mandag, juli 31, 2006

Slalåm mellom beina. Ei byrjing.

I går var me og plukka blåbær i 3 timar. Hundane var med og åt rett av busken. Det var nærmast kamp om dei beste tuene. :-)

Vel heime fant Vetle ut at han hadde klart å miste hyttenøkkelen på turen, og penger, mat, klær, alt var inne i hytta. Han drog avgårde for å leite, og imens prøvde eg å lære Ayla slalåm mellom beina. Først brukte eg handa som target eit par gonger, så prøvde eg uten. Ho smatt gjennom. Fram til Vetle kom tilbake med ein fyr som hjalp oss inn, hadde ho mange gode repetisjonar på ein gong gjennom beina mine.

Idag fortsatte eg, og fekk til to gonger gjennom! Eg trur at det at eg setter den eine foten framføre den andre har blitt et signal om slalåm, og må spørje Siv om det på onsdag. Da skal eg ned til Stoa og trene i lag med dei. :-) Det blir kjekt! :-D

Eg merker at eg bruker mindre og mindre godbitar i trening, slik som Ted Turner anbefaler. Vetle sine svarte sokkar er VELDIG populære. :-)

Jepp, nå skal me ned og padle! Juhu!

31. juli 7 år...

Idag har eg og Vetle vore saman i 7 år! For sju år sidan idag reiste eg ned hit til Treungen for å dra på kanotur med ein eg aldri hadde sett før. Hundane stod igjen heime i garden, sånn at eg skulle ha gyldig grunn til å dra heim etter få timar dersom fyren viste seg å vera dust. Det var han IKKJE! :-)

Me padla i 5-6 timar, grilla, bada, blei solbrente, og eg drog heim igjen fullstendig betatt. :-)

Me skal ut og padle i dag også, slik me har gjort kvart år dei siste sju åra... Håper me ser beveren igjen i år... :-)

torsdag, juli 27, 2006

27. juli Ayla sin ettårsdag!

Ja, idag er Ayla ett år. For ett år sidan idag sat me spent på hytta og håpte på at det skulle bli nok tisper i kullet til at det skulle bli ny hund på oss.
Og idag sit me her på same plass og ser ein svær rottweiler som ligg på verandaen og søv etter ein lang dag. :-) Tida går fort...

Dagen idag starta åtte, då ville ikkje Ayla sove meir. Vetle stod opp og opna verandadøra på vidt gap og sov vidare på sofaen til eg stod opp halv ti. Me åt frokost, slappa av til utpå ettermiddagen. Då tok me med oss håndklær, saft, niste og badetøy og køyrde ned til båten.

Ayla skulle absolutt ikkje oppi båten, så Vetle løfta henne oppi. Ho syns det var litt ekkelt, men litt greit også.
Turen bort til der me skulle vera gjekk greit, bortsett frå at Ayla var veldig interessert i årene. Ho hadde også veldig lyst til å drikke vatnet, men det er ikkje så praktisk å gjera frå båten, liksom.. :-)

Vel framme gjekk eg rett uti vatnet mens hundane fekk springe lause der. Dei haldt seg i nærheten og Ayla var veldig interessert i å halde eit auge med meg, sånn i tilfelle eg hadde gløymt ut å svømme.. Ho skulle ikkje uti sjølv, men ho var ikkje veldig bekymra over å ha vatn på beina.

Etter bading plukka me blåbær, og Ayla fant ut at ho kunne forsyne seg sjølv av buskane. Dermed gjekk me og plukka blåbær alle fire. Me var sikkert litt av eit syn. :-)

Då me skulle tilbake til hytta, hoppa ho heilt fint oppi båten sjølv.
Både Ayla og Joey sovna med det same me kom ut på verandaen og har sove sidan sju. Klokka er no halv elleve på kvelden.

Og nå har Vetle fyrt opp i stampen, så me skal ut og varme oss litt der. :-)

25. juli Nok ein varm dag.

Ja, endå ein svært varm dag. Hundane har lagt som slakt idag også, og eg har ikkje klart å halde målet mitt om trening. Ayla ligger og peser og kaver og orker knapt å vera med ut på do. Det er skrekkelig synd med den litle flekken med våteksem, for me kan jo ikkje bade..

Eg er litt bekymra over Joey, for han gjer omtrent ikkje anna enn å sove. Håper bare det er varmen som gjer det..

søndag, juli 23, 2006

22 juli Ayla har svømt!

Ja.. Me kom fram til hytta halv to i natt, men til vår store fortvilelse var det folk der. Me måtte dermed slå opp teltet og ligge der.. Uten soveposer.. Og med ein stk rottweiler som var alt anna enn klar for å sove etter seks timars køyring.

Halv fem var klokka då eg sjekka sist. Og kvart over åtte då me vakna av sola. Me åt frokost og kom oss avgårde ned til sentrum. Det er varmt og sommer idag, så me bestemte oss for at softis var rette måten å kjøle oss ned på.

Etterpå drog me mot Fjoner og fant ein fin plass ved vatnet der hundane hadde skugge og me kunne bade. Eg var først uti som vanleg, og Vetle stod med hundane på stranda. Ayla vassa til midt på beina, men då eg dukka og hylte for det kalde vatnet som egentlig ikkje var så veldig kaldt, då drog ho nesten Vetle over ende. Ho skulle ut til meg, og dermed var Ayla sin første svømmetur et faktum. Ho har fått tørke godt sidan det, og oppsøker nå vatnet for å kjøle seg ned.

Joey er ein engel, men ville heller vær aleine ved teltet enn å inn i bilen. Vel framme ved vatnet, jumpa han rett uti. :-) Han har gått laus her stort sett heile tida, til tross for to hundar lenger borte på stranda. Han er heilt fantastisk! :-)

Ayla har nesten ikkje slappa av her. Håpe det betyr at ho kjem til å sove som ein stein i teltet til natta!

Nå har me nettopp ete mat i teltet. Me har ikkje med oss stormkjøkken, men klarte likevel å varme vatn til te.. Koss me gjorde det? Matskål av stål og ein gongsgrill, vel! :-)

Klokka er snart ti, og me har ein del mygg og klegg og knott og maur rundt oss. Derfor går me nok snart og legger oss under dei varme (eh..) lakena. Gleder meg til ein god og lang dusj i morgon!

Framleis vannhale.

Nå er me på veg til hytta. Joey var ikkje så galen å få inn i bilen idag. Han skjøna kva som skulle skje då Vetle tok hundedyna fra rommet deira og bar den ut i bilen.

Ayla har framleis vannhale, og har vondt for å setja seg. Ho vil så gjerne, men klarer det ikkje heilt.

Første stoppen var ved ei lita elv etter to timars køyring. Joey vassa rett uti, mens Ayla stod ved kanten og beundra motet hans. Han syns ikkje det var fullt så ille å hoppe inn i bilen igjen etterpå.

Andre stoppen var klokka elleve. Me fant ein veg som viste seg å føre inn til eit jorde der begge hundane fekk springe lause og kose seg. Ayla fekk ferten av noko, og blei borte bak ein haug i sånn cirka eit og eit kvart sekund før ho kom gallopperande tilbake. :-)

torsdag, juli 20, 2006

Mål for ferietrening

Eg skal trene MINST fire gonger i sentrum.

Kvar dag skal eg trene utgangsstilling i MINST ti klikk.

Om eg så skal bade kvar einaste dag (huff for eit offer), så skal Ayla lære å svømme i løpet av dei to vekene. Så sant vannhalen er ok igjen, altså...

Vetle skal få sikker innkalling igjen.

Me skal trene target i MINST ti klikk til dagen.

Begynne å trene slalom mellom beina på ein eller annan måte(sjølv om ho er svært høg og eg ikkje har så skrekkelig lange bein, akkurat) .

Ta med loggen over det å lukke døra, og fortsette på den på hytta.

Få Ayla frivillig med oppi robåten. Kanoen passer ikkje for hundar.


Jepp.. Det er treningsmåla mine for ferien. Små mål som eg kan nå, og så er alt anna ein bonus.

20. juli. Lite trening i ferieforberedelsar.

Ja, det blir lite trening nå rett før me reiser på ferie. Nå når Ayla har vannhale, kan eg ikkje trene SITT med henne. Ho prøver, men halen henger i veien, og så klarer ho ikkje å setja seg heilt ned, og så gjer det vondt, og så reiser ho seg rett opp igjen. Når me skal inn og ut av dører, held det at ho held seg bak meg. Eg venter ikkje til ho set seg. Stakkar, ho syns dette er skikkelig ekkelt..

Av og til er det som om ho gløymer seg ut, og setter seg enten for kos eller godbit. Då kan eg nesten sjå at ho blir skikkelig lei seg og husker halen igjen. Håper det går over fort.


I går, onsdag, hadde eg likevel ei bittelita treningsøkt på det å lukke døra. Eg har ikkje trent på det sidan sist i juni, og då slutta eg av med at ho lukka døra heilt inntil fra heilt åpen.

Eg byrja økta i går med å la henne lukke att døra fra 20 cm åpning, og auka med ti cm for kvart klikk. Ho hadde 100% i 4 rundar á 5 godbitar, og endte opp med å lukke døra heilt inntil fra heilt open igjen.
Etter klikket hiver eg godbiten litt bortover golvet i forskjellige retningar, så ho må aktivt oppsøke døra for å lukke den, i tillegg til at eg får tid til å lukke opp døra igjen.

I tillegg hadde me ei ringeklokkeøkt. Vetle stod på utsida og ringte på mens eg sa "Ringe det på?" og heiv godbitar på golvet kvar gong klokka ringte. Av og til tar han i døra, og ringer han på igjen. Me er komne så langt nå, at dei boffer kanskje ein gong, eller ingen, og så ser på den av oss som sit i sofaen og skal kaste godbitar.

Lørdag drar me oppover til Treungen til hytta, og sidan eg fann ut koss eg kan sende epost frå mobilen min i går, kjem bloggen likevel til å bli oppdatert med siste hundenytt dei to vekene. DET kunne eg ikkje på Yahoo!

onsdag, juli 19, 2006

19. juli Det er direkte skadelig å ha hund!


Dette skjedde i går då eg hadde vore ute på tur med Joey og Ayla.

Eg har eit band med karabinkrok i kvar ende, og i staden for å lage løkke i eine enden holdt eg i kroken. Då me kom tilbake fra turen, såg Ayla sonen til husvertane, og SKULLE bort for å helse. Eg holdt igjen, og kjente at noko gjorde vondt. VELDIG VONDT!! Eg kikka ned på handa mi, og såg at kroken hadde gått gjennom skinnet, og stod langt nedi handa.

Eg ba guten koble bandet av Ayla, så eg fekk trekt ut kroken uten frykt for bevegelsar frå henne. Det gjorde så vanvittig vondt, og eg var nesten litt skuffa over at det blødde så lite.

Husverten min stod der også, og han kom bort og sa eg måtte setja meg ned før eg trakk ut kroken.

Eg fekk han ut til slutt, og tenkte på badinga ved hytta med ein gong. Eg måtte vel kunne bade sjølv om eg nå var fryktelig skada? Kan hende eg måtte til legevakta og alt?

Men eg måtte jo ikkje det... When all else fails, make the worst of things. Jupp...

Ringte til Vetle og syns forferdelig synd på meg sjølv som måtte vera så uheldig og skade meg på hundebanda... (sår på foten for ein mnd-seks veker sidan)
Han sa "stakkars" og "huffda" og alle dei rette tinga, og så måtte eg ha papir på såret resten av kvelden.

Kva blir det neste?

tirsdag, juli 18, 2006

18. juli Vannhale.

Då eg kom heim i går var Olaug og jentene der. Dei hadde vore og henta Swejsan frå kennelen.

Etter at dei hadde dratt, såg eg at halen til Ayla var rar. Eg tok litt ved halerota, og ho viste at ho hadde vondt der. Vannhalen var et faktum..

Ho stod knappe to minutter i vatnet i går, men det var kan hende kombinasjonen med bratt terreng og vatnet som gjorde det?

Ho hadde problemer med å legge seg, såg det ut til, og ho klarte ikkje å sitja. Difor trente eg berre på å kunne ta på føtene hennar mens ho stod oppreist i går.

Me trente litt på at ho skulle legge hovudet i handa mi og at eg kunne kikke henne i øyrene.

Håper ho blir frisk igjen til me skal bade på hytta!!!

søndag, juli 16, 2006

16. juli søndag Tur til Dalevatnet

Vakna rett over ni i dag. Då hadde Vetle allerede stått opp og lufta hundane. Det stod frokost og te på bordet og venta på meg då eg var ferdig på badet. Mmmm... :-)

Eg foreslo ein langtur seinare med Ayla, og valget falt på Dalevatnet


Me parkerte bilen fem over tre og begynte turen oppover mot vatnet. Stien var brei og fin, men med millioner av svære digre blodtørstige maur. Eg noia litt, det skal eg innrømme, og jogga vel meir enn eg gjekk.

Været var slik at Ayla peste fra me gjekk frå bilen og til me kom att, og både Vetle og eg gjekk i singlet.

Me traff ikkje så mange folk, men dei me møtte gjekk det greit med, heilt til Vetle måtte spørje ein mann om kor langt det var til me var framme. Då bjeffa ho to gonger og trekte i bandet.

Vel oppe fekk eg Ayla til å gå ut vatnet til knea. Det var ekkelt, men litt kult også så lenge ho kunne drikke uten å bøye nakken.

Me åt nista vår, og Ayla rygga og dekka og sette seg for bitar av ei halv skive.

På veg ned traff med til saman seksten folk, men ho bjeffa ikkje på nokon av dei, for eg mata ho med pølser medan dei passerte.

Me brukte to timar og åtte minutter på turen.

Vel heime tok eg med meg Ayla ned til Elna og avtalte med henne at eg skulle begynne å ri hingsten hennar når eg kjem heim frå ferie. Juhuuu!!! *sa ho med skrekkblanda fryd*
Den er svær og diger og nydeleg og det er lenge sidan eg har ridd noko... Satser på at eg husker koss det var.

Rolf kom, og då bjeffa Ayla på han. Det plar ho ikkje gjera, men han bar på noko og såg sikkert annleis ut. Ho busta ikkje, og halen var ikkje låg. Det såg ikkje ut som om ho var redd eller syns han var skummel, berre at ho sa frå at det kom ein mann der, liksom. Etter at han hadde vore og lagt frå seg det han bar på og kom tilbake til der me stod, sprang Ayla mot han og syns det var sååå kjekt at han kom... Rare hunden...

Ho er blitt ein mester til å komme og lekedra med sokkar nå! Ho har fått nokre sokkar som ikkje har make, og inne rygger ho to-tre meter rett bakover. Ute har me ikkje kome fullt så langt.

lørdag, juli 15, 2006

15. juli lørdag Trening ved Sørbøhallen

Eg og Ayla drog avgårde til Sørbøhallen rett rundt halv elleve, og var framme samtidig som Anne Karin.

Eg trente på På Plass i dag, tannvisning, ta på kroppen, kontakt med forstyrrelsar, bytte leker og bittelitt rygging.
Me var veldig flinke til å skrive logg, og fant ut at Shaylee bare skal ha 3 omgangar à fem godbitar.

Før eg byrja med utgangsstilling, måtte eg få nokre sittar. Det er lenge sidan eg har trent på sitt nå, og eg var ikkje heilt sikker på kor lett eller vanskeleg det skulle bli å få dei fram att.
Eg stilte meg opp, med blanding av kyllingpølser og kalkunkarbonader, og jackpot (svart sokk) på baklomma.
Det kom litt rygging, bukk (sjølv om ho ALDRI har fått klikk for å bukke), dekk, litt rygging til, snu rumpa 90 grader mot meg med frambeina i ro, og så ein sitt. Den fekk ho klikk for, sjølvsagt.
Så gjekk ho gjennom heile repertoaret igjen før ho tilbaud sitt.
Målet mitt var fem kjappe sittar etter kvarandre, og det tok cirka 2-3 minutter før dei kom.

Ayla setter seg beint 99% av gongene nå, inntil vegg eller kant så låg som fortauskant.

Klokka fire reiste me derifrå. Var innom til Olaug og mata kattar og fiskar, og var heime rett over seks.


På kvelden fant eg endå ein klump hos Joey. Rett i nærheten av venstre armhule. :-(

fredag, juli 14, 2006

14. juli I dag morges

På morgenlufting i dag, MÅTTE eg bare prøve litt rygging. Ho rygga ein halvmeter, og så var det stopp. Men greit nok det, kriteriene var annleis, me var ute, og ein halvmeter er betre enn ingenting.

