mandag, juni 25, 2012

Godværsbloggar er eg IKKJE!


Emil
Bloggen min handlar om hundhald på godt og vondt, og då må det vonde også få plass her.
Etter stevna i Bø der han oppførte seg så veldig annleis enn han gjer på trening, har eg tenkt og tenkt og tenkt på kva det kan skuldast. Eg veit ikkje om eg har kome fram til noko, men tankane har sveipa innom psyken til Emil. Er han rett og slett for sensitiv til å takle stevner?  Må eg gi opp slikt heilt med han også? Kan eg aldri konkurrere igjen?

Med dette i tankane heiv eg meg impulsivt med på ein bronsemerkeprøve. Det vil seie, eg utfordra Marit og Lotte og sa at om Marit meldte seg på, så skulle eg melde meg på også. Marit så gjorde, og då måtte eg også delta.

Øvelsane i bronsemerket er: Tannvisning, Lineføring, Stå under marsj, Dekk fra holdt, Innkalling, Enkeltdekk 1 min og Heilhetsintrykk.
Eg testa litt her heime, og alt sat som det skulle, bortsett frå Enkeltdekken. Det trente me på til han kunne ligge i over 1 1/2 minutt. Dermed var me klare.

Prøven skulle haldast på området til Vennesla Hundeklubb, og der har me jo trent uallige gonger, så eg visste han ville gjera det supert denne dagen!

Difor var eg heilt uførebudd på at han skulle lime nasen i bakken og knapt løfte den før han skulle inn i bilen igjen.
På mirakuløst vis fekk me 10 på tannvisning, 8 på lineføring, 10 på stå under marsj, 8 på dekk fra holdt, 10 på innkalling, og 10 på heilhetsinntrykk.
Når det gjaldt 1 minutt enkeltdekk, låg han greit i 40 sekunder før han reiste seg og gjekk bort til ein snuseflekk eg IKKJE er i tvil om var frå ei tispe i løp. Han hakka tenner og sikla og var heilt vekke etterpå. Eg fekk ny sjanse, men han låg knapt tretti sekunder før han reiste seg igjen. Eg fekk til og med ein tredje sjanse, og fekk legge han ein annan plass, men heller ikkje det hjalp. Han hang seg HEILT opp i den eine flekken, og ville bort dit og snuuuuse meir.

Her er filmen, på godt og vondt, og eg ser jo nå i ettertid at ikkje alt er like ille som det føltes, men eg skjemmes litt over ein del av innhaldet..

Først tenkte eg pytt pytt, men seinare havna eg lenger og lenger ned i kjellaren. Blir han verkeleg SÅ berørt og utafor av den minste ting? Taklar han ikkje ein så forsiktig og hensynsfull konkurranse eingong? Publikum stod langt vekke, ingen andre hundar var ute,  kva ER det som plagar han så veldig?
Og så var eg skikkelig urettferdig og samanlikna han med Ayla når ho var frisk. Ho kunne arbeide KOR DET MÅTTE VERA, og lot seg sjeldan affisere av omgivnadane. Ho var klistra til meg og konsentrert som fy, og det har ikkje Emil vore i nærheten av dei gongene me har konkurrert til nå.

Me fekk tilbod om å prøve på ny, etter at alle dei andre hundane hadde gått, og eg misforstod og trudde eg fekk tilbod om ny enkeltdekk. Då misforståinga blei oppklart, kokte det så i hovudet mitt at eg ikkje fekk summa meg til å trekke meg. Denne gongen gjekk det endå dårlegare, og då enkeltdekken kom, låg han i nye 40 sekunder før han reiste seg. Ting funka altså ikkje no heller, og han fekk gå i bilen.

På veg heim, ramla ein mogleg årsak inn i hovudet mitt. Dei siste par vekene har me trent på stå fra dekk, og eg held på å legge kommando på det. Den siste veka før prøven trente eg ikkje på dette, men det er mykje mogleg at det er dette Emil trudde han skulle gjera.

Eg veit ikkje kva eg skal gjera no. Han har hatt det kjipt på tre konkurransar, og eg veit ikkje om eg heilt har trua på at han vil kjenne det annleis seinare, heller.
Har eg to hundar eg ikkje kan konkurrere med no? Kva anna kan me finne på, Emil og eg? Agility? Med svak grad AA i venstre alboge?
Bruks? Med høøøøg nase?
Det kjennes som om me uansett vil ha ekstra utfordringar i alt eg har lyst me skal prøve oss på, og det enklaste blir å halde seg heime og knapt vise oss ute blant folk og dyr.

I tillegg har me vore på tur i lag med Jesper, og det gjekk heller ikkje problemfritt føre seg. Emil måtte fleire gonger gå i band pga uakseptabel oppførsel, og eg blei så uendelig skuffa over akkurat det. Forrige gong Jesper og Emil gjekk tur i lag, gjekk det så finfint! Men det er jo snart eit år sidan nå..
Emil sin generelle oppførsel tar eg nok litt for personleg, men det trur eg mange hundeeigarar gjer, så eg er nok ikkje åleine der. Eg skulle meir enn gjerne klart å distansere meg meir, men tvilar på at det er mogleg for meg.

Ayla
SAM_2957
Ayla har funne seg ein skatt å passe på. Og det er ingen som ser den, er det vel?


Ayla har sidan nyttår vore ustabil i matlysta på morgonen, ein periode såg det derimot ut til at ho fekk matlysta tilbake for fullt. Nå er ho ulysten på frukost igjen, og eg syns også eg merkar at ho har blitt tynnare i låra, og ligg mykje meir i ro enn ho har gjort på lenge. Ho får Trocoxil for smertene, og desse ser ut til å ha mista effekten no. Dermed trur eg ikkje det blir så frykteleg lenge til me må ta farvel med henne, og dette ligg tungt på sjela mi for tida. Ayla er heilt spesiell for meg, og eg gruer meg ufattelig til at ho ikkje lenger er her… Eg veit jo kva eg må gjennom, har vore der før, liksom, men dette kjem eg aldri å venne meg til.. :-(

Nokre dagar er heilt klart svært gode for henne, men så har ho dagar der ho har vondt for å reise seg, og ho klarer ikkje lenger bli med på ganske korte turar. Det vil seie, ho klarer det, men får tydeleg vondt etterpå. På sjølve turen kosar ho seg og går og snusar og markerer og er seg sjølv, men det merkes godt når ho skal inn i bilen att.

Huff.. eg får klump i halsen bare av å skrive dette..

Vel, dette var altså noko heilt anna enn ein godværsblogg. Heilt i mi ånd. Hundehald ( i alle fall for meg) er ikkje berre rosenraudt, men kanskje det blir det ein gong i framtida?