Det blir lite fornuftig trening nå, med knekt arm. Torsdag var eg til kontroll og spurde legen om han kunne avkrefte min mistanke om at det ikkje berre var det tjukkaste beinet i armen somm hadde brudd, men det kunne han ikkje. Der var brudd i det andre også. Det fortelde den første legen ingenting om, så eg har gått og følt meg nokså pysete denne veka. Eg fortelde også at eg hadde ganske vondt, og etter nok ein kikk på røntgenbileta, så kunne han godt forstå akkurat det. Eg følte meg straks litt betre då
Elles har eg avmeldt oss frå passeringskurset i Stavanger, og heller meldt oss på passeringskurs hjå Amokk i august.
Og så nokre bilete:
Smiley har fanga ein vånd
Emil og Ayla i hagen… eller det som er att av den..
Eg har fått meg nytt fotoredigeringsprogram
Emil syns dette er eit heilt perfekt tidspunkt å be Vetle med på leik
Emil ser sitt snitt til å prøve lukka i matdunken, men når heldigvis ikkje ned.
Den flekken som er like foran pupillen hennar er eit mysterium..