søndag, november 20, 2011

Diverse om diverse.

Oy, nå er det lenge sidan eg har blogga! Halvannan månad sidan sist, og då var det kennelhoste eg skreiv om.

Ei kennelhoste som forøvrig sat i lenger enn eg først trudde den skulle gjer! For først blei dei hostefrie, begge to, og så etter nokre dagar utan hoste, starta dei å få bevege seg litt igjen. Då kom hosten tilbake, og me måtte bl.a avlyse tur i lag med Kairos. Nokre dagar til med sporadisk harking, og så gjekk det over. Dagar og veker gjekk, me har starta oppussing av eit rom i kjellaren som skal ende opp som mitt hobbyrom, og eg har brukt ein god del tid på å planlegge det. Eg har sagt at eg vil jobbe mest mogleg sjølv, men at Vetle nok må trø til som muskelkraft.
Det går seint, for håndledda mine er ikkje glad i harde påkjenningar.

Torsdag som var, var det sju veker sidan sist Emil hadde sett andre hundar enn Ayla, og då pakka eg med meg diverse snaddergobitar og RÅ vom og hundemat og køyrde ned til Vennesla Hundeklubb sitt område for å trene i lag med ei nyoppstarta lydighetsgruppe der. Eg forventa vel ikkje all verda av Emil denne kvelden, men han likte VELDIG godt V&H! Den viste seg faktisk å vera to hakk meir stas enn det som tidlegare har vore den ubestridte einer i heimen her; nemlig hans eigen oppbløytte hundemat. Då eg tok fram V&H, slutta alt anna enn Emil og meg å eksistere.

Under kvelden trente eg utan band på FVF, stå under marsj, innkalling, fellesdekk MELLOM TO HUNDAR(!!), og bare vera roleg og sjå på dei andre hundane (viktig trening, det også).
Under fellesdekken låg han mellom ein schæfer og ein spaniel, og det kom litt lyd mot schæferen. Eg stod jo ikkje lenger vekke enn at eg hadde FULL kontroll på han, så då gjekk eg berre eit lite steg mot han til han såg på meg og så gjekk eg tilbake igjen. Eg vågde til og med å sleppe bandet nokre sekunder!! Juhu!!

EIt par gonger murra han litt, men ingen bjeff denne kvelden.  Og allereie då bestemte eg meg for at eg ville opp til Øvrebø på søndagen og trene i nærleiken av dei som skulle gå Sørlandsappellen der. Med 39  påmeldte ville det sikkert bli litt av kvart.

Som gjort, så tenkt, så eg pakka V&H igjen og tvingte med meg Vetle opp som (film)fotograf. Lokka med hundeklubben sine snaddervafler og ein kopp kaffe, og då var han ikkje så veldig vanskeleg å be med…

Trening på fotballbanen 2
Begge to konsentrerte på veg mot LP ringane.


Stå under marsj
Litt stå under marsj trening medan eg jobber Emil litt ned i stressnivå. Me har framleis ikkje kome bort til LP ringane.


Trening på fotballbanen
Det kom fleire hundar ut på grasbanen, så me blei ståande der ei stund før me bevegde oss mot LP ringane.


Ved kiosken
Me har vore heilt borte ved ringane, og ikkje forstyrra nokon, og her har me fått oss vafler og brus og kaffe og kakao i kiosken. Vennesla Hundeklubb har heilt FANTASTISKE vafler!! Nam!!


Ballbelønning 2
Gul ball er for tida det som er enklast å belønne med når eg vågar å sleppe bandet. Her er me eigentleg på veg bort til bilen igjen.

ballbelønning
Hohoi, som det går!


Den aller første sekvensen i denne snutten viser tydeleg humøret til Ayla for tida. Ho er rett og slett blitt litt fantete! Rampete og full av f… , faktisk. Smilefjes We like it alot!!!!
Ho har ikkje fått smertestillande sidan starten av oktober, og får bli med på lenger og lenger turar, leite i skogen etter ballar, og også springe ut på myra og leite der også. Alt i hennar tempo, så klart. Eg presser henne ikkje, men hindrar henne MINIMALT. Sjølv om det ikkje såg slik ut i fjor, så kan det faktisk hende at ho ikkje har det så travelt med å takke for seg Smilefjes Juhuuu!!!

9 kommentarer:

  1. Sååååå kjekt å se dokke i action!!! Dette blir bra. Det e eg heilt sikker på. Glede meg te å se dokke i ringen. :-) Stor klem fra meg

    SvarSlett
  2. I ringen skal me, det er sikkert! Me må bare få orden på passeringar og fellesdekk, så er me klar ;-)

    SvarSlett
  3. STORT smil :-D både for Ayla og for Emil i trening! Ayla ser godt ut! :-)
    Så flinke du og Emil er! Nydelig! :-) Ble glad av å se filmen - og lese blogginnlegget! Takk! *klem*

    SvarSlett
  4. Sett bort fra fellesdekken, så er me nok klar til å prøve oss, så me KUNNE blitt med i rekruttklassen, meeeeeen....
    Neste år skal me inn i ringen og ikkje stå utforbi :-)

    Ayla ser bedre ut enn tidligare i år, det er sikkert, men huden hennar er ikkje så fin... pelsen har vokst over dei områdene som var så ille, men ho har framleis hard og tjukk hud der calcinosis cutisen er. Hadde ho ellers vore frisk og ung og sånt, så hadde det vore et alternativ å operere vekk nokre av dei områdene. Det største er bak på venstre hofta (10x10 cm), men det ser ikkje ut til å plage henne, heldigvis :-)

    SvarSlett
  5. Wow!!!
    Dette så unektelig utrolig bra ut Kari Anne!!!
    At dere er klare til neste år vet jeg med absolutt sikkerhet!

    Deilig å se Ayla i slik form! :D

    SvarSlett
  6. Takk for det, Nina :-)
    Om bare motivasjonen ikkje stikker av igjen, så blir me garantert klare.. :-)

    SvarSlett
  7. Så kjempegøy at det går fremover med dere alle sammen:)
    Lykke til videre, dette ser jo kjempebra ut:)

    SvarSlett
  8. Så kjekt å lesa bloggen din igjen. Sånn e det å ha hus, alltid litt å pusse på.Me har pussa opp stua, skiftet kjøkken, malt mest alle rom om igjen og nå står badet for tur og det blir sikkert dyrt. Eg e o her på Danielsen og dei har kjøpt tomt på Forus så om ett par år så e vi der, dersom eg ikkje tar frakken og av for aldersgrensa( var 64 nå i september) ja, ja sånn går no dagan. Du må helsa så mye til Vetle, eg savne kaffidrøsen vår om morgenen.

    SvarSlett
  9. Evy, Ja, det rusler og går her i det innerAgderske skogar :-)

    Arnold,
    Så koselig med kommentar fra deg! :-)
    Oppussing har aldri vore mi sterke side, men når ein har hus, så har ein ikkje rare valget. Og eg må sei eg syns det er kjekkare å gjera ting som innebærer bruk av maskiner, enn pirk og maling og sånt. Vil heller kappe, sage, spikre, skrue, dore o.s.v. :-)

    Ja, bad er nok ganske dyrt å pusse opp, eg håper ikkje me MÅ til med slikt i nærmaste framtid. Me har lyst på badekar, men det kan komme seinare.

    Spennande med Danielsen og tomt på Forus! Då blir det jo kortare kjøreveg for deg også, hvis du endå er i jobb då..

    Helsing skal overbringas, så får du ha ein finfin dag :-)

    SvarSlett