søndag, september 30, 2007

Vellykka passering og møte med ein liten staff

I kveld hadde eg egentlig tenkt å sykle tur med Ayla, men det blir jo mørkt så fort! Tok i staden beina fatt, og putta heldigvis snadderbitar i rygglomma på vesten i siste liten. Sidan det var blitt mørkt, tenkte eg at eg ikkje kom til å ha behov for dei, men turde ikkje å la vera heller.

Og godt var det!! Like ved rideskulen her oppe kom det nemlig ein veldig skummel person gåande (les: mørkt, refleksvest, eg såg ikkje om det var mann eller dame), og då personen hadde passert, kikka ho seg kjapt tilbake. Det var einaste reaksjonen ho hadde! Ja! Og med ein gong ho såg personen, kikka ho på meg med ein gong! Sladring!! Jippi!!!

Så, der ho sprang etter det rådyret, slapp eg henne laus. I kveld viste ho ingen tendensar til å ville springe ut på jordet der, eller på myrområdet der eg VEIT rådyra held til. Det var eg såååå fornøyd med!!

Rett før me kom inn på stien som fører heim, såg eg eit raudt, blinkande lys eit stykke unna. Eg trudde det var nokon som kom med sykkel, så eg kobla Ayla og gjekk eit stykke ut på jordet, for stien var så smal. Det blinkande lyset var ein hund. Ein liten ein. Som kom bort til oss. Anti-jippi. Eg slapp bare båndet, og lot henne ordne opp sjølv. Dei bråkte litt, og så prata eg litt saman med eigarane til den litle. Det var ein eitt år gammal staffe hann, som var ganske overbevist om at han var Guds gave til tispene. Ayla brølte litt, så ga han seg, og så prøvde han seg igjen. Me stod og prata fem til ti minutter, og då eg skulle gå, sa eg ingenting. Ayla blei med meg med ein gong, og staffen også. Eigaren ropte på han, men det såg ikkje ut til å ha effekt. Eg sa ingenting, bare gjekk. Til slutt måtte eg gå opp med begge to, sånn at ho som eigde han kunne ta på han bandet. :-) Og eg måtte jo bare konstatere at me har vore flinke til å tie stille sånn at Ayla må følge med på kor me er! :-)

Nok ein vellykka tur! :-) Med ein liten vri ;-)

lørdag, september 29, 2007

Rolig tur med EIN passering.

Vetle insisterte på at eg skulle få ny ytterbukse, og eg var veldig vanskelig å be.. Den måtte jo testes då me kom heim igjen, så eg tok med meg Ayla på tur.


Eg gjekk og tenkte på det Bob Bailey sa, som eg fekk klump i halsen og tårer i augene av, nemlig at "Training animals is the easy part! To effectively teach or train, you must first change your own behavior." Det ER verkeleg vanskelig å endre eigen adferd. Kvifor? Vel, det er ikkje enkelt å observere det ein sjølv gjer i einkvar situasjon. Mi løysing på det problemet er å planlegge på førehand kva eg skal gjer dersom sånn eller slik skjer.

Eg later som om eg er i den situasjonen, og øver på det i fantasien min. Prøver å sjå føre meg koss Ayla ville reagert, kva eg skal gjere dersom ho likevel hopper fram og bjeffer, at eg klarer å puste djupt inn og ut, senke skuldrene, at det ikkje er min hund eg trener(av ein eller annan grunn hjelper det meg til å distansere meg fra situasjonen slik at ikkje kjenslene mine speler inn i like stor grad).

Eg tenker også mykje på at bjeffinga er nettopp det: berre bjeffing. Ho har aldri vist teikn til å ville bite, heldigvis.

Dessutan ser eg no at sladreadferden begynner å ta form. Ho ser ein person laaaangt der framme, og snur seg mot meg. Eg klikker og gir godbit. Ho ser på personen igjen som no er nærmare, og så på meg, og eg klikker og gir snadderbit. Dermed går ho pal ved sida av meg til personen er forbi. Dei gongene eg stopper opp og har henne sitjande ved sida av meg mens folka passere, skjer det same.

Turen opp til sentrum på fredag gjekk jo kjempebra, men då var pulsen min vanvittig høg! Eg må vanligvis jogge litt for å få pulsen opp i 140, og den kvelden gjekk eg veldig roleg! Eg var heilt utslitt resten av kvelden, så det tok verkeleg på!
Slik stoda er i dag, kan eg ikkje skjøne kva eg tenkte på i mai då eg seriøst vurderte avliving. OG når eg ser tilbake, trur eg dette møtet med Krissi og Aud var vendepunktet for Ayla og meg.

Vel, tilbake til turen.
Me passerte EIN hund som gjekk tur med to småjenter. Eg ga snadderbitar her også, til tross for at eg hadde bestemt meg for å spare dei til passering av folk. Så tenkte eg at eg kan jo like gjerne jobbe med bjeffinga på hundar samtidig som eg jobber med dette med folk og sånt. Ho drog ikkje i bandet og bjeffa for å komme bort og helse, så det var jo vellykke i så måte.

Då me var nesten ferdige med turen, kom det eit eldre ektepar på stien. Dei gjekk så didlande seint at eg trudde eg skulle gå tom for godbitar før dei var forbi! I tillegg stoppa dei opp rett framfor oss for å kikke på kva eg holdt på med, men eg kikka ikkje opp for å invitere til samtale, eg berre konsentrerte meg om Ayla. Folkeskikk får vike når eg trener hund ;-).
På veg heim gjekk eg og funderte på kva ved min adferd hadde endra seg på ein slik måte at Ayla ikkje lenger føler behov for å bjeffe vekk alt som beveger seg i vår nærhet. Eg fant ikkje svar.

Oppgave

Eg har fått en oppgave fra Elin om å skrive sju sannhetar om meg sjølv (litt forskjellig og litt rart) for så å sende oppgaven vidare.

1. Eg DIGGER Halo 1&2, og dør etter å prøve Halo 3 som nettopp har kommet ut!
2. Eg liker ikkje smaken av alkohol.
3. Eg må brette tellekant på håndkleda.
4. Det verste eg gjer her i verden er husarbeid. Finnes det noko som er meir bortkasta tid?
5. Eg KLARER ikkje musikken til Bjørk.
6. Eg får ikkje til å ha system i rekningane våre. Og eg JOBBER jo med reknskap...
7. Før likte eg nesten ingen grønnsaker, nå liker eg nesten alle.

Eg sender utfordringen vidare til Ellen Beate.

fredag, september 28, 2007

Overmot? Eller fornuftig progresjon?

Det har gått så godt i det siste, at eg satte meg som mål å trene med Ayla på ein offentlig plass i løpet av helga. Nå er det tilfeldigvis sånn at det er haustmarknad på Randaberg denne helga, og dermed stapp fullt med folk i sentrum.

Pga kneet hadde eg ikkje lyst å gå opp dit på asfalt, så snille Vetle sa seg frivillig til å gå nesten heilt opp, så kunne eg komme med bilen og bytte. Can I ask for more? :-)

Halvveis gjekk han tom for godbitar, for det kom så mange folk gåande. Den siste dama dei passerte, gjorde Ayla utfall mot. Ikkje med bjeffing, men ho hoppa liksom mot dama. Eg tar det derfor ikkje som nederlag ELLER tilbakefall. Ingen bjeffing er ALLTID bra. :-)

Då eg overtok henne, var det ca 1 km igjen til sentrum. Eg hadde pølser i framlommane og snadderbitar i lommene bak.

Då me nærma oss siste rundkjøring før sentrum, hadde eg puls på ca 140. I rusletempo! Eg huska orda til Kathy Sdao: "Breathe. Relax. Breathe" og prøvde så godt eg kunne å slappe av og puste. Passering nr. 1 var ein gut med ein staff etelleranna, svart liten sak. Eg gjekk på motsatt side av vegen og fekk henne i utgangsstilling. Klikka og pølse til dei var ganske nære, og gjekk så over til snadderbitane. Den andre hunden gjekk nemlig og trakk veldig mot oss, og guten kjefta på den. Ayla sat fint og ga meg god kontakt.

Neste passering var ein mann med bæreposar og ein to-treåring ruslande ved sida av. Fortauet var såpass smalt at eg ikkje tok sjanse på å passere på same sida. Det gjekk sjølvsagt heilt fint.

Så var eg på ein parkeringsplass og her var det brått langt fleire folk, ja. Det kom ein familie gåande, der mannen hadde ein unge på skuldrene og laga boffelydar først, og så gjekk han over til knirkelydar. Eg fekk litt panikk, og ville aldeles ikkje blitt overraska om ho hadde kasta seg mot han og bjeffa. EG hadde lyst til å bjeffe på han...

Men det kom ikkje ein lyd frå henne, ho konsentrerte seg utelukkande om meg.

Neste var utanfor Nille. Tre damer, ein og ein, to ungar i lag, og ein mann bakfra bærande på ei pizzaøskje. Ingen reaksjon. Vidare måtte ho forbi ein mann, ei jente med store pappøskjer i begge hender, og to små gutar. Me tok ein liten pause på ein benk mens eg ringte til Vetle og ba han komme og hente oss. Eg avtalte at han skulle parkere ved Mega. Det betydde at eg måtte gå endå litt lenger, på fortau. Då me runda hjørna på Mega, kom ein gjeng med unge jenter, og dei passerte 2-3 meter frå oss. Eg såg dei ikkje før dei var der, men Ayla takla det gullfint!

Til Vetle kom, vandra me rundt på parkeringsplassen, og det var masse folk der i kveld! Eg var nesten tom for pølser då Vetle endelig kom køyrande. Han parkerte, og eg gjorde tegn til at han skulle passere oss utan å seie noko. Ayla såg MED EIN GONG kven det var, men gjekk ikkje bort før ho fekk spørsmål om å hilse frå meg.


Med andre ord: 100% vellykka økt!

torsdag, september 27, 2007

Positiv straff virker. :-(

Sendte Vetle og Joey ut på egenhånd i går kveld, og tenkte at eg og Ayla skulle sette på musikk og rydde litt. Men ikkje før gutane hadde gått ut, så begynte det å klø i sykkelfoten min. Eg heiv på meg Berganskleda (så fekk eg sagt Berganskleda igjen! Juhu!), og sette selen på Ayla, og tråkka i veg.

Då me tok igjen Vetle og Joey, drog Ayla framover i selen, og endte foran og under framhjulet mitt. Eg køyrde over poten hennar, og ho hylte. Eg stansa sykkelen og sjekka under poten, men kunne ikkje sjå blod, så eg sykla vidare for å... for å... for å... vel, er det ikkje slik at når du detter av hesten, skal du rett oppå igjen for å ikkje bli varig skremt? Det er i alle fall det folk har sagt til meg når eg enten har ramla av hest eller moped eller opplevd andre driiiitskumle ting, så eg tenkte at det var nok det beste for Ayla også. Ho trava fint ved sida av, men ønskte heilt tydelig å halde større avstand til sykkelen etterpå. Eg gjekk av og stod og venta på Vetle og Joey, så då gjekk me resten av runden i lag, alle fire. Det var ein deilig kveld; vindstille og klart, og med så gode klær som eg har nå, kjente eg ikkje den litt spisse kulden som kom etter at sola gjekk ned.

Vidare på turen prøvde ikkje Ayla å krysse foran sykkelen ein einaste gong når eg måtte ha band på henne (eg leidde jo sykkelen sidan eg gjekk i lag med Vetle), så konklusjonen må vera at positiv straff virker. Sjølv når det ikkje blir brukt med vilje. :-(

I ettertid ser eg jo at ho avreagerer kjapt etter sånne forferdelige hendelsar. She bounces back quickly, for å sei det på godt norsk. :-)

Rett før me skulle svinge av vegen og ned mot tunet, kom to menn på rulleski. Dei bråkte ganske masse og prata høgt seg i mellom. Eg kan LOVE at det er noko Ayla ville ha bjeffa på med mindre eg hadde trekt meg langt vekk frå vegen. Men gjorde eg det i går? Nope. Eg stod inntil kanten på vegen og hadde kobla sykkelselen frå sykkelen og på med bandet. Min sikkerhet først. :-) Snadderbitane dukka opp som ved magi, og dei første bitane ville ho knapt ha. Ho var veldig fokusert på dei monstera som kom oppover vegen mot oss, men då det gjekk opp for henne kva ho hadde i munnen, ga ho blaffen i mennene. Dei passerte oss med 1-2 meters klaring, og eg og sykkelen stod mellom Ayla og monstera. Då dei hadde passert, snudde ho seg og kikka etter dei, men ingen bust eller antydning til å ville gå etter og bjeffe.

Eg blir vanvittig forsterka av at det går så godt!

I kveld skal eg prøve meg på litt shaping. Kanskje.

tirsdag, september 25, 2007

Tur uten lyd.

Det var så fint vær i dag, at eg MÅTTE ut og gå med Ayla. Ho har blitt litt betre i magen etter kenneloppholdet, og ho hadde godt av tur, fant eg ut.

Eg hadde ikkje kattemat, så eg tok sånn lette store leverbitar som Bente hadde den mandagen i lomma på ryggen, og leverbitar og frolic i sidelommene.

Etter knappe kilometeren kom det to stykker gåande. Eg stoppa ikkje opp denne gongen, men ga henne godbitar med jevne mellomrom frå ho såg dei. Då dei var ca 8-10 meter fra oss, gjekk eg over til leverbitane, og då hadde eg full oppmerksomhet til folka hadde passert. Yes!!

