Den første bolken for dagen var Ken Ramirez som prata om Problem Solving: A Practical Approach to Using the Science.
Han prata om korleis ein skal angripe eitkvart problem i hundetrening og dyretrening generelt. Han seier at erfarne trenerar stoler på erfaring og instinkt for å løyse problemadferd. Dei verkeleg vanskelege problema krever systematisk framgongsmåte for å finne ei løysing.
Det første og viktigaste er å identifisere problemet. Det høyres ofte enklare ut enn det er, faktisk. Dernest kjem spørsmålet om årsak. Det er etter Ken sin erfaring ALLTID ein av åtte årsaker:
1. Environmental
2. Social
3. Psychological
4. Physical
5. Trainer
6. Session Use
7. Regression
8. Desensitization
Det tredje og siste er å implementere og gjennomføre ein plan.
Det er ikkje alltid mogleg å bestemme årsaken. Det å kjenne årsaken gjer det ikkje nødvendigvis enklare å finne ei løysing.
Bestemme balansen av forsterkningar er ein viktig del av tiltaka. Dersom adferden auker, kva er forsterkninga? Dersom adferden minker, kva er straffaren?
Når planen er i gong, og til og med gjennomført, understreker Ken at sjølv om problemadferden er vekke, har ikkje hunden gløymt den. Det må haldas ved like heile resten av hundens levetid.
Han understreker også at ALLE som trener dyr opplever eit eller fleire adferdsproblem. Hvis ikkje, er vedkommande berre veldig veldig heldig.
______________________________________
Neste bolk var Kathy Sdao som prata om Cujo og Pavlov, og dette har eg dekka ganske grundig her.
Likevel, noko ho understreka når ein skulle jobbe på denne måten, var at me måtte vera forsiktige med rekkefølgen ting skjedde i. Maten må ALLTID komme etter det stimuluset som utløyser reaksjonen. Ellers kan følelsen for det utløysande stimuluset forplante seg bakover til maten hunden får. Det blir som å ete kylling, for så å bli skikkelig sjuk rett etterpå.Han prata om korleis ein skal angripe eitkvart problem i hundetrening og dyretrening generelt. Han seier at erfarne trenerar stoler på erfaring og instinkt for å løyse problemadferd. Dei verkeleg vanskelege problema krever systematisk framgongsmåte for å finne ei løysing.
Det første og viktigaste er å identifisere problemet. Det høyres ofte enklare ut enn det er, faktisk. Dernest kjem spørsmålet om årsak. Det er etter Ken sin erfaring ALLTID ein av åtte årsaker:
1. Environmental
2. Social
3. Psychological
4. Physical
5. Trainer
6. Session Use
7. Regression
8. Desensitization
Det tredje og siste er å implementere og gjennomføre ein plan.
Det er ikkje alltid mogleg å bestemme årsaken. Det å kjenne årsaken gjer det ikkje nødvendigvis enklare å finne ei løysing.
Bestemme balansen av forsterkningar er ein viktig del av tiltaka. Dersom adferden auker, kva er forsterkninga? Dersom adferden minker, kva er straffaren?
Når planen er i gong, og til og med gjennomført, understreker Ken at sjølv om problemadferden er vekke, har ikkje hunden gløymt den. Det må haldas ved like heile resten av hundens levetid.
Han understreker også at ALLE som trener dyr opplever eit eller fleire adferdsproblem. Hvis ikkje, er vedkommande berre veldig veldig heldig.
______________________________________
Neste bolk var Kathy Sdao som prata om Cujo og Pavlov, og dette har eg dekka ganske grundig her.
______________________________________
Til lunsj var det lam med tomatsaus og ris. Kjempegodt!! Desserten var Napoleonskake (trur eg)
______________________________________
Første bolken etter lunsj tok Ken føre seg Concept Training.
Dette dreide seg om modifiseringer: høgre og venstre, opp og ned, stor og liten.
Matching to sample gjekk på å vise hunden ein ting, som hunden deretter skulle hente. Eller sjå på ein annan hund og utføre same adferden uten å ha lært den på førehand.
Space Conceptualism gjekk på at hunden lærte å vurdere f.eks høgda på eigaren (førarhund), breidda på ein rullestol for så å hjelpe hundeførar forbi hinder.
Denne delen var meir for avanserte, så eg tar ikkje med meir her før eg eventuelt tar fram lydopptaket og høyrer gjennom igjen når eg ein gong i framtida føler meg avansert nok. :-)
______________________________________
Siste foredraget var Kathy sitt. Ho tok føre seg klikkertrening, og fartsdumpar å unngå.
Fartsdumpar er jo som kjent hinder i vegen som gjer at me ikkje kan køyre så fort som me ønsker (eller hindre oss i å køyre så fort at me utgjer fare, men den første definisjonen er nok den som passer best. :-) ).
Ein av desse fartsdumpane var å halde klikket så reint for andre stimuli. Halde handa vekke frå lomma før og under klikket, unngå kroppspråk og prating. Slik blir stimuluskontroll enklare.
Passitivitet under trening er veldig ofte lært. Ved å lokke på hunden når den "ikkje følger med", flytte seg, kremte, klikke for å få oppmerksomhet o.s.v er å belønne passitivitet. Kathy meinte også at dersom me klikker på feil tidspunkt, kan hunden slutte å like godbitane. Kresenhet var også tillært, meinte ho, og dette fekk meg til å tenke på Britt som slit med Zelante når det gjelder godbitar og slikt. Eg fekk ikkje spurt Kathy om tips og råd til å få gjort noko med det, men me fekk beskjed om å sende mail dersom me lurte på noko angåande foredraga, så det skal eg gjer.
Klikke for seint. Timing er essensielt. Å klikke er som å skyte ei akkustisk pil i muskel samantrekningar. Å klikke for seint er å klikke for musklar i ro.
For få klikk per minutt.
For dårlig og for liten forsterkning.
Å ikkje skjønne når nok er nok.
Å oversjå at distraksjonar kan brukas som jackpot.
Å oversjå Premack prinsippet (a high probability behavior reinforces a low probability behavior).
Lokke og lure i stadenfor shape og fange adferd. Lokking kan belønne passivitet.
Passopp står og snuser i lufta. Matfar vil trene. Passopp snuser i lufta. Matfar smatter med tunga. Passopp reagerer ikkje. Matfar tar fram ein godbit og held foran nasen til Passopp. Passopp eter godbiten og har lært at å snuse i lufta får matfar til å ta fram godbiten.
DAG 2 kjem seinare.
Oj så gjerne jeg skulle vært med på seminaret. Kanskje det kommer flere (andre) muligheter senere?
SvarSlettSå fint at du tenkte på meg, og så synd at du ikke fikk spurt.... Gleder meg til å høre mer!
Hvor skal du bo neste helg, lurer på om jeg skal bo på hotel el. med Zelante slik at vi kommer oss til sengs i tide til å være opplagt hele helga:-)
Hei og takk for sist! Veldig hyggelig å treffe deg igjen :o)
SvarSlettDette var et supert referat Kari Anne!
Jeg har tatt meg frihet til å linke til dette blogginnlegget fra min blogg. Håper det er ok?
Venter nå spent på Del 2 ;o)
Interessant å lese et så bra referat fra seminaret! Venter i spenning på resten også:o)
SvarSlettBritt,
SvarSlettJeg skal bo hos kompis til helga. Ayla er spesielt bjeffete for tiden, så det kan bli spennende og se hvordan dette her kommer til å gå... Jeg har tenkt å sende mail til Kathy og spørre om en del ting, bl.a om "godbitvegring" :-)
Kari-Anne,
Selvfølgelig er det ok :-) Jeg kommer til å linke til ditt referat også :-)
Elin,
Takk for det! :-) Jeg går også og venter i spenning på når jeg skal rekke og skrive del to... Og på den nærmeste fremtid for din del.. Skjer det noe snart, eller? ;-)
Linker til bloggen din. Gi beskjed om det ikke er i orden ;-)
SvarSlett