søndag, mars 23, 2008

Påsken 2008


Påsken er snart over, og det har blitt særdeles lite trening. Kun kos. Me har hatt svigermor på besøk, og ho reiste torsdag. Etter det har Vetle vore på langtur med Ayla. Eg lvote at dei knapt ville sjå folk på turen, sidan været ikkje var heilt fint, men dei hadde truffe nærmare tredve stykker til saman. Pluss nokre hundar.

Aylagullet hadde ikkje kome med EIN lyd!
Og på kvelden var det ingen halting! Sjølv om den turen er lenger enn dei ho har halta etter tidlegare.



I dag tok eg same turen, og håpte å treffe på folk. Eg har nemlig begynt å følge med på Ayla når me går, i staden for å sette "radaren" på og vite lenge før Ayla kor folka kjem frå. Ho har blitt så flink på å sladre, at sjølv når ho går laus, framfor meg, og det kjem syklistar bakfrå, så stopper ho opp og venter til eg kjem inntil henne. Dersom syklisten sykler så fort at ho ser at eg ikkje rekker fram til henne før syklisten er forbi, kjem ho springande tilbake til meg. Flinke hunden! :-)

Me traff: eit par, så eit par til, så fire mannfolk og to ungar, så ein familie, så eit par med hund, så eit eldre par (desse gjekk me forbi, dei andre passerte mens Ayla sat ved sida av meg), så to voksne og to ungar, så eit par med hund, og til slutt ei dame med hund. Nokre av passeringane av folk var så nære som ein meter. Ayla var heilt avslappa og ikkje stressa i det heile.
Då hundane passerte ( på ca 3-4 meters avstand) var der ikkje minste teikn til at ho ville bort og helse. Heldigvis bjeffa ingen av dei andre hundane, ellers ville ho nok hatt eit ord med i laget, men sånn generelt sett kjenner eg at eg svulmer av stolthet over arbeidet mitt. For det ER jo mitt arbeid, det er ikkje til å stikke under ein stol..

Ei veke igjen til operasjonen, og den veka MÅ eg bruke til å trene! Det blir nok ikkje så mykje av det etter operasjonen og før Hundeeierskolenhelga om to veker. Vetle blir med opp, så eg ikkje overanstrenger meg.
Eg trur eg vil konsentrere meg om apporten, og så får eg heller bite i det sure eplet og faktisk skrive kriterieplan og treningslogg over det. Blæh...

5 kommentarer:

  1. Snakk om opptur:-)!!! Ta den til deg, det har du virkelig fortjent. Å få Ayla dit ho er i dag har krevd si dame, og den dama det er du! Du har all grunn til å være stolt, det er helt sikkert. Lykke til med treninga neste uke :-)

    SvarSlett
  2. Hyggelig å lese! Blir litt stolt og kry av deg :-)

    SvarSlett
  3. Det gjør godt langt inni hjertet å lese hvor godt det går med dere nå. Og kanskje mest av alt hvor rolig og avbalansert DU er blitt i forhold til møtesituasjoner. Dette smitter jo også over på Ayla og hjelper dere enda mer. Stor og stolt klæm!! :)

    Ka skal du operere?? Lykke til!

    SvarSlett
  4. Britt
    Me er ikkje heilt i mål endå, men nå skimter eg det i det minste... langt der framme :-) Eg går ikkje lenger turar med hjertet i halsen, sånn i tilfelle me treffer folk, og det er utrulig deilig! :-)

    Simen
    Tusen takk for kjempekoselig kommentar! Den varmet godt! :-)

    Krissi
    Eg har sagt det før, og seier det gjerne igjen: Vendepunktet kom etter den maidagen i fjor, då du ut av det blå tilbaud deg å treffes og prate rottweiler. :-) Tusen takk igjen!!! Og klem tilbake!!

    P.S. Operasjonen er litt ehm.. sånn som eg ikkje har lyst til å kunngjere. :-) Men den er ikkje stor og farlig. :-)

    SvarSlett
  5. Du har all grunn til å svulme av stolthet, ja! Det er som vanlig utrolig oppmuntrende å høre om oppturene deres :-D

    Takk forresten for hyggelig tilbakemelding på bildene fra påsketuren vår! Det er både sikkert og visst at slike flotte turopplevelser brenner seg fast i minnet. *sukk* jeg lengter tilbake allerede, jeg....
    Har en liten drøm om å prøve å feire 17.mai med en lang skitur i fjellheimen en gang, men akkurat det er ganske så væravhengig... så vi får se om det blir noe av i år eller ei ;o)

    Du får ha lykke til med operasjonen, Kari Anne! Og så håper jeg du gidder å blogge litt om intensivtreninga deres før samlinga på hundeeierskolen. For hos oss er det svært lite trening om dagen, så trenger absolutt litt påfyll av inspirasjon ;o)

    SvarSlett