Så, ein liten kilometer seinare, kom ein mann gåande langs vegen. Ein gammal mann. Eg gjentok prossessen med å begynne med frolic og så gå over til snaddergodbitane. Funka glimrande! Så kom det to bilar frå kvar sin kant, og stoppa ca fem meter frå oss og sjåførane prata med kvarandre. Dette ville Ayla ha bjeffa på tidlegare, men i dag sat ho ved sida av meg og fekk deilige godbitar. Då bilane køyrde vidare, skulle me også til å gå vidare, men Ayla ville ikkje. Ho kikka bortover vegen, og så kikka ho på meg igjen. Eg kikka bort, og der, ca ti meter vekke frå oss kom ei dame gåande ut frå ein innkjørsel! Teite meg ga henne frolic først, men så tok eg meg i det og pøste på med snadderet. Flinke hunden, altså!!

Endå litt seinare kom ein mann gåande på ein smal sti. Eg følte meg ikkje klar for passering så nære, så me gjekk litt vekk frå stien. Ho sat fint mens han passerte også.

Dei siste me passerte i dag, kom i par. Eg hadde på meg musikk på øyrene, og såg at dama såg bort på meg mens munnen hennar bevegte seg. Eg tok ut øyrepluggen og spurte om ho snakka til meg. Eg skjønar ikkje heilt kvifor eg gjorde det, for Ayla pleier jo å begynne å bjeffe då! Kor dum går det an å vær, liksom? Dama svarte at ho lurte på kor det var tørrast å gå, og eg sa at det var på nedsida (der eg stod med Ayla). Teite teite teite meg. Dama kom nærmare og nærmare, og eg såg at ho kom til å passere knappe meteren frå oss. Snadderbitane kom lynkjapt, og akkurat då dama skulle passere, heiv eg ein neve av dei bak meg, og fortsatte å drysse ein og annan biten til dama var vekke.

Ikkje ein lyd her heller!!! OMG!!!!

Då me kom til Tunet, var Elna og Rolf der, og Ayla helste knapt på dei. Ho var klistra til sida mi, og eg tok meg faktisk i å ønske at ho skulle vera mindre fokusert på meg, og vise meir vilje til å bli klappa og kost og herja med av Elna!! Herregud, eg skal då vera meir enn fornøyd med den kontakten eg har med henne!! Om ho godtar og aksepterer at folk tar på henne i helsesituasjonar, og at ho helst vil halde seg nær meg, så kan eg jo ikkje ønske meir! Det er jo det eg jobber mot!

Joey og Ayla si helg.

Joey.
Planen var at husvertane skulle passe på han. Eg spurte husverten på tirsdag om dei framleis var ledige i helga, og joda, det var dei. Torsdagen gjekk eg likevel opp for å forsikre meg om at Joey ville bli henta opp på fredagen og at han kunne vera oppe hjå dei resten av helga. Då seier husvertinna at nevøen deira skulle komme for helga, og han er 11-13 år.

Joey HATER ungar i den alderen, og eg har ikkje lyst til å avlive han pga bitt. Derfor sa eg at eg skulle finne ei anna løysing, f.eks å ha han på kennel. Men det hadde eg ingen planar om! Eg rusla ned igjen med tårer i augene og såg føre meg at me måtte bli heime. Snille snille Olaug sa då at HO kunne ha Joey. Det til tross for at ho også skulle passe hunden til far mens han var i Hamburg!

Me har ikkje introdusert Swejsan og Joey for kvarandre, anna enn såvidt ute, og det endte opp med bjeffing og stress og styr. Men Olaug sa ho ville prøve, og hvis det ikkje gjekk, kunne ho ta med seg Lea og dei to minste hundane og vera her i leiligheten i helga. Swejsan kunne vera med Anders på jobb...

Og sånn blei det. Olaug tok med seg Joey heim på fredagen, og introduserte Swejsan for han. Joey bjeffa, sjølvsagt, men det ga seg, og dei slutta fred. Dei slutta fred!!! Joey og Swejsan har budd i lag ei heil helg og dei har ikkje slåss! Eg begynte nesten å grine då eg fekk ein liten videosnutt på mobilen på fredag ettermiddag, og den snutten viste Joey og Swejsan som passerte kvarandre på golvet. Joey viste til og med dempande signal! For ein flink hund!! :-) Og det er Swejsan også!



Ayla
Olaug leverte Ayla på Randaberg Dyrepensjonat på fredags morgon. Mandags morgon køyrde eg og henta henne, og spurte litt skeptisk korleis det hadde gått, for eg såg at ho hadde stått i ein av dei fremste gardane, der folk går forbi heile tida...

Då ho fekk komme ut av garden, hyyyyyyyyyylte ho av glede! Og smilte stort! Eg har aldri sett henne så glad før!

Han kunne fortelje at ho hadde vore eksemplarisk heile helga, ete godt, stått saman med ein gordon setter, og hadde ikkje gitt lyd frå seg under heile opphaldet. Ho var kjekk å gå med i band, og veldig oppmerksom, og ja, faktisk den kjekkaste rottweileren han hadde hatt der (sa han, i alle fall).

Resten av dagen var ho litt på tuppa. Ho reagerte på lydar, og vokta veldig. Ho var heller ikkje heilt god i magen, så det har nok vore litt stressande for henne.

Seminar med Bob Bailey og Kathy Sdoa. Dag 2.

Dagen begynte på ein måte eg bare ELSKER! Seminaret byrja klokka ti i dag også, og eg vakna 09:35! Det tok 20 minutter å gå dit dagen før, og eg MÅ ha frokost for å fungere. Eg skulle altså stelle meg, ete frokost, OG komme meg til seminaret på under 25 minutter! Jippi!

Fredag hadde me kjøpt noko brød og pålegg me kunne ha i minibaren på hotellrommet, så Vetle laga klar skiver med skinke til meg. Eg ordna meg på badet, og han ringte etter drosje. Fem på ti sat eg ved pulten min på Oslo Kongressenter! Phew!


1. økt. Kathy Sdao: Cue tips.
Adding cues are not fun.
Det er nitidig arbeid, og må gjerast pinlig nøyaktig.

Consequences, not cues, drive the behavior.
Det er altså koss ein adferd har blitt belønna i fortida som fører til at hunden utfører adferden. Ikkje Signalet/kommandoen. Dette er veldig viktig å huske på!

Tenk etter; er det medaljen eller startpistolen som får løparen til å springe fort?
(den neste setningen har eg notert ned, men skjønner ikkje heilt meininga med den)
The cue tells the dog whether or not the behavior is worth doing.
ellers får hunden uttelling for adferden. Hæ??

Extinction period. Hunden vil bli frustrert, prøve hardare, før adferden dør ut. Deretter kan den blusse opp igjen, for så å dø ut igjen. Dette kan skje fleire gonger, men om adferden ikkje blir forsterka, vil den til slutt ikkje dukke opp igjen.

Velg ord som høyres forskjellige ut for hunden. Eksempel her er stå og sitt. Hunden lærer å reagere lynkjapt på kommandoane våre. Dei to orda begynner på same bokstaven, og S er veldig tydelig for hunden. Hunden skal ikkje vite når den enkelte kommandoen kommer, og når me seier Sitt, bør hunden ha reagert på ordet før me kommer så langt som til "itt" Forslag til ord å bruke for stå er "Tå".
Kathy nevnte som eksempel "Down" og "Bow" som to idiotiske kommandoar å bruke på så like adferder.

Ho henta også fram eit eksempel på "skjult innkallingskommando", og fekk meg til å innsjå at eg IKKJE MÅ ØDELEGGE den fantastiske kommandoen eg har i "SJÅ!"

Det å legge på kommando på ein adferd krever at ein er god på å forutsei når adferden vil komme. Ordet skal komme rett FØR adferden skjer, ikkje samtidig. Gjenta eit par dusin gonger. Når det er på tide å lære hunden å vente på kommando, IKKJE klikk for at hunden står i ro! Klikket skal KUN komme når hunden gjer rett adferd etter rett ord.
Hunden kan få godbit for å stå i ro, men først når kommando er gitt og adferden utført, kommer kjem klikket.

Dersom adferden har blitt forsterka nok "in the past", vil den bli sterk og sikker.

2. økt. Bob Bailey: Timing, criteria, rate of reinforcement.
Me starta dagen med ein øvelse i å finne kva stimulus som skulle få oss til å rekke opp handa. Eg fant kjapt ut at det var bildet av ein svart fisk, og tenkte at dette var då ikkje vanskelig! Det eg ikkje såg, var at nede i bildet stod ORDET Fish, og det viste seg at det var den store Fen som var signalet på å rekke opp handa. Stakkars hundar!!! Dei kan ikkje ha det lett!



Shaping is essential. Tren på shaping. Del opp i små momenter og tren ett og ett moment.


Every trainer should shape one behavior a month. Det hjelper å trene på mekaniske ferdigheter, klikke i tide, la hunden sjølv finne ut kva du vil.


Do a lot more observing and less talking

Think, plan, do, review. Det han meiner er at me først skal tenke gjennom kva me vil trene på først. Så skal me planlegge og skrive kriterieplan. Deretter skal me sette planen ut i livet. Og når me gjer det, skal me følge planen uten å tenke. Bare gjere. Og etterpå skal me ta eit tilbakeblikk og sjå kva som gjekk bra og kva som gjekk dårleg.

Ikkje tren på same kriterie for lenge. Gå vidare når nivået er på 80%.



3. økt. Kathy Sdao: Spreading the message.
Kathy tok for seg mulige hindringar, ulemper med klikker, mål for ein klikkertrenings klasse, kva målet for klassen må vera, at det ikkje er så lurt å begynne med å klikke for kontakt - sidan det ikkje er ein tydeleg muskelbevegelse. Kontakten kjem heilt av seg sjølv etterkvart som hunden blir klikka og belønna for noko den kjapt skjønar kva er. Ho fortelde at ho pleier å starte med å be folk klikke for at hunden går på teppet sitt. Det er ein øvelse som innebærer muskelbevegelse, og er supernyttig at hunden/kvalpen kan.


--------

Lunsj i dag var laks, kokte poteter og salat. Dessert: Mango og bringebærfromasj. Nam! :-)
--------



4. økt. Bob Bailey: Mechanical skills.

Øvelse for å trene opp mekaniske ferdigheter hos ein sjølv: Legg ein dorull/plastkopp på eit bord i passelig høgde. Øv på å putte godbitar inni, uten å dytte koppen/rullen på golvet. Kor mange klarer du i løpet av 15 sekunder?


Litt meir avansert kan du feste koppen/rullen til ei stang som du igjen fester på eit trillande bord e.l. Dra bordet etter deg og tren på å treffe målet i fart.


Legg ein klikker på bordet. Hold ein plastkopp over hovudet. Slepp den, grabb klikkeren, og klikk idet koppen treffer bordet.


Eg har ikkje notert så mykje meir, men han tok føre seg Keep Going Signal.



På slutten av dagen kunne me stille spørsmål, og eg var den første som rekte opp handa. Eg spurte Bob Bailey om dei sosialiserte dyra dei trente på same måte som me sosialiserer hundane våre. Han svarte at dei dyra dei trente, stort sett var smådyr og fuglar, og at sosialiseringa skjedde av seg sjølv i og med at ungane hans og folka han jobba med tok seg av dyreungane frå dei var små.

Eg spurte også Kathy om det er ok å prate hunden forbi noko ho reagerer på dersom det er krisesituasjon. F.eks om eg går på ein veg der eg ikkje KAN gå til sides og gi henne den avstanden ho treng, om det då er greit å lokke, lure, prate henne forbi uten at det nødvendigvis øydelegg treninga eg har gjort på forhånd. Ho svarte at folk flest kjem i det som blir kalla "Training jam" (treningssituasjon der ein ting held på å gå gale, eller HAR gått gale, og ein tenkjer: "Kva i huleste gjer eg nå??"), og dersom dei ikkje gjer det, beveger dei seg ikkje ute i den verkelige verden. Uforutsette ting skjer, og då er det ok, i krisetilfelle å få hunden forbi uten at den reagerer.

Eg har tatt bilder, og dei kjem seinare i dag.

mandag, september 24, 2007

Seminar med Bob Bailey og Kathy Sdoa, dag 1

Når eg sitter i auditoriet og høyrer summinga av alle foka som er her for å lære meir om hund, kjenner eg meg audmjuk som har muligheten til å reise fra Stavanger til Oslo for å vera her.

Eg kikker meg rundt, og ser ein haug med folk eg kjenner igjen fra diverse bloggar og heimesider. Merete Andersen, f.eks, ser ut som om ho stråler i dag, sjølv om ho sikker har kjempevondt. Eg kjenner også igjen Fanny, Thomas, Håkon, Morten, Cecilie, Ellen Christensen, Randi Helene Tillung, og eit par av dei eg har gått på kurs med nede på sørlandet. Eg kikker diskret etter Kari-Anne også, men kjem på at eg berre har sett eit lite bilete av henne på bloggen hennar. Kathy Sdao sit der framme og førebur seg til dagen, og eg tar mot til meg og går ned og fortel henne at Ayla ikkje har hatt utfall på ein heil månad. Ho syns det er kjempekoseleg at eg tok meg tid til å fortelje henne det, og ønsker meg lykke til vidare. Det føles stort. :-)

Summinga tiltar når det er 2-3 min igjen til klokka blir ti. Og sommerfuglane i magen flakser intenst med vingene sine idet summinga brått avtar og Morten ønsker velkommen til seminaret.

1. økt. Bob Bailey om operant betinging.
Til min store overraskelse tok eg meg sjølv i å kjenne med veldig audmjuk og liten då han prata denne første økta. Eit par av tinga han sa, fekk eg tårer i augene av. "Training animals is the easy part! To effectively teach or train, you must first change your own behavior!" og "Animals are learning machines" Med det meinte han at dyr er skapte for å lære. Om ikkje eit dyr klarer å lære, overlever det ikkje. Og at om ikkje hunden/dyret lærer noko av oss, er det ME som må forandre vår eigen adferd. Å lære eit dyr noko følger ganske enkle prinsipp. Tenk mindre, observer meir.

Observe the behavior, correctly apply a few rules, develp mechanichal skills, adjust to cirumstances, know what the animal want, and make training worthwhile for all.

Han tok også føre seg arbeidet sitt, trening av utallige dyr for bruk i reklamer, på "fairs", filmar o.s.v., og observasjonar han har gjort seg langs vegen. Ein setning eg beit meg merke i var: "Konsentrer deg om kva hunden faktisk gjer, og ikkje kva du trur hunden prøver å gjer" Den gjekk rett inn hjå meg, for eg må innrømme at eg av og til har tenkt at "Jaja, det var jo nesten", og så har ho fått klikk for det. HALLO!!!

Så var det pause. Jeg fikk tid til å skrive ned inntrykk og notater jeg hadde bitt meg merke i.


2. økt. Kathy Sdao om positiv forsterkning, ikkje berre mat.
Ho snakka ein del om Thorndikes Law of Effect: (forkorta versjon) The strength of the behavior depends on the consequences this behavior had in the past. Det vil seie at det er konsekvensen adferden har som bestemmer korleis neste repetisjon av same adferd kjem til å sjå ut. Og det er hunden som bestemmer kva effekt konsekvensen har, om den er forsterkning eller straff. Dette la ho veldig vekt på, og meinte det var viktig at me ikkje gjekk rundt og trudde at det var "kommandoen/signalet/tegnet" som utløyser ein adferd, men at det faktisk var konsekvensen adferden hadde fått gjennom trening.
Altså, me skal fokusere på konsekvensene, forsterkningane. Finn noko som hunden elsker over alt på denne jord, og bruk det i treninga, sjølv om det er vanskeleg å sjå kva som er så deilig med det. F.eks dyrebæsj, tisse på ein stolpe, snuse på ei løpetispe o.s.v.

Antecedent = signal, tegn, kommando

Behaviors are reinforced, animals are rewarded.

Verdien av ein forsterkning kan endras over tid. Derfor er det viktig å med jevne mellomrom gjer testar om forsterkningen har same verdi som før.

Premacks prinsipp: Ein high probability behavior belønner low probability behavior. F.eks hunden har veldig veldig lyst til å gå og snuse på den meget interessante stolpen som står ti meter lenger vekke. For å få lov, må hunden gå med slakt bånd dit. Dermed blir det å gå i slakt bånd belønna av å få gå og snuse.

Eit eksempel som blei brukt, var ei dame som trente fleire hundar. Ho hadde lyst til å ha dei sitjande i eigne stolar og vente høfleg på tur. Utan å binde dei eller setje dei i bur. Ho fekk det ikkje til, dei ville berre ned til henne for å trene. Kathy hadde då råda dama til å bruke det å trene som belønning for å sitje i ro, sidan godbitar ikkje hadde effekt nok til å gjer at hundane sat i ro.
Dette virka så godt, at det å trene ikkje lenger hadde størst verdi, men det å sitje i stolen. Det blei rett og slett umulig å få hundane ut av stolane sine, og ho måtte dermed bruke dette som belønning for å komme ned og trene.
Det er vel noko slik eg opplever når eg går med Ayla på vegen. Ho går pal ved sida av meg og nekter å snuse langs vegen. Eg må rett og slett be henne om å gå og snuse.

Når ein står og trener, og opplever at hunden blir distrahert av noko i omgivelsane, bruk det som belønning! Distractions = potential reinforcements.

Ein kan også "Pair an action with food", f.eks mat - klø i nakken, så vil det å klø i nakken bli ein forsterkar. Premacks prinsipp er alltid i effekt. Slik som tyngdekraften.

Så var det lunsj. Me fekk kyllingbryst (som ikkje var gjennomsteikt) med pasta og salat og brød. Desserten var hermetisk pære med sjokoladesaus.
Canis hadde bøker og dvdar for salg som Kathy og Bob kunne signere på slutten av dagen, så eg kjøpte to bøker. Ei om massasje og stretching, og den nye kvapesosialiseringsboka til Gry Løberg. Ja, og så ei dvd samling som Bob Bailey har utgitt.
Halve dagen hadde gått, og eg var allereie kjempenøgd!


3. økt. Bob Bailey: Applied operant conditioning.
Operant betinging fungerer på alle dyr.
Don't rehearse unwanted behavior.
Control and limit stimuli when possible.
Don't change both behavior AND stimuli at the same time.
Reinforcement is a process, not an event. (dette forstod eg ikkje heilt, men tar det med likevel)
Belønningssekvensen skal begynne med KLIKKET, ikkje at hånda allerde har begynt å bevege seg mot godbitlomma. Hold hendene og kroppen dønn i ro, sånn at ikkje ein viss bevegelse blir signal om at klikket snart kommer og at belønning er på vei.

Not all reinforcement comes from the trainer. Om ein står og trener, og hunden ser ein annan hund og springer bort der, så seier det seg sjølv at den forsterkningen ikkje kjem frå trenaren. Adferden å springe bort til den andre hunden blir forsterka, men altså ikkje frå trenaren.

Strategisk plassering av belønning: FVF. Hunden går for langt bak. Klikk når hunden er der den skal vera, og gi godbiten langt framme. Hunden vil etterkvart plassere seg lenger og lenger fram for å vera nærmast mogleg der belønninga kjem. Gjer motsatt om hunden går for langt framme.

Han sa vidare at
An effective reinforcer is immediate, contingent, valued.

Vær gnien på å klikke om ikkje adferden er slik kriteriet seier. Hvis kriteriet f.eks er å sette seg beint i FVF, skal det IKKJE klikkas for skeive sittar. Hold på kriteriene i løpet av økta, og konsentrer på den måten oppmerksomheten mot å observere kva hunden gjer.

Ikkje klikk for kva som helst i ei økt. Hold deg til ein ting om gongen, ellers kan hunden bli forvirra. Husk at det er MUSKELBEVEGELSEN me klikker for.
Klick the behavior, treat the position.
This does not apply to one behavior only!!
Dette kan gjeras i f.eks FVF også. Heilomvendingar, f.eks, og vendingar til både høgre og venstre. (det er slik eg har gjort, men ikkje vore klar over KVA eg har gjort)
Når eg har klikka, har eg gitt godbiten MENS eg tar ei heilomvending, og oppnår dermed at Ayla sit som klistra til låret mitt mens eg vender. Eg har gjort noko rett! Juhu!!

Heilt på slutten av pausen mellom 3. og 4. økt såg eg ein kjent hårtust oppe i trappa av auditoriet: Elin! Sendte melding om at eg også var her, og at me fekk snakkas i morgon.


4. økt. Kathy Sdao: Sure you should lure?
Signalet som gis og som løyser ut adferden, er IKKJE DET SOM DRIVER ADFERDEN!! Det er konsekvensen adferden har fått tidlegare som driver adferden. Signalet som gis er bare eit grønt lys for hunden - og som fortel hunden at om du gjer slik, får du sånn.

Hundar er ekspertar i kroppsspråk! Hugs det! Hald deg difor mest mulig i ro før klikket kommer. Etter klikket kommer kan du vær glad, logre med kroppen, gjer stort sett kva du vil.

www.clickertraining.com/node/642 Dette er ein artikkel Kathy Sdao har skrive.

For at negativ straff (fjerne et gode) skal fungere, må det vera noko å fjerne. Ein må med andre ord pøse på med positiv forsterkning for at hunden skal oppleve uteblivelse av belønning OG lære noko av det.


_______________

Då klokka blei fem, og dagen var slutt, fekk eg signert den eine boka av både Bob Bailey og Kathy Sdoa. Stort!! :-)

Eg klarte ikkje å gi Vetle samandrag frå kvelden før det hadde gått fleire timar! Det var så mykje som surra rundt oppi der, og eg var dønn gåen i hovudet!

søndag, september 23, 2007

Plan om nye ting å trene på/finne ut av.

Legge seg på teppet/i stolen
Det er ikkje lov til å krysse foran meg når båndet er på, og heller ikkje bak meg (Eva Bodfält).
Sitt og bli i alle situasjonar.
Legge på signal på diverse adferder.
Huske at ved trening av stimuluskontroll; ikkje klikke for at hunden ikkje gjer noko, men belønne akkurat det med å gi signalet igjen.
HA PLAN FOR TRENINGEN!!!!! Ikkje trene hvis ikkje?


*******************************
Kriterieplan for mandag 22. oktober

Dekk under marsj
Legge på kommando for DEKK
- slutte å bruke "Legg deg", sjølv om ho reagerer lynkjapt på den.

KUN klikke for dekk som skjer på mitt signal.

Vente ved sida av meg når folk kommer mot oss.
Sitte i ro når eit menneske står et stykke unna og lokker på henne uten å bruke navn eller kysselydar.
Sitte i ro når eit menneske står tre meter frå og lokker forsiktig.
Sitte i ro når eit menneske står to meter frå og lokker forsiktig.
Sitte i ro når eit menneske står to meter frå og lokker litt hardare.
Sitte i ro når eit menneske står ein meter frå og lokker forsiktig.

Utgangsstilling
Sitte i ro ved sida av meg i utgangsstilling uten å flytte på seg kvart femte sekund.
Sitte i ro ved sida av meg i tre sekunder uten å stresse.
Sitte i ro ved sida av meg i fem sekunder uten å stresse.
Sitte i ro ved sida av meg i ti sekunder uten å stresse og flytte på seg.

Fri ved foten
Strekke tida. Belønne med lek.
Jobbe med heilomvendingar (veldig laus beskrivelse)
-Få henne til å følge heile vendingen gjennom.
Venstrevendingar (trene moment slik Fanny si oppskrift går ut på).
- Belønne med venstre hånda, fra utsida av hunden.



Kriterieplan for mandag 15. oktober


Dekk under vanlig marsj.
Veksle mellom FVF og dekk under marsj.
Luke ut frivillige dekk fullstendig.
KUN klikke for dekk som skjer på mitt signal
Lange strekker FVF uten dekk.

Eller skal eg droppe denne, og vente til me treng den?

Vente ved sida av meg når folk kjem til oss.
Sitte i ro når eit menneske står eit stykke unna og lokker forsiktig på henne.
Sitte i ro når eit menneske står tre meter unna og lokker forsiktig på henne
Sitte i ro når eit menneske står to meter unna og lokker forsiktig på henne.
Sitte i ro når eit menneske står to meter unna og lokker meir og meir på henne.
Belønne med lek her?
Mål for kvelden: Ayla sitter i ro når eit menneske står to meter unna og lokker på henne.

Innkalling
Komme kjapt inn i KORREKT utgangsstilling fem gonger på rad fra like foran meg.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein halvmeters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein meters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra to meters avstand.
Mål for kvelden: Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fem gonger på rad fra ein meters avstand.
Korleis skal eg få det til? Belønne med leik eller veldig gode godbitar. Belønne med lek? Avstandsbelønning? Springe bort til medhjelpar for å ete godbitar or handa deira?
Klikke KUN FOR RETTE SITTAR!!!

Stå under marsj
Få fram frivillig stå under baklengs marsj, og legge på ”TÅ!”
Belønne når ho står etter mitt signal, og ikkje belønne når ho står på eige initiativ.

Target med frys.
Springe til target fra ulike vinklar
Springe til target fra ulike avstandar og vinklar
Springe til target og stå der i halvt sekund
Springe til target og stå der i eitt sekund
Springe til target og stå i to sekunder
Mål for økta: Ayla springer til target og står der i ro i to sekunder






Kriterieplan for mandag 8. oktober.

Dekk under vanlig marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i sakte framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i roleg framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj, og at eg går fra

Mål for kvelden: Fem kjappe neddekk nært meg i vanlig framover marsj.

Vente ved sida av meg når folk kjem til oss.
* Sitte i ro når eit menneske kjem veldig rolig mot oss.
* Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og prater.
* Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og stopper ein meter frå oss og prater med meg.
* Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og som forsiktig prøver å lokke på Ayla.

Mål for kvelden: Sitte i ro når eit menneske kjem roleg bort mot oss og som forsiktig prøver å lokke på Ayla.

Innkalling
* Komme kjapt inn i KORREKT utgangsstilling fem gonger på rad fra like foran meg.
* Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein halvmeters avstand.
* Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein meters avstand.
* Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra to meters avstand.

Mål for kvelden: Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fem gonger på rad fra to meters avstand.

torsdag, september 20, 2007

Sykkeltur

Den siste halvannan veka har Vetle gått turar med Ayla og Joey. Eg har vore sjuk. :-(

I går kjende eg meg såpass frisk at eg vågde meg på ein sykkeltur med Ayla, og ho traver som ei gudinne ved sida av sykkelen - uten å trekke, til og med! Halvveis stod det ei dame som leidde på ein hest og prata med ein mann. Der sprang ho rett forbi, bare kikka bort. :-) Eg ga godbitar også heile veien forbi, så det hjalp nok også..

Då me kom ned til sjøen, slapp eg henne laus, og sykla roleg, for ellers tar ho seg ikkje tid til å snuse og tisse og sånt. Plutselig høyrde eg henne ikkje lenger, og ropte ein gong. Ingen respons. Det hadde blitt ganske mørkt, så eg såg henne ikkje heller. Eg ropte ein gong til og tenkte at ho sikkert sat på do ein plass. Ingen respons. Brått kjem eit rådyr springande over jordet, og då visste eg kor ho var. Fanken, altså. Det er første gongen ho har vore vekke så lenge frå meg, og ikkje kom på innkalling. Det irriterte meg, og slo beina under einkvar tanke om at eg har god innkalling på henne. Koss i huleste skal eg klare å overgå ferten av dyr?

I kveld kjem Olaug og Lea for å ligge over så ho kan køyre oss til flyplassen i morgon, og levere Ayla på kennelen, for på lørdag er det jo SEMINAR!!! Eg gleder meg så vanvittig til det, altså!! Det blir visst ca 175 stk som skal dit.

tirsdag, september 11, 2007

Det var nesten så eg fekk tårer i augene!

Passeringstrening.
Ellen Beate meldte seg også frivillig til å vær "tilfeldig forbipasserande" til mandagstreninga. Og sonen. Og mannen! Eg blei så nervøs av det at eg blei rett og slett kvalmen og orka nesten (bare nesten) ikkje middag i går! Eg takka til slutt ja til både henne og mann og barn, og sat her og nesten dødde på meg før det var tid for å kjøre.

Vel framme såg eg at den opprinnelige ruta eg skulle gå under passeringstreninga måtte endrast på, og tok meg ein aldri så liten rekognoseringsrunde mens eg venta på at folka skulle komme.
Bente kom først, og me blei enige om koss ho skulle gå og heilt nøyaktig kva ho skulle gjer. Akkurat i det me skulle starte, kom EB og dei også. Då blei det til at EB skulle komme først, så mannen, så sonen.

Eg tok Ayla ut av bilen og gjekk vekk frå dei andre med ein gong. Me rusla eit stykke oppi veien, og då kom nervøsiteten igjen. Eg høyrde på stemmen min at den var annleis enn vanleg, og eg sa og gjorde ting heilt annleis enn eg pleier. Det var rett før eg brøyt av heilt der.

Men så kom motet litt tilbake igjen, og eg snudde for å gå EB i møte. Då kom det to jenter som aldeles ikkje skulle vær der! Eg prata og dilla henne forbi dei, og så kom EB åleine.
Ayla var mjuk i munnen og slappa heilt av. Ho DIGGER tydeligvis dei der tørka, lette leverbitane (ikkje dei ruglete), og ofra knapt EB eit einaste lite blikk ein gong.

Så kom Bente, og henne passerte me litt nærmare.
30 meter etterpå kom mannen til EB. Han passerte me på andre sida, og her forbausa Ayla meg med å gå rett forbi uten å bry seg! :-)
10 meter etterpå kom sonen, og han gjekk ho også rett forbi!

Eg satte Ayla i bilen då, og skalv av lettelse! Eg var heilt "vekke i håve", men fekk då somla meg til å tilby hjelparane mine Brownieskake bakt med Mager Kesam, og det takka mannfolka ja til :-) Flinke mannar!!!
Ayla fekk altså forresten komme bort til dei og helse etterpå, og det gjekk heilt fint :-)

Resten av kvelden
Resten av kvelden gjekk i same dur. Ayla oppførte seg som ein engel og var heilt perfekt! Snakk om kontakt, altså! Ho og Kira låg ein meter frå kvarandre og slappa til og med sånn halvveis av! Me bytta på at den eine låg i ro mens den andre gjekk rundt og trente kontakt, og eg må jo sei: For nåken flinke hundar!!!

Eg fekk ellers trent på FVF og strekt den. Dekk fra holdt. Utgangsstilling. Slappe av mens me står og prater. Passere andre hundar som trener eller står og ser på. Helse fint på 9 og 10 veker gamle cairnkvalpar, og til slutt tok me ein fellesdekk der ho låg i 3 x 30-40 sekunder!!!! Hekkan!!!


Seriøst, eg sat nesten med tårer i augene då eg køyrde heim klokka elleve! Og hadde bittelitt problemer med å sovne... :-)

søndag, september 09, 2007

Er me inne i ein stim?

Tenkte eg skulle sykle ein liten tur med Ayla i går, sånn at ho fekk springe litt, men ikkje før me hadde satt oss på sykkelen, såg eg ein mann med bart som stod ved sida av den smale grusvegen og holdt på med eit gjerde. Eg har Ayla på venstre sida av sykkelen, og mannen stod også på venstre sida.

Eg gjekk derfor av sykkelen, kobla bandet i halsbåndet og ga frolig, lever og leverpostei mens eg skrøyta av henne. Ho viste ingen teikn til at ho brydde seg om han mannen, og me passerte uten problem!

I morgon har eg fått hjelp av Bente som skal være "tilfeldig forbigåande" når me liksom har vore på tissetur og skal tilbake til bilen. Eg er spent på koss det går...

fredag, september 07, 2007

Jo, me er definitivt klare!

Eg har laga ein blogg for oss som trener på mandagane, og der har eg spurt om der er nåken som kan vær turgåar for meg og Ayla. Eg følte nemlig at me var klare for litt testing, og kven er då betre enn dei eg trener i lag med?

I kveld var nemlig eg og Ayla på tur i regnet for å teste ut sydvesten og det nye ullundertøyet mitt (som forøvrig blei i varmaste laget, faktisk, under Bergansbuksa mi (så fekk eg sagt Bergansbuksa mi igjen hehe)), og då møtte me ein hest med rytter og ei jente som gjekk ved sida av. Eg rakk ikkje å ta på henne Haltien, så eg gjekk inn i ein veldig åpen innkjørsel og fant fram klikkeren og leverposteituba. Ho var heilt med på meg absolutt heile tida mens dei passerte berre tre-fire meter frå oss. :-)

Eit stykke vidare skulle me forbi eit båthus der det stod bilar utanføre. Eg pleier som alltid snu då for å gå ein veg der eg ikkje ventar å treffe på folk, men i dag tok eg mot til meg og gjekk forbi likevel. Eg somla litt då me kom nærmare, sånn at Ayla skulle få ein sjanse til å sjå og høyre dei som stod der. Det var kun menn.
Ho såg dei, eg skrøyta, og veksla mellom frolic, leverpostei og leverbitar. Eg veksla også på å hive godbiten til henne, gi henne det inn i munnen, kva side godbiten kom frå, og la henne streeeekke halsen etter den. Kjempekontakt forbi mannfolka også! :-) Gullet mitt, altså!!!

Vel forbi fekk ho springe laus igjen, og eg kunne la tankane fly avgårde med meg igjen. Eg tenkte nemlig på det, at det er ganske slitsomt å trene positivt. Eg skal passe på å belønne for at ho går fint forbi hesteskit som ligg langs vegen, og at ho held seg inntil meg når det køyrer bilar forbi. Ho skal ha godbit når me går forbi hundar i garde som bjeffer, og for at ho har tissa eller bæsja på kommando, når ho ser kanina og kikker på meg, når me kjem til smale stiar og ho stopper opp og venter slik at ho kan gå bak meg. Og eg kan fortsetja ei god stund til.

Lurer på om andre har satt på kommando for å gå fint?

tirsdag, september 04, 2007

Mandagstrening. 3. sept

Hadde Ayla ute mens me prata, og lot henne bare styre på som ho ville. Då me skulle trene litt, tok me eit par innkallingar. Den første kunne gått veldig galt, men ho sat dønn i ro. Det gjekk nemlig to menn og prata på vegen to-tre meter ved sida av henne (hekken stengte for mykje av inn- og utsynet). Dei kom til og med bak henne! :-)

Nummer to blei heilt kanon! Eg stilte meg litt bak dei andre som stod der, sånn at ho måtte svinge bittelitt utenom dei for å komme til meg. Ho hadde knall fart, og smalt inn i så og seie perfekt utgangsstilling i same farten som Joey hadde i sine glansdagar! Hekkan, altså! :-)

Ellers blei det litt sjarmørgreier mens me prata, håndtarget, kontakt med 8 og 9 veker gamle cairnkvalpar springande rundt der, og det kom ikkje EIN lyd ved synet av nokon av dei andre hundane! Det er eg også fornøydd med!

Ullstillongs og Bergansbuksa hindra meg i å fryse meg halvt i hjel denne kvelden, for det blåste og var skikkelig kaldt!

lørdag, september 01, 2007

Blåtur




I halvannan mnd har me visst på jobb at me skal på blåtur. Ingen har visst kor me skulle, og nå nylig fekk me vite at me trengte sovepose, redningsvest, fritidsklær og joggesko eller fjellsko.

I går skulle me endelig dra, og ikkje før me kom fram, fekk me vite kva opplegget bestod av.

Me reiste til Norrøngard på Ombo der me skulle gjennom ei høgdeløype, skyte med pil og bue og med luftpistol. Etterpå skulle me grille og kose oss og overnatte i lavvo på feltsenger.


Var det midt i blinken for meg, eller var det midt i blinken for meg?? Eg jubla høgt og hemningslaust inni meg då eg såg denne høgdeløypa, for det var same opplegget som eg har sett på tv når det er snakk om teambuilding og sånne ting.


Me måtte ha på sele og hjelm og lære om sikring. Hindera bestod av:



1. Hengebru. Passe fast og veldig enkel.



2. Hengebru. Vinglande. Trinna hang fra tau. Her fekk eg berg og dalbane følelse og lo nervøst heile vegen over.















3. Linebalansering. Slakk line. Tauar hang ned fra ein vaier lenger oppe på treet, og det var det me kunne støtte oss på.











4. Edderkoppnett. Taunett, ganske slakt, kanontungt å komme seg gjennom. Av sju damer trakk fire seg her pga armar og bein ikkje ville meir. Eg var ikkje ein av dei. :-D



5. Chaplin. To stålvaiere, slakke, og ein slakk tau å halde seg i. Her gjaldt det å halde balansen OG saman, for vaierane ville heile tida vekk frå kvarandre.

























6. Ny linebalansering. Lenger enn nr. 3. Men tauane som hang ned var lenger frå kvarandre. Lina var litt stramare.



7. Endå ei linebalansering. Veldig lang. Vaieren slakkare. Taua lenger frå kvarandre.



8. Slengtau. Tjukt tau som var festa litt over midten av ein vaier lenger oppe. Ingen knutar på tauet, me skulle berre halde så langt oppe på tauet med klarte, og løfte beina då me kom bort til det andre treet. Då eg stod og skulle gjere dette, svikta motet.
Eg visste at eg ikkje kom til å klare å halde meg oppe, langt mindre løfte beina når eg kom bort. Eg var altså ikkje i tvil om at eg kom til å ramle. Og grua meg. VELDIG! Men siste hinderet var ein sånn lang taubane der me bare hang i selen og rant bortover mellom trea. Og den VILLE eg ta. Derfor tok eg til slutt eit godt grep i tauet og tok sats.
Ca. halvveis kjente eg at hendene sklei nedover på tauet, og då eg glapp taket, havna eg rett i platået i det andre treet.
Eg traff hjørna med venstre brystet, og det gjorde så vanvittig vondt! Kollegaene mine ropte bort og spurte om det gjekk bra. Jadda, eg hang der, midt mellom dei to trea.. Selen stramma på særdeles lite flatterande plasser, og ting tøyt ut her og der. Det var flaut og vondt og mest av alt var eg lei meg fordi eg trudde at eg ikkje kunne få ta taubanen. Folk ropte at eg måtte få stige, eller at nokon måtte skjære meg ned, men at eg uansett måtte få hjelp.
Hjelpejenta fekk dratt meg bort til det treet eg hadde sikta på. Men eg hang langt under platået, og hadde ingenting å ta tak i for å heise meg opp. I ettertid fekk eg vite at ingen trudde eg ville klare å komme meg opp der, for eg måtte då vera sliten i både armar og bein etter alle dei andre hindera. Men eg SKULLE opp, og sendte ein stille takk til Ayla som har gjort meg rimeleg sterk i armane. Eg fekk til slutt samla alle kreftene eg hadde igjen, og fekk slengt den eine foten opp på platået. Deretter tok eg tak i ei hempe som hang eit stykke opp på treet, og fekk til slutt halt meg oppå. Då kom applausen frå kollegaene mine. Og det kjendes godt! :-D






10. Taubanen. YES!!! Deilig lang taubane som kitla godt i magen og ga vind i håret som hang utanfor hjelmen.






Merka du at det ikkje var eit punkt ni? Der var 10 hinder, men der er eitt eg ikkje hugser.






Knallkjekt!!!






I dag er eg øm og gåen i absolutt alle musklar i heile kroppen. Deilig!!!












Dagens spørsmål: Det seies at utan frykt, fins ikkje mot. Betyr det at uansett kva ein er redd for, er ein modig om ein gjer det likevel? Også å sette seg i ein båt der ein veit at sjåføren ikkje er edru?