torsdag, desember 10, 2009

Lenge mellom kvar gong nå.

Vanligvis når det blir lenge mellom kvar gong, er det ting som ikkje går heilt som eg ønsker. Så også denne gongen.

Ayla har slutta på kortisonkuren, og det gjekk ikkje mange dagane før haltinga var tilbake. Heilt som før, og kanskje hakket verre. Difor har eg nå bestilt ny time hos veterinæren, og denne gongen skal me ta bilete av nederste delen av foten, for å utelukke noko som heiter sesamoid sjukdom. Det skulle ikkje undre meg om det var det ho hadde.. Eg vil også få henne sjekka for Borreliose, eller Lyme disease. Der står det at halting er eit av symptoma..
No er det nesten slik at eg blir letta over ein diagnose, uansett, men berre nesten..

Difor har det blitt lite trening på oss, og heller ikkje turar. Ikkje koseturar, eingong. Eg skreiv lite, for me har ikkje IKKJE trent, heller.
Det blir nokre minutter på morgonluftinga og kveldsluftinga, og øvelse 304. Gå 3 steg bakover byrjar nå å ta form. Ho går tidvis beint bakover alle tre stega.
Øvelse 308 Snurr under marsj var peace of cake, og der kan eg bare bruke target, så snurrar ho som ein virvelvind.
Me har i tillegg trent litt på fremadsending, sånn heilt laust, og når eg skal begynne på det, trur eg ikkje det vil bli vanskelig i det heile.

Men først må ho bli frisk i foten sin.

Å halde Ayla roleg er veldig vanskelig. Ho er ikke av den sedate typen rottweiler, for å seie det mildt. Alle hennar rørsler er kjappe og ivrige, og ho tenkjer seg sjeldan om før ho handlar på den første og beste impulsen som måtte innfinne seg i hovudet hennar. Ho lever i nuet, og dveler ikkje veldig ved anna enn det som skjer der og då.
Men her ein dag nevnte eg Joey i ein samtale i telefonen, og då låg Ayla og sov. Trudde eg. Då ho høyrde navnet "Joey", spratt hovudet opp med rynker i panna, og eg leste HÅP i augene hennar. Ho kikka seg rundt, forventningsfullt, før ho kikka på meg igjen. Nå med øyrene ned, og tydeleg skuffa. Kan tru det var sårt!! Sjølvsagt er det eg som tolker vilt og fritt nå, men ho såg verkeleg slik ut.

I allefall, det er vanskeleg å halde henne roleg. Ho GÅR ingenstader, ho enten traver, eller vralter i passgong. Har ikkje tid til å gå, ho, nei! Livet skal levast, og det skal levast NÅ! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar