tirsdag, mai 25, 2010

Stiv og støl i kroppen, og lite hundetrening.

Det er dag, eller kveld tre i nytt hus, og alt står fortsatt i øskjer rundt i heile huset. Me har fått det viktigaste opp og gå, og forsøker å kose oss innimellom all utpakking og plassering og luking i bed og oppsetting av hyller og så vidare.

Me er seriøst stive og støle i kroppen, og knapt utsovne etter å ha pakka eit halvt liv ned i øskjer, løfta og bert og luka i bed og flytta på møbler opp trapper både ute og inne. Me merker at me er 36 og ikkje 26, og sjølv om det er ein aldri så fascinerande observasjon, er det litt irriterande også.

CIMG4865 Hundane har hatt rolege dagar, og Emil er nå inne i si andre veke med spøkelsesatferd, og det meste har vore skummelt til nå: ein stein i bekken, skvettlappen på bilen min, flaget på syttende mai, speilbildet av Vetle i Planter plommetre stovevinduet, plasten rundt plommetreet eg fekk i avskjedsgave av verdens beste kollegaer, eg, Vetle, ein halvmeter stor nisse, og så vidare i det uendelige. Han avreagerer veldig kjapt, og går for å undersøke det som nettopp skremte livskiten av han.

På lørdag var me nede i Vennesla sentrum ein tur, og det var strålande sol og VELDIG varmt. Det var vår aller første rusletur i sentrum, og me blei stoppa av fem stykker som ville helse på Emil. Han viste seg frå si aller beste side og var sjarmerande og skjønn og rolig og avslappa. Ingen hopping på meg, og då me sette oss på ein benk, kom han og sette seg inntil meg og kikka rundt seg. Han helste på ein forbipasserandre Grand Danois og ei ung Berner Sennen tispe. Folka me passerte brydde han seg ikkje om, han var opptatt med sitt. Kan tru eg var stolt! :-)

Ellers har dei siste dagane blitt brukt til utpakking, og planlegging av kor me skal ha ting, kva rekkefølge alt skal gjerast i, og ikkje minst: hagearbeid. Hagen her ser ikkje ut til å ha vore stelt med på mange år. Fullt av skvalderkål og nesler og løvetann og mose. I dag har eg brukt tre timar på luke i eit tre meter langt bed. Omtrent halvveis, kom denne karen springande oppover murveggen.

DSC06767
Firfisla Bøgvald og Bøgvaldine (det viste seg at det var to av dei, nemlig)

Me har forresten funne ut at Emil likar vatn. Han spring nedi bekken og er på pletten om me setter på hageslangen. Det er nesten umulig å jobbe i hagen så lenge han er der. Han spring avgårde med hagesaksa  og spaden og hanskar og planter og ja.. det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne teikninga her.. :-)
CIMG4861 
Han har fått nye tenner både oppe og nede, så nå ser me VELDIG
fram til at hjørnetennene også skal skiftas ut. Han er ikkje ille til
å bite, men når han blir litt ivrig, gløymer han seg ut, og då gjer
det VONDT! Berre spør Ayla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar