lørdag, mai 16, 2009

To vekers oppdatering.

Ein kjapp oppdatering, bare. 

Det har blitt særdeles lite trening på Ayla og meg sidan sist innlegg. Forrige veke var det pga jobbing frå sju om morgon til 8,9,10,11,12 om kvelden. Jepp. Då var det liksom ikkje så mykje tid att av dagen til trening.

Denne siste veka har eg haldt henne i ro pga ho var med Vetle ut på ein roleg tur sist lørdag, og på kvelden begynte ho å halte svært tydeleg på høgre bakfoten. Ho haltar ikkje når ho er i bevegelse ute, men når ho kjem inn og har kvilt, er det heilt tydelig at foten er vond.

For to veker sidan var me på hyttehelg i Matre, saman med Olaug og familien. Der skjedde det ganske mykje som ikkje passer seg på ein offentlig blogg, men det blei ein hastetur til legevakta på Husnes på lørdagen. 
Bortsett fra det, var helga skikkelig fin, med MYKJE god mat og kos og gitarspel og skrøner og leik.

Hytta var like vied sida av eit beite med mange sauer og lam. Eg greier ikkje å sjå meg mett på lam (ja, ikkje slik meint, altså)!


Det er ikkje så ofte Joey og Ayla ligg saman på same teppet, så når dei først gjer det, må me jo foreviga augneblinken.


Lea og Ayla i det flunkande nye Variocageburet vårt! Både Lea og Ayla kraup inn sjølv!


Det går fint an å vera tante OG trene hund på same tida :-)

2 kommentarer:

  1. Så koselige bilder. =) Det er nok like greit å skåne offentligheten for årsaken til hastebesøket, men det va jo ei topp helg uansett da.. =) Me koste oss alle samen, og er enige om å ville vera med ein aen gong og. =)

    SvarSlett
  2. Ja, helga var skikkelig koselige, den, og når det blir ein neste gong, så skal jallefall ikkje eg komme med nåken som helst tips om nåke aent enn kor på kartet me finne ut at me vil sjekke ut :-)

    SvarSlett