torsdag, august 11, 2011

Besøk er kjekt!

Endeleg kom dagen då Renate og Tess skulle komme, og eg var ikkje heilt sikker på korleis dette skulle gå. Emil er jo Emil, og han har aldri helst på Tess før.

Emil stod på altanen medan eg gjekk ned og tok i mot besøket, og då Tess kom ut, bjeffa han og sprang att og fram, men klarte til slutt å roe seg sjølv heilt ned. Då Tess sprang opp for å helse på han, gjekk det heile ganske så roleg for seg gjennom altanporten. Då han fekk komme ut til henne, fann dei tonen umiddelbart!

Etter ein svært kort spasertur så dei fekk springe av seg dei verste loppene, og me tobeinte hadde fått i oss litt brødmat, tok me turen innover vegen mot Fiskelausvatn. Eg hadde med fyrtårnet til Emil, det er ei leike som flyt, og Tess og Emil sprang side om side innover vegen medan Renate og eg gjekk og tatla i finværet.

Då me kom fram til vatnet, blei eg litt overraska, mildt sagt. For det var plutselig kome ei ØY midt utpå vatnet som ikkje var der sist me var innover:
SAM_1608
Øya til venstre i biletet har aldri vore DER før! Og den kvite prikken like til høgre for øya, det er Tess som svømmer ut for å hente fyrtårnet Smilefjes

Emil og Tess bada og svømte og koste seg ei god stund før me rusla vidare innover vegen. Me snudde ca halvvegs, og hadde oss ein liten sittepause.

SAM_1610

På veg heimover, fekk eg dette biletet, og her ser Tess ut som ein biiiitteliten kvalp i forholdt til Emil:
SAM_1612

Vel heime igjen var det tid for middag, og etter den var fortært, bar det ut i skogen for spor med Tess. Ho fekk to spor som ho greide finfint!
Etterpå var det Emil sin tur, og eg ville trene Ruta. Dette gjorde me på grusvegen, og Renate stod ved ruta og belønna på mitt signal. Eg kunne til slutt sende Emil ut i Ruta på 20 meters avstand, noko eg syns var heilt fantastisk!

Resten av kvelden haldt me oss i ro, og Emil og Tess fann roen i lag:
SAM_1618

 

Til slutt ein liten snutt av herleg uhemma leik! For nåken skjønningar!!!

2 kommentarer:

  1. Så herlige bilder, og ja, der ser du, du må gi han møøje meir kreditt enn ka du gjer, for han er faktisk ein veldig dyktig stor unghund.
    Søte videosnutt av Emil og Tess på slutten, akkurat som å sjå Thassie og Oliver i lek, jo. ;)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for oss, me storkoste oss! :-) Klem

    SvarSlett