torsdag, april 26, 2012

Eit hjartesukk

Eg kikka gjennom Facebooktavla til ein hundeklubb og oppdaga det eg tykkjer var ein trist diskusjon.

Nokon spurte dei andre medlemmene av gruppa kva dei meinte var viktigast: Det å ha ein hund som fungerer i det daglege livet og som er lydig og veloppdragen og som ein kan stole på vil oppføre seg fint, eller ein hund som konstant har det “gøy”.

Dei fleste svarte at dei ville ha ein hund som var lydig og veloppdragen, og ein av dei som svarte, skreiv at dersom hunden deira skulle ha det “gøy”, ville dei ikkje få ein roleg hund i 15-18 år (!).

Dei fleste meinte at hunden måtte innrette seg etter familien, og at det var dei som skulle bestemme regler og stort sett alt hunden skulle gjera.

Eg sjølv meiner eg har kombinert dei to tinga. Me har hatt det kjekt på vegen mot kvardagslydigheten, og eg skjønar ikkje at det eine utelukkar det andre.

Personen som starta diskusjonen, viste til andre klubbar som reklamerte med at “vi skal ha det gøy med hunden”, og “det skal være moro å trene hunden” og andre slike mantra.

Eg føler ikkje diskusjonsstartaren heilt har innsett kor mange hundar rundt om i det norske land som aldeles ikkje har det kjekt på veg mot god kvardagslydighet.  Og som kurshaldar er det viktig for ein hundeklubb i 2012 å innsjå korleis norske hundar generelt har det. Dei av oss som frekventerer treningsområda til hundeklubbane er, tru det eller ei, IKKJE i fleirtal. Sjølv om VÅRE hundar stort sett har det kjekt og får det dei treng (og av og til meir enn dei treng), gjer ikkje størsteparten av norske hundar det. Tusenvis av dei står i garde dag ut og dag inn, eller i løpestreng, og dei får ikkje springe det fortaste dei kan kvar månad, dei får ikkje gleda av å finne ut korleis dei kan tjene ein tennisball eller draleike eller ein godbit. Mange av desse hundane veit derimot godt korleis dei skal unngå kjeft, rykk i bandet, klyp i øyra, bli tatt strupetak på, lagt i bakken, sparka, slått.. Ja, det er triste skjebner der ute i den norske hundeverda…

Når desse eigarane (eler venene deira) då omsider kjem på kurs, for eksempel eit kvalpekurs som frontar at me skal ha det kjekt i lag med hunden, er det nettopp desse filosofiane og haldningane som blir livsviktige for dei hundane det gjeld! Og me andre har heller ikkje vondt av slike kurs.

Dei kursa som vil ha det kjekt med hunden lærer ikkje berre frå seg positive teknikkar, men dei plantar også haldningsendring i hundeeigarar som treng det, og held allereie brennande flammar tende med ny motivasjon. Ein kjem på eit slikt kurs MYKJE lettare til sinns enn til eit kurs der ein skal lære hunden våre krav, at det er me som bestemmer og korleis den skal innrette seg vårt liv.

Haldninga som skin gjennom i denne diskusjonen er haldningar eg sjølv hadde på 90-talet, då eg meinte eg hadde overtaket over hundane mine og hadde lov til å behandle dei akkurat slik eg ville og det einaste som ville fungere for å få ein hund til å gå fint i band, var å feste strupebandet heilt oppe ved øyrene og rykke bandet hardt oppover. Det funka ALDRI, og Joey gjekk ikkje fint i bandet før eg byta metode til å stanse kvar gong bandet blei stramt. Etter det begynte han å gå med laust band.
Vidare tykkjer eg spørsmålet er eit klart bevis på mangel på kunnskap om hunden som individ,  som rase, som kompis, og også kva desse “ha det gøy med hunden” kursa faktisk står for.

Ja, dette var hjartsukket mitt. Og eg måtte berre få det ut.

1 kommentar:

  1. Helt enig med deg Kari Anne. Jeg hadde belgisk fårehund på den tiden vi skulle være sjef på en tøff måte, så min hund gadd ikke se på meg hvis jeg oppførte meg sånn. Derfor måtte jeg jo finne en annen metode. Jeg prøver alltid å poengtere at vi må ha det gøy med hunden, og at hunden ikke heter Nei.

    SvarSlett