onsdag, april 18, 2012

Oppleving for livet!

Dette blir ein nesten ikkje hunderelatert blogg. Så er du advart.

SAM_2812Sidan 2003 har eg vore dedikert fan av Michael Bublè, og for seks år sidan var han i Oslo og spelte konsert. Den gongen hadde me ikkje anledning til å dra, men då eg i november i fjor fekk greie på at han skulle komme tilbake, gjekk det tre sekunder før eg hadde billettar.

Planen var eigentleg at me skulle tilbringe nokre dagar i Oslo før konserten, men så blei eg så dausjuk for ei veke sidan, og då måtte planane endrast.
Me reiste difor inn til Oslo tirsdags morgon, og hadde avtalt med snille snille snille svigermor Tove at ho skulle komme og vera her med hundane til seine kvelden og så skulle me køyre heim att etter konserten.

Eg har gleda meg i månadsvis til dette her, og då eg blei sjuk i forrige veke, tenkte eg at på konserten skal eg om eg så skal proppe meg full av Ibux og Paracet og alskens remedier!SAM_2814 Ingenting skulle få stoppe meg!

Konserten blei åpna av Naturally 7, ei gruppe som utelukkande nyttar stemmene sine når dei lagar musikk.Dette var heilt fantastisk!

Så, ein halvtime etter at dei var ferdige, kom endeleg Michael Bublè på scenen. Eg felte nok ei gledeståre og to undervegs, for han song den eine nydelege songen etter den andre, og han er verkeleg ein underholdar utan make! Han vitsa og skøya og dansa og laga eit fantastisk show på scenen!
Halvvegs i konserten kom han ned frå scenen og gjekk oppover mellom radene før han stansa opp fire-fem meter frå der me sat og sang tre songar medan han stod der.

 




SAM_2832
SAM_2828SAM_2839SAM_2846

 

 

Avslutningsnummeret var magisk!

Konserten starta halv åtte med oppvarminga, og halv elleve var den over. Eg svevde ut i bilen, og pludra med Vetle om opplevinga til me begge var ferdigpludra, og så høyrde me på lydbok til me var heime igjen halv fire i natt. Då snøa det temmeleg heftig, og det var kvitt rundt huset igjen.

Hundane hadde berre vore åleine sidan halv elleve, men var veldig glade for å sjå oss likevel. Dei hadde tydeligvis hatt det heilt topp i lag med Tove som under kvelden kunne rapportere om heilt og fullstendig reinslikka øyrer! Emil er den beste øyrerensaren ever, nemlig!

2 kommentarer:

  1. Så koselig, Kari Anne! :) Ikke hunderelatert? Vel, det å nyte god musikk har jo med det gode liv å gjøre. Der har du kanskje linken til hundelivet? hilsen Hilde

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe.. Joda, du er inne på noko der :-) Musikk er i allefall særdeles viktig i livet mitt, og det er jo hundane også. Slik har dei også litt til felles :-)

      Slett