mandag, februar 27, 2012

Trening i Sørlandets Hundehall

Glad ekvipasjeSøndag var dagen då Emil skulle inn i ein treningshall for første gong i sitt liv. Ein gong måtte jo bli den første, og nå var tida komen.

Då me kom fram klokka to, var allereie Marit og Bjørne (mannen til Marit) og Lotte der, og medan me stod og venta på at kurset skulle slutte og me kunne inn og trene, kom ein hund me har vore på kurs i lag med tidlegare ein gong. Denne hunden hadde Emil særs dårleg kjemi med, så mine forhåpningar om produktiv trening falt i grus temmeleg kjapt.


Kari Anne og innehaver av hall
Eg MÅTTE berre bort og helse på den skjønne kvalpen Siv passar for tida… smeeeelt!!

 


Inni ein hall er det trass alt begrensa kor langt vekk ein kan gå frå det som forstyrrer.

Eg gjekk først inn med alt utstyret, og sat meg ned med ein kopp te for å mote meg opp til å hente inn Emil. Til slutt blei eg overtalt av både meg sjølv og Bjørne om at det sikkert ville gå betre enn frykta.
Marit Lotte og Kari AnneDet første som skjedde då eg tok Emil ut or bilen, var at det kom UT eit par hundar frå hallen. Mister Brumlebasse dukka umiddelbart opp, og eg hadde nok mest lyst til å sette han i bilen igjen. MEN, eg trassa lystene og belønte han inn i hallen og fekk han inn i buret utan lyd.

 



Då det var vår tur til å trene, starta eg med leik, og han var Emil i drakamp100% på nett med meg ABSOLUTT heile tida! Joda, han kikka seg rundt litt av og til, men han gløymte meg ikkje ut.

Eit par gonger murra han litt, og ein gong Lotte kom litt for nært buret, kom det EIT bjeff. Det var vel det av lyd han laga dei tre timane me var der.


Eg fekk trent på halvparten av det eg hadde håpa på, men var veldig fornøyd med det me fekk til.
Emil fint ved fotEg kunne åpne buret, gå på andre sida av hallen og rope han ut i leik, la bandet henge etter han og seinare også koble det heilt av, belønne med ballen og la han springe og hente den uten å vera redd for at han ikkje skulle komme rett til meg med den igjen, gå FVF mens Marit stod og heiv pipetennisballen forsiktig i veggen og Bjørne sat ved buret og laga lyd med ein annan pipetennisball. Det var enkelt for Emil til å begynne med når han berre HØYRDE pipinga, men då han fekk sjå at Bjørne hadde ballen, sprang han faktisk bort, klar til å ta i mot i tilfelle Bjørne skulle miste den ;-)  Etterpå trente me på nettopp dette, og då var han Er jeg ikke flink_edited-1ikkje like enkel å lure, gitt. Emil, altså…

 

På veg heim stoppa me innom Tove ein kjapp tur, og denne gongen ville Emil starte på trappene heilt av seg sjølv. Han ramla ned halvveis oppe, men forsøkte igjen med friskt mot, tøffingen min! Og då han kom seg opp, fekk han kjeks av farmor, må vite, og det er ALLTID like stas!
Då det var på tide å reise derifrå, hadde han ein stil NEDOVER trappene eg aldri har sett maken til! Veldig synd eg ikkje fekk festa akkurat det til film, for gu’hjelpemegvel!

Alt i alt er eg veldig fornøyd med både trening og besøk, og får eg tilbud om å komme og trene igjen, så vil eg nok takke ja til det. Emil brydde seg veldig lite om at det blei bjeffa og leikt i resten av hallen, og eg merka ikkje NOKO til at han hadde lyst til å springe bort til nokon av dei andre hundane.

 

Tusen takk til Bjørne Jortveit for bildene!

fredag, februar 24, 2012

Tida går, og det gjer vinteren også.

Fin Emil
Det er på tide med eit blogginnlegg igjen, men det at eg ikkje blogger, betyr ikkje at me ikkje trener. For det gjer me.

Den siste tida har eg forsøkt å endra at han går så langt framme under FVF når han forventer ball som belønning. Og nå begynner det endeleg å gi resultater! Eg trener også på at han skal jobbe lenger og lenger før belønning, og så har venstrevendingane endeleg løysna for oss.

Tidlegare har eg haldt venstrefoten i ro medan eg har sving over høgrefoten, slik eg gjorde under bakpartskontroll på kloss, og då har han hatt tendenser til å setje seg lynkjapt akkurat i svingen.
Heilt tilfeldig forsøkte eg å bruke venstrefoten til å starte svingen med, og då sette han seg ikkje! Dermed ser dei også mykje finare ut no.

Ellers har det enten vore mykje snø eller veldig glatt dei par siste månadane, og då er det ikkje SÅ enkelt å trimme den gule sprinteren min. Han har fått springe og herje MYKJE i snøen, og jobba mykje med musklane sine, sjølv om det ikkje har blitt like mykje langdistanse som tidlegare i haust. Så om det er musklar eller fett, det veit eg ikkje, men han har lagt på seg nesten to kilo sidan sist eg vog han. Nå er han 31,5. Eg syns han har blitt meir muskuløs framme, og at han har fått ein voksnare kropp, så sannsynligvis er det musklar. Me seier det ;-)

SAM_2474Ayla går det så som så med. Ho har mista matlysta, og eter dårleg for tida. Ho eter godt på kvelden, men på morgonen vil ho ikkje lenger ha hundemat. Ho kan til nøds tygge på ei skive med leverpostei, men kjem skiva utan leverpostei, lar ho heller Emil få den.
Humøret ellers er det ingenting å seie på, og blir med på lufteturar rundt huset, leiker godt i lag med Emil, og har full kontroll på at kattane ikkje herjer på golvet i tide og utide.

Me har hatt besøk av Olaug og gjengen (Lea, Mimi, og Thassie), men der kræsja kjemien, og SAM_2425det blei ingen kontakt mellom dei under besøket. Det gjekk greit likevel, og Ayla blei ekstatisk då ho skjønte at det var Olaug og Lea som kom! Ho peip og kvein og visste ikkje kor ho skulle gjer av seg! Emil murra ingenting til Lea denne gongen, slik han gjorde sist dei to traff kvarandre, og det gjorde meg veldig letta.
Han fekk bli med oss på skitur til bakketoppen der me tente bål og grilla pølser.



SAM_2496Nå nyleg hadde me besøk av Carita og Oliver, og eg frykta veldig at Emil skulle vera pubertal og hormonell og ikkje tåle trynet av Oliver, men alle mine frykter blei heldigvis gjort til skamme, og tvert i mot takla han det heilt fantastisk! Dei omgjekk kvarandre som om dei var vakse opp i lag, og Emil viste STORT tålmod med besøket, det skal han ha Smilefjes







Og så har Emil fått seg heimesydd dekken med pønt på! Han syns det er heilt greit å ha det på, sjølv om det nok kunne vore eit lite hakk større.
IMAG0371IMAG0369IMAG0368

Nå går det endelig an å gå et stykke innover vegen her igjen, og det måtte nyttas til fulle i dag då sola kikka fram innimellom regnbygene.
SAM_2509

Det gjekk bittelitt hard for seg, så nå kan eg seie at eg har blitt bitt til blods av min eigen hund:
SAM_2512

 

På søndag skal me til Sørlandets Hundehall og trene litt strukturert igjen, og det kan jo bli spennande… Enten går det greit (mest sannsynlig gjer det det), eller så får eg litt fleire ting å trene på. Me har aldri trent innandørs i ein slik hall før, berre på lageret til Vetle, så det blir noko nytt uansett. Det kjem sikkert eit blogginnlegg ganske kjapt etter søndag, tipper eg. :-)