onsdag, mai 20, 2009

Om å snakke saman

Dette innlegget handlar om å snakke saman, og er inspirert av Anja sine siste erfaringar innan det å eige ein hund med utfordringar.

Det å snakke saman er viktig på så mange nivå, og eg skulle ønske me alle var flinkare til nettopp det. Mange søvnlause timar kunne vore unngått om me bare hadde vågt å sette ord på nokre av tankane me går rundt med i kvardagen. Sidan dette er ein hundeblogg, skal det vidare dreie seg om hund. Om problemene me støter på i hundekvardagen vår. Men dette gjeld eigentleg alt me går rundt og sliter med på eigahand. 

Når eg er rundt i bloggar og leser om store og små gleder, store og små sorger, då lærer eg noko kvar gong. Oftast starter tankane å kverne på korleis eg kan bruke andre sine dyrekjøpte erfaringar i mitt eige hundehald. Mange gonger har eg notert ned litt av det eg har lest, og om eg ikkje har bruk for det sjølv, kan det hende eg kan formidle det vidare til ein kurselev eller folk eg trener saman med og som velger å lufte problemene sine til meg. 

Eg syns heile situasjonen til Anja er utruleg trist,og verre syns eg det blei når eg leste kommentaren hennar om at ho bevisst hadde valgt å tie med kor ille det var i frykt for å få høyre endå ein gong at ho måtte avlive kameraten sin. Eg kan ikkje hugse å ha fått den kommentaren ein einaste gong frå dei eg har valgt å lette hjertet mitt til, og glad er eg for det. Eg har nevnt det sjølv eit par gonger, men det betyr ikkje at andre har lov til å foreslå det. 

Kvifor skal det vera slik, at me kvier oss for å fortelje kor ille me har det i hundekvardagen vår, istadenfor å snakke om det og dermed få støtte og hjelp frå andre som anten har det på same måte sjølv, eller har hatt det slik tidlegare? 

Eg trur dei aller fleste har noko dei slit med, i større eller mindre alvorlighetsgrad, og det betyr ikkje at me er dårlege hundeeigarar. Det betyr ikkje at me har gjort ein feil, eller latt vera å gjer rett! Det betyr berre at noko ikkje er slik det skal vera, uansett kva årsak det har. 

Som instruktør veit eg at eg blir dømt etter korleis hundane mine er. Og det ansvaret merker eg kvar gong eg tar Ayla ut or bilen. Det kan ikkje vera lett for ein fersk hundeeigar å forstå at eg kan seie meg særdeles fornøydd sjølv om Ayla ikkje setter seg på signal, eller trekker i bandet, så lenge ho ikkje reagerer negativt på folka som står rundt. :-) Dei ser jo ikkje atferd som ikkje er der, sjølvsagt, mens det å ikkje sette seg på ”kommando” er tydelig for dei aller fleste.

Mang ein gong har eg fått høyre at det ikkje er til å tru at eg slit med noko som helst når det gjeld Ayla. Og sjølv om det er kjekt å få høyre slikt, så kan det kjennes litt tungt av og til også. Som om ein må overbevise om at det ER eit problem. "Jo, det ER sant, altså!"

Nokre gonger, når ein lufter eit problem for ein annan person, hender det at problemet blir mindre etterpå. Det skjer ikkje alltid, men av og til. Andre gonger, utan at me veit om det, kan det me forteller føre til at nokon andre innser at det dei slit med ikkje er så ille som dei trudde likevel. Andre gonger igjen kan våre erfaringar hjelpe eit medmenneske til å innsjå at problemene deira er verre enn dei tidlegare har klart å innsjå. Eller hjelpe den andre å finne ei løysing dei sjølve ikkje hadde tenkt på eller visst om tidlegare.
Det treng ikkje vera alvorlege problemer. For min eigen del har det vore ting som å lære Ayla å ligge i ro på teppet eller i stolen når me har besøk, eller å lære at rottweileren som rase lager mykje lyd og er kontrollerande ovanfor omgivelsane sine. Ofte, når eg har snakka om Ayla si utagering til folk, fortel andre om sine usikre hundar, og dermed kjenner dei seg ikkje så åleine, og det gjer ikkje eg heller. Det kan virke som om folk flest treng å få det litle pushet.

Det å snakke om problemhundane våre kan til og med føre til vennskap fordi ein finn saman i noko ein har felles.  

Me veit aldri kva effekt våre erfaringar vil ha på andre, men personleg er eg veldig glad for at andre har delt og deler sine erfaringar med meg. 
Eg håper det blir litt enklare framover å prate om det me ser på som nederlag også, i stadenfor berre skrytehistoriar. Det er jo ikkje suksessane me lærer mest av. :-)