lørdag, juni 28, 2008
Observatør på kurs i lydighet.
I helga er eg observatør på kurs i lydighet på Sviland. Instruktør er Fanny Gott, og arrangør er retrieverklubben her.
Ikkje berre er eg der for å lære meir om lydighet, men eg er der også for å observere måten å halde kurs på, og sjå korleis dei ulike hundane responderer på treninga. Ulike raser, ulik alder, og sjølvsagt ulikt nivå.
I dag har dei grunnleggande tinga blitt tatt opp, pluss burleik.
Eg har fått tips til koss eg skal trene på dette med at Ayla setter seg når eg kjem tilbake etter å forlatt henne i stå under marsj. Eg testa det då eg kom heim, og det funka, det! :-)
Det blei lagt veldig vekt på å trene korte korte økter. Det gjer eg jo allereie, og ser absolutt at det er viktig å fortsette med det. Tre minutters trening skal sjå ut slik: Fire-fem godbitar, litt leik, fire-fem godbitar, løys opp med leik, og slik fortsetter det til dei tre minuttene er gått.
Den feilen trur eg mange gjer: nemlig å trene for lenge om gongen. Og eg skjønar det godt, for det er veldig forsterkande å fortsetje å trene når det går godt. Og når det ikkje går godt, skal ein gjerne halde på til det kjem EIN god repetisjon til.
Ellers gjekk det litt på belønningsplassering, kvalitet, shaping, sjølvbehersking, baklengs marsj, rygging (bakpartskontroll).
Det er så kjekt med kurs! :-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så mye kurs du går for tiden! Wow, du kommer til å bli en super trener. Gleder meg til å gå på kursene dine :)
SvarSlett