søndag, oktober 31, 2010

Kjapp oppsummering av veka.

Mandag var me og trente litt på hundeklubben sitt område. Eg har forsøkt å dra i gong ein treningsgjeng her etter at kursa slutta for sesongen, og første kvelden dukka det opp heile TO stykker til slik trening. Kveld to var eg i Stavanger på Rallycup, og kveld tre var eg altså heilt åleine på trening. Eg får gi det nokre veker til, for eg kan trene åleine her heime... Generalisering kan eg gjer overalt elles.

Utover veka har me trent på litt ulike ting, deriblant STÅ. Emil er ikkje den flinkaste til å stå i ro, men me fekk det sånn nokonlunde til likevel.

Fredagen var me og rusla litt på Snøplogfjell, sånn bare for å gi Emil litt ro i kroppen. Snøplogfjell høyres kanskje eksotisk og spennande ut, men det er berre ein liten høgde på andre sida av grusvegen her. :-)

Laurdag hadde eg eigentleg tenkt å ha Emil med meg til sentrum og gå ein tur der, men då eg skulle køyre nedover, kom eg på at eg hadde gløymt lommeboka mi oppe på kjøkenet. Difor heiv eg ein god neve pølsebitar på plenen som Ayla og Emil kunne kose seg med dei få sekundene det tok for meg å springe opp på kjøkenet.
Då eg kom ned igjen, forventa eg å sjå ein gul og ein svart hund med nasane i graset på leit etter pølser, men den gong ei. Emil hadde nådd å springe ned i bekken, som var stooooor pga høljeregn tidlegare på dagen, og var bokstaveleg tala våt fra øyrene til halen. Eg blei pottesur og veldig irritert, så han fekk bli med Ayla inn på hunderomet og bli att heime. Han skjøna jo ikkje at eg var hevngjerrig, men det føltes godt for meg ;-)
   
Seinare på dagen rusla me heller innover vegen og forbi Fiskelausvatn. Så tok eg av vegen og gjekk nokre meter inn i skogen. Der sette eg meg ned, og tenkte at eg skulle sitje der til Emil slappa av - inspirert av dette innlegget til Nina.
Emil kom bort til meg av seg sjølv og sette seg ned framføre meg. Der sat han og snuste i lufta i nokre minutter utan å slappe skikkelig av. Så då fekk eg han til å kome nærmare meg. Han snuste framleis i lufta, og eg begynte å fryse på rumpa.. Men eg tenkte at om eg så skal fryse på meg blærebetennelse så skal eg sitja her til han slapper av. Så stirra han brått mot vegen og begynte å murreknurre.. sånn djup gurglande murring som betyr at "Nåke ukjent er registrert.. kanskje.." Mulig eg burde tidd stille, men eg ba han roleg slutte. Det gjorde han. Etter omtrent ti minutter med mild interesse for ein flokk småfuglar som kom forbi oss i trea, la han seg ned og kvilte hovudet på foten min mens han pusta djupt ut. Eg tenkte eg ville telje til femten før eg reiste meg, men innan eg hadde kome så langt, hadde han reist seg igjen. På'an igjen. Eit par minutter seinare la han seg atter ned igjen, og då låg han lenge nok til at eg syns han hadde vore flink nok.

I dag har eg vore på sportrening, der eg forsøkte å følge dette rådet som eg fekk etter å ha sendt inn spørsmål til Canis sitt ekspertpanel. Eg la buar og serpentinar så det ljoma etter, og med kun EIN gjenstand i sporet. Det var veldig uvant.
Sporet låg i nesten to timar, og han virra litt mindre enn forrige spor, faktisk. Eg roste då han tydeleg valde rett veg å gå, og dette såg ut til å vera ein bra strategi. Og kan tru han blei lukkeleg då han fant favorittleika si etter ca 200 meter!! Flinke Emilen min :-)

Så til slutt vil eg vidareformidla eit innlegg eg blei tipsa om i dag. Dette angår ALLE som nokonsinne går på kurs: "Dommere som skal oppdra andres hunder"
For dette gjeld instruktørar også som skal vise med hunden din.

søndag, oktober 24, 2010

Løøøvli tur i skogen med viktig kart-og-kompass trening.

I dag var det så nydelig vær her at eg klarte å få med meg Vetle på ein tur i skogen. Eg hadde lyst å gå direkte fra huset og til enden av grusveien som går innover skogen her. Eg ville gå gjennom skogen til enden, og grusveien tilbake igjen, og ha med kart og kompass for å øve meg i slike ferdigheter. Vetle viste meg litt i fjor, men eg trudde ikkje at eg huska det. Det gjorde eg, så då var det bare å ta beina fatt!

turen
Den raude løypa er der eg brukte kart og kompass for å finne fram, og den blå er grusveien. Sistnevnte er 2,2 km lang. 

Emil var sjølvsagt med, og han hadde ikkje band på. Han var høgt og lågt, att og fram, vassa og koste seg i kvar einaste bekk eller myr me passerte eller forserte, og det var deilig å sjå kor flink han er blitt til å fote seg. Då han var yngre, snubla han ein del og vågde ikkje hoppe over bekkar og hol eller klatre opp og ned bratte fjell.

 DSC09511
Studerer kartet og staker ut kursen


DSC09516 
Huset vårt på seinhausten :-)

DSC09520
Lurer på kven som har bæsja her?


DSC09549
Ein liten pust i bakken


DSC09553
Me fant ei forlatt beverhytte, og dette er tatt inn i den eine åpninga. På veggen bakerst veks det altså sopp :-)


DSC09560 
Eg var ikkje sikker på kor det var best å krysse bekken, men fant til slutt ein stad me kunne komme over tørrføtte.


DSC09567 
Eg fant fram!!!


DSC09579


DSC09589


DSC09626 
Sjølv etter ein lang tur er Emil klar for litt FVF trening.


DSC09630
Tvers over vegen gjekk dette sporet. I nesten rett linje. Det kunne nesten sjå ut som at ein eller annan fugl hadde streka opp ei grense. Hit, men ikkje lenger.


DSC09634 
Kvar gong eg stopper opp for å posere, kjem Emil inn i utgangsstilling.




Og så til slutt nokre kalde bilete frå litt tidlegare i veka:

DSC09460

DSC09459

Seinare same dag snøa det, og dagen etter såg det slik ut:

DSC09502

mandag, oktober 18, 2010

Emil sin aller første konkurranse!!

I kveld sitter eg her og svever av stolthet! Emil var så utrulig flink på rallycupen, og me endte opp med 185 poeng av 200 mulige! Ikkje verst til å vær ni mnd gammal! :-)

Tidligare i dag trente me litt på stå fra sitt og litt sånn andre kjekke ting som f.eks beine dekkar og vendingar med alle fire føtene på bakken... Me fekk berre bruk for det siste momentet i kveld, for Ghita hadde valgt vekk alt som hadde med dekk å gjer :-) Snilt, sjølv om eg er heilt sikker på at Emil hadde klaska ned i dekk sjølv om det var litt vatn på bakken :-)

 Me fekk lov til å gå først, og sjølv om Ghita hadde gitt beskjed om at alle andre hundar enn dei som skulle konkurrere måtte vekk frå området, var det ein liten som stod akkurat der me skulle passere. Dermed dukka Mister Brumlebasse opp, og eg fekk også eit lite glimt av Herr Brølape. Han henta seg raskt inn igjen, og då han var litt meir nedpå, sette me i gong. Sånn cirka rekkefølge på skilta var:


360 grader høgre
Spiral venstre - hund innside
Enkel åttetal
Stopp. Vending venstre. Stopp.
270 grader høgre
Sakte marsj
Vanlig marsj
Sving venstre
Stopp. Et steg høgre. Stopp.
Spiral høgre - hund utside
Sitt foran - høgre fram
270 grader venstre
1-2-3 steg fram
Høgre steg
Heilt om venstre
Høgre sving

Eg repeterte Stopp. Vending venstre. Stopp, men eg hugsar ikkje kvifor.
Så repeterte me Spiral høgre - hund utside. Då rota me det litt til for oss, og det var her han første gongen datt litt ut.


Så repeterte eg 1-2-3 steg fram, fordi då eg skulle ta to steg, trudde eg at eg hadde tatt tre steg, men det hadde eg ikkje. Eg VILLE berre ikkje diske, så eg tok ikkje sjansen på at eg hadde gjort rett. :-)


Bortsett fra tre repetisjonar fekk eg trekk for kvar einaste snusing han gjorde, og ein gong fordi lina var stram. I ettertid såg eg at det nok ikkje var ein god ide å vera først ut, for dommaren var ekstra streng med oss. Lenger ut i rekka slapp hundane unna trekk for snusing og strame liner, så om me deltar på tredje kvelden, trur eg at eg vil starte litt uti ;-)

Alt i alt er eg utrulig fornøyd med kvelden. Me hadde som draum å ikkje diske, og den blei oppfylt :-) Flinke flinke Emilen min!

søndag, oktober 17, 2010

Nok ei helg på farten.

Ja, då er eg og Emil godt innlosjerte på Ålgård hjå Olaug og gjengen. Men først eit par bilete heimefrå:

 DSC09370
Heime hjå oss får ikkje hundane vera i sofaen anna enn når noko spesielt skal skje.
Tinka fekk lov då me visste kva veg det gjekk med kreften. Joey fekk lov dei siste vekene etter at me hadde bestilt tid for Det Siste Farvel, og nå får også altså Ayla lov til å boltre seg i sofaen. Me veit ikkje kor lang tid det vil ta, men nå får ho lov.



DSC09371
Sist helg då eg var i Odda, kom eg heim til at Vetle, snillingen, hadde laga ei flott bru over bekken til meg. Med gelender og greier! Og her sit Legolas og speidar innover skogen for å følge med om det kjem ein elg, eller kanskje ein elefant.

_____________________________________________________-

 

Så til helga.
Årsaken til at me har reist opp hit nå, er jo at planen framleis er å gå rallycup i morgon. Og i den samanheng inviterte eg nokre få til ein intensiv treningsdag på lørdag. Ikkje alle kunne, sjølv om dei fleste nok gjerne ville, så me blei tre stykker som trente denne dagen. Det var eg og Emil sjølvsagt, og så var det Gunn og Embla og så var det Carita og Oliver.

DSC09376 DSC09380

Mellom oss tre og hundane våre, blei det trent på innkalling, bakpartskontroll, skiltforståing, start på FVF, vendingar, rette sittar, tannvisning, kontakt med forstyrrelsar (og det blei det nokre av denne dagen), og sikkert meir som eg ikkje hugser.

For min eigen del tabba eg meg skikkelig ut med å demonstrere bakpartskontroll oppå skiltholderane til Ghita. Då eg etterpå skulle trene litt på dei ulike skilta, forsøkte han å gå oppå klossen med skiltet på.. Phanken, altså...

Søndagen skulle Carita og eg på skøyter i den nye fleirbrukshallen i Sørmarka, og der kjende eg særdeles godt at eg hadde gjort ting på lørdagen som eg vanlegvis ikkje plar gjera. Det var såvidt eg klarte å halde meg på beina.. Berre så alle veit det; når ein går på skøyter, bruker ein musklane framme på låret! Det lærte eg grundig i dag! Det er nemleg nøyaktig dei same musklane ein bruker når ein skal ned i djup knebøy for å belønne ein flink Emil i innkallingstrening.

Då eg kom heim etter skøytinga, fekk eg lov til å ta med meg Lea på tur i lag med meg og Emil, og kan tru me koste oss!

DSC09387 
Lea er vant til å gå i skog og mark, og syns aldri noko er tungt eller langt.


DSC09389
Emil og Lea i fullt firsprang oppover bakkane.

DSC09399
Dei var så snille og venta på meg så eg fekk nå dei att :-)


DSC09401
To blide turkameratar.


DSC09431 DSC09417  
Me fann noko tau som var spent opp i nokre trær, og slikt må jo klatras i.

DSC09433 
Tante og Lea.


DSC09434
På veg heim fann me eit hasseltre med svææære nøtter på, så dei måtte me jo smake :-)

søndag, oktober 10, 2010

Helgetur til Odda

I helga har me vore i Odda på besøk hjå Zelante. Zelante er ei nydelig portugisisk vannhund som Emil forelska seg i ved første augnekast. Dei klarte knapt å vera frå kvarandre heile helga. Kvar morgon var dei like glade for å sjå kvarandre, og måtte berre leike ut litt energi.

Me kom på fredags ettermiddag, og den dagen gjekk stort sett med til å ete og snakke og sjå på hundane som koste og leikte på golvet, anten nede i kjellaren, eller oppe i stova framføre TVen.

DSC09194
Emil syns det er litt pinlig å bli lagt i bakken av ei dame.. NOT!!! Knallkjekt!! :-)


DSC09178
Emil gir Zelante ein gooood klem.. NOT! Ho skal i bakken!! :-)


DSC09189
Litt psycho-look på Zelante her :-) 


Med ein gong me kom på fredagen, tok me oss ein liten rusletur med hundane langs med vatnet, og der fekk me ikkje mindre enn tre hundar å trene Prosjekt Brumlebasse på! Den første var ein kvit liten terrier som tok oss igjen. Den andre var ein slags liten bulldogaktig sak som passerte oss, og den siste var ein spaniel ME passerte. Alle episodane føregjekk utan lyd og med mjuk munn. Deilig!! :-)

____________________________________________________

Lørdagen var me nede i sentrum og handla litt før me gjekk tur med hundane ein annan stad langs vatnet. Her var det kupert og spennande terreng for Emil og meg som er vane med flate og slake skogar og vegar. Ein deilig tur, dette også, der me prøvde å få til nokre fine arrangerte bilete av hundane, men det er neimmen ikkje alltid like enkelt..

IMG_4328
Eg prøver så godt eg kan å få hundane til å stå fint og i ro.. Enklare tenkt enn gjort...

DSC09211 
Hmm.. tru kor Emil har vore med nasen sin?

DSC09219 
Emil i det kalde brevatnet.


DSC09227
Nesten litt grotteaktig, dette her..


DSC09234
Emi står og sniker på Zelante, og det veit Zelante veldig godt.


DSC09250 IMG_4292
Nydelege Zelante


DSC09259 
Vakre svensken min <3



DSC09267 
Emil og Zelante i ein sjeldan roleg augneblink :-)


DSC09270 

________________________________

Søndag på veg heim, stoppa me eit par mil ovanfor Hovden og rusla litt i lyngen. Her var verkeleg Emil i sitt rette element! Han fauk lågt over tuene, hoppa og spratt og sprang og hadde luft under potane heile tida! Det var vakkert å sjå, men eg klarte ikkje til fulle å fange kjensla i kameraet.

 DSC09313
DSC09284
DSC09285
DSC09287
DSC09288
DSC09325
DSC09306
DSC09303
Veldig synd med den greina midt i bildet, ellers hadde dette vore heilt perfekt! :-)


DSC09315 
DSC09319
DSC09323 
Han er så fin! Har eg sagt det før? :-)