Så, ut av det blå, står ho nærmast i ro med frambeina, bakbeina forflytter seg slik at ho endar opp i 90 graders vinkel fra mi venstre side!! Eg klikka og deretter jubla og klappa og hoppa opp og ned.. Needless to say, ho tilbaud det igjen etterpå!!

14. juli Det går framover.

Meininga var å trene effektivt i går, men den planen gjekk rimelig kjapt i vasken då eg kom heim til ein hund som var uvel. Ho låg på golvet og sikla, og sidan eg nettopp hadde lest på Canis om flått som set seg i halsen, og kravler ut av seg sjølv, fekk eg litt noia.. Eg stod og lagde middag, og tilbaud henne litt svinekjøt. Det ville ho ikkje ha, så eg sa til Vetle at eg trur ho er kvalmen. Han tok henne med seg ut på plenen, og ikkje før hadde ho gras under beina, så spydde ho.

Ho hadde dessutan bæsja FEM gonger i løpet av dagen (ikkje inne, altså), og etter at ho var ferdig, låg ho som eit slakt resten av kvelden.

Avføringa var fast og fin og såg normal ut, men ho bare bæsja MASSE! Og mange gonger. Og spydde noko gult.


Etter at SOS Hundehjelpen var over, såg ho ut til å vakne igjen, og gjekk og fant ein sokk til meg og la den i fanget mitt. Idet eg tok i sokken, livna ho skikkelig til, og tilbaud rygging rett bakover, cirka ein meter. Eg braut ut BRAAA! og kasta sokken til henne. Deretter brukte eg klikkeren, og fekk til slutt to meter rask rygging.

Me tok med oss sokken ut på kveldsturen, og med ein gong eg hadde kasta sokken til henne, så var det bye bye Ayla ut på jordet. "Jaja," tenkte eg... "nå må eg huske kva eg las tidlegare på dagen, at når hunden drar avgarde med leika på den måten, så skal eg sjå ut som om eg ikkje bryr meg. Human-zen." Og jammen, sikker og visst, der kom Ayla og nærmast dytta sokken i handa mi!! "Juhuuu!", tenkte eg då!
Eg klikka nokre gonger til, og kvar gong sprang ho ut på jordet. Det tok henne kortare og kortare tid før ho kom til meg med sokken, og til slutt sprang ho ikkje på jordet med han først lenger. Då kom ho til meg med han, slik ho gjer inne. Me ga oss då. Flink Kari Anne. Og flink Ayla!

Ja! Då eg skulle snu ryggen til Ayla, kom Joey også og stilte seg ved sida av meg og snudde ryggen til henne, han også Han er blitt så ivrig etter å trene på ting som føregår mellom beina min (ja, eg veit korleis DET høyres ut), at han har byrja å bjeffe! Dakar gamlefar...

Tidlegare klarte eg ikkje å få han til å gå slalom meir enn to gonger, nå tar han fem og der er ikkje særlig mellomrom mellom han og beina mine lenger!!

Prøvde også å gå PÅ PLASS med han i går, og så sei snurr og gjere handteiknet (dette har eg bare prøvd framfor meg tidlegare), og han snurra!!
Han vil ikkje lenger ha tube som belønning, for eg brukte leverposteitube her ein dag, og då kom der noko luft ut som laga lyd akkurat i det han sette munnen til tuten. Tøffe brumlegutten blei livredd og ville ikkje kome nærmare tuba enn ein meter. Jadda...

torsdag, juli 13, 2006

13. juli Næmmen, ka DU har?

Dei siste dagane har Ayla blitt ekspert i å finne sokkar eller hanskar eller klogge såler, eller tomme dorullar som ho kjem til meg med. Me begynte med sokkar. Ho fekk ein, og kvar gong ho kom til meg med den, herja og leikte me. Av og til "vant" ho den, og av og til eg.

Dersom eg "vant", måtte ho gjera noko for at eg skulle hive den til henne. Ho måtte enten sitje kjapt, dekke kjapt, rygge fem steg bakover, eller stå og sjå på meg. Dersom ho vant, kom ho tilbake til meg og leverte den i hand eller fanget mitt.
Denne leiken blei kjekkare og kjekkare, og eg byrja å seie "Næmmen, ka DU har?" når ho var på veg mot meg. Ho var rottweilerhappy som berre tusan, og skikkelig gira på denne leiken. No når ho har vore og funne noko ho ikkje skulle hatt i munnen, kan eg seie "Næmmen, ka DU har?", og så kjem ho til meg med det i stadenfor å springe inn i buret og setje seg med rumpa til opningen og starte å tygge på det.

I dag tenkte eg å forsøke ute med sokkar og langline og trene på denne leiken i andre omgivelsar enn inne.
Denne linken fant eg som gjeld akkurat dette. Mange gode tips som er vel verdt eit forsøk eller ti.

Ellers har me kome godt i gong med ringeklokketrening. Nå kjem EITT boff frå begge hundar, og så ser dei på den av oss som sit i sofaen og drysser godbitar. Juhuu!!

Joey snurrer til og med ved sida av meg no.

Ayla har vore mindre bøllete med Joey i det siste.

Ellers ser eg særdeles fram til ferie om halvanna veke!!!!!!!

onsdag, juli 12, 2006

12. juli 2006

Eg trur kanskje det har blitt sånn at når eg har satt meg fore å føre logg kvar gong eg trener, så lar eg heller vær å trene sånn at eg slepper å føre logg... Ooops!!

tirsdag, juli 11, 2006

11. juli Den gamle gode Joey

Han går nå skikkelig bra slalom mellom beina mine, han kommer gjennom beina mine bakfra, og nå kan han jammen meg snurr foran meg også!!

Kan jo nesten ta med HAN på freestylekurset om Ayla skaper seg vanskeleg!!

Han syns jo det er SÅÅÅ kjekt å lære nye ting i ein alder av 10,5 år! Synd me ikkje visste om freestyle for fem år sidan... Han ville blitt kjempeflink med litt meir trening enn det han får tida til nå.

lørdag, juli 08, 2006

8.juli Wow!!

Sendte mail med et spørsmål til Pamela Dennison, og hu svarte!!!!

fredag, juli 07, 2006

7. juli. Skulle nesten tru me var åleine!!


Ja, ein skulle nesten tru det i kveld.

Eg tok med meg Ayla, pølsebitar (leeeenge sidan ho har fått det nå), leverposteitube, bæsjeposar og mp3-spelaren med lydbok på og gjekk til Kvernevik langs sjøen.

Me brukte ein time og tjue minutt på 3,8 km. Ein koselig rusletur i raskt tempo og med stans for snusing, med andre ord.

Me traff ikkje eitt einaste menneske på heile turen, og då me kom til Vistestranda, fekk Ayla springerie!! Ho blei heilt løyen, og sprang rundt som ein gal mens ho bøyde hovudet og omtrent saug i seg sanden!! Eg veit ikkje kvifor ho gjer det, men det er heilt tydeleg at ho elskar å springe i sanden!!

Vetle kom og henta oss i min bil, og så køyrde me til jobben hans og henta hans bil.

Det blir spanande å sjå korleis Ayla kjem til å reagere når me kjem opp til hytta om to veker. Håper ho blir glad i å bade!!

7. juli Funderingar

Det er mange ting eg har lyst til å lære Ayla. Men eg veit ikkje heilt korleis eg skal gå fram for å klare det. Ho er min første klikkerhund, og sjølv om eg syns det er vanskeleg til tider, kjem eg aldri til å gå tilbake til noko av det eg har holdt på med før.

Eg held på å lære henne at når ho skal helse på folk, så skal ho sitje.
Det er vanskeleg for henne, men ho blir betre og betre for kvar gong.

Eg har lyst til at ho skal lære at å komme tilbake med leika til meg.

Eg har lyst til å lære henne at eg syns det er heilt greit at framande folk står like ved bilen.

Når det ringer på treng ikkje ho å varsle i tillegg.

Eg har lyst til å lære henne korleis ho skal gå fint i band uten å trekke i det heile, slik at sjølv svigermor med vonde armar kan gå tur med henne.

Eg må huske på at ho er berre eitt år. Små framsteg er like fullt framsteg.







Og så merker eg at det eg har lett for å trene på det ho kan, slik at EG blir forsterka. Eg må våge å forsøke noko nytt, f.eks (blæh) utgangsstilling. Ho set seg når eg stiller meg inntil henne, men kanskje akkurat det har blitt eit SITT signal?

MÅ FÅ STRUKTUR i treninga. Det er vanskelig!!!



Det er ein månad att til freestylekurset, og den månaden skal me trene inn ein sikker (i alle fall sikrare) target på finger, og lære Ayla å jobbe på begge sider av meg. Ho er van med å gå på begge sider, men eg skal også få til nokre sittar og dekkar der.

Kanskje eg og Ayla dreg ned åleine og ligg i telt dei to nettene, for eg er ikkje sikker på om eg har lyst til å la Joey gå gjennom endå ein langtur når me nettopp har kome heim frå ferie nokre dagar før, berre. Me skal jo uansett ned til Grimstad igjen fjorten dagar etter freestylekurset, og då må han vera med.



Ting å trene på:

Fokus med forstyrrelsar
Target på finger
- følge etter eit stykke
- begge hender
- snurre
- hoppe opp til den
- bøye seg ned til den
- mellom beina mine
Stå
Holde fast
Avstandsdekk/sitt/stå
Lukke kjøkkendøra (den øvelsen skriv eg logg på, kor nå dei arka er blitt av..)
Ringe på døra utan å bjeffe (Vetle og eg blei enige om å trene fem minutter kvar dag på dette. Han skal pinadø få halde det han lover! )

Det trur eg er nok i første omgang.

7. juli Oppsummering den siste veka


Fredag reiste eg til Ålgård og tok med meg Silje og Elisabeth heim til Vistnes. Det var flyttehelg, og eg ofra meg til å passe jentene...

Ayla simpelthen ELSKER jentene, og Joey også, for den saks skyld. Ho blei i ivrigaste laget, så eg måtte sette henne i buret ei lita stund.
Jentene hadde lyst til å bade i varmen, så me lånte bassenget til Andreas og tok oss ein dukkert alle tre. Tante måtte uti først, og gradestokken viste 20,5 varme. Silje er ein frostpinn og ville opp ganske snart. Elisabeth er lik tanten sin og skulle ikkje opp i det heile tatt.

Lørdagen stod jentene opp halv elleve, og me åt frokost før me heiv oss rundt og starta med decoupage. Kvelden før hadde me vore på IKEA og kjøpt to små skuffekommodar som jentene skulle male og lime serviettar på og ha på romma sine i det nye huset.
Ayla var mykje rolegare i dag rundt jentene, så ho fekk ingen pausar i buret i dag.

Søndag låg eg strekk ut med akutt magesjuke, og var knapt tilstades i denne verda.

Mondagen var eg framleis dårleg, men klarte å få i meg litt mat.

Tysdag var det skrekkeleg varmt, så det blei berre ei lita treningsøkt på kvelden. Då trente me på å byte leiker.
Det gjorde me på onsdagen også, og då hadde eg kjøpt nytt skeinebrett i stoff, sånn at eg hadde to leiker av lik verdi å byte med. Det gjekk kjempeflott!

I går tok me med oss begge hundane og gjekk ein runde på 1,4 km. Me trente båndtrening heile turen, og brukte ikkje mindre enn halvannan time!!
Det kom eit par andre turgåarar, så eg trente også på det med Ayla. Ho observerte dei fint, og tok i mot godbitane roleg og bra. Ingen teikn til vokting eller varsling eller noko!!

Eg var nok litt håpefull som trudde at ho skulle gå fint på den turen, for det er lenge sidan me har gått akkurat der. Når me går langs vegen går ho jo fint i band, og eg treng mest ikkje stanse i det heile. I går tok det meg altså nesten halvannan time å gå 1,4 km, ein tur som normalt skal ta ca 10-15 minutter.
I ettermiddag ser det ut til å bli like kjølig som i går, så eg får sjå om ikkje eg klare å overtale Vetle til å bli med rundt Mosvatnet (3 km)... Eller kanskje han kan vera heime med Joey, for Joey er ikkje i form i dag. Må tenke litt på den..