tirsdag, mai 19, 2009

Litt av kvart.

I går var det tid for rallykurs igjen, og sjølv om eg var i starten av ein stri forkjølelse, gleda eg meg, for eg skulle trene Ayla etterpå. Me har vore vekke frå trening i to veker pga haltinga hennar, og eg var ikkje sikker på koss det skulle gå i går heller.

Då eg kom på kurs, hadde Ghita veldig veldig triste nyheter å fortelle. Eg skjønte ikkje kva ho sa med ein gong, og trudde ho fortelte om nokon eg knapt kjente. Så begynte det å demre... Og tristheten sank innover meg. Anja hadde måttet ta ein tung avgjerelse etter at Oscar hadde gjort utfall mot ein mann på tur, og eg forstår valget hennar godt.

Det første som slo meg var at eg ikkje visste heilt kva han sleit med, for eg har heile tida trudd at det var andre hundar som var problemet. Det er verkeleg ikkje alltid lett å oppdage kor mykje som ligg bak, slik dei fleste seier om Ayla også; nemlig at dei ikkje kan tru at me har dei problemene me har når dei ser henne på trening. Slik tenkte eg om Oscar også. Eg minnes han som ein sosial og avbalansert kar som ikkje syns det var så kult når andre hundar kom for nært.


Eg har tenkt og tenkt, og kjenner veldig på at dette kunne vore meg og Ayla. Og eg berømmer Anja som tok den vanskeligaste og klokaste vegen vidare etter at dette skjedde. Eg trur nok, som Anja også skriver, at Oscar er på ein trygg og god plass nå. Og han vil for alltid bu i hjertet til dei som kjente han.


For meg blei både kurset og treninga etterpå veldig prega av denne triste nyheten, men tok ut Ayla for å gå banen me hadde laga til kursdeltakerane. Tøff i trynet som eg er, sa eg til dei at hvis dei satte hundane i bilen, kunne dei sjå på når eg gjekk banen.

Utan å varme opp, og nesten utan å briefe, starta me. Jadda. To-tre veker heilt utan trening merktes godt, og eg gjekk til og med feil på eit skilt og ville dermed ha diska om det hadde vore prøve. Eg hadde gått og mast om å snakke til hunden når ein skal vidare etter stopp, og gløymde det sjølv. I tillegg datt ho heilt ut under transport strekkene. Pluss at ved skilt, skal ho prøve ut target i alle mulige variantar.

Jaja, så fekk deltakarane sjå at instruktørane også gjer feil og har ting å jobbe med, og at kommentarer frå sidelinja er særdeles hjelpsomme :-)

Då me skulle trene, stansa eg opp ved eit skilt og tenkte at eg skulle la henne bli lei av å teste ut kva slag target eg ville fram til. Ho forsøkte verkeleg ALT! Potetarget, haketarget, stå med sida inntil det, gå rundt det, hoppe over det (men landa midt oppå, stakkar.. ikkje at det hindra henne i å forsøke vidare), og til slutt velta ho det. Eg ville gå vidare til eit anna skilt for å jobbe vidare der, men då gjekk ho OPPÅ det som låg velta, og dreiv og jobba med å få alle fire føtene oppå. Då måtte eg berre le, og klarte ikkje å konsentrere meg om kva eg skulle gjer. Ho såg heilt teit ut! :-

Det endte til slutt bra, og me satt oss ned i skråninga og såg på mens dei andre gjekk banen. Ho reagerer fortsatt STERKT dersom andre hundar er så frekke at dei leker og helser på kvarandre. Og hvis ein annan hun bjeffer, så støtter ho opp, sjølv om ho ikkje heilt er klar over kva den andre bjeffer på. Det skal vera ro i rekkene, må vite!

Då eg kom heim, hadde snille snille snille Vetle (eg veit han leser bloggen, nemlig) begynt å gjer ferdig skiltholderane mine! :-) Ikkje mindre enn åtte stykker hadde han gjort ferdig! :-)




I kveld har eg fått lov til å bli med på LP treninga til Ghita og Kristin, og kjem til å gå på det i allefall fram til bronsemerkeprøven. Det blir bra! :-)

2 kommentarer: