torsdag, desember 13, 2007

Oppdatering.

Det har blitt lite trening i det siste. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, og jobben krever sitt nå før årsslutt. Eg har ansvaret for telling av varelager i desse dagar, og kveldane har blitt seine før eg har ramla inn dørene heime.

Mandag var siste mandagstreningskvelden før jul. Då var me her på Vistnes og gjekk ein liten runde med åtte hunder til saman! Ingen slossing, bare masse trekking i båndet. Etter turen var me i gapahuken og grilla. Vetle hadde laga gløgg og tent grillen og det var så koselig, atte! :-)

Halen til Joey har blitt fin, og han sjølv har blitt ein ny hund! Han leker oftare nå, og finner på rampestreker meir, og ute går halen oppover i staden for å henge beint ut som då han hadde klumpen. Han ser og ut til å høyre betre nå, og Vetle har ein teori om at klumpen blokkerte hørselen til Joey på ein eller annan måte. ;-)

Ellers nærmer me oss jo jul, og den er veldig sår dette året. Derfor trur eg ikkje det blir så mange oppdateringar på ei god stund.

Ha ei god jul, alle som er innom bloggen min!

2 kommentarer:

  1. Så hyggelig å høre at det står til liv :-)

    Godt å høre at Joey har fått igjen litt ungdommelig gnist!

    Og, det så utrolig hyggelig ut med en sånn Gapahuk, du ;-)

    Kos dere videre i førsjulstiden. Og ha en fortreffelig julefeiring når den tid kommer.
    Klem :o)

    SvarSlett