søndag, august 21, 2011

Passeringstreningsambivalens.

På tysdag starta passeringskurset hjå Amokk, og Vetle var med for både filming og fotografering. Nå skal eg ikkje seie så mykje om korleis kvelden gjekk for oss, anna enn at han var høg av stress HEILE timen me var der, ikkje EIN EINASTE gong såg eg ein avslappa eller rolig Emil. Han var hard i munnen og ALLE rørsler var raske og på vakt.
Eg følte ikkje eg fekk nokonting ut av denne kvelden, anna enn frustrasjon og skuffelse. Over meg sjølv, altså.

Neste kurskveld kjem eg til å førebu meg annleis. Då skal eg først slite han litt ut her heime på myra med søk etter leiker, og så kome fram til kursplassen i GOD tid, så me ikkje treng å gå slalåm mellom bjeffande hundar i bilar og hundar som brått dukker opp, og på den måten få eit anna utgangspunkt en førstekvelden.

Seinare i veka har eg trent på ting eg har i lekse til siste kurshelga på Elitesatsinga, for nå nærmer det seg VELDIG!! Det er berre ei veke til nå… Uææææ!!!

I allefall, det kom tikkande inn ei melding frå Hilde som eg går passeringskurset i lag med. Ho har ein flott storpuddel ved navn Kairos, og ho lurte på om eg ville bli med og trene på passeringstinga våre på søndag. Det ville eg jo sjølvsagt, og byrja å grue meg frå same sekund som bekreftelsen var sendt.

SAM_1655b
Her er Hilde og Kairos i bakgrunnen.

SAM_1659b
Må jo ta litt pausar av og til… Igjen, Hilde og Kairos i bakgrunnen.

SAM_1668b
Debriefing etter endt kurskveld. Og jammen er ikkje Hilde og Kairos i bakgrunnen her også :-)

 

På veg heim hadde me avtalt å stikke innom svigermor Tove i Grimstad, og eg var spent på korleis han ville ta trappene denne gongen. Jaggu sprang han ikkje opp som han aldri hadde gjort anna, så eg trur nok han har kome over denne forferdelige trappeskrekken sin.


SAM_1670
Vel heime, og Emil har funne den nye favorittplassen sin: under gardina.

I dag, då dagen kom, striregna det, men nett idet me starta treninga, blei det opphold og nesten fint vær.
Aller først fekk eg utnytta ukjentheten mellom Hilde og Emil, og arrangerte et “tilfeldig møte” med ein turgåar og Emil. Det gjekk gullfint, så eg trur nok at det berre er her heime han reagerer rart.

Me avtalte at Emil og eg skulle halde oss ved nokre buer ved stadion, og så skulle Kairos og Hilde komme gåande og jobbe på same måten som me starta på den første kurskvelden: Klikke og belønne for kontakt. Emil merka ikkje at Kairos kom ein gong, sjølv då han såg han, reagerte han ikkje med anna enn interesse. Knapt nok det eingong.
I løpet av den timen me trente i lag, fekk me øvd på følgande situasjonar:
* Konsentrere seg medan ein annan hund peip, bjeffa litt, leika med ball, gjekk att og fram frå bakom reklameskilta.
* Dekk/sitt og bli medan ein annan hund var i nærleiken og av og til laga lyd og bevegde seg i nærleiken.
* Ha pause medan ein annan hund jobber med eigaren sin og får ball som belønning.
* Rulle rundt når mor vil ha pause og har bittelitt angst for at han brått skal bli oppmerksom på at den andre hunden er for nært og dermed eksplodere.
* Springe att og fram i bandet etter kasta godbitar for å fungere som forstyrrelse for ein annan hund
* Gå til bilen med full oppmerksomhet og bli belønna med tom godbitveske som blir kasta i lufta.

Alt i alt var det ei særs lærerik økt for oss alle fire. Eg lærte at han verkeleg treng å få røyne seg litt på myra før treningar, for det var ein heilt annan Emil eg hadde med meg i dag.

Me starta med avstand på 30-40 meter, og endte opp på rundt 10-15. Det er knallbra!!

Då me skulle avslutte, blei eg strategisk med inn i hagen til Hilde, for der hadde eg sett PÆRER då eg kom! Og jammen hadde ho modne Victoriaplommer også, og eg fekk plukke det eg ville RETT FRÅ TREET! O’Lykksalige meg, altså!! Eg gler meg så veldig til plommetreet mitt bærer såpass mange plommer at eg kan dele med meg! :-)

Torsdag var eg og hundane over bekken for å plukke blåbær til Tove, og brått var Smiley der også. Han skulle vise klatreferdighetene sine fram og remja om at eg måtte ta bilde av han, så då gjorde eg det.
SAM_1674SAM_1681bSAM_1685b

 

Seinare på kvelden låg Emil og Smiley og koste seg på golvet.

SAM_1698bSAM_1700
Smiley maler knallhøgt og trør på hovudet til Emil, og Emil lear knapt på auga eingong. *smelt*

4 kommentarer:

  1. Så bra at det gikk bra! Gleder meg til tirsdag :)

    SvarSlett
  2. Så bra at det går fremover, dere er kjempeflinke:)
    Hadde vært kos å se dere igjen:)

    SvarSlett
  3. Takk for hyggelig og nyttig trening på søndag! Emil var jo bare roen selv! Så fokusert på deg og i balanse!Så kan vi vel slå fast at Kairos og jeg har forbedringspotensiale....? :)
    hilsen Hilde

    SvarSlett
  4. Siv,
    Ja, det gjekk kjempebra, men eg forventer ikkje at det vil gå like bra på tirsdag. Ting tar tid, har eg skjønt...

    Evy,
    Framover og framover... Opp og ned, vil eg vel heller kalle det. Og ja, det hadde vært kjekt å sjå dåkken også igjen :-)

    Hilde,
    Denne gongen var det Emil som viste solsida si, ein annan gong blir det Kairos. Me var i alle fall flinke, alle fire :-)

    SvarSlett