lørdag, mars 23, 2013

Kvil i fred, vår elskede Ayla! 27. juli 2005–22. mars 2013

 

I dag, fredag 22 mars 2013 sovna Ayla fredfullt inn i armane mine. Vetle var også med oss, og strøyk henne ømt til ho slutta å puste. Det siste ho fekk høyre var orda me alltid seier når me går og legg oss og ho veit ho skal sove ei stund: “God natt, vennen, sov godt”

Då alt var over, fekk Emil komme inn og snuse på henne, og til å byrje med var han ikkje interessert i det heile. Etterkvart som han roa seg, snuste  han nøye på henne, og tykte det var merkeleg at ho ikkje rørte på seg.

Dei siste par dagane har me forsøkt å gjera tilværet for Ayla så kjekt som mogleg, og på onsdag fekk eg og henne tid for oss sjølve pga Vetle og Emil tok seg ein laaaaaang køyretur. Då fekk me ledd og grine og kost og leika og eg forklarte henne kva som skulle skje.

Torsdag reiste me ned til kyrkja og rusla ein liten tur med Ayla og Emil, så Ayla skulle få snuse litt. Det var ikkje nokon lang tur, for ho orka ikkje så mykje før ho måtte kvile.
20130322_61020130322_387

I dag, før veterinæren, stansa Vetle ved kyrkja og sette av meg og Ayla. Me rusla så bort til veterinæren, sånn at Ayla fekk gå og lese avisa litt, og skvetta litt for å fortelje at HER HADDE AYLA OGSÅ VORE.

Vel inne hjå veterinæren var ho sitt sedvanlige blide humør, og til og med veterinæren bemerka det. Ayla hadde fått dobbel dose smertestillande i går kveld, og i dag fekk ho også dobbel dose. Ayla hadde difor ein særdeles god dag i dag.

*******

Livet med Ayla har ikkje vore berre enkelt og plankekøyring. Tvert om. Ho har lært meg veldig veldig mykje om hund eg ellers ikkje ville ha lært meg, Og det er eg takknemlig for. Ho har oppteke ein stor del av hjarta mitt, og det har kosta mange tårer og søvnlause netter å innsjå at draumane våre aldri skulle bli noko av.
Men me har jammen opplevd mykje kjekt og godt i lag også! Haugevis av kurs og treningar og ho har til og med vore demohund når eg sjølv har halde kurs! :-)

Me har prøvd oss ( og fått til) spor, rundering, LP, rally, agility, triks, og førarhundferdigheiter.
Det var ingenting Ayla ikkje fekk til, og ho gav meg aldri opp, sjølv om eg ikkje alltid var like flink med klikkeren. Turane våre har gitt meg dei vakraste stundene eg har hatt, og ho har vore den beste turvenninna eg kunne tenke meg å ha, til tross for at eg alltid måtte ha radaren oppe for å sjeke om det kom folk. Men det gjorde det sjeldan, og me kunne kose oss saman.

I 2008 starta haltinga, og ved nyttår 2010 kom diagnosen “Skada korsbånd på begge sider”. Ho har måtte vore mykje i ro, og det utan å protestere stort.

I 2012 då ho fekk Calcinosis Cutis over heile ryggen, viste ho VERKELEG kva ho var laga av. Meir tålmodig hund skal ein leite lenge etter! Ho måtte sjamponerast og behandlast og lot meg halde på i det uendelige! 

 

Ho har vore utypisk rottweiler i så måte at ho tidleg valde seg ut personar ho ELSKA, personar ho LIKTE GODT, personar ho TÅLTE PÅ VISSE VILKÅR, og så alle andre. På alle andre vis har ho vore typisk rottweiler: Lettlært, humørfylt, modig, uthalden, glad, vaktsom, tålmodig, vaktmester, kontrollfrik, humørspreiar.

Då vesle Lea kom til verda, måtte jo den svære rottweileren på eit eller anna tidspunkt få lov til å helse på den bitte litle babyen, og Olaug var ikkje i nærleiken så nervøs som det eg var. No i ettertid er det så leit at me ikkje filma den seansen, for maken til reaksjon har eg aldri sett!
Først snuste ho litt på dette rare på litt avstand og med laaaaaaang hals og roleg hale. Deretter kikka ho på oss, smilte sitt breiaste smil, logra lågt og med øyrene bakover, og måtte bort og snuuuuse litt igjen.
For Ayla smilte, ho. Eg fekk det aldri på film, men ho gjorde det.

Dikt til Ayla

Du har smilt ditt aller siste smil, og sunge siste songen
og i dag gjekk du ifrå meg for aller siste gongen.
Det var så tung ei stund, og savnet blir så sårt
når eg nå skal huske alt som i mange år var vårt.

Du ga meg mange sorger, men gledene var flest.
Kvar ein dag var du så blide, ja du var bare best!
Sjølv nå på det siste, då smertene var store
var aldri smilet borte, same kva me gjorde.

Me har gått på mange turar, og trent og hatt det løye
om eg ikkje klart'å klikke rett, så var de'kje så nøye
Du visste kva eg meinte, og ga meg aldri opp,
du ville gjerne fortsette, men helsa di sa stopp.

Den plassen du nå fere te, der står det ein og vente
og han har venta lenge nå, på deg som han jo kjente.
Gi Joey då ein store nuss, fra oss som står igjen
og spring av gårde, begge to, du skjønne Aylavenn.

Nå skal eg aldri meir få gleden av å sjå deg smila,
og sjølv om eg nå veit at du får den beste kvila,
så vil din plass i hjertet mitt stå tom og trist og øde,
for kjære Ayla gullet mitt, det var jo DU som døde.

SAM_2971
Ayla elska å vasse, men hata å svømme.

 

20111129_174
Her ved Fiskelausvatn skal me begrave oska hennar i lag med både Tinka og Joey si oske når berre sommaren kjem.

 

20121019_19
Vakrare hund og rase skal ein leite lenge etter!

20121019_33
Ayla var godt miljøtrent, og kunne bli med over alt!


20121019_36
Ut på flytebrygge var då ingen problem, og heller ikkje oppi båten.


20121019_68
På ein av våre mange turar rundt Vistnes. Perfekt turområder for oss, dette!



20121019_97
Uansett vær, var Ayla alltid med og alltid like blid!


20121019_122
Ayla i solnedgong




20121019_384
Kosemose med ‘na mor..


HPIM1080






HPIM1331
Ayla fekk bli med på telttur i lag med meg og dei to eldste jentene til Olaug, i tilfelle det skulle komme “tyvar”.
Direkte sitat frå Elisabeth: Vettu ka, tante? Hvis det komme tyvar når me e på hyttå, så kan Ayla bare slikka dei vekk!”   <3  <3  <3

Det var den somaren dei lærte korleis dei kunne høyre forskjell på når Ayla bjeffa fordi ho ville noko, eller om det var fordi ho trudde ho trengte å beskytte oss. :-)

 

 

HPIM1451fix
Eg lærte Ayla at når eg står i ro, lønner det seg å legge seg ned og kikke på meg i tilfelle eg miste ein godbit eller tre. Joey var ein god bestefar og lærar, og saknet var stort då han forsvant. Men ho koste seg som åleinehund heilt til den svenske gulingen Emil kom sigande frå Stockholm…


20121019_528
Då var det liv i leiren, og Ayla viste seg å vera ein god og tålmodig oppdragar som visste nøyaktig når kvalpelisensen gjekk ut, men misbrukte det ALDRI.

20130322_647
Siste dagen Ayla var i live. Ho har alltid tatt godt imot nye medlemmer av den vesle rare familien vår, og Frøken Dings har ho vore særs tålmodig med, bortsett frå når Dings og Smiley leiker. Då har det ikkje alltid vore like enkelt for Ayla å halde ro i rekkene.

20130322_656
Det aller siste biletet av oss tre saman.

20130322_653
Dette blei det aller siste biletet som blei tatt av Ayla og meg.
Det er INGENTING som kan måle seg med det å bli rundsleika av ei så god rottweilertunge som Ayla hadde! Og så forsiktig som ho var!! <3
God natt, Ayla. Sov godt.

 


20130322_19

På ein slik veg ser eg føre meg at Ayla spring med lette steg i lag med Joey og Legolas no… Alle saman friske og unge og utan verkande ledd.

19 kommentarer:

  1. Deilig farvel-Ayla-blogginnlegg. Tåran trille. Ho va heldig som hadde dæ. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser nå i ettertid at eg ikkje får fram kor mykje Ayla betydde for meg, kor glad eg var i henne. Det fins liksom ikkje store nok ord...
      Og eg var heldig som hadde henne også :-) <3
      Klem

      Slett
    2. Åh det førstår æ. Men samtidig e der ikkje tvil i mitt hjerte kor stor ho va førr dæ. Og kor gla du va i ho. <3

      Slett
  2. Du er så kjempeflink til å skriv Kari Anne:-). Ayla har hatt et flott liv sammen med dere!. Håper det går bra med Emil nå som Ayla er borte:-) Tenker på dere:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det! Eg veit jo ikkje kven som har skrive denne kommentaren, men Emil ser ut til å takle det heilt fint. Han er veldig mykje roligare enn han plar vera, og han har endå ikkje leita etter henne. Heldigvis for det!

      Slett
  3. Svar
    1. Veit du, det var pga det du skreiv i januar at me valde å la Emil snuse på henne etter at alt var over. Eg trudde på forhånd at eg ikkje ville klare å vera til stades, men eg klarte det likevel. Og eg angrer ikkje. Tusen takk for rådet! :-)

      Slett
    2. Bra at du følte det var nyttig, slikt vet man jo ikke på forhånd. Opplevde også, som du, at Isi ikke var så interessert i å lukte på Pia, der hun lå død i buret.... Men de vet, og har nok et annerledes forhold til døden enn oss...
      Godt du har Emil, det hjalp ivertfall meg å ha en annen hund....

      Slett
    3. Ja, det har hjelpt VELDIG å sleppe å komme heim til tomt hus. Det ville eg ganske sikkert ikkje klart utan å førebu meg VELDIG. Det er litt derfor eg ønsker å overlappe kvar gong me skal ha ny hund.
      Då Ayla kom til oss, trudde me jo Joey skulle ta kvelden om kun kort tid, men han levde i nesten fire år etter at ho kom.
      Då Emil kom, trudde me Ayla skulle ta kvelen når som helst, men ho var jo her i tre år etterpå.

      Nå er planen at Emil skal vera åleinehund til han begynner å skrante (eller andre uforutsette ting skjer), og så blir det vel kvalp igjen først om mange mange år :-)

      Slett
  4. men men.... hvor er det blitt av kommentaren min? Jeg la jo ut kommentar den dagen dette innlegget ble publisert :(
    Jaja... Jeg ville uansett bare si at jeg gråt allerede ved første avsnitt. Dette er så fryktelig trist Kari Anne, til tross at man har visst at det var i eiminga lenge. Man klarer liksom aldri forberede seg på slikt. Jeg føler med deg i sorgen!
    HVIL I FRED AYLA <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for varme ord!
      Det har gått mykje greiare enn frykta, sjølv om saknet ligg der som ein stor, verkande byll. Eg trudde knapt eg ville klare meg gjennom dei første vekene, men tre veker er unnagjort utan dei voldsomme reaksjonane eg trudde eg ville få. Det er mykje mogleg at det er pga at me har måtte førebu oss så lenge på det, at me nesten har fått sørga ferdig før det heile var over..

      Slett
  5. Så mange flotte minner - det er de man må ta vare på og glede seg over. Ingen tvil om båndet dere to i mellom.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, minnene er mange og gode :-) Enn så lenge kjennes det ut som om det var heilt rett tidspunkt å ta farvel på.
      Nå i helga var eg og Emil ute på tur, og gjekk ein plass me før har hatt med Ayla, og då me hadde gått eit kort, kort stykke, tenkte eg at HER måtte me snu dei gongene Ayla var med. Og det var KORT!
      Men den dagen kunne me gå og gå og gå og gå til eg valde å snu for å unngå såre snøpotar på Emil. Då merka eg veldig godt kor begrensa me var dei gongene Aylagullet var med oss...

      Slett
  6. Hei !
    Jeg er en fast leser av bloggen din og har aldri truffet deg. Men må bare skrive noe nå :-) Jeg både smiler og gråter når jeg leser. Takk skal du ha. Hanne m / Mia ( riesen)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!
      Så kjekt med framandfolk på besøk!
      Og tusen takk for koselige ord!

      Eg håper eg skal bli litt meir trenings- og bloggemotivert framover nå, når eg kun har EIN frisk hund å konsentrere meg om :-)

      Slett
  7. Hei Kari Anne!

    Først så må jeg få kondolere. Alltid trist når goingene går bort.

    Så må jeg spørre, husker du meg? Liss fra nah. Malte et bilde av Joey og Tinka til deg :)
    Jeg har lett overalt etter deg og endelig!!!!! fant jeg deg.
    Var så synd at vi mistet kontakten, og du skal vite jeg har tenkt på deg masse siden vi pratet sist. Kan ikke du kontakte meg på mail? Jeg har noe jeg må spørre deg om :)

    Klem Liss (og Tiril)
    lissjakobsen(at)yahoo.no

    SvarSlett
    Svar
    1. Klart eg husker deg, men det veit du jo nå ;-)

      Slett
  8. Så uendelig trist at Ayla er borte. Så flott og ekte omtale som du skriver om Ayla rørte meg langt inn i hjerterota. Håper det gåt bra med dere alle. Dette var så trist, men alt må jo gå videre. Arnold.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Arnold!
      Tusen takk for fine ord! Ayla var ein kjempefin hund på nesten alle måtar, og saknet er stort etter henne. Ja, alt må gå vidare, og ho vil leve for alltid i hjertene våre. :-)

      Slett