I går var me oppe ved Gautefall skisenter og fekk oppleve snø, og idag stoppa regnet så me kunne legge eit id-spor. Id-spor er at hunden skiller ut eitt spor blant fleire, og velger bevisst å følge det sporet den har fått beskjed om gjennom ein gjenstand som høyrer sporleggaren til.
Dette lærte me om på Trollerud i sommar, men eg har ikkje fått prøvd på det før nå.
Me gjekk ned til myra nedanfor hyttefeltet, og bandt Ayla til et tre mens Vetle og eg la sporet. Ho lurte fælt på kva som skjedde, men venta tålmodig til me kom tilbake.
Vetle la ei t-skjorte i starten av sitt spor, og eg ingenting. Me gjekk med ca ein meters avstand og med vinden i ryggen. Ca 15 m frå sporstart skilte me lag, og ca 15 m etter det igjen la Vetle ned sekken med belønning oppå. Så gjekk me kvar vår gode bue og kom ned igjen til Ayla. Ho hadde VELDIG lyst til å gå sporet med ein gong, og det var vanskeleg å få henne med i motsatt retning. :-)
Ein halvtime seinare gjekk me opp igjen for å gå det. Ho slo på rett spor med ein gong, og fulgte det fint i ca 10 meter. Så gjekk ho over på mitt spor, og eg lot henne gå det. Der ville det jo ikkje ligge belønning uansett. Så gjekk me tilbake til start, og denne gongen gjekk ho VELDIG nøye. Og rett! Ho fant sekken, og belønninga var isboks med pannekake fra i går oppi. :-) Den fekk ho springe til Vetle med etterpå, og var heilt strålande fornøyd med seg sjølv. :-) Neste id-spor blir etter Vetle igjen, og så etter meg.
Vel heime igjen hoppa ho opp i stolen og la seg til å sove. Nå, snart tre timar seinare har ho framleis ikkje bevegt seg derifrå. :-) Nå er det 32 grader i stampen, så nå skal me legge kroppane i blaut i den haustlige kveldssola. :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar