søndag, april 06, 2008

Hundeeierskolen Modul 3

Sidan eg er nyoperert var Vetle med opp til Bergen denne helga.

Eg har løfteforbud i to veker, så eg måtte jo heilt klart ha hjelp. :-D Me rakk akkurat ein runde på Lagunen på fredag før stengetid, før me roa oss for natta på Midtun Motell&Camping slik som forrige helg eg var på kurs.
Ayla roa seg umiddelbart etter eit par slurkar vatn, og der låg ho til Vetle gjekk kveldsturen.

Lørdagen
Denne dagen gjaldt foredraga: Forsterkning, Straff, og Systematisk Observasjon. To økter praksis, og eg fekk trent på venstresvingar. Maj Brit meinte på at eg trengte å gjere Ayla raskare i sjølve vendingen, og eg fant ut at eg måtte senke farten og konsentrere meg om nøyaktig korleis eg brukte kroppen for å få det til i svingen.

Her er ein video som viser kva eg meiner.
Legg merke til forskjellen på kva fot eg tar svingen med. På andre, femte, sjette og sjuande svingen er det høgrefoten min som går inn i svingen først. På dei andre er det venstrefoten, og då virker det som om ho ikkje heilt klarer seg å bestemme seg for kva ho trur eg skal gjere.



Eg går langsomt og rart pga det gjer litt vondt etter operasjonen, altså. Eg er ikkje så treig vanlegvis. :-)

I forbindelse med foredraget om observasjon, skulle me ut og observere reaksjonar til ein hund som vart utsatt for ein person med søppelsekker over hovudet. Me skulle kun beskrive kva me såg, ikkje tolke. Tolkinga skulle skje etterpå, i grupper, og me skulle skrive ned kva me såg underveis. Det var ikkje berre enkelt, men det var veldig interessant. :-)

Etter endt kursdag drog me opp til Midtun Zoo Senter etter tips fra Britt. Der var det svært!! Me endte opp med ein del godbitar og den siste boka til Turid Rugaas om bjeffing.. Etter litt avslapping på motellrommet, drog me og åt på EgonLagunen. Knallgod mat!!

Søndagen
Kurset starta klokka ni, og foredraga i dag var vidare om Observasjon, Klikkertrening og Luktdiskriminering. Eg skulle ønske me kunne ha meir om det siste, for slikt interesserer meg veldig! Eg har derfor bestemt meg for at eg skal forsøke å lære Ayla å diskriminere lukta av kaffe, og vise meg ved ein slags markering at ho har funne det eg vil ho skal leite etter. Dette skal eg skrive nøye kriterieplan over, og treningsplan og logg over kva som fungerer og ikkje.

Ayla har forresten vore GULL heile helga, og eg er veldig stolt av henne! Eg kan ikkje få sagt det mange nok gonger kor flink ho er! :-) Praksisane på søndagen jobba eg ein god del med STÅ under baklengs marsj og STÅ og BLI mens eg snudde ryggen til og gjekk fra. Eg belønna med ny leke og at ho kunne springe til Vetle for å leike med han. Det funka gullfint! :-)

4 kommentarer:

  1. Wee, gøy med bilder og video! Godt jobba.

    SvarSlett
  2. Så flinke!Skikkelig gøy å kunne følge med på alt dere gjør!

    SvarSlett
  3. Simen
    Takk takk :-)

    Siv
    Du må legge ut video snart, du også, for nå vet jeg jo at du kan... ;-)
    Video hjelper virkelig å se hva som duger og ikke, altså... Må prøve å bruke det enda mer. :-)

    SvarSlett
  4. Morro å se video av dere!

    Så spennende med den luktdiskrimineringsgreia. Syns dette er vanskelig selv, så hadde vært intr med noen tips underveis ;o)

    SvarSlett