søndag, august 23, 2009

Eit lite innlegg om litt og ingenting.

Tida går fort, og snart er august over. Treningar og kurs skal starte opp igjen, det blir mørkare og mørkare om kveldane, og før ein veit ordet av det er jula her.

Det har allerede gått over ein mnd sidan me tok farvel med Joey, og det merkes godt at der er eit stort tomrom etter han. Eg savner å legge ansiktet mitt i halsgropa hans og snuse inn den beroligande lukta hans. Eg savner å sjå han stå og vente når me har vore nede i bua. Eg savner lydane hans; klikkinga av klør over golvet, vasking, kløing, pusting, og alle dei andre lydane han produserte.
Eg savner å føle meg eitt med han - i ei skråning, der me begge sitter og kikker utover sjøen. Eg savner å ligge på golvet med ryggen hans inntil magen min. 

Aldri meir. 
To ord som enten er vonde saman. Eller gode. Her er dei vonde.

Ein gong håper eg å kunne sei dei orda om reaksjonane til Ayla mot folk. At ho aldri meir kjem til å bjeffe på folk eller føle seg usikker i verda. Me har begynt på den vegen nå. På turar har me tatt store buar rundt folk, uavhengig av om ho har sett ut til å ville reagere eller ikkje. Ikkje at me har treft så mange på turane endå, men ho har ikkje hatt reaksjonar sidan me kom heim frå ferie. I morgon starter rallytreninga for vår del igjen. Eg veit ikkje heilt korleis det kjem til å gå, og sjølv om eg ikkje kan forvente at dei andre eg trener i lag med skal ta hensyn til meg og Ayla, så om alt eg oppnår i morgen er at me får gått ein bue rundt nåken, så har treninga vore vellykka for vår del.

Me får berre ta ting i det tempoet Ayla treng, og forsøke å lære henne at ho ikkje treng å forholde seg til folk på nokon annan måte enn å godta at dei fins i vår nærleik. 

Haltinga kjem når ho har galloppert. Ikkje etter rolig tur. Eller gåing i skog og mark. Eg skjønar meg ikkje på den foten hennar. 

I dag fann me eit område her på Randaberg som er fullstendig perfekt som sporterreng! Gleder meg STORT til me skal bruke det for første gong! Mange mulige terrengskifter, få stiar, lite vind, og muligheten for at Vetle kan legge sporet, komme heim, og blir med i bilen når me køyrer for å gå det, og så legge seg i slutten av det uten at Ayla merker det. 
Me gjekk tur der i dag, og ho var heilt yr av glede! 
Eg for min del hadde ei delt oppleving av turen. Fredag var nemlig Olaug og eg på halvannantimes ridetur i kupert terreng, og det var ikkje min kropp og mine musklar helt førebudd på... Litt stiv og støl, kan ein seie... Men, så lenge Ayla koste seg, så var jo det formålet :-)

Godbitar på tur har me så og seie slutta med. Ho får framleis uttelling for å sladre på syklistar og joggerar, men ellers ingenting. Det merkes på maten, for nå må ho få meir mat enn før. Hvis ikkje blir ho dårleg og surkler i magen og vil berre ete gras. Me merker ikkje noko til sorg etter Joey, slik Joey sørga over Tinka. 

Ellers er det rart å berre ha ein hund i hus. Lurer på kor lenge ho blir åleine før eg blir altfor kvalpesjuk og berre MÅ ha ny kvalp... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar