Ja, det er nesten så det er flaut at me ikkje har gått spor tidlegare i år, men nok ein gong må eg skulde på armbruddet.
Den første delen av dette innlegget har eg skrive FØR me har gått sporet, sånn berre for å sjå/vise kor nært eller langt ifrå eg er i mine forventningar til sporet og korleis dette skal gå.
To skjønnasar som på kvar sitt vis fortel meg at stressnivået er i høgaste laget idet eg er på veg ut i skogen for å legge spor.
Inspirert av Siv sitt blogginnlegg, tok eg med meg sporsløyfer (Yes, eg huska å ta med!!), diverse leiker, og rusla innover vegen. Den opprinnelege planen var å legge sporet på venstre sida av vegen, frå bakketoppen og nedover, men den planen blei endra halvvegs mot bakketoppen. Eg hengde frå meg ei sløyfe som sporstart og innsåg der og då at eg hadde gløymt startgjenstand. Tipper Emil kjem til å skeie ut der likevel, eg, og ha eit himla tempo i starten.
Etter ei lang, rett strekke i starten, hugsa eg rådet frå i fjor om å legge sporet i svake buar, heller enn rette strekningar, og la inn først ein 90 graders vinkel etter ein bekk (anten går det, eller så går det ikkje, eg ser føre meg at det blir eit slikt punkt der eg lærer om dette er lurt eller ikkje), og første gjenstand like etter vinkelen. Eg er spent på korleis han vil ta vinkelen i år.
Vidare la eg ein del buare att og fram, og oppover ein ganske bratt bakke. Her knakk eg av ei lita grein og tenkte eg ville sjå om han ville oversjå den, eller om det er håp om at han kan hende ein dag vil klare å plukke pinnar i sporet også, og ikkje berre leiker.
Då eg skulle legge sporslutten, tenkte eg (og det virka veldig fornuftig der og då) at eg ville legge den OVER grusvegen. Mhm… nevnte eg at dette er årets første spor?
Der ligg det nå ei saueskinnsleike som Emil ALLTID stjeler om han får anledning, og totalt tenker eg at sporet blei på mellom 180-200 meter og med to leiker pluss slutt.
Og nå har sporet blitt over timen gammalt, så nå rusler eg og Emil ut for å gjere alle mine antagelsar til skamme
Etter sporet:
Emil fekk på sele og sporline allereie på grusvegen, for nasen gjekk i bakken og han var heilt
tydeleg på sporet av meg. Då me kom fram til startsløyfa mi sa eg ingenting til han, så eg fekk sjå om han hadde tenkt å sjekke ut sporet mitt, og det gjorde han! Og det var vel det einaste positive eg kan seie om sporet i dag, trur eg. Joda, han fant slutten, men gudhjelpemegvel for eit tempo!!
Eg må hugse på det når eg legg neste spor, at sjølv om eg lett klarer å gå terrenget i MITT tempo, er det ikkje nødvendigvis slik når eg skal gå det i Emil sitt tempo. Han raser avgarde i eit sinnsjukt tempo, og virrer og vaser overalt! I vinkelen durte han rett fram, tok ein undersøkelsessirkel, og så fant han sporet att. Første gjenstand fant han og returnerte til meg med, mens andre gjenstand passerte han med over meteren. Den vesle kvisten fann hverken eg eller han, og då me kom til sporslutt, måtte eg hjelpe han over grusen.
Undervegs i sporet datt eg fleire gonger, og fekk frykteleg vondt i armen. Det er jo venstrehanda eg har knekt, men høgre handleddet er heller ikkje så godt etter mykje belastning dei siste seks vekene.
Lærdom:
* Emil er ikkje Ayla. Emil må lærast spor på ein heilt annan måte, og eg må lese litt om korleis eg bør gjera dette.
* Emil har eit høgt tempo som er vanskeleg å følge når kondisen ikkje er det store i utgangspunktet.
* Eg må merke spora betre, slik at eg hugsar kor eg har gått!!!
* Eg må på eit eller anna vis senke intensiteten og forventningane til Emil.
