mandag, april 20, 2009

Kurshelg i Oslo. Fredag.

Jøje meg, for ei helg!

Det starta så flott på fredags morgon, då eg kunne ligge og dra meg heilt til klokka sju! Eg åt ein god frokost, ga hundane mat, og så begynte eg å pakke. Eg meinte på at eg hadde pakka med alt, og kikka ned på kameraladaren. I bruksanvisninga står det at ein kan bruke det 240 timar, så eg bestemte meg for å la den ligge att heime. Mhm.. Det gjorde eg.

Brått begynte eg å få dårleg tid, så eg fekk hive meg rundt og lufta hundar før eg køyrde til flyplassen. Ca 7 minutter etter at eg drog heimefrå, klarte eg å køyre i ei dame bakfrå. Skiltet mitt kom i kontakt med hennar hengarfeste, , så eg fekk ein liten knekk på skiltet. Ergerlig, men det kunne gått LANGT verre om eg hadde reagert seinare og hatt dårligare bremser.

Vel framme i Oslo blei det ikkje veldig mykje shopping, og eg var på hotellet rundt halv fire. Då pakka eg ut på hotellrommet, og fant ut at heile laptopladaren ikkje hadde havne i kofferten. Slo på maskina og såg at eg hadde 40 minutter batteritid igjen. Då eg hadde trykka "Send og motta" i Outlook, hadde eg plutselig 12 minutter igjen.

Etter nokre gloser som ikkje passer seg for gjentaking på bloggen her, kom eg på at Kari-Anne kanskje muligens kom til å køyre forbi ein databutikk på veg ned til Oslo, så eg var frekk nok til å sende ei melding om ho kunne stoppe innom ein plass og sjå om dei hadde ladar til meg. Snille snille Kari-Anne sa ho kunne, og fekk jammen tak i ny ladar til meg! Kan tru eg blei glad!!! Heilt fantastisk! :-) For ein reddande engel!!! :-)

Foredraget byrja klokka seks, og me fekk ei kjapp og overfladisk innføring i kva oppgaver ein velfungerande førarhund skal kunne opp og i mente i kvardagen.
Dei skal kunne gå i rett linje fra fortau til fortau, men ta eigne avgjerelsar om det fins hindringar på vegen. Sjølv om brukaren ønsker å gå rett fram, og ikkje ser hindringa som står i vegen, skal hunden har sjølvtillit nok til å dra brukaren med utanom hinderet men ha fokus på den korrekte retninga.
Hinderet kan også vere noko som er i lufta, og då skal hunden stanse dersom hindringa er for låg til at brukaren klarer å gå under uten å slå hovudet sitt.

Hunden skal stanse ved starten og slutten av fortau, finne fotgjengarknappar (slike ein trykker på når ein skal over eit lyskryss), stå imot tilbud om mat, passere hundar, krype saman på små plasser (buss, tog, o.s.v.), finne eit tomt stolsete, ta eigne avgjersler når hunden veit betre enn brukaren kva som er trygt og ikkje, unngå farer som kjem frå sida, o.s.v.
Alt dette skal dei gjer, og meir til, og mykje av jobben dei gjer går brukaren hus forbi, og hunden får ikkje belønning for det.

Me fekk litt grundigare innføring i korleis dei trener inn at hunden går i rett linje frå A til B, Emergency Backup (når f.eks ein bil kjem mot ekvipasjen frå sida), Overhead Obstacle Training (hunden stanset når den ser at brukaren ikkje kan gå under eit hinder), Finding an Empty Chair, o.s.v.
Eg tok nokre bilder og ein haug med filmsnuttar i løpet av foredraget, og då eg kom opp på hotellrommet igjen, hadde eg pinadø ikkje meir batteri igjen! Dermed hadde eg altså ikkje mulighet til å lade kameraet. Og då fekk eg bruke mobilen i stadenfor. Bildene blir derfor ikkje av høgaste kvalitet, men det får så vera. 

I pausen på foredraget, solgte Canis bøker og DVDar, og ein ny hadde kome ut av Kathy Sdao. Om å sette signal på atferd. Denne sette eg på og starta og sjå etter at eg hadde lagt meg. Den lover verkeleg bra, og eg gler meg til å sjå resten!! Den heiter "IMPROVE YOUR I-CUE - LEARN THE SCIENCE OF SIGNALS DVD"

3 kommentarer:

  1. Så spennende! Skulle egentlig ha vært der kjenner jeg.... Gleder meg veldig til å se bilder, film og å lese referat fra resten av samlingen.
    Hva het DVD-en fra Kathy om å sette signal på atferd? Den tror jeg at jeg har lyst på... :-)

    SvarSlett
  2. Oj, skulle gjerne vært der ja! Vi hadde riktignok en fabelaktig helg med rundering lørdag og søndag, men likevel: Dette er utrolig spennende! Du var observatør lørdag og søndag også eller?

    SvarSlett
  3. Her kan jeg love dere skulle vært, begge to! :-)

    SvarSlett