onsdag, oktober 24, 2012

Nytt familiemedlem

I lange tider har eg gått og kjent på at eg har hatt lyst til å finne den perfekte kosekatten å ha på fanget på lange kalde vinterkveldar her ved tjernet i skogen. Smiley er ikkje nokon kosekatt, og gidder ikkje ligge på fanget særleg lenge om gongen. Og ingen må bevege seg mot kjøkenet, for då forsvinn han frå fanget uansett kor lenge han har oppholdt seg der.

Eg har tråla Finn i lange tider, og brått dukka det opp ei skjønn lita frøken på Birkeland.IMAG0797IMAG0808
Me reiste og helste på henne, og ho blei med heim att.

Vel heime syns hundane dette var det mest spennande som hadde skjedd på lange tider, og Ayla blunker knapt nok når Frøken Dings er oppe i stova. Emil tar det heile meir med ro. Han kan gjerne finne på å murre til henne, men når kattungen ikkje reagerer, gidder ikkje Emil bruke meir energi på henne.

IMAG0805
På syrommet fins ingen hundar og ingen Smiley, og då kan me kooooose lenge!!


IMAG0837
Eg var veldig spent på om Smiley kom til å ville fyke på nykommaren, men han var tvert i mot LIVREDD denne skumle skapningen!

Frøken Dings, eller Frøkna som Vetle seier, har vore her i fem dagar, og har allereie vågd seg opp i stova på eigahand fleire gonger. I går såg det slik ut i heimen:
IMAG0843IMAG0845

6 kommentarer:

  1. Førr ei skjønn Frøken Dings! Gratulerer så mykje med nytt familiemedlem!! Så ut som ho trives godt med kos, ja! :)

    SvarSlett
  2. Ja, men kor lenge var Eva i Paradis, mon tru? Det ser ut til å bli ei sjølvstendig lita tøtte, dette her også, men eg håper det bare er forbigåande.. :-)
    Rart, det der, at ingen av mine dyr vil kose lenge med meg... Tru om det er EG som er problemet? ;-)

    SvarSlett
  3. Kain skjønne det ikkje e det!! Ho må bærre etablere sæ i huset (har det litt travelt akkurat nu), men ætterpå har ho tid te å kose. :)

    SvarSlett
  4. Skjønn skapning! (Jeg syns for øvrig det om nesten alle katter, men likevel...) =)

    Håper hun blir en skikkelig kosekatt for det er koooooselig :)

    SvarSlett
  5. Det lover bra med kosinga.. Ho hadde ein liten periode der alt anna var meir interessant enn å ligge på fanget mitt og kose, men nå kan eg sitte og sy og klippe stoff utan at ho har den minste intensjon om å hoppe ned av fanget.

    Ho er rett og slett reine velsignelsen, er ho :-)

    SvarSlett