Så kjekt med spor! Han e jo knallflink! :-) Når vi gikk kurs lærte vi at for å få nøyaktighet og fin fart i sporet, måtte vi legge mange spor med mye godbiter i hele sporet.. (og markere med depotbelønning i slutten) Gjerne vente med å bruke leken til du har fått den farten du vil ha eller? Tenker at dette gjerne er med og intensiverer farten? Kan ikke dette i det hele tatt, men det var bare en tanke.. ;-)Gjerne også tenke på at når man starter, så skal ikke intensiteten være så høy, da blir den jo fort innlært.. Renate
SvarSlettHan går over godbitar, det til tross for at han er det største matvraket eg har sett. Og det er ikkje så rart, for det er nok begrensa kor kjekt det er å finne ein godbit med 40 maur på ;-)
SvarSlettDet du seier om å få ned intensiteten i starten er nåke eg sjølv også har kome fram til, så før neste spor skal eg førebu han på ein heilt aen måte.. Kanskje gi han nåken søk etter ballen hans på myra her så han må springe ein del OG bruke hjernen.. Og når han har roa seg etter det, rusler me eit spor.. Eller.. rusler og rusler.. ALT han gjer, skjer i fart, sånn er det berre :-)
Og så må han få lange spor utan gjenstandar anna enn i slutten ei stund.
Og eg har vore på ikkje mindre enn FIRE sporkurs, utan å ha fått med meg korleis ein kan fikse vimsing og vasing og fart. :-)
Framover no blir det laaaaange spor etter lågtfyking over myra her :-)
Ja, du er inne på noe, tror jeg. Det å roe han ned og ikke skru opp forventningene. Ta gjerne på sele og line i god tid før sporet og bare "rusle" forbi det...
SvarSlettDet som ofte også hjelper på farten er lengre liggetid og vanskeligere spor (f.eks. mer vinkler, spissere vinkler, "avhopp" i bekker eller hopp på steiner, gå tilbake i eget spor ol). I starten vil jo farten kanskje være stor og han vil virre, men du kan enten holde ham igjen hvis du vet hvor sporet går, eller la ham virre til han finner sporet igjen (ev avbryte) og at han på sikt vil sette ned farten for å få med seg sporet. Du kan også gå med kort line og vite hvor sporet går. Da kan man stoppe med en gang han er oppe med nesen og virrer... han får kun gå videre hvis nesen er ned. Da bør ikke sporet være ferskt (mindre enn 2 timer) for da er det mye fert som ligger og "flyter" i nærheten av sporet. Håper noe av dette kan hjelpe :-))
Enig med både Renate og Tone.
SvarSlettJeg trener på grus/asfalt, når hundene er så ivrige - med godbiter i hvert eneste spor. I tillegg holder jeg hunden hardt igjen (lina rundt livet)slik at den "tvinges til å ta det rolig. Belønningen er også godbiter - gjerne i en boks/penal eller lignende. Skal du bruke gjenstander så bruk bitte små - på størrelse med en tikrone.
Lykke til Kari Anne. Du har ett såkaldt "luksusproblem" :))
Tone,
SvarSlettSå det du seier, er at eg kan legge nesten like vanskelige spor som eg ville lagt til Ayla (som heilt seriøst er vanvittig bra sporhund)? Og at det kan hjelpe med å få ned farten?
Og det å holde igjen lina har eg aldri tenkt på som ein mulighet. Med Ayla har eg alltid fått beskjed om å gi henne line og avstand og la henne sjekke ut vinklar og avhopp og blindveier og kryssande spor og alt ho måtte komme over. Men det er sikkert fordi HO er dyktig nok til å jobbe på egenhånd, og Emil er ikkje det..
Men dette skal prøves, og det vil bli oppsummert i et nytt blogginnlegg der eg ramser opp alt eg har funne om emnet :-) Tusen takk!!
Ghita,
Kor lenge ligger grus/asfaltspor? Og korleis kan eg løyse maurproblem på godbitane på et grusspor? Og korleis begynner eg trening på asfalt? Eg har aldri gjort det før, eg..
Og joda, det er ikkje et stort problem, han sporer jo og er flink og syns det er jysla kjekt, så me skal nok klare dette også :-) Tuuusen takk for tips!!
Du må jo finne ut hva som er vanskelig for Emil... :-))
SvarSlettIkkje for vanskelig men øk på vanskelighetsghraden litt og se hva som skjer.
Mange veier til Rom vettu... og det å gi ut line, ja sågar slippe den, er noe jeg gjør ofte... men ikkje akkuratt hvis poenget var å få ned farten og få opp nøyaktighet. Jeg gjør det spesielt på gamle spor.
Du må prøve hva som funker på Emil. Det jeg vet er at det finns ingen "metode" som passer for alle hunder, det må alltid tilpasses hund og fører :-))
For Isi hjelper det å gå gamle spor. Da har hun et lavere tempo.
Men du, nå så jeg filmen din på ny. Og det er ikke tempoet som slår meg, som stort... du kan jo til og med filme mens du går :-D
Men han vimser mye og det er kanskje pga at sporet er fersk og det er også mye og høy vegetasjon. Det sprer også ferten mer "rundtforbi", altså utenfor selve sporkjernen. Prøv å finne steder med mindre vegetasjon og/eller la sporet bli eldre.