Denne helga skulle me ha om språk og signaler, og sjå nærmare på forholdet mellom hund og menneske.
Forelesningane har gått på kvifor me har kjæledyr, barn og hund, når hunden dør, dyremishandling, hundeeigar sin personlighet, og så såg me deler av The Language of Dogs på søndagen. Den har eg nå bestilt, sidan dollaren er så sinnsjukt låg... Den, to bøker og ein til DVD... Jadda...
Praksisen lørdag blei via stå under marsj, sidan eg er såpass godt i gong med den øvelsen. Eg jobba ein del med at ho skulle stå i ro mens eg bevegde meg rundtomkring, og forsøkte å følge oppskrifta i LTP (Lydighetstrening i teori og praksis).
Eg fekk litt meir hjelp denne helga, og det ga resultater, for nå er det verkelig ikkje mykje igjen før den sitter. Då er det faktisk bare tannvisninga og fellesdekken igjen før eg føler me er klare for konkurranse. Ja, og å strekke fri ved foten då, og allslags andre ting, når eg tenker meg om.. Men ståen er det vanskeligaste for meg og Ayla. Eller kanskje det er tannvisninga...
Videosnutten i forrige innlegg var under lunsjen ein av dagane. Fram til då hadde allslags hundar og folk passert oss, men så hadde det vore stille ei stund. Så kom EI dame med passe liten hund akkurat idet eg skulle til å filme gjengen som stod borte ved bilane. Før eg visste ordet av det HANG Ayla i bandet. På filmen høyrer me stemmen min, forbausande rolig, for eg skvatt skikkelig der eg sat! Dei gongene eg seier "atatatatatat" trekker ho pusten og stramer leppene for å bjeffe igjen. Då filmen var ferdig, var også Ayla ferdig med reaksjonen. Jupp.
Fire gonger reagerte ho på hundar i helga, og det er laaaaaangt meir enn eg er vant til. Me gjekk tur saman med ein jamngammal golden, og så kom det ein groenendal forbi, og då reagerte ho også. Men like fort som det kjem, så er det over igjen.
For meg er utagering på hundar IKKJE eit nederlag. Eg greier aldri å forutsei når ho kjem til å reagere, så det kan bli spennande å begynne å trene på dette her.
Søndagen, etter filmen, skulle me ha ut eit par hundar for å sjå etter diverse signaler. Eg tenkte at det jo ikkje kunne vera skadelig for Ayla å "bli utsatt for", så eg spurte om me kunne bli tatt fram. Dei andre stod rundt oss i ring, og Britt filma for meg. Den blei over 80 Mb, så eg veit ikkje om den kanskje er for stor til å leggas ut, men eg skal prøve. Eg må dessuten høyre med Fjellanger om eg får legge ut klippet, for det var ein del av undervisninga. Det andre klippet eg har frå kurshelg er jo berre meg og Ayla.
Ho fekk først ta heile runden og helse på alle. På ei av dei som stod rundt, fant ho BAR HUD, må vite!! Den måtte slikkas på!! :-)
Så skulle eg stille meg i midten, laust band, og stå heilt stille. Dei andre skulle sjå etter signaler. Dei såg etter om Ayla slikka seg rundt munnen, vandra kvilelaust, løfta poten, slikka seg på tissen, korleis øyrene var, halen, augene, om ho laga lyd - i tilfelle KVA lyd, o.s.v.
Størstedelen av tida var ho konsentrert mot meg. Ho forsøkte diverse adferder for å få meg til å klikke, stakkar, men ho virka ikkje veldig stressa av inaktiviteten. :-D Folka takla ho gullfint, så eg var i grunnen veldig fornøyd!
Heilt på slutten av søndagen hadde me forelesning om "Når hunden dør", og det fekk meg til å tenke på mykje rart på veg heim. Me snakka også om opptaksprøven til instruktørdelen, og eit av spørsmåla me kunne komme til og måtte svare på var "Kvifor har du hund?" Den tenkte eg lenge og hardt på langs grønkledde åsar nedover frå Bergen.
Då eg kom heim, hadde Vetle laga tacos til middag, og då var det jammen godt å vera heime igjen!