fredag, juni 04, 2010

Eireen, Emil, Ayla og kjensla av somar.

Først av alt må eg jo ønske Eireen velkommen til Norge! Søstera mi har vore heilt nede i Frankfurt for å hente kvalp; en tofarga mellompuddel som altså førebels heiter Eireen. For eit nydeleg lite nøste!!!

image 
Biletet har eg stjelt frå Olaug sin blogg :-)

 

Emil veks og blir større for kvar dag som går. Nå er han ikkje så veldig mykje mindre enn Ayla lenger, så eg håper han slutter å vekse snart! Vil ikkje ha like stor hund igjen, spesielt ikkje sidan han er VELDIG glad i å stå på to og hoppe opp på kva det skal vera for å undersøke om det fins mat der!

Me har vore på besøk hjå Vennesla Hundeklubb og presentert oss, Emil og eg, og treningsområdet deira ser veldig kjekt ut. Ikkje inngjerda, men det går jo fint. Skytebane i nærleiken, og det smalt nesten som på nyttårsaften, men kule Emil lea ikkje på eit øyra eingong!

Klubben er interesserte i å få tak i fleire instruktørar, så med tid og stunder havner eg kan hende på lista deira over instruktørar som held kurs :-)

Ayla haltar MYKJE mindre nå etter at me starta opp att med kortisonbehandling. Ho blei heilt god sist gong me prøvde det, og det ser ut til å ha effekt denne gongen også. Først såg det ut til å ha null effekt, så starta kneet hennar å lage kneppelyd kvar gong ho bevegde seg raskare enn langsom gangfart. Nå knepper det ikkje lenger, og ho belaster foten meir enn ho har gjort på lenge. Kortisonen er siste sjanse for Ayla, og dersom ikkje dette fungerer, må me ta farvel med henne. Ho kan ikkje leve slik i årevis, med å såvidt få nokre rolege rusleturar på nokre titals meter før ho får så vondt i foten at ho ikkje trør ned. Ingen hundar skal ha det slik, og Ayla som alltid har elska å sprette høgt og lågt, og spesielt i skogsterreng, skal i allefall ikkje leve slik. Så egoistisk har eg ikkje lov til å vera!

Men ho skal altså få denne sjansen, og me skal ha tålmodighet og vente til kortisonen kombinert med roleg aktivitet når full effekt, og så vurdere tingenes tilstand igjen.

Eg får klump i halsen ved tanken på å ta farvel med henne, for me har vore gjennom så mykje i lag. Og så er ho så veldig ung! Ho blir fem år i juli, og slik ting er i dag, håper eg ho lever så lenge. Ja, så gale er det. Stakkar, ho ser faktisk fornøyd ut med tilværet, og storkoser seg når ho kan rusle i hagen og ete jord og gras og finne godbitar eg har strødd på plenen. Så legg ho seg ned litt og ser på meg medan eg lukar i bedet eller plantar noko, og så ruslar ho litt igjen. 
Slik Joey brått blei så perfekt då Monsteret Ayla kom i hus, har Ayla nå blitt endå meir fantastisk etter at Rampen Emil har kome i hus. Me må av og til bremse henne når ho skal fortelje Emil kor skapet skal stå, for eg vil verkeleg ikkje at ho skal ryke korsbåndet! Emil gir ein blank f i kva ho forsøker å fortelje han, så eg er ikkje så redd for han der.
 
Ayla sitt tålmodmed Emil er uendelig, syns eg, for han kan vera ganske jæsklig med henne. Omtrent like ille som ho var med Joey i si tid, så nå får ho att ;-)

Og her nede har det vore somar i snart ei veke. Det blir så varmt når sola skin inn dei svære stovevindauga me brått har fått oss, at me må fire ned markisene midt på dagen. Og i dag på lokaltv sa dei at det i år ser ut til å vera fire gonger meir flått enn tidlegare pga all snøen som kom i vinter. Då noia eg, kan ein trygt påstå! Eg har allerede funne to på Emil og ein på Ayla, pluss at eg har stoppa to stykker frå å feste seg på Emil. Takk og pris for at han er lys i pelsen!  Eg klør faktisk berre eg skriv om det, til og med! Dei har nå begge to flåttbånd på seg, og eg har ikkje sett nokon på nokon av dei sidan dei fekk dei på. Sjølv beveger eg meg ikkje i nærleiken av NOKO grønt utan heildekkande bukse. Vil IKKJE ha slikt utyskje på meg, eg!

Og sånn bare for å ha det skriftleg: I dag, fredag 4 juni, skal eg setje meg ned og legge ein plan for kva eg skal ha lært Emil før grunnkurset hjå Amokk starter 11. august. Eg har fortsatt treningsvegring, og klarer ikkje å byrje treninga skikkeleg. Det blir liksom berre litt her og litt der og ikkje noko planlagt eller effektiv. Han er så veldig annleis enn dei tre andre hundane eg har hatt før, og tippar lett over i stress. Og han hoppar HØGT, må vite! Det varierer veldig kor mykje han tålar før stresset tek overhand, så det er ikkje så enkelt å vurdere frå dag til dag.

Vetle har vore flink og tatt han med seg til sentrum og gått litt rundtomkring der, og det går greit. På tirsdag, då me var på hundeklubben, stressa han VELDIG med ein gong han kom ut or bilen, og det vedvarte stort sett heile tida me var der. 

2 kommentarer:

  1. Må ikke tro at han Ember er HELT PERFEKT, det er vel inget levende vesen, men han ER fryktelig ukomplisert.
    Han ER ikke den tøffeste valpen i nye miljøer, men avreagerer uten hjelp fra meg og blir fort varm i trøya. Kan derfor ikke tenke meg at dette blir noe problem.
    Det kommer fort lyd når han hører noe han syntes er litt ekkelt (andre hunder som bjeffer sint i det fjerne), men mindre og mindre også av det!
    Tipper alt dette skal gå seg til etterhvert som pjokken blir større, noe jeg VET det også vil gjøre med din lille Emil!!

    Dere er to FLINKISSER og jeg følger spendt med dere!

    PS: du skriver at Emil har blitt stor.. hvor gammel er han nå og hvor mye veier han??

    SvarSlett
  2. For ei nydelig jente eileen var! Veldig kjekt å hre at dere har kommet i gjenge der nede - alle sammen og at dere har funnet veien til en hundeklubb allerede. Helt sikker på at du kan bidra med ye der og - heldige de.
    Bra at Ayla har reagert positivt på behandling, håper det varer. Emil er sikkert en stor gutt nå - følger spent med dere. God sommer!

    SvarSlett