Lørdag var det duka for Sørlandets aller første Rallystevner, og eg skulle dømme begge to. Det var dei første stevnene eg skulle dømme heilt åleine, men alt gjekk heilt greit. Av totalt elleve startande i begge stevnene tilsaman, var det berre to diskar. Det tyder på både enkle banar og greiare reglar etter den gode jobben me i arbeidsgruppa gjorde ved årsskiftet.
Me hadde fint vær og fornøydde startande, og då kan ein vel ikkje forlange meir :-)
Etter at stevnet var over, tok eg ut Emil for å gå den siste klasse 2 banen. Det sat hundar ute, men han ensa dei ikkje eingong! Han var fullstendig fokusert på meg, og etter å ha gått banen UTAN BAND) ein gong – og oppdaga eit par ting me må trene meir på – fekk han tennisballen som belønning og kunne springe rundt og tygge på den uten at eg var redd for at han skulle springe vekk fra meg!
Her er ein liten snutt frå den treninga:
Søndag var me på besøk hjå Tove i Grimstad, og gjekk tur langs sjøen der. Det var spennande, syns Emil, og var rolig og fin resten av kvelden. Han har blitt SÅÅÅ flink til å gå opp og ned trappene hos svigermor nå. Tidligare har han bare stuuuuupt utfor trappa på lykke og fromme og håpt at han skulle lande trygt, men i går gjekk han konsentrert trinn for trinn, og var FULLSTENDIG fornøyd med seg sjølv då han kom ned!
I dag var det mandagstrening igjen, og Emil har vore svært lydhøyr i dag. Han har bjeffa på ALT av lydar og innbilte saker, og eg hadde ingen som helst forventningar til kvelden. Eg tenkte at om han kan sitja i buret og kikke på dei andre utan lyd, skal eg vera nøgd.
Vel, me fekk trent på:
* Ruta med STÅ
* Innkalling med STÅ fra buret
Eg har aldri trent dette frå buret før, berre i sitt og bli, og eg har alltid brukt handa til å late som om eg skal hive ball til han medan eg har ropt TÅ! I dag testa eg for aller første gong å berre rope TÅ etter konsultasjon med kloke treningskameratar, og jaggu pinadø stoppa han tvert!
Inn i front fra utgangsstilling
* 1,2,3 steg bakover (Rally klasse 2)
* Og pinadø mota eg meg opp til å spørje Ingrid og Monika om ein fellesdekk der Emil fekk ligge i midten!
Me klarte jo fellesdekk med normal avstand der me låg i enden for et par veker sidan, og denne kvelden var avstanden 4 meter ca. Men eg skal også føle meg komfortabel med det som skjer, og sjølv om han var veldig snusete bort mot Hera, forsøkte han aldri å reise seg eller lage lyd. Åh så stolt eg blei av meg sjølv då! :-)
Då treninga var over, sa Ingrid at eg kunne få gå sporet ho hadde lagt til Nitro før treninga starta, for han hadde fått trent nok, så då fekk me eit 3,5 timar gammalt spor med to pinnar og ei leike i.
Eg tvilte på han ville plukke pinnar, men kanskje han ville stanse opp litt ved dei..
Neida, han plukka den første i munnen, og så fekk eg belønt med pelsleika hans, og då han kom til leika, plukka han den og me leikte. Den siste pinnen låg som slutt, og den leita han faktisk etter og plukka den også!
Han var veldig enkel å lese i dette sporet, og på tørt fjell konsentrerte han seg VELDIG! I tillegg til at han var heilt topp i sporet, fant han sjølv ut kor sporet starta.
Mine fokuspunkt i sporet framover er å stoppe han når han vaser ut i sidene med høg nase, og GÅ SEINARE ENN HAN. Dette funka fint i dag.
Tenk, for ein luksus å få eit spor levert nesten på døra slik! :-) Og eit som gjekk SÅ godt!
Wow, for ein fantastisk hund du har!!! Utrulig kult å sjå videosnutt av dåkke også..
SvarSlett:-) Eg bare gliser når eg ser på den snutten.. Han vil så gjerne, og når eg bare får lært han det me sliter med, så er det bare fantasien som setter grenser :-)
SlettPrinsen din!
SvarSlettHan er i allefall Skjønningen min!! Flinkingen! :-) Og nå har eg i det minste BEGYNT for alvor å trene på fellesdekken, så me er i gong nå! :-))
Slett