søndag, august 28, 2011

Elitesatsing, tredje og siste helg.

_MG_0048
Emil og hu mor på kurs.



_MG_0088
Dette er det finaste biletet av Emil eg har sett på leeeeenge!! Han ser så staseleg ut her!


Lørdagen starta ein smule brått for min del. Eg hadde satt klokka til å ringe 06:20, og blei vekt av Vetle som spurte om ikkje eg skulle opp halv sju… Eg snudde meg og kikka på vekkarklokka, og der stod det 07:05! Skrekk og gru!! Eg treng ein time og eit kvarter på å køyre til Hove, og måtte vera ute herifrå SEINAST kvart på åtte. SEINAST!

Eg takka nei til hjelp, for eg hadde kutta opp alle godbitar kvelden før. Det eg hadde igjen var: smøre niste og frokost, ordne termos med te, kle meg, sminke meg, finne regnklær, stolen min, skoskifte, sokkeskifte, støvlar, halsbånd, sele, bånd, mate hundane, lufte hundane og komme meg avgårde. Klokka 07:44 sat eg i bilen, og 08:54 gjekk eg inn dørene hjå Siv.

Der starta me med teori om musklar og kroppsbehersking, og eg blei nok ein gong påminna kor viktig det er å varme opp og roe ned etter trening.
Vidare hadde me ei økt om:
Samarbeid – hunden skal synas det er greit å vera saman med oss og arbeide i lag med oss.
Innlæring – me må gjera det tydeleg for hunden kva den skal lære.
Kjedar –  me må sørge for at hunden forstår at den skal jobbe ei stund og at det VIL komme belønning, i tillegg må me sørge for at ting blir gjort på rette måten, og til slutt jobbe med forventning for kva som skal gjerast når, og kva tid belønning kjem.
Konkurransetrening – trene på ulike settingar og scenarier. At rare ting kan skje både utanfor og inni ringen..
SAM_1754
Ember og Nina trener på Ruta.

Til lunsj var me så velsigna heldige å bli serverte meksikansk tomatsuppe med brød, og til dessert hadde Siv bak sjokoladekake!

Etter lunsj skulle me opp på Hove og trene hund, og eg tok ut Emil med ein gong. Umiddelbart etter at han kom ut or bilen, ga han meg kontakt, og eg starta med å belønne strekninga bilen – tisseplass. Dei andre hadde begynt å ta ut sine hundar, for me skulle ha ein omgang med kjedar, og det var fem hundar før det var Emil sin tur.

Han var ganske høg, og tok godbiten hardt, og i tillegg kom det litt piping av og til, men etterkvart roa det seg, og han kunne både stå og ligge og sjå på mens dei andre hundane gjekk kjedane sine.
Rett før det var vår tur, klarte eg å trø i ein hundediarè som låg på bakken, og brått ville ikkje Emil kome inn i utgangsstilling. Han nekta plent, så eg måtte faktisk bytte sko!

Min tur i ringen, og eg hadde valgt
* Tannvisning
* Lineføring
* Dekk fra holdt
* Innkalling

Han var ganske ukonsentrert, men var med meg sånn halvveis, og eg har følgande ting å jobbe MYKJE MEIR med:
* Få han med meg frå starten.
* Få han til å setje seg kvar gong eg stopper
* Han går litt langt fram.
* Han ligg ikkje i ro når eg går fra han i dekk fra holdt, og reiser seg når eg går bak han.
* Når han kjem inn under innkalling, spring han nokre meter bak meg før han snur og kjem opp att ved sida av meg. Heller ikkje då setter han seg.
_MG_0106_MG_0107
Fullt fokus sjølv om me ikkje er midt i ein øvelse.

Neste økt ute skulle me trene på Ruta, og kaninhoppeharen viste seg første gong, men så var det stopp. Dei neste gongene raste han ut i ruta og Siv stod klar med belønningsball. Under denne økta passerte andre hundar utanfor ringen HEILT utan at det affiserte Emil det minste.
Under vidare trening på Ruta må eg hugse:
* Belønne inni Ruta.
* Bytte vinkel og stad.
* Jobbe med at han skal forstå at det fins noko som heiter Ruta, og at han aktivt skal søke seg inn i den.

Tredje økt trente eg på signalkontroll. Dette er ein vanskeleg ting for meg å trene på, og det er det som er årsaken til at ikkje Emil heller får det til.
SAM_1759
Siv viser Allegro korleis HOPPSTÅ skal sjå ut. Engasjert instruktør!!

Fjerde og siste økta skulle me ha fellesøvelsar. Den andre gruppa starta å gjera seg klar for fellesdekk der dei haldt til, så då Siv spurte om me ville bli med på fellesdekk, svarte eg “Nope” utan å tenke meg om ein gong. Alt hadde gått så bra denne dagen, og eg var så inderleg nøgd og stolt av Emil at eg hadde ikkje lyst til å få ein negativ opplevelse som det siste før me reiste heim.  Då eg skjøna at det var fellesdekk med VÅR gruppe, blei eg med likevel. Siv LOVA at det skulle gå bra. Og når Siv seier det, så blir det sånn.

Eg gjekk litt lineføring ute på banen først, før siv kalla meg bort til fellesdekken. Me skulle ligge ved sida av den kulaste Jack Russelen EVER, og Emil syns me var ein smule for nært og kom med eit svaaaaakt BRRRR.. Eg flytta meg litt vekk, og Siv trødde på bandet og me alle saman gjekk frå hundane. Emil låg som eit lys, og sjølv om han etter litt over eitt minutt la seg over på skinka, er eg svært nøgd med at han var totalt uinteressert i dei andre hundane som låg der.

Totalt for dagen i dag har eg fått veldig mange tips, og i i morgon skal eg huske å ha med meg notatboka så eg får notert etter kvar økt.
SAM_1763

Søndag.
I dag virka vekkarklokka, så eg kom meg opp då eg skulle. Då eg stod på badet (og endå ikkje hadde gått inn i stova der hundane held seg om nettene) kunne eg høyre at Emil stod og peip. Han gjer av og til det fordi han er utålmodig og gledar seg til å seie god morgon til meg, men i dag høyrde eg at det var ei anna piping. Då eg kom ut i stova, sprang han rett til døra og ville ut. Han blei LENGE til han å vera før han kom inn til frokost.

Då me kom fram til Hove skulle me starte dagen med ny kjede og filming, og eg valde denne dagen FVF, Dekk fra holdt, Hinder og Tannvisning. Før oss gjekk Gøye som hadde starta løpetida si nokre dagar i forvegen.
Eg hadde bestemt meg for å ikkje belønna med herjing mellom øvelsane, for eg syns han blei litt meir distrahert etter at eg gjorde det på lørdagen.

Oppvarminga gjekk så som så, han var langt meir stressa denne morgonen enn det han var i går, og då det omsider var vår tur, var det ganske mykje som ikkje heilt gjekk vår veg. Tidvis hadde han flott fokus, men han var meir enn måteleg interessert i eit par snuseflekkar på bakken.
Då me skulle ta hinderet, sprang han utanom TO gonger, og siste gongen stakk han til skogs. Jepp, Emil stakk til skogs. Eg stakk etter, og henta han tilbake for siste øvelsen som var Tannvisning.
Han jobba heilt flott etter Houdiniepisoden, og fekk ball og godbitar som belønning til slutt. Eg belønna leeeeenge denne dagen også.

Me sette oss til for å sjå på dei andre, og han var generelt uroleg med både piping og klynking og pesing.. Eg tilskreiv det stresset og at han eigentleg sat litt nære hunden i ringen, og valde å oversjå masinga hans. Men så ga eg til slutt etter og lot han få lufte seg eit godt stykke vekke frå dei andre. Og då var det at eg skjøna kvifor han hadde vore så uroleg. Han hadde DEN lause magen!! Det kom nesten reint vatn, så flytande var det, og han stod leeeeeenge og forsøkte å gjera seg ferdig, stakkar. Eg fekk forferdeleg vondt av han då, tapre guten min som faktisk ikkje hadde satt seg ned på do  då me skulle sjå på den andre hunden. Det var nok difor han peip så veldig i morges også, tenkjer eg..
_MG_0026_MG_0035
Me ser ganske så harmoniske ut her, men dette blei tatt like før han fekk gå på do… Smilefjes

Etter at alle hadde gått kvar sin tur i ringen med filming og kjedar, skulle me trene i grupper igjen. Eg valde å trene på stå og bli, og kom så langt at eg kunne gå heilt rundt han utan at han bevegde seg!! Juhu!!

Tips vidare er:
* bruk omvendt lokking
* gå trongare og trongare sirklar til eg kan gå klin oppi han og ha godbithanda mi på låret hans utan at han blir med rundt for å sjekke ut kva eg har.
* Belønn av og til tidleg i det eg går fra, og av og til heile sirkelen.
* når omvendt lokking skal vekk, hold fram handa litt, ta den vekk igjen, ta den fram i gjen, ta den vekk igjen, og så vidare heilt til eg ikkje treng bruke det lenger.
SAM_1775

Så var det tid for varm lunsj (for ein luksus!!!) og videokikking.
Eg syns dei andre har hatt så fin ro i ringen og hundane har virka så trygge og sikre, særleg Ember til Nina.
Då snuttane mine kom, såg eg at Emil også ser ut som han er trygg og sikker i ringen, at han kan det han skal gjera, og at det berre manglar litt rutine, så blir det perfekt.
Uansett, eg såg følgande:
* Utgangsstilling er ofte altfor langt bak meg.
* Ligg og bli er vanskelig (men det har me byrja å trene på no)
* Fokus under FVF kan bli betre
* Følger godt med sjølv om han må ta repetisjonar
* Jobber best uten herjing mellom øvelsane*
* Godt fokus
* Henter seg fint inn igjen etter skogsturen
* Setter seg kjapt når eg gjer holdt
* Må trene på at publikum jublar høgt
* Han sit og trippar under tannvisning (men han lograr også, og trekker seg ikkje!)
* Eg treng å terpe meir på holdtar. Bl.a. nølande og bråe.
* Må jobbe med sakte marsj. Dette har me ikkje øvd på i det heile.
* Hugse å belønne med ujamne mellomrom i løpet av dei første meterane eg går frå når eg har kommandert BLI.
* Må ikkje pyse unna i vanskelege treningssituasjonar, som f.eks løpetispe, mange hundar, regnvær, o.s.v.

_MG_0046
Ein roleg og avslappa Emil. Ja, FAKTISK! Smilefjes

Tredje og siste økta for dagen ville eg trene på hinderet. Han sprang jo rundt det TO gonger, og slikt vil ikkje eg ha! Målretta forsøkte me med at Siv haldt han i båndet og enten Emil nærme – eg langt i frå, EG nærme - og Emil lengre frå hinderet , og eg nærme – og Emil nærme, og han sprang likevel tidvis rundt hinderet, heilt til Siv fant ut at eg jo plasserte meg slik at det var enklare for han å springe rundt for å komme til meg, enn det var å hoppe over hinderet for å komme til meg. Då løyste det seg, og eg kunne setja han i sitt og bli og gå i frå, laaang avstand, og jaggu pinadø hoppa han hinderet, ja!!
Til slutt i den økta trente eg Ligg og bli medan eg gjekk rundt og dreiv omvendt lokking, og det funka som berre det her også!
_MG_0081

_MG_0097

_MG_0098

_MG_0102

Nå er klokka halv elleve på kvelden, og eg har nettopp fått tilsendt 35 bilder frå Siv. Ho har verkeleg fanga Emil på sitt aller vakraste, og då eg kikka gjennom bileta, blei eg aldeles forelska i hunden min igjen!

Sjølv om det blei litt meir brumling denne dagen, og at han var generelt meir stressa, syns eg han har jobba godt i dag også! Det blei ikkje fellesøvelsar i dag, og det var i grunnen heilt greit, for både eg og Emil var slitne på slutten av dagen i dag. Det tar på å vera tre i ei gruppe, men me får jo himla mykje att for tida vår! Smilefjes Eg har ikkje fått tatt opp video av Emil og eg i helga, men dersom Amokk legg ut noko i bloggen sin, skal eg heller linka dit.

Eg har fått fornya motivasjon, for eg har noko konkret å trene på, tips til korleis eg skal gå vidare, og slikt er gull verdt!

Tillegg: Eg har fått kommentar frå Siv om at eg har gløymt alt det flotte me fekk til, og det har eg faktisk. Rutetreninga gjekk så det suste, han sprang rett ut i ruta uten harehopp, og han kom tilbake med ballen NESTEN kvar gong (når ballen piper, er det veldig vanskelig å komme, nemlig.)
I tillegg held han konsentrasjonen lenge, og jobba seg fint over løpetidsflekkene. Me kom også veldig godt i gong med signalkontrollen på Sitt, Ligg og Stå under marsj.
Han var flink til å jobbe i nærhet av andre hundar, for når han er på jobb, bryr han seg lite om dei andre hundane. Han var rolig i bilen, og låg for det meste og slappa av når eg kom for å hente han. Eg er storfornøyd med Emil i helga, og er SÅÅÅÅ stolt!! Smilefjes

IMG_0241
Gjengen frå helga.

8 kommentarer:

  1. Nei du!
    Du glemte å skrive om alt dere har fått til! Detaljer må vi alle trene på, men dere har de råeste rutesendingene, finfine fokuserte fri ved foten selv over løpetispeflekker! utrolig bra utholdenhet og en skikkelig bra begynnelse på signalkontroll. Si det høy; Jeg er flink! En gang til; Jeg er flink!

    SvarSlett
  2. Er det rart eg syns det er kjekt å gå kurs hos Amokk????

    Eg er flink!
    Eg er flink!

    :-)

    Har lagt til eit tillegg nå om alt det du nevner og et par andre ting.

    SvarSlett
  3. hehehe, er det ikkje skjønt når vekkarklokkå får hikkå slik som det der?!?
    Det høyres ut som ei utrulig innhaldsrik helg, og eg unner det nyforelsken i Emil. =) For han ER flink, du må bare få deg nye briller så du og ser det meir. =)
    Masse gla i deg!

    SvarSlett
  4. Woooow...ikke bare er gutten smellvakker, han er råflink, også! Jeg er imponert over dere begge. Veldig! :-)

    SvarSlett
  5. Syntes dette er vemodig. Siste samlinga :(
    Og JA DERE ER RÅ FLINKE!!
    Makan til team skal man lete lenge etter! Dere slutter ikke å imponere meg Kari Anne!!

    SvarSlett
  6. Olaug,
    Jo, det var jysla kjekt med den vekkerklokka.. Hadde stilt mobilen og såg at ikonet stod i displayet då eg la meg, men den ringte ikkje likevel.
    Og ja, eg trur eg må få meg nye briller. Men nå skal eg lese dette innlegget kvar gong eg trur me kan mindre enn me kan.
    Masse glad i deg også!!!

    EB,
    Tuuuusen takk for dei fine orda!! Han er verkeleg smellvakker! Og flink også, det hjalp veldig å sjå det på video :-)

    Nina,
    Hohoi, det var flotte ord, gitt! Tusen takk!! Gleder meg til å lese din blogg fra helga, og til å treffe dåkken igjen om ein måned :-)

    SvarSlett
  7. Så utrolig kjekt å lese, blir helt misunnelig på den helgen du har hatt, hørtes helt topp ut. :-) Flinke er dere begge to. :-) Kan tenke meg du har en god følelse nå, og smiler rundt. ;-) Gleder meg til 2012, da kommer de endelig til Stavanger, og jeg skal på kurs med Amokk! Juhuu! ;-) Klem fra Renate

    SvarSlett
  8. Renate,
    Det er bare å glede seg, det har vore tre fantastiske helger, og me har lært knallmykje!
    Stooor klem tilbake!!

    SvarSlett