gjekk på same måten, og me ga oss etter at ho hadde fått værsågod. Det skulle eg nok ikkje ha gjort, så når eg skal trene på dette seinare, skal eg avslutte utan at ho får ete skiten.

I dag lurer eg på om eg skal desensitere henne på lydar i heimen. Eg støkk så forferdelig når ho voktar, og lydar i heimen vil der alltid vera. Det blir enten slik trening, eller at me går litt i sentrum av Stavanger og gjerne set oss ned ein stad for å sitja i ro ei stund. Får sjå korleis formen er utover dagen.

onsdag, mai 10, 2006

Onsdag 10. mai Tannvisningstrening

Kom til Anne Karin rett før halv sju. Då var foreldrene hennar der. Eg fekk endeleg veta namnet på far hennar, og det var Arnfinn.

Liv Karin (mor til Anne Karin) tok med seg Aro og Shaylee og gjekk innandørs. Arnfinn gjekk også inn, mens Anne Karin blei igjen ute. Eg gjekk og henta Ayla, og stilte meg opp på plenen for å trene litt på Anne Karin først. Det er jo Ayla vant til, så me gjekk gradvis fra tannvisning og til å føre handa over hovudet hennar før me ba Arnfinn om å komme ut.

Då byrja Ayla å bjeffe mot han med ein gong. Eg gjekk eit stykke bakover, til ho tidde stille og kikka på meg, og så klikka eg. Arnfinn gjekk i ring rundt oss til eg hadde kontakt med Ayla heile tida og ho ikkje lenger brydde seg om han, og så ba eg han stå i ro. Ayla og eg nærma oss gradvis, og eg ba Arnfinn halde handa si ut med håndflata opp. Ayla tok kjapt signalet og gjekk og la haka i handa hans. Arnfinn fekk lette på leppa hennar før me ga oss. Han stod heilt i ro mens Ayla gjekk og snuste litt på plenen.

Godbitane i kveld var mikrokokt frostskada kyllingfilet (som forøvrig var saftig og god, trass mikrobehandling) og kalkunkarbonader.

Så byrja me på igjen. Nærma oss gradvis, og endte opp med full tannvisning før eg sette henne i bilen igjen.

Neste økt var Arnfinn allereie i hagen då Ayla og meg kom inn. Ho bjeffa eit par gonger, og såg på meg, og klikkinga var i gong. Arnfinn kom bort til oss denne gongen og endte opp i full tannvisning.

Så kom Anne Karin bort og førte handa mot hovudet hennar. Så over hovudet, og så holdt handa over, og så kom Arnfinn bort og byrja på same måten. Først bort mot hovudet, så over, og så ga me oss.

Arnfinn sette seg ned på huk, og Ayla gjekk bort og slikka han i ansiktet. Han koste med henne, og ho syns det var heilt kult. Heilt til han reiste seg opp. Då byrja ho å stresse og bjeffe igjen og blei tydeleg usikker. Eg trakk meg litt unna, til ho blei stille og kikka på meg, og så fekk eg klikka Arnfinn bort til oss og han klappa henne og gjekk vekk igjen.

Anne Karin henta Aro ut, og så fekk han og Ayla leike litt i hagen. Begge to storkoste seg, og Ayla kom bort til meg eit par gonger med Aro på slep, og så fekk begge to klikk og godbit.

Me trente litt på Shaylee og bjeffinga mot vegen også, og dommertrening ved bordet. Og så fekk Ayla og Shaylee tutle litt i hagen.

Halv ni reiste eg heim igjen, og rakk akkurat Lost. Vetle hadde laga nachos til eg kom heim..



Eg må bare skryte av Arnfinn som var råflink til å gjer nøyaktig på ein prikk akkurat det eg ba om! Slike folk er uunværlige til slik trening som me gjorde i går! Eg blei heilt imponert!

Onsdag 10. mai.

På lørdag viste Siv korleis ho har trent inn utgangsstilling, så det skal eg begynne på no. Målet er å ha den inne innan neste kurshelg.

På mondag gjekk Vetle og eg sein tur med hundane pga varmen. Ayla blei oppteken med noko i to sekunder, nok til at eg akkurat rakk å springe og gøyme meg utan at ho såg meg. Då ho kikka opp etter meg, såg ho berre Vetle, og sette opp farten og sprang forbi han for å leite etter meg. Ho brukte nasen sin utruleg godt, og eitt minutt seinare fann ho meg og rundsleika meg.

I går gjekk me også sein tur, og då gjekk eg med Ayla og Vetle med Joey. Eg ba Vetle gå litt framføre meg, så me fekk trene bandtrening med nokon framføre.. Tidlegare har nemlig Ayla drege i båndet heilt forferdeleg når ikkje ho går først. Etter nokre få klikk gjekk ho i laust band ved sida av meg størsteparten av resten av turen. Ho lærte endå tydlegare at: Tørr grastue KAN bety mus. Då seier eg: "Fhinnhe mhuss!", for den kan Joey. Han VEIT at han skal leite etter mus då, så dette har han byrja å føre over på Ayla.
For ein del år sidan fann nemleg Joey og Tinka ut kor hytta til svigerfar ikkje var musetett.

Eg er særs nøgd med korleis ho er å gå tur med, og i dag skal eg jo ut til Anne Karin og trene tannvisning med far hennar. Då tenkte eg å spørje om me skulle ta ein liten bandtur i lag, så eg får generalisere det. Det hadde jo vore kjekt om ho kunne gå så fint med alle som gjekk tur med henne... For eg trener ikkje på at ho ikkje skal snuse på tur, berre at bandet skal vera slakt.

Plaga Siv på MSN i går og fekk råd om å ikkje gi Ayla mat i dag, og ta med godgode godbitar i kveld. Så i dag fekk ikkje Ayla mat. Eller, det vil sei, ho fekk nokre tørrforbitar i skåla si medan Joey åt maten sin. Ho såg ganske snurt på meg då ho var ferdig og Joey såg ut til knapt å ha byrja på sin mat... "Var det alt? Tre bitar tørrfor, liksom? Tuller du??"
Ho får kyllingfiletbitar og pølse og karbonader på trening i kveld.

Eg er spent på korleis dette går...

søndag, mai 07, 2006

Søndag 7. mai. NKK utstilling




Nerver, sommarfuglar i magen, grue seg, kvalm, oppglødd, stressa, tåkeheim. Dette er berre stikkord for korleis eg hadde det denne søndags morgonen.

Me kom til Sørlandshallen rett over ti, og skulle etter programmet vera i ringen klokka elleve. Vel inne fann me ut at det sjølvsagt ikkje stemte lenger.

Eg fann Anne Karin og faren mens Vetle fann plass for oss å sitja rundt ring tre.

Ayla roa seg veldig bra då me sat og venta, og ho la seg til og med heilt ned og slappa av. Svigerfar kom også.
Mens eg sat og kikka på korleis dommaren handsama hundane, fekk eg bange aningar. Han tok nemleg hundane på hovudet før han sjekka tenner! Iiik!! Eg burde jo berre trekt meg der og då, men så lur var eg ikkje.

Då det var vår tur, stilde ho seg skikkeleg fint opp. Dommaren nærma seg. Ayla såg han ikkje før han stod like ved sida av henne og la handa på hovudet hennar. Ho trakk seg vekk og forsøkte å hoppe på han. Så la han handa på hovudet att, og då trakk ho seg vekk igjen mens han ville halde henne att. Då bjeffa ho mot han.

Eg hadde halvveges venta at me skulle bli vist ut av ringen, men det blei me altså ikkje. For det er vel ikkje mitt ansvar å gå ut av ringen av meg sjølv?
Eg ba Anne Karin om ein klikkar, og fekk stått og klikka ein del inni ringen. Ayla roa seg igjen og då det var vår tur til å stå foran dommarbordet, viste ho seg skikkelig fint. Ho stod og logra som berre det, og dommaren ga trass alt grei kritikk. Det som gjekk på utsjånad syns eg var veldig bra, men han syns at mentaliteten hennar ikkje var bra. Og så sa han at tannvisning ikkje var optimal.

Øhhh... det var mildt sagt...

Me fekk ei gul sløyfe og kritikken i handa, og så skulle me ikkje springe eller noko. Eg skjøna ikkje kva som hende heilt, men eg trur ikkje me blei KIPa, som det heiter.. Det står i alle fall 3 på kritikken, og ikkje KIP.

Nederlaget var til å ta og føle på, og eg var nok litt skjelven etterpå. Eg spurde far til Anne Karin om eg kunne kome ut til dei og bruke han til å trene på, og det sa han "ja sjølvsagt" til. Dei har hatt to rottweilerar tidlegare, så eg skal ut der og trene tannvisning til veka.
Etter utstillinga var det berre å dra og pakke og komme oss avgårde, for det er lange mil frå Kristiansand til Randaberg når motet og humøret er knekt.



Gløymde jo heilt å fortelle om resultatet til Shaylee: 1JK, 1 JKK, HP og 3 VK

lørdag, mai 06, 2006

Lørdag 6. mai. Trening ved Sørlandsparken










Kom meg avgårde med GPS, rottweiler, godbitar, klikker og vatn og stol rett over elleve. Måtte ha tid til eventuell villfarelse.

Å finne Sørlandsparken gjekk greit, men å finne grusplassen mellom Biltema og Sørlandssenteret, sjå det var verre.

Vetle er god å ha, for han veit nøyaktig korleis eg må få direksjonane for å finne fram, så eg ringte og lurte på kor eg var og kor eg skulle. Han fekk geleida meg til rett plass, og eg var først ute.

Fekk rigga opp stol og vatn før Siv og Elin kom i same bil. Deretter kom Wenche. Og til slutt kom Hedvig. Klokka var et stykke over tolv før me alle var komne på plass.

Heile dagen lova bra, for sola varma godt, og kvite vinterarmar fekk smake solstråler for første gong i år! Me hadde ute ein og ein hund, og trente på litt forskjellig. Eg trengte å trene på å hilse utan å hoppe, for førti kilo rottweiler er ikkje alltid godt å få i magen, liksom.
Så trente me ganske masse kontakt, ein del utstillingstrening som å ta på kroppen og tannvisning, og så prøvde me også litt innkalling.
Wenche og Hedvig måtte dra i to-tre tida, og då var det på tide med litt mat for Elin, Siv og meg.

Oscar's eller Oskars eller med apostrof eller uten. Husker ikkje, men hamburgaren var god! Vel å merke når eg endeleg fekk den slik eg ba om : utan dressing.Fortelde Vetle seinare på kvelden at eg hadde kjøpt hamburgar i dag, og han måtte sjekke panna mi for feber..

Anyway, me avslutta dagen rett over fem, og både eg og Ayla var heilt ferdige OG totalt fornøydde! Eg reiste derifrå med alle moglege forhåpningar for dagen etter: NKK utstillingen. Lite ante eg...