torsdag, november 24, 2011

Trening på hundeklubben.

Må berre smake litt på den overskrifta. Trening på hundeklubben. Jo, det kjennes rett. Det faller liksom naturleg å seie dette nå. Trening på hundeklubben. Eg er altså med i ein hundeklubb, ein lokal hundeklubb, som har et opplyst treningsområde der dei nå har starta organiserte treningar annankvar torsdag, og dei andre torsdagane er det opp til kvar og ein.  Eg begynner å kjenne tilhøyrighet, og det er jo kjekt! Smilefjes

Så, i kveld var det trening på hundeklubben.
Det fungerte så godt sist torsdag med å bruke vom og hundemat, så eg tok med meg det i kveld også. Halvparten bakte eg i ovnen, for å ha NOKO “tørt”, og då det var ferdig, STINKA det verre! Hevd, lukta det, faktisk! Heilt seriøst!

Eg hadde bestemt meg for å trene på Ruta denne kvelden, og belønne med ballkastar. Emil har blitt ein mester på å returnere ballen til meg i det siste, og i kveld fekk det bære eller briste. Eg sette opp ruta slik at den vendte vekk frå der dei andre hundane skulle trene (det får vera grenser på overmot og vanskelighetsgrad), og ganske nært skogskanten. Det siste momentet  ville bli stor nok utfordring for jyplingen, tenkte eg. Det var faktisk ganske stor sjanse for at han ville bli hormonell og drite i ballen og gå langs kanten og snuse og markere.

Meeeeen, første gong eg sendte til ruta, suste han avgårde, og eg fekk belønt korrekt. Ballen havna ut i skogen, og Emil leita den opp igjen og returnerte  som et olja LYN, slapp ballen i hånda mi og kom inn i utgangsstilling og var klar for ny repetisjon.

Han sprang og sprang og sprang og leita opp ballen, det var LIKE stor belønning for han å springe i skogkanten og leite etter ballen som å klare å nå den igjen FØR den havna i skogen.
Et par gonger testa eg STÅ, altså når eg måtte sei (rope) det, og kor lang tid han brukte på å stoppe. Ein gong ba eg han legge seg, då kom han springande tilbake til meg. Neste gong eg sa LIGG, la han seg og blei liggande til eg heiv ballen.

Då eg skulle endre retning eg sendte han ut frå, kokte det litt over for han. Han sprang utanom ruta og rett bort der han vanligvis hadde fått auge på ballen, så då måtte det litt justeringar til, og så klarte han det.

Eg må seie at eg blir stadig overraska over kor mykje energi han har, denne gule svensken min. Tru om eg må begrense han, eller om han KAN bli så sliten at han begrenser seg sjølv?

Eg fekk hjelp av ei av dei andre på trening til å ta ein tannvisning på han, og ho agerte både “dreven dommar”, “usikker dommar”, og “grundig dommar”. Emil bestod på alt Smilefjes

Det var ikkje mykje lyd frå han i kveld, og eg er VELDIG fornøydd med kvelden!

Det er mykje mogleg at ein ørliten gnist er tent igjen, og det hadde jo vore kjekt å debutere i ringen snart!

3 kommentarer:

  1. Trening på hundeklubben i mørket er flott på denne tida:)

    SvarSlett
  2. Hei! Kommentarer fra nye folk er alltid så spennande! Måtte jo innom bloggen din og lese om dine hundar også... Og der var det jo både svært triste ting å finne, men også koselige :-)
    Fine hundar du har :-)

    SvarSlett
  3. Så kjempegøy at det går så bra for dere. Jippi:)

    SvarSlett