Det er travle tider i den nye jobben. Nå denne veka har eg jobba til klokka åtte kvar kveld, og det har blitt lite tid til hundetrening. Eg har vore dønn gåen på kveldane, men her på onsdag la Vetle eit 480 meter langt spor til oss som me gjekk då eg kom heim halv ni. Det låg i to timar, og Ayla gjekk det som om ho aldri skulle gjort anna! Halvveis tok me eit par minutter pause før eg sa SØK og ho gjenopptok søket så lett som bare det! Vetle er grøn, og Ayla og eg er gule...
Første helga i mai var me nedover til Lyngdal for å dra på Willie Nelson konsert. Me drog nedover på fredagen, og kom til eit draumehus! Me var heilt åleine på den sida av vegen, og hundane gjekk lause heile helga! Me koste oss heilt vilt masse!! Det blei ein tur ned til Handlers som tilfeldigvis hadde 30% avslag på ALT i butikken! Ehm.. det gjekk nokre lappar, ja...
Når eg er på hytter og sånt, så syns eg alltid det er så kjekt å lese gjestebøker for å sjå kva andre har notert ned, og gjort, og korleis dei har hatt det under opphaldet. GJestebøkene i dette feriehuset var fulle av illustrasjonar, tørka blomster, og andre kreative innslag.
Og eg kunne jo ikkje vera dårligare enn at eg også forsøkte meg på eit kreativt innslag:
I løpet av helga var me både på Lindesnes og Lista Fyr, men begge plasser var omhylla i havdis, så me hadde null utsikt der.
Konserten på søndagen overgjekk alle mulige forventningar me hadde! Willie Nelson kom på scenen ca halv ni, og spelte i eitt bankande kjør til klokka var godt over ti!
Eg havna framme ved scenen og sat fire meter frå den største levande countrylegenden EG veit om, i alle fall!
Mandag kjørte me heim, og eg var på jobb fra eitt til ni.
GULL til din kjære Vetle som tar på seg oppgaven å gå en halv kilometer(!!) deilig spor for Ayla!
SvarSlettWillie Nelson?? Hvem er det??? Bare tuller ;o)
Ikke spesielt fan, men han er en cool og veldig laidback fyr med god musikk :o)
Så herlig å ha en egen sporlegger!
SvarSlettNå må vi snart få litt oppdatering her igjen syntes jeg...;o)