
Eg har instruktørutdanning hjå Fjellanger, og har holdt kvalpekurs og rallylydighetskurs.
Av interesser kan eg nevne i fleng: Klessøm, scrapping, kortlaging, snekring,musikk, film, bøker, hekling, baking, data og sjølvsagt HUND! Innan temaet hund er eg veldig opptatt av atferd, stress, kvardagslydighet, hundespråk, bruks (spor og rundering), rallylydighet og LP.
Ayla
Ayla er født med namnet Kimuras Femme Fatale den 27. juli 2005. Ho starta tidleg å vise teikn til å vera usikker på folk, og eg visste ikkje korleis eg skulle hjelpe henne. Trass i hennar usikkerhet, har me vore rundt og kursa oss i Rallylydighet, spor, feltsøk, klikkertrening, freestyle, a

I 2008 fekk Ayla ei skade i foten me etter mykje om og men fant ut var slark i korsbåndet i bakfoten. Etter månader med ro blei ho god igjen, og fekk eit halvt år utan halting før det kom att i andre foten. Nye månader med ro førte til ny god periode, men då ho starta å halte igjen, førte grundige

Dei var ikkje avslitne, og me valgte vekk operasjon fordi begge var skada og me difor ville risikert avsliting av det uopererte korsbåndet medan det opererte var til rekonvalens.

Ayla fekk starte på kortison, fordi me trudde ho ikkje ville leve så veldig lenge, men med kortisonen blei ho betre og betre, og då me flytta til Iveland i mai 2010 hadde me håp om at ho ville leve til første snøfall. Det kom i oktober det året, og ho var framleis i god form. Eg gjekk gjennom ein lang periode med sorg over knuste draumar, og innsåg at Ayla nok fekk bli pensjonert. I januar 2011 fekk ho Calcinosis Cutis, etter bruk av kortisonen..

Emil


Medan eg var der, viste han teikn til å vera litt usikker på miljøet rundt seg, men eg bestemte meg for å ta han med meg heim likevel. Det måtte jo vera enklare å jobbe med miljøberørthet enn usikkerhet på folk!?
Joda, det har det vore, men det er ikkje berre berre å ha ein 30 kg hund som ikkje klarer heilt å slappe av på tur i meir urbane strok. Sjølv om me var og miljøtrente like mykje som med Ayla, og kanskje meir også, så har det ikkje heilt kurert berørtheten hans.

Emil er spretten, rask, elsker å svømme, elsker snøen, elsker å vera med på langtur, elsker å vera med på trening, elsker å trene Ruta, elsker når me legg oss ned på golvet og gøymer andletet så han kan finne det og slikke oss, elsker å legga hovudet oppå foten min og sovne slik, ELSKER ELSKER ELSKER mat (men held seg heldigvis unna andre etelige ting)

Mine draumar for Emil i framtida er å konkurrere i både LP og rally, og hvis me får dreisen på spor, kanskje også konkurrere i bruks. Enn så lenge driver Emil og virrer voldsomt i sporet, og får eg ikkje bukt med det, kan me berre gløyme å konkurrere.

Emil kan sove og sove og sove dersom EG sit i ro. Dersom eg beveger meg, følger han etter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar