Det å ha kvalp er som ein dans på roser. Verkeleg!
Spesielt når ein veit at roser ofte har torner, og at ein då risikerer å stikke seg dann og vann. Eg og Emil danser kvar dag, og stikker oss, begge to. Ikkje alltid like ofte, men nokre dagar er føtene våre ganske såre og vonde, og humøret vårt (les: mitt) er ikkje alltid heilt på topp.

Ei klok kvinne gjorde meg oppmerksom på at det å flytte er ei krise på lik linje med skilsmisse og sjukdom. Sjølv om det er frivillig flytting. Eg har ikkje tenkt på det slik, men då eg gjorde det, datt alt på plass for meg.
Etter at eg hadde siste kveld på kvalpekurset, har det nesten ikkje blitt trening med Emil og meg. Og eg leser rundt i bloggane til dei som har kvalpar på same alder som Emil at kvalpane trener på innkomstar, apportering, budføring, fri ved foten og så vidare. Og då kjenner eg at eg får heilt hetta. Eller prestasjonsangst. Eller panikk.
For me trener ikkje på særlig mykje, og eg ser at han blir eldre for kvar dag som går. Det slår meg at eg mister verdifull kvalpetid, og eg tenker seriøst på at me snart skal begynne. Kvar dag. Kvar einaste dag tenker eg at i morgon skal eg trene bakpartskontroll eller fri ved foten eller sitt eller dekk eller noko anna nyttig. Og så blir det ikkje. Dagen etter forsvinner timane i jobb, utpakking, oppvask (me har ikkje fått installert oppvaskmaskina endå), nettsurfing, tv, og planlegging av all treninga eg skal starte med dagen etter.
Eg har tenkt om Emil at han er så vanskeleg å trene. At han er så ulik dei andre hundane eg har trent. At han jo aldri ser ut til å skjøne noko av det eg forsøker å lære han. At eg er ein mykje dårlegare hundetrenar enn eg trur. At eg har valgt feil rase. At eg ikkje burde hatt hund.
Når eg så endelig forsøker å lære han noko, er han ein draum å trene med, kvifor trener eg ikkje med han kvar dag?
Så, ein fin dag som det har vore i dag, tar eg han med innover grusvegen med Fiskelausvatn som mål. Me rusler innover, han går laus, og eg har Ipoden på øyra og kameraet i handa. Det kan jo hende eg ser noko fint, tenker eg. For eksempel han her:
Brått, mens eg gjekk der langs vegen og hadde nydeleg musikk på øyra, kom han inn ved sida av meg og gjekk PERFEKT fri ved fot! Lenge! Og det var heilt bevisst. Så forsøkte eg å stanse for å sjå kva han gjorde, og då sette han seg. Med ein gong. Fleire gonger. Noko må me ha trent, sidan han kan gjera slikt. Ting glir altså inn sjølv om eg ikkje veldig bevisst går inn for det.
Då tenker eg på alt det han faktisk kan, og som tross alt er viktig for OSS:
* Gå inn i buret i bilen og bli der til eg ber han komme ut igjen
* Gå i laust band med sele
* Sitja og vente på at eg seier Værsågod før han hiver seg over maten
* Komme når eg plystrer. Umiddelbart og kvar gong.
* Gå laus på tur utan å stikke av
* Komme til meg med det han finn når han går spor
* Vera med på besøk og slappe av der.
* Køyre langt i bil utan å klage
* Avreagere kjapt om han reagerer på noko
* Han er heilt husrein, og har vore det sidan han var fire mnd.
* Når me trener, er han konsentrert.
* Han er VELDIG enkel å belønne med både mat, leik og intens kløing i pelsen

Eg har fundert veldig dei siste dagane, og forsøkt å finne nokon som har skrive i bloggen sin at det fins torner i rosedansen, men har ikkje funne det. Kan hende det berre er eg som har det slik, for eg kan levande minnast at eg hadde det slik med Ayla også. Ho var mange hakk verre enn Emil nokon gong kan bli, og takk og pris for det! For ho var ille!
Difor skriv eg dette innlegget, i tilfelle nokon andre sit der ute og dansar på både roseblad og torner i kvalpetida og trur at dei er dei einaste som har det slik i blant.
Me har, som eg har nevnt tidlegare i eit innlegg, meldt oss på grunnkurs hjå Amokk i haust, og så har eg veldig lyst til å gå på soppsøkarkurs hjå Anne Lill Kvam på Troll Hundeskole. Kanskje me kan finne litt kantarell i skogane her?
Vidare blir det freestylekurs ein eller annan gong dei nærmaste månadane, og så har eg jyyyyysla lyst til å finne meg eit jaktkurs via Retrieverklubben.
Vidare blir det freestylekurs ein eller annan gong dei nærmaste månadane, og så har eg jyyyyysla lyst til å finne meg eit jaktkurs via Retrieverklubben.