Dagane går fort for tida. Kvardagen har begynt å kome i gjenge igjen etter ferien, og nå er det rett før kurshausten starter også. Ayla får sine daglige turar, men ho kan ikkje røyne seg særlig før ho haltar på bakfoten. Eg veit liksom ikkje kva me skal gjer for å finne ut av kva det er. Det har vore slik ei god stund nå. Eg har lyst på ein frisk hund...
Og så er det saknet etter Joey. Det kjennes ut til å bli større og større, jo lenger tid det går sidan 17. juli. Eg tenker av og til at han bare er på ferie, og at me snart skal dra og hente han. Og så skal han komme stavrande med halen piskande fra side til side og vær så inderlig glad for å sjå oss igjen.. Og eg skal sette meg på kne og begrave ansiktet i halsgropa hans og snuse inn den deilige Joeylukta..
Det begynner for alvor å gå opp for meg at han er vekke. For godt. For alltid. Etter over tretten år saman er det slutt. Det er ikkje til å tru.
Ayla er litt rolig om dagen. Eg veit ikkje kva som kan vera årsaken til det, om det er fote hennar som plager henne, eller om ho også sakner Joey, om det er ei effekt etter steriliseringa, om ho ikkje er fornøyd med livet generelt eller kva det er.. Det er jo først nå kvardagen hennar også har roa seg etter at Joey døydde, så kanskje dette er slik ho kjem til å forbli?
Når eg inviterer til trening, så er ho med med ein gong, og på tur snuser ho og er like interessert i alt som før. Men her heime virker ho altså mykje roligare.
Eller kanskje ho ikkje er det, at det bare er min dårlige samvittighet som ser henne med andre auger? Eg trur ho hadde hatt godt av å få leikt og helst på andre hundar, men eg er så redd for bakfoten hennar.
Ellers har kvalpesjuka lagt seg bittelitt. Ho blir nok vekt til live igjen når kvalpekurset startar på torsdag, og deltakerane skal fortelle om hundane sine.. då klør det alltid i fingrane, og første praksiskvelden kjem eg stort sett heim med alvorlege kvalpeplanar :-)
Me har dessutan fått tatt nokre fleire passeringar etter det nye opplegget, og det eg merker er vanskeligast er å gi henne laust langt band. Torsdag var me på Randabergfjellet og passerte eit par menn som stod og kikka på utsikta med ryggen til. Det gjekk heilt fint, men lurer på kvifor ho drog mot mennene då ho fekk dei i nasen.
Så, på lørdag, etter at me hadde vore og handla inn litt diverse dingsar eg meiner er heilt nødvendige for å halde kurs og vera ein god instruktør, sette Vetle oss av ved sentrum og så gjekk me heim.
Halvveis måtte me passere to menn som jobba like ved sida av vegen. Det gjekk ikkje an å gå i bue, og då me var RETT ved dei, strama munnen hennar seg, og ho trakk pusten med lyd. Det høyrdes ut som eit halvt snork ;-)
Men det var alt som kom, heilt utan godbitar, og eg veit at det var altfor nære, men slik blei det. I det minste kom det ikkje bjeffing eller draing mot mennene, så eg arkiverer den episoden meir under flaks enn noko anna, og håper at det ikkje skjer igjen med det første.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar