I helga har me hatt så utruleg fint vær her i Iveland, at eg valde vekk julegavelaging i går, lørdag, og pakka sekken med følgande saker:
- Jetboil
- Opptenningsved
- Ved
- Sticky bun
- Ein liten skalk urtebrød
- To kyllingpølser
- To svææææære marshmallows
- Lighter
- Sitteunderlag
- 11/2 liter vatn
Eg og Emil rusla avgårde i to-tida, og han sprang og sprang og sprang som han bruker å gjera i starten av turen og forsåvidt heile resten av turen også. Då me var nesten oppe ved bakketoppen, gjorde han noko han aldri før har gjort på våre turar, han hoppa opp i ei veldig bratt skråning, og sprang litt oppe i skogen der.
Så var han brått på full fart nedover mot eit område der det ikkje er noko naturleg sti/veg ned til grusvegen – men i stadenfor er det stup rett ned. Alt skjedde veldig fort, men eg tenkte at han sikkert hadde vett til å stoppe før stupet og finne ein annan veg ned. Halvparten av dei tankane var korrekte, og det var ikkje siste halvdelen.
Joda, han stoppa, men så HOPPA han pinadø!! Han svevde leeeenge, og sprella i lufta, og eit av mine største mareritt skjedde rett framfor augene mine! Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vakna forskrekka og fortvila over mareritt som går på at ein av hundane mine faller utfor eit stup..
Medan han svevde, tenkte eg at det var den turen, og nå må eg bære han heim, og kanskje har han ødelagt seg så stygt at han må avlivast. (Dramadronning, eg? Næsjda)
Han landa med alle beina under seg, som ei pannekake nesten, og eg var heilt overbevist om at han snart ville begynne å hyle og kreke seg opp frå grøfta. Eg fekk ikkje fram eit ord, eg stod berre skrekkslagen og venta på at stillheten skulle brytast av smertehyl. Som aldri kom. Han sprang opp or grøfta og ned mot der eg stod, og eg kunne ikkje sjå halting kor hardt eg enn prøvde.
Emil står der han landa, og han hoppa omtrent frå den vesle busken/treet eg peiker mot.
Turen vidare innehaldt Innkalling med stå – trening, innkallingstrening, fartstrening, funn av elgespor eit par fotostopp, før me kom til endes av vegen der me skulle tenne bål og grille pølsene.
Bålet brant liflig, og eg forsøkte meg på marshmallowen først. Eit håplaust prosjekt når det er minusgrader, så dei måtte eg berre legge i sekken igjen. Fram med pølsene. Ikkje heilt bra resultat der, heller, for halve pølsa blei kald medan den andre halvdelen blei grilla. Urtebrødskalken og Sticky Bun’en blei varma i nærheten av glør, og smakte fortreffeleg!
Han er vakker, hæ?
Luksus i ei travel førjulstid.
Bålkos for dei som ikkje har anna å gjer siste lørdag før jul.
Då me omsider kom oss inn dørene heime, hadde me vore vekke i tre timar. Seinare på kvelden dukka det opp ei ørlita halting på høgre bakfoten, men den var vekke i morges.
I dag tok me med oss begge hundane for å vise Vetle kor det var Emil hoppa frå, og på veg heim, hadde begge to funne ut at eg hadde ball i lomma, og då ser turane våre ofte slik ut: