søndag, juli 03, 2011

Årets første spor.

Ja, det er nesten så det er flaut at me ikkje har gått spor tidlegare i år, men nok ein gong må eg skulde på armbruddet.
Den første delen av dette innlegget har eg skrive FØR me har gått sporet, sånn berre for å sjå/vise kor nært eller langt ifrå eg er i mine forventningar til sporet og korleis dette skal gå.

SAM_1448b
To skjønnasar som på kvar sitt vis fortel meg at stressnivået er i høgaste laget idet eg er på veg ut i skogen for å legge spor.


Inspirert av Siv sitt blogginnlegg, tok eg med meg sporsløyfer (Yes, eg huska å ta med!!), diverse leiker, og rusla innover vegen. Den opprinnelege planen var å legge sporet på venstre sida av vegen, frå bakketoppen og nedover, men den planen blei endra halvvegs mot bakketoppen. Eg hengde frå meg ei sløyfe som sporstart og innsåg der og då at eg hadde gløymt startgjenstand. Tipper Emil kjem til å skeie ut der likevel, eg, og ha eit himla tempo i starten.
SAM_1447b
Etter ei lang, rett strekke i starten, hugsa eg rådet frå i fjor om å legge sporet i svake buar, heller enn rette strekningar, og la inn først ein 90 graders vinkel etter ein bekk (anten går det, eller så går det ikkje, eg ser føre meg at det blir eit slikt punkt der eg lærer om dette er lurt eller ikkje), og første gjenstand like etter vinkelen. Eg er spent på korleis han vil ta vinkelen i år.

Vidare la eg ein del buare att og fram, og oppover ein ganske bratt bakke. Her knakk eg av ei lita grein og tenkte eg ville sjå om han ville oversjå den, eller om det er håp om at han kan hende ein dag vil klare å plukke pinnar i sporet også, og ikkje berre leiker.

Då eg skulle legge sporslutten, tenkte eg (og det virka veldig fornuftig der og då) at eg ville legge den OVER grusvegen. Mhm… nevnte eg at dette er årets første spor?
Der ligg det nå ei saueskinnsleike som Emil ALLTID stjeler om han får anledning, og totalt tenker eg at sporet blei på mellom 180-200 meter og med to leiker pluss slutt.

Og nå har sporet blitt over timen gammalt, så nå rusler eg og Emil ut for å gjere alle mine antagelsar til skamme Smilefjes


Etter sporet:
Emil fekk på sele og sporline allereie på grusvegen, for nasen gjekk i bakken og han var heilt
SAM_1455b tydeleg på sporet av meg. Då me kom fram til startsløyfa mi sa eg ingenting til han, så eg fekk sjå om han hadde tenkt å sjekke ut sporet mitt, og det gjorde han! Og det var vel det einaste positive eg kan seie om sporet i dag, trur eg. Joda, han fant slutten, men gudhjelpemegvel for eit tempo!!
Eg må hugse på det når eg legg neste spor, at sjølv om eg lett klarer å gå terrenget i MITT tempo, er det ikkje nødvendigvis slik når eg skal gå det i Emil sitt tempo. Han raser avgarde i eit sinnsjukt tempo, og virrer og vaser overalt! I vinkelen durte han rett fram, tok ein undersøkelsessirkel, og så fant han sporet att. SAM_1460bFørste gjenstand fant han og returnerte til meg med, mens andre gjenstand passerte han med over meteren. Den vesle kvisten fann hverken eg eller han, og då me kom til sporslutt, måtte eg hjelpe han over grusen.

Undervegs i sporet datt eg fleire gonger, og fekk frykteleg vondt i armen. Det er jo venstrehanda eg har knekt, men høgre handleddet er heller ikkje så godt etter mykje belastning dei siste seks vekene.

Lærdom:
* Emil er ikkje Ayla. Emil må lærast spor på ein heilt annan måte, og eg må lese litt om korleis eg bør gjera dette.

* Emil har eit høgt tempo som er vanskeleg å følge når kondisen ikkje er det store i utgangspunktet.

* Eg må merke spora betre, slik at eg hugsar kor eg har gått!!!

* Eg må på eit eller anna vis senke intensiteten og forventningane til Emil.