søndag, desember 18, 2011

Ei skrekkens oppleving!

I helga har me hatt så utruleg fint vær her i Iveland, at eg valde vekk julegavelaging i går, lSAM_2262ørdag, og pakka sekken med følgande saker:

  • Jetboil
  • Opptenningsved
  • Ved
  • Sticky bun
  • Ein liten skalk urtebrød
  • To kyllingpølser
  • To svææææære marshmallows
  • Lighter
  • Sitteunderlag
  • 11/2 liter vatn

Eg og Emil rusla avgårde i to-tida, og han sprang og sprang og sprang som han bruker å gjera i starten av turen og forsåvidt heile resten av turen også. Då me var nesten oppe ved bakketoppen, gjorde han noko han aldri før har gjort på våre turar, han hoppa opp i ei veldig bratt skråning, og sprang litt oppe i skogen der.

Så var han brått på full fart nedover mot eit område der det ikkje er noko naturleg sti/veg ned til grusvegen – men i stadenfor er det stup rett ned. Alt skjedde veldig fort, men eg tenkte at han sikkert hadde vett til å stoppe før stupet og finne ein annan veg ned. Halvparten av dei tankane var korrekte, og det var ikkje siste halvdelen.

Joda, han stoppa, men så HOPPA han pinadø!! Han svevde leeeenge, og sprella i lufta, og eit av mine største mareritt skjedde rett framfor augene mine! Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vakna forskrekka og fortvila over mareritt som går på at ein av hundane mine faller utfor eit stup..
Medan han svevde, tenkte eg at det var den turen, og nå må eg bære han heim, og kanskje har han ødelagt seg så stygt at han må avlivast. (Dramadronning, eg? Næsjda)
Han landa med alle beina under seg, som ei pannekake nesten,  og eg var heilt overbevist om at han snart ville begynne å hyle og kreke seg opp frå grøfta. Eg fekk ikkje fram eit ord, eg stod berre skrekkslagen og venta på at stillheten skulle brytast av smertehyl. Som aldri kom. Han sprang opp or grøfta og ned mot der eg stod, og eg kunne ikkje sjå halting kor hardt eg enn prøvde.

SAM_2271
Emil står der han landa, og han hoppa omtrent frå den vesle busken/treet eg peiker mot.

Turen vidare innehaldt Innkalling med stå – trening, innkallingstrening, fartstrening, funn av elgespor eit par fotostopp, før me kom til endes av vegen der me skulle tenne bål og grille pølsene.

Bålet brant liflig, og eg forsøkte meg på marshmallowen først. Eit håplaust prosjekt når det er minusgrader, så dei måtte eg berre legge i sekken igjen. Fram med pølsene. Ikkje heilt bra resultat der, heller, for halve pølsa blei kald medan den andre halvdelen blei grilla. Urtebrødskalken og Sticky Bun’en blei varma i nærheten av glør, og smakte fortreffeleg!

 

SAM_2247













 

 


 

 

 










Han er vakker, hæ?


SAM_2259

Luksus i ei travel førjulstid.

 

SAM_2263
Bålkos for dei som ikkje har anna å gjer siste lørdag før jul.

 

Då me omsider kom oss inn dørene heime, hadde me vore vekke i tre timar. Seinare på kvelden dukka det opp ei ørlita halting på høgre bakfoten, men den var vekke i morges.

I dag tok me med oss begge hundane for å vise Vetle kor det var Emil hoppa frå, og på veg heim, hadde begge to funne ut at eg hadde ball i lomma, og då ser turane våre ofte slik ut:

SAM_2278
Begge vil gjerne gå innerst

SAM_2276
FVF i plenum.

SAM_2282
Ball er verdt å gjer mykje rart for!

5 kommentarer:

  1. Skrekk og gru, kjenner det helt inn i hjerterota i det man forstår at de kommer til å hoppe og man ikke kan gjøre noe for å stoppe dem. Og det gjør vondt, noe så vanvittig vondt lenge etterpå! Jo takk, kjenner følelsen - takk og lov at det gikk bra denne gangen!!!

    SvarSlett
  2. Gu, så godt det gikk bra!! :-o Og førr en fantastisk koselig førjulstur (minus Emil-basehopp-uten-fallskjerm)!!

    SvarSlett
  3. Kari,
    Eg trudde knapt mine egne auger.. at han kunne vær så dumdristig! Skrekken min nå er at han prøver et endå høgare stup neste gong, for det gjekk jo så godt første gong... Usj...
    Men ja, takk og lov at det gjekk bra! :-)


    Krissi,
    Hehe... basehopp uten fallskjerm... ja, det var pinadø sånn det såg ut! Heldigvis er det tjukk og mjuk mose akkurat der han landa, men bare ein halvmeter bortforbi ligger det steinar.
    Det aller mest fantastiske med turen er at eg bare går ut ytterdøra, og så er skogsturen i gong :-)

    SvarSlett
  4. Uff, jeg vet hvordan du hadde det da han hoppa... Det der er ikke noe kjekt å oppleve :-(

    Isi gjorde noe lignende da hun var 1 år. Hun løp og lekte med noen hunder og løp opp på en bunkers som skrår bakover, med gress og vegetasjon oppå.
    Hun kom plutselig over kanten, der døra var, og det stupte rett ned... Det var ca 1 m høyere enn den skrenten som Emil hoppa ned...
    Eg trodde og at hun skulle brekke hvert bein i kroppen. Hun landa heldigvis på alle fire...og kun et lite skrubbsår på leppa viste. Men hun peip for pusten ble nok slått ut av henne.
    Men sjekk at han tisser for det kan gå hull på urinblæra. Jeg snakket med veterinæren rett etterpå og fulgte nøye med det neste døgnet.

    Heldigvis, og det håper jeg du og vil oppdage, så ble hun mer forsiktig etterpå.

    SvarSlett
  5. Han har tisst og gått på do og ete og alt ser heilt fint ut, så eg trur bombesikkert at alt gjekk bra.

    Og det snodige var at eg hadde jo NETTOPP lest blogginnlegget ditt om akkurat det du fortelte her.. om bunkersane du kom øve på rekognoseringstur :-) Og eg tenkte på dåkken med ein gong det hadde skjedd..

    Ja, eg får HÅPE han blir meir forsiktige når det gjelder akkurat stup, i allefall :-)

    SvarSlett