fredag, desember 15, 2006

Tur uten bånd igjen, og stoooor flo!

I går tok me same 2,8 km turen igjen uten bånd. Neste gong skal eg ha med og på langline, sånn at ho ikkje går for langt framføre meg.

Då me kom ned til sjøen, var der så høg flo som eg aldri har sett før. Ikkje der, i alle fall! På ei lita strand som me har pleid å vera på om sommaren, gjekk bølgene nesten heilt opp til steingjerdet. Det plar vera 7-8 meter fra gjerdet og ned til sjøen!

Det gjekk plutselig opp for meg i går kvifor me har så rare hundar. :-)

Eg er 33 år. Trettitre. Men då eg stod på den stranda i går var eg 7.

Eg og Ayla stod nemlig og såg på bølgene i lag, og når dei trakk seg utover, sprang med ned mot dei, og snudde då dei kom tilbake. Ho var heilt med!! Kikka på meg, så sprang med ned, snudde, og sprang opp igjen. Ho kikka på meg og venta på mitt initiativ, me sprang ned til bølgene, snudde då dei snudde, og sprang opp igjen.

Så byrja bølgene å bli betrakteleg større, og me måtte springe vekk frå heile stranda for å ikkje bli våte på beina! Me sprang att og fram nokre gonger, men så blei bølgene så store at me ikkje rakk det lenger.

Eg hadde det så løye med henne der nede ved stranda, at eg hadde ikkje lyst til å gå derfrå. :-)

____________________________________

Dei to siste morgonane nå har ho skrapt på døra i fem-halv seks tida... ikkje bra, altså